Hopp til innhold

15 ferske bøker anbefalt av NRKs litteraturkritikarar

Her får du eksperthjelp til å finne fram i jungelen av nye bøker. Saka blir oppdatert fortløpande.

Litteraturkritikerne Marta Norheim, Knut Hoem, Thula Kopreitan, Jonas Hansen Meyer og Anne Cathrine Straume

EKSPERTANE: Thula Kopreitan, Jonas Hansen Meyer, Marta Norheim, Knut Hoem og Anne Cathrine Straume er nokon av litteraturkritikarane i NRK.

Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB og NRK

Hopp direkte til aktuell bok ved å klikke på lenkene under eller skroll vidare ned i artikkelen.

Slipper verden inn

Forfatter Ali Smith og omslaget til Andre tider
Foto: OKTOBER/SARAH WOOD
  • Bok: «Andre tider» av Ali Smith
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Ikkje før har ho levert frå seg ein framifrå og samfunnsaktuell romankvartett, så tryller skotske Ali Smith fram nok ein roman om den heilt nære samtida vår.

Eg kan knapt komme på andre forfattarar som har slik ein kreativ og nyfiken hjerne som ho: Kunst, politikk, vitskap, historie eller språk; det finst ikkje eitt område ho ikkje interesserer seg for. I «Andre tider» skriv ho om fridom og fangenskap under koronatida, og trekker trådane attende til pest og portforbod på 1500-talet. Som alltid slår ho eit slag for dei overraskande møtene mellom folk, møter som får det vidunderlege til å skje.

Kapitalens makt over sinnet

Forfatter Hernan Diaz og omslaget til «Tillit»
Foto: Jason Fulford/Aschehoug
  • Bok: «Tillit» av Hernan Diaz
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Andrew Bevel er superrik like før krakket på New York-børsen i 1929. Etter krakket er han endå rikare. Bra for business, men dårleg for ryktet, viser det seg.

Bevel blir harselert med i ein nøkkelroman og svarer med ein pompøs sjølvbiografi. Romanen «Tillit» byr på heile fire til dels sterkt motstridande historier om livet til Bevel. Kven kan vi ha tillit til?

Ein roman om kva det vil seie å eige slikt som pengar, sanne historier og makt over sinnet.

Jenta som elska Stalin

Lea Ypi - Fri
Foto: Stuart Simpson / Gyldendal Forlag
  • Bok: «Fri»
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Lea (11) lever heilt fint i Albania heilt til verda slik ho kjende den fall i grus saman med diktaturet i 1990.

«Fri» er historia om jenta som klamra seg til statuen av Stalin under samanbrotet, berre for å oppdage at nokon har sagd hovudet av den snille onkelen.

Lea Ypi, no professor i politisk filosofi ved London school of Economics, let både barnet og filosofen kome til orde i denne memoarboka.

«Fri» opnar døra til Albania innanfrå og viser fram eit liv, ein familie og ei historie du ikkje kjende frå før.

Vakker bok om søner og fuglar

Vidar Sundstøl - Nattsang
Foto: Baard Henriksen / Tiden Forlag
  • Bok: «Nattsang» av Vidar Sundstøl
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Ein far og ein son deler lidenskapen for fuglar, heilt til sonen ein dag er ferdig med fuglelivet. Kva har den nyskilte faren å stille opp med då?

«Nattsang» er ei historie om korleis banda mellom menneske endrar karakter og løyser seg opp.

Det er ei historie om å ta inn over seg det som finst i naturen på ein spesiell stad til ei spesiell tid: «Trekryper». «Orekratt». Og det er ei historie om å sjå korleis det nærverande har blitt slik gjennom enorme endringar gjennom tusenåra.

«Nattsang» er ei vakker historie om å leve i notid og på same tid sanse det som aldri er som det var.

  • Hør intervju i Åpen Bok med Vidar Sundstøl her

Stygt fall i vakker prosa

Bokomslaget til Kirurgen og portrettbilde av Ida Hegazi Høyer
Foto: Tiden forlag og Svein Finneide
  • Bok: «Kirurgen» av Ida Hegazi Høyer
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Kirurgen Henrik Wold (37) har alt: Han er dyktig, har interessant jobb og svart Tesla, Han er saman med ei vakker kvinne og ganske snart går sjefen av med pensjon og då skal unge Wold melde seg på i konkurransen.

Det er for godt til å kunne vare. Og ja, ganske riktig: det går ikkje mange sidene før vi anar kva veg det skal gå.

Måten Ida Hegazi Høyer skildrar nedturen på er presis og smertefull. Eit lærestykke i korleis ein ikkje skal oppføre seg i denne verda.

Sex, løgn og springkniv

Bokomslaget til Karolines Kjærlighet og portrettbilde av Kim Leine
Foto: Cappelen Damm og Robin Skjoldborg
  • Bok: «Karolines kjærlighet» av Kim Leine
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Danske Karoline er kronprinsesse i «Demokratisk Alliance» som far hennar har stifta. Partiet vil ha muslimar ut av Danmark, Danmark ut av EU og sosialdemokratane ut av Borgen.

Men i starten er Karoline i Moskva der ho arbeider som diplomat. Der lurer ho ein russisk etterretningsmann i fella, eller var det omvendt?

Romanen viser korleis begjæret etter makt, pengar og sex kan rote det til både i familien, politikken og etterretninga. Leine er ein meister i å få lesaren med på halsbrekkande moralske rundkast og forviklingar på høgaste nivå, bokstavleg talt.

Brakdebut som lyrikar

Carl Frode Tiller og boka «Det framande landet»
Foto: Trine Melhuus/Aschehoug
  • Bok: «Det framande landet» av Carl Frode Tiller
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Carl Frode Tiller leverer eit gripande innlegg i klimadebatten med dette energiske langdiktet. Over nærare 70 sider skriv han rasande, ironiserande og visjonært om «mykje-vi-ha-meir» og om ein sivilisasjon som er på god veg til å avsivilisere seg sjølv. Bygdas sjølvoppnevnte bohem blir ei volve, ein sjåar som ser verda gå under og ei ny jord stige fram.

Diktet er eit varsko til samtida, eit kampskrift for å vekkje oss før vi alle fell utfor stupet. Det er mørkt, overveldande og vittig på ei og same tid. Og ja, det er klart politisk.

Beksvart Hardanger-brygg

Omslag på bok 'Oskespiralen' og forfatter Leander Djønne

HARDANGERBRYGG: Leander Djønne og omslaget til «Oskespiralen».

Foto: Baard Henriksen og Oktober forlag
  • Bok: «Oskespiralen» av Leander Djønne
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Det er lite å sjå av blomstrande frukttre i det Hardanger vi møter i «Oskespiralen». «Det var fjellet si tid. Steinen si tid», står det innleiingsvis i romanen, men den utspelar seg i vår tid.

Vi møter to brør som på kvar sin måte forsøker å tilarbeide barndommens traume. Kva er den mest eigna metoden? Tilgjeving – eller hemn?

Det er spanande til siste slutt i ein debutroman som nærast skrik etter ei eller anna form for gjengjelding.

Kallar fram den store latteren

Forfatterportrett av Jurij Andrukhovytsj og bokomslaget til Moskoviaden
Foto: Lina Hindrum/Cappelen Damm
  • Bok: «Moskoviaden» av Jurij Andrukhovitsj
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Ein ukrainsk forfattarspire hamnar på galeien i Moskva. Gjennom eit svært fuktig døgn råkar han inn i dei mest absurde og livsfarlege situasjonar, før han endar i eit gigantisk underjordisk sal.

Her spelar det seg ut ein dekadent orgie der deltakarane er samla for å mobilisere. Dei vil samle det heilage og evige Russland på ny, og dei vil ekspandere vestover.

«Moskoviaden» byr språkleg spenst og absurde situasjonar som kallar fram den store latteren. Mens dei politiske ideane i undergrunnen er ubehageleg nærverande no 29 år etter at romanen kom ut på ukranisk.

Skakande om familievald

Portrettfoto av Håkon Høydal og bokomslaget til Abida Rajas Frihetens Øyeblikk
Foto: Øistein Norum Monsen og Kagge forlag
  • Bok: «Abida Raja. Frihetens øyeblikk» av Håkon F. Høydal
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Det er ikkje til å fatte kor stort mot Abida Raja viser når ho avslører si eiga miserable ekteskapshistorie i bokform. Gjennom fleire år har ho fortalt om fysisk og psykisk vald i oppveksten og eit tvangsekteskap med brutale følgjer til VG-journalisten Håkon Fostervold Høydal. Det var ein god idé. Boka dei to har laga saman er både eit sterkt personleg vitneprov om eit liv i skam og fortrenging og ein analyse av eit pakistansk-norsk miljø som i stor grad har halde overgrep i familiane skjult. Boka viser manglar i det offentlege hjelpeapparatet og den understrekar kor vanskeleg det er å kome seg ut av nedbrytande mønster.

Raja utleverer eksmann og far, men den store dommedagen held ho over seg sjølv.

«Frihetens øyeblikk» er ei trist, spanande og medrivande bok som vil vekkje debatt og som – får ein tru – vil få konsekvensar for mange kvinner som lever i ufridom i Noreg i dag.

Tek samlivsromanen til eit nytt nivå

Kombinasjon Trude Marstein 'Egne barn' og forfatterportrett
Foto: Julie Pike / Gyldendal
  • Bok: «Egne barn» av Trude Marstein
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Det ligg mykje katastrofemateriale latent i denne romanen: Eit fråskilt par møtest på eit torp dei framleis eig saman. Med på lasset er mine og våre barn, pluss nye partnerar. Her skal det målast, fiksast mat, ja, og det skal drikkast vin.

I staden for den store eksplosjonen viser Marstein, gjennom uhyre presise situasjonar, kva konsekvensar samlivsbrotet har for vaksne og barn.

Mens mannen, Ivar, meiner at livet berre skjer og sånn måtte det bli, ser Anja at ho har teke nokon val i livet som har ført henne til ein stad det ikkje er godt å vere.

Trude Marstein tek her samlivsromanen til eit nytt nivå. Det er nervepirrande og tankevekkande.

Eit intenst og fortetta kunstverk

Kombinasjon av omslaget til boka «Løpe ulv» av Kerstin Ekman.

INTENST KUNSTVERK: Kerstin Ekman og bokomslaget til «Løpe ulv».

Foto: Cato Lein
  • Bok: «Løpe ulv» av Kerstin Ekman
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Ein gammal jeger ser ein ulv for første gong, og livet blir aldri det same. Altså: Han har sett mange ulvar, han har skote ulvar, men ein grytidleg vintermorgon verkeleg ser han dette dyret som er heime i skogen jegeren sjølv har papir på at han eig.

Frå dette vendepunktet viklar Ekman ut ei historie om det rike livet i skogen, som menneska forvaltar med svært vekslande klokskap.

Det har blitt eit intenst og fortetta kunstverk om kjærleik, kunnskap og konsekvensane av kortsiktige val. Ekman greier å vere både stor forfattar og naturvernar i ein og same tekst.

Ein intellektuell kraftprestasjon

Trygve Riiser Gundersen og omslaget til 'Haugianerne'
Foto: Cappelen Damm/Siv Dolmen
  • Bok: «Haugianerne» av Trygve Riiser Gundersen
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Vi er eit folk av opprørarar, og vi liker ikkje å bli hersa med av øvrigheita – spesielt ikkje når makthavarane oppheld seg i fjerne København.

Idéhistorikar Trygve Riiser Gundersen har interessert seg for lekmannspredikanten Hans Nielsen Hauge frå Fredrikstad og hans bevegelse i 25 år. Nå får vi fruktene av dette omfattande materialet i det første av to planlagde bind, der Riiser Gundersen viser at det vi tenker på som historie, oftast er gulna dokument, som kan bli tolka på mange vis.

«Haugianerne» er historieskriving med eit skyhøgt ambisjonsnivå. I historia om Hauge møtest to hundreår. Det «danske» 1700-talet glir over i det «svenske» 1800-talet, og det er ei glede å få vere med på ferda!

Eineståande skrivekunst

Kombinasjon av omslaget til boken «Hjem» og forfatter Marilynne Robinson.

SKRIVEKUNST: Marilynne Robinson og bokomslaget til «Hjem».

Foto: Alec Soth
  • Bok: «Hjem» av Marilynne Robinson
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

«Hjem» er eit kammerspel av skyhøg litterær kvalitet.

Vi er i ein søvnig liten småby i Midtvesten på 1950-talet, dit ein vaksen son kjem heim etter 20 år utan å ha gjeve livsteikn frå seg. Skuld, skam, fortaping eller frelse; det er ikkje småtteri den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson balar med. Ho gjer det så suverent! Ikkje sidan Sigrid Undset, hadde eg nærast sagt, har eg lese ein forfattar som så tett skriv saman tru og kvardagsliv.

Å lese Marilynne Robinson er å lese noko heilt annleis, og jamvel noko svært attkjenneleg. Eg kjenner meg att i den bortkomne sonen, i faren som så gjerne vil tilgi, men kanskje ikkje får det til, i søstera som helst vil gjere alle til lags.

«Home» er del av ein serie på fire romanar som no alle etter kvart kjem på norsk. Dette er litteratur ein for all del ikkje må gå glipp av.

Lysande frå Irland

Forfatter Claire Keegan og omslaget på boka 'Tre lys'
Foto: ASCHEHOUG / MURDO MCLEOD
  • Bok: «Tre lys» av Claire Keegan
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Nokre gonger kan du opne ei bok, og så er du fanga frå fyrste side. «Tre lys» av Claire Keegan er ei slik bok. Keegan er ein av Irlands mest elska forfattarar, best kjend for novellene sine. Dette er mitt fyrste møte med ho.

Ei namnlaus jente, kanskje åtte-ni år gamal, er forteljaren i boka. Ho skal tilbringe dei neste vekene hos eit barnlaust ektepar på landsbygda. Heime ventar mor endå ein bror eller søster, familien strever med å få mat nok til alle.

Keegan er knapp i stilen, med små hint om noko som kanskje har skjedd eller kanskje ikkje. Ho er ein meister i det vesle formatet, og orda ho bruker, er akkurat dei som trengst.

Historia får det dessutan til å spinne vidare i hovudet på lesaren, her er rom for så mange andre mogelege historier.

Omsorg, sorg og lukke er sentrale tema i denne vesle, store boka.

Les også: Dei beste bøkene frå 2021

Årets beste bøker 2021
Årets beste bøker 2021

Artikkelen blir fortløpande oppdatert med nye anbefalingar.

Fleire anbefalingar:

Les også: Boktips for barn

Tre barn utkledd som superhelter med hver sin bok i hånda
Tre barn utkledd som superhelter med hver sin bok i hånda

Les også: Boktips for ungdom

tenåringsjente tar bok fra bokhylle
tenåringsjente tar bok fra bokhylle

Kulturstrøm

  • Naturhistorisk museum UiO kåret til årets museum

    Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, ble kåret til årets museum 2023, melder museumsforbundet i en pressemelding.

    I nominasjonen skriver blant annet juryen at Naturhistorisk museum er ett av landets største, eldste og best besøkte museer og museumsområder. Et velvoksent museum med ansvar for å forske på og formidle betydningen av klima, mangfold og bærekraft for livet på jorda.

    Prisen ble delt ut av statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Odin Adelsten Bohmann og sametingsråd Maja Kristine Jåma i Stavanger.

  • Dømt for å ha limt seg fast til «Skrik»

    De to kvinnene som limte seg fast til Munch-maleriet «Skrik» i november i fjor, er nå dømt i Oslo tingrett.

    Det melder Aftenposten.

    Kvinnene er klimaaktivister og demonstrerte mot norsk oljepolitikk.

    De er 25 og 34 år gamle, og var også siktet for å ha deltatt i to demonstrasjoner i Oslo i 2022.

    Kvinnene fikk opprinnelig forelegg fra politiet, men nektet å betale. Derfor måtte de møte i retten.

    Nå er 25-åringen dømt til å betale en bot på 16.000 kroner. Den andre kvinnen er dømt til å betale en bot på 24.500 kroner.

    Det verdenskjente Munch-maleriet kom uskadet fra hendelsen, men limrester måtte fjernes fra veggene.

    aktivister fra organisasjonen Stopp oljeletinga har forsøkt å lime seg fast til rammen til Munch-maleriet «Skrik» på Nasjonalmuseet
    Foto: Ludvig Furu / Tidens ånd