Hopp til innhold
Anmeldelse

Kallar fram den grottemørke latteren

Fest og forfall heng uløyseleg saman i den fabelaktige romanen «Invictus» frå Sunniva Lye Axelsen.

Forfatter Sunniva Lye Axelsen

INTENST: Sunniva Lye Axelsen skildrar livet i ei trygdeblokk i fullt forfall på ein måte som påkallar ein latter lesaren må tenkje over.

Foto: CARSTEN ANIKSDAL
Bok

«Invictus»

Sunniva Lye Axelsen

Skjønnlitteratur

2022

Tiden

Utanforskap er eit sentralt tema i samtidslitteraturen. Få handterer denne sjangeren meir suverent enn Axelsen, som i roman nummer fem tek oss med inn i framtida.

Regnet silar utan stans over Oslo og sjøen stig. Stortinget har flytta opp i åsen, operaen ved fjorden er knapt synleg lenger. Velferdsstaten er ein fjern draum, men likevel ikkje heilt fråverande.

Hugo, som kanskje er den uovervinnelege tittelen «Invictus» siktar til, lever nemleg i ei blokk der ingen jobbar men alle har pengar til børst, piller og Spaghetti à la Capri. Noko fungerer altså.

Andre spor av velferd er ikkje å få auge på i denne kneisande høgblokka der dei senile bur nedst, dei narkomane i midten og alkoholikarane øvst.

Eller «Alkoholikerne og meg» som Hugo presiserer. Han meiner seg feilplassert og tek vaktmeisteransvar langt ut over grensene for eigen kompetanse.

Slik går livet sin svært skeive gang inntil det kantrar når den skjønne Helena frå Kringkastingshuset melder seg og vil lage ein episode av det populære programmet «Innsjekk».

Absurde scener

Likskapen med NRK-programmet «Helene sjekker inn» er neppe tilfeldig. Boka raljerer med konseptet, som går ut på at programleiaren «sjekkar inn» på ulike institusjonar.

Helena frå framtida er røffare, råare og på utspekulert kollisjonskurs med «Ver varsam»-plakaten. Mens etiske dilemma tårnar seg opp rundt henne, filmar ho sine eigne tårer mens alkoholikarane får danne bakgrunn.

Kort sagt: Vêret er vått, blokka er full av einsame sjeler og Kringkastingshuset må heilt klart skjerpe etikken. Men «Invictus» er ingen realistisk roman om forfall og umoral.

Her er nemleg ikkje berre Helena, men absolutt alt skrudd eit par hakk forbi det sannsynlege.

Personane er absurde som i ein Almodovar-film. Episodar og samtalar går i loop frå dag til dag, veke til veke. Det gjer noko med replikkar at dei vert repetert.

På puben «Siste stopp» (berre namnet!) sit dei trygda og ser på Ahmed som arbeider hardt bak disken. «Og slikt skal man fø på», seier kompisen til Hugo. Dei andre er samde, kvar gong.

Vaktmeistergjerninga til Hugo er ei blanding av tjuveri, mishandling av vegger og reint surr. Dag ut og dag inn kjempar han ein håplaus kamp mot forfallet.

Les også anmeldelsen av «Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg» «En perle av en debut!»

Rune Berg og boka Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg

Sosialpornografi og andre metodar

Så. Helena viser fram dei elendige på TV, mens Axelsen viser dei fram i ei bok. Publikum og lesarar følgjer personane med medynk og latter. Så kva er forskjellen på «Innsjekk» og «Invictus»?

Det heilt relevante og litt utrivelege spørsmålet ligg og lurer i romanen.

For meg handlar det om forskjellen mellom sosialpornografi og utforsking av det menneskelege. Grensene mellom desse er slett ikkje alltid like tydelege som dei er hjå Axelsen, som alltid skriv historier frå marginale posisjonar.

Det kan vere krigsjunkien i Jerusalem som prøver å vere første fotograf på åstaden etter bombeåtak, det kan vere ho som skadar seg sjølv og andre og kallar det kunst, eller det kan vere ei senil dame som ikkje vil ha kommunale tenester på døra.

Indre høgspenning

Svært ulike personar, som alle står i eit permanent spenningsforhold både til seg sjølv og til omverda. Trykket skaper eit rikt og desperat språk for kva som skjer inni dei.

Samanlikna med tidlegare Axelsen-romanar er «Invictus» den lysaste: Her er uvanleg mykje å le av. Dessutan er Hugo ikkje fundamentalt aleine, han berre slit med det sosiale.

Klimaendringane blir her eit bilde på forfallet, heller enn eit sjølvstendig tema.

Men alt er relativt, og «Invictus» er mørk nok. Meir interessant er det at forfattaren igjen tek oss til randsonene og viser at same kva Helena påstår, er vi alle i slekt med Hugo.

Les også anmeldelsen av «Fyrstene av Finntjern» «Som å befinne seg i et gammelt hyttebibliotek»

Lars Elling og bokomslaget til Fyrstene av Finntjern

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Kulturstrøm

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen september, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP