Hopp til innhold

21 tips til kultur i sommar-Noreg

Uansett vær og kva kant av landet du skal opphalde deg i sommar, er det gode sjansar for fine kulturopplevingar. Her er nokre utvalde anbefalingar.

dødsing under Sup & Stup festivalen i Lillesand

ADRENALIN: Det er framleis mykje igjen av sommaren. Kva med å sjå nokre av Noregs beste dødsarar frå ein seglbåt i Lillesand under Sup & Stup-festivalen?

Foto: Johannes Wiken

Ellevilt humorspel, ranglerock, internasjonale musikkstjerner, fotballballett – og mykje meir – er på lista over NRK-kritikarane sine beste tips for sommaren 2024 i dei ulike delane av vårt langstrekte land.

Har du litt flaks, skjer det noko rett spanande der du er i sommar. Eller du kan leggje turen til det som freistar mest.

Nord-Noreg

Naturleg og kunstig kunst

Kunstverkene Rød og sort sorg (2006), Mildhet (1990) og Mine tre hoder (1988) av Ingunn Utsi, en skulptur og to bilder i bakgrunnen

LANGT KUNSTNARLIV: På utstillinga kan ein sjå både teikningar og skulpturar laga gjennom fleire tiår.

Foto: Kim G. Skytte / Nordnorsk Kunstmuseum
  • Kva: «Ingunn Utsi: Æ e det æ har gjort»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 5. januar 2025
  • Kor: Nordnorsk Kunstmuseum, Tromsø
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

Gjennom eit langt liv har Ingunn Utsi markert seg med si sanselege, materialbaserte kunst.

Ofte nyttar ho trevirke som ho har funnet i naturen, anten drivved frå havet, eller greiner frå daude trær i skogen. Ho kombinerer også iblant naturmateriale med pleksiglas og metall, og skapar såleis ei bryting mellom det naturlege og det kunstige.

Eg gler meg til å sjå separatutstillinga hennar «Æ e det æ har gjort» på Nordnorsk kunstmuseum seinare i sommar. Det anbefaler eg deg å gjere også, om du er i Tromsø-traktene.

Dette er ein viktig samisk kunstnar som nå vert presentert i full breidde.

Konsertar og festival

Parkenfestivalen 2023
Foto: Stig-Rune Holien
  • Kva: Parkenfestivalen
  • Sjanger: Musikkfestival
  • Når: 15. til 17. august
  • Kor: Rensåsparken i Bodø
  • Anbefalt av: Redaksjonen

Sidan 2006 har Parkenfestivalen henta norske og internasjonale artistar til scenene i Rensåsparken litt aust for sentrum av Bodø.

Programmet i år byr på både humor og musikk – mellom anna Viggo Venn, Mari Boine, Honningbarna, Kaizers Orchestra, Motorpsycho og Keane.

Torsdagen er halden av til FamilieParken med fri aldersgrense, der barn og unge kan delta på festival og få oppleva konsertar på ein måte som vanlegvis er reservert for vaksne.

Krigshistorie langs toglina

Fra forestillingen "Sona/Zona" ved Nordland teater

BRUTALITET: Ei framsyning om krigens brutalitet, nazistanes vrengde raseideologi og dehumanisering

Foto: Bjørn Leirvik / Nordland Teater
  • Kva: «War Travels – Sona/Zona»
  • Kor: Narvik, Sortland, Leknes, Mosjøen, Bodø, Mo i Rana
  • Sjanger: Teater
  • Når: Frå 23. juli til 11. august
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Denne sommaren reiser Nordland teater på turné i heile fylket med framsyningar som handlar om krigshistorier langs Nordlandsbanen.

Dette er eit omfattande og unikt prosjekt, der fire ulike framsyningar set krigshistoria vår i perspektiv.

Det handlar om krigsfangane som hadde tvangsarbeid på Nordlandsbanen, om bakhaldsangrep i «Kappe land», om solidaritet når det står på som verst, samt musikalen «Narvik» om krig og kjærleik.

Dette er eit kjempeløft frå Nordland teater.

Bli verdas beste kveitefiskar

Fra verdensmesterskap i Kveitefiske, Halibutfest i Havøysund, Finnmark

SJEKK FANGSTEN: Det kan berre vere eitt vinnarlag når Halibutfest går av stabelen i Havøysund i august. Og kveitene på Finnmarkskysten kan bli ganske så store.

Foto: Halibutfest
  • Kva: Halibutfest
  • Kor: Havøysund, Finnmark
  • Sjanger: Friluftsliv
  • Når: 1 – 3. august
  • Anbefalt av: Redaksjonen

Opplev kåringa av ein verdsmeister når Halibutfest går av stabelen heilt på toppen av Noreg, i Havøysund i Finnmark.

Dette er nemleg noko så eksklusivt som ein verdsmeisterskap i kveitefiske.

Konkurransen går lagvis føre seg med deltakarar frå Noreg og utlandet. Vinnarane blir det laget som kan telja flest meter når dei legg dei fem største kveitene sine etter kvarandre.

I tillegg blir det barnefiskekonkurranse på kaia og sjølvsagt ein storslått fest for å runda av helga og heidra vinnarane.

Midt-Noreg

Full fest på Marinen

Pstereo 2014

STEMNING: I nydelege omgivnad samlast festivalgjengarar på Marinen i Trondheim. Her frå 2014.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK
  • Kva: Pstereofestivalen
  • Sjanger: Festival
  • Når: 16. og 17. august
  • Kor: Marinen i Trondheim
  • Anbefalt av: Redaksjonen

Ein av Trondheims mest tradisjonsrike musikkfestivalar går av stabelen igjen i august, på sin faste plass ved Marinen.

På festivalområdet mellom Nidarosdomen og Nidelva blir det høve til å høyra norsk og internasjonal musikk. Her kan du få med deg mykje ulikt – frå veteranar som Pixies, til elektronika-stjerneskota i Overmono, og norske ikon som Susanne Sundfør.

I samarbeid med fleire utestader i Trondheim blir det også «Klubb: Pstereo» etter at festivalområdet stengjer dørene, der du kan dansa deg sveitt til eksklusive DJ-set gjennom natta.

Feministisk kunstpioner

"Prestekrave" av Else Hagen, 1956/7.

«PRESTEKRAGE»: Else Hagen var ein spennande kolorist, som skapte måleri som oppløyste fargesymfoniar.

Foto: Børre Nilsen / Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
  • Kva: «Else Hagen. Mellom mennesker»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 1. september
  • Kor: Trondheim Kunstmuseum (seinare til Nasjonalmuseet og til Kunstsilo)
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

Else Hagen er ein viktig feministisk pioner i norsk kunstliv, som skildrar sterke, frie og sjølvstendig kvinner og jenter i kunsten sin. Ho braut med myten om kvinnekunst som smått og pynteleg. I dag er ho mest kjend for den store steinmosaikken «Samfunn» i vandrehallen i Stortinget.

I utstillinga «Mellom mennesker» får vi sjå Else Hagens kunstnariske utvikling, og kva for impulsar i tida som var med på å forme ho som kunstnar.

Dette er ei breispektra presentasjon av ei viktig norsk føregangskvinne på kunstscena.

Teit veslebror

NY RUNDEAR TRUA: I Slaget på Testiklestad har gardsfolket fått ei tru til å tru på, og den er dei truande til å spela spel for å passe.

  • Kva: «Slaget på Testiklestad»
  • Sjanger: Humorspel
  • Når: Frå 17. juli til 17. august
  • Kor: Sverresborg Folkemuseum, Trondheim
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

«Trøndelags teitaste spel» er det blitt kalla, veslebroren til det ruvande og ærverdige «Slaget på Stiklestad».

I året der ein markerer tusenårsjubileet for kristenretten, kan ein forsøka seg både på originalen og på den meir tøysete varianten av den kjende soga om ein har sommar i Trøndelag.

Testiklestad-spelet har tiårsjubileum i år, og som dei seier sjølv: «Historia er den same gamle skiten, berre eldre og meir potent». Denne framsyninga er perfekt oppvarming til ein lystig vennekveld.

Musikk for kvar ein smak

Sigrid på Ravnedalen Live

STORE STJERNER: Sigrid har sanka prisar og utmerkingar, i sommar kan du høyre ho i Trondheim.

Foto: Malin Heggebø Rolfsen / NRK
  • Kva: Olavsfestdagene
  • Sjanger: Musikk (pop, klassisk m.m.)
  • Når: 18. juli–3. august
  • Kor: Ulike stader i Trondheim
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Programmet under Olavsfestdagene spenn frå legender som Angélique Kidjo til Marja Mortensson og Sigrid.

Her skulle det vere noko for dei fleste musikkinteresserte.

Slovensk filharmonisk kor har æra av å ramme inn festivalen, og avslutninga kan knapt bli mektigare: Giuseppe Verdis berømte Requiem saman med Trondheim symfoniorkester.

Vestlandet

Fangar lyset

Flom av Hanne Friis, detalj. Formasjon i isblått, hvitt og grått

EIGE FORMSPRÅK: Friis har utvikla sitt heilt eige formspråk i grenseland mellom tekstil og skulptur. Ved å brette stoffa i små presise legg som ho syr saman med fisketråd, skapar ho ei slags «vafla», eller rilla, overflate.

Foto: Øystein Thorvaldsen / KODE
  • Kva: «Hanne Friis: FLOM»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 15. september
  • Kor: KODE i Bergen
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

Ho har skapt ein 250 kilo tung skulptur av gamle olabukser, ei gigantisk «trekrone» av syntetisk gummi, og farga tekstilar med alt frå bark og kongler til ugras og urin. Nå har Hanne Friis fått fylle hele den vakre tårnsalen i det gamle Lysverket på KODE.

Der heng kaskadar av nylon frå taket. Frå ein vinkel ser det ut som silke, frå ein annan ser det ut som plast. Her fanga ho skiftingane i dagslyset på ei utruleg vakker måte.

Hanne Friis sine skulpturar er talande, utan at dei har noko tydeleg bodskap. Her kan du vandre inne i denne flaumen av lys.

Baroni utan snobberi

Rosendal baroni

MUSIKK OG BREKING? Forvent topp musikk, og ein triveleg prat med sauane på veg ned etter konserten.

Foto: Liv Øvland
  • Kva: Rosendal Kammermusikkfestival
  • Sjanger: Klassisk musikk
  • Når: 7.–11. august
  • Kor: Rosendal, Kvinnherad
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Under den mektige Folgefonna låg i fleire hundre år Noregs einaste baroni. I dag er Baroniet Rosendal museum, og i tillegg heimplass for ein av dei mest unike festivalopplevingar innanfor den klassiske musikken.

Rosendal kammermusikkfestival blir leda av pianist Leif Ove Andsnes, og samlar kvart år nokre av verdas fremste musikarar.

Men dette er ikkje nokon snobbe­festival, tvert om er stemninga påfallande laus og ledig.

Årets tema er «kontrastar», og kombinerer musikk av Johann Sebastian Bach med ungarske komponistar som Liszt, Bartók og Kurtág.

Avslutt sommaren med fest

Kygo på Utopia i Stavanger, 2018

COMEBACK: Kygo er blant artistane som speler på Utopiafestivalen. Her frå same festival i 2018.

Foto: Øystein Otterdal / NRK
  • Kva: Utopiafestivalen
  • Sjanger: Musikkfestival
  • Når: 30. og 31. august
  • Kor: Stavanger
  • Anbefalt av: Redaksjonen

På tampen av sommaren, og med tusenvis av ferske studentar klare for fest i ein ny by, går Utopiafestivalen av stabelen i oljebyen.

Publikum har høvet til å oppleva artistar som Kygo, Gabrielle og Sigrid spela under den siste helga i sommarmånadene.

Festivalen opplevde tidlegare i sommar å bli hacka og utsett for utpressing av ukjende aktørar. Arrangørane lovar uansett at festivalen skal finna stad som planlagt.

– Dette verkar som rein utpressing. Dei er på jakt etter eit pengebeløp for å gi oss kontoen tilbake, uttalte festivalsjef Espen Knoph til NRK.

Orgelmusikk i verdsklasse

Bergen domkirke interiør
Foto: Den Norske Kirke
  • Kva: Bergen Orgelsommer
  • Sjanger: Musikkfestival
  • Når: 30. juni til 25, august
  • Kor: Ulike kyrkjer i Bergen
  • Anbefalt av: Redaksjonen

Anten det er regn eller sol – å gå inn i ei kyrkje for å høyra orgelmusikk skaper ein heilt annan atmosfære enn han på utsida.

Under Bergen Orgelsommer speler organistar frå heile verda konsertar nesten kvar dag på dei vakre orgla i Mariakirken, Johanneskirken, Nykyrkja, Domkirken og St. Pauls kyrkje.

Kvelden søndag 4. august speler kanadiske Isabelle Demers verk av både Laurin, Bach og Stravinsky på Domkirkens storslegne Riegerorgel.

Internasjonale elektrostjerner

Tiesto spiller en konsert/DJ-set

LEGENDE: Tiësto er ein skikkeleg veteran, og framleis blant verdas største DJ-ar.

Foto: AP
  • Kva: Feelings Festival
  • Sjanger: Musikkfestival
  • Når: 23. og 24. august
  • Kor: Bergenhus festning
  • Anbefalt av: Redaksjonen

Nattklubbstemning på festival er målet for Feelings Festival.

På toppen av programmet i år står den nederlandske stjerne-DJ-en Tiësto, norske Alan Walker og svenske Yaeger – for å nemna nokon.

Koengen på Bergenhus festning er Bergens største konsertarena og har tidlegare vore staden for konsertar med dei store internasjonale artistane. Saman med dei historiske omgivnadene er Bergenfest ein ypparleg stad å oppleva musikk og folk.

Sørlandet

Båtliv og dødsing

dødsing under Sup & Stup festivalen i Lillesand

Med eit stort publikum i Lillesands skjærgård blir det mellom anna oppvisning i dødsing under festivalen Sup & Stup.

Foto: Johannes Wiken
  • Kva: Sup & Stup
  • Sjanger: Festival
  • Når: 25 – 27. juli
  • Kor: Lillesand
  • Anbefalt av: Redaksjonen

Sørlandssommar er for mange synonymt med svaberg, båtliv og god stemning. På Sup & Stup kan du få kryssa av alle av disse, og samtidig oppleve ei rekke kjente norske artistar på i Lillesand.

Som festivalens namn skulle tilseie, blir det sjølvsagt ei storstilt oppvisning i dødsing, samt ein knallhard konkurranse om å bli førstemann til å springe og svømme seg gjennom Lillesands skjærgård i kombinert springe- og svømmekonkurranse.

I tillegg kjem moglegheita til å oppleve Sørlandets lengste vassklie, som skal setjast opp i sentrum og strekke seg 120 meter gjennom den idylliske sommarbyen.

Brei utstilling i betongkatedral

TETT I TETT: Rundt 600 av den enorme Tangen-samlingen har fått plass i åpningsutstillingen "Nordiske lidenskaper".

KUNST PÅ KUNST: Kvar sal i utstillinga har fått sin eigen visuelle identitet, som eit kunstverk i seg sjølv.

Foto: Tor Simen Ulstein
  • Kva: «Nordiske lidenskaper»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 26. september (noko heng til mot slutten av året)
  • Kor: Kunstsilo, Kristiansand
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

I Kristiansand kan du oppleve det flunkande nye museumsbygget Kunstsilo. Det er ein gammal funkissilo forvandla til ein betongkatedral som både er prega av ein rå industriell venleik, men også noko framand­gjerande og nesten uhyggeleg.

Opningsutstillinga er den største presentasjonen av (Nicolai) Tangen-samlinga nokon gong. Ho fokuserer på framveksten, oppblomstringa og avblomstringa av modernismen i Norden: surrealisme mellom 1910 til 1940, via organiske og geometriske abstraksjonar på 50 og 60-talet, til pop og postmodernisme, og politisk aktivisme fram mot millenniumskiftet.

Her får du oppleve spektakulær og flunkande ny arkitektur, og eit breitt spekter av kunstverk av høg kvalitet på eitt brett!

Dans både dag og natt

Folk danser i Oslo 17.mai 2023, Brusteinsballet til BUL Oslo

LEIKARRING: BUL Oslo deltek på Nordlek, her frå Brusteinsballet deira i Oslo 17. mai i fjor.

Foto: Thor Hauknes
  • Kva: Nordlek 2024
  • Sjanger: Tradisjonsrik dans
  • Når: Frå 16. til 21. juli
  • Kor: Arendal
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Festivalen som berre blir arrangert kvart 3. år på rundgang mellom dei fire største landa i Norden, kjem i sommar til å spela seg ut i Arendal, og det ser ut til å bli ei ordentleg storhending.

Finsk tango, grønlandsk steppedans, danske turdansar og bygdedans frå Agder, songdans, fridans og kjededans, morgon-, kveld- og nattdansher skal det dansast!

Festivalen byr på ein rekke kurs og godt høve til å læra seg nye steg, bli kjend med tradisjonar frå våre naboland og til å kjenna gleda ein kan få av å vera med i eit stort dansefellesskap.

Ibsen utanom det vanlege

Plakat for forestillingen Brand i Fjæreheia i Grimstad juli 2024

BRAND I BIBELBELTET: Ibsenkompaniet syner historia om den idealistiske og kompromisslause presten Brand.

Foto: Fjæreheia.no
  • Kva: «Brand»
  • Sjanger: Teater
  • Kor: Fjæreheia Amfi, Grimstad
  • Når: Frå 20. til 28. juli
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Det Norske Ibsenkompaniet presenterer denne sommaren sjølvaste «Brand» i bibelbeltet–med Vidar Magnussen som regissør, og med eit gospelkor som skal knalla lovsongen mellom fjellveggane.

Med skodespelarar som Kristoffer Olsen, Kjersti Elvik og Vidar Magnussen sjølv på scenen, kan dette bli ein «Brand» utanom det vanlege. Kan tru flytta fjell? Til og med i Fjæreheia? Det får vera opp til Vidar Magnussen og Vårherre.

Denne framsyninga kan bli topp eller flopp.

Austlandet

Ei storhending!

To rektangulære felt i vinrødt over hverandre på oransj bakgrunn med mørk oransj strek mellom de to feltene. Mark Rothko, Uten tittel, 1969, National Gallery of Art, Washington, gave fra The Mark Rothko Foundation, Inc., 1986.43.275

STOR UTSTILLING: Dette er den største presentasjonen av denne verdsberømte kunstnaren i Norden nokon gong.

Foto: Mark Rothko / © 2023 Kate Rothko Prizel & Christopher Rothko
  • Kva: «Mark Rothko. Malerier på papir»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 22. september
  • Kor: Nasjonalmuseet, Oslo
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

«Eit måleri er ikkje eit bilde av ei oppleving; det er i seg sjølv ei oppleving» sa den latvisk-amerikanske kunstnaren Mark Rothko.

Han er i dag regna som ein av modernismens mest ruvande skikkelsar. Sjølv om han i det ytre på ein måte gjer det same igjen og igjen, stemmer desse ulne fargerektanglane opp mot kvarandre, skapar han likevel noko heilt unikt kvar einaste gong.

Rothko er ein kunstnar som heile tida søkjer og utforskar, som famlar etter ei målerisk kraft. Helst ville Rothko at publikum skulle møte bileta med sterke, emosjonelle reaksjonar som gråt eller kvalme. Dei som står og diskuterer fargar, har misforstått.

Ta ein tur og sjå kva slags verknad bileta har på deg. Dei gjer noko med deg.

Dans + fotball = Sant

FOTBALLDANS I OPERAEN: Operaen viser (diverre) ein forkorta versjon av suksessballetten, men (heldigvis) til ein lågare pris.

  • Kva: «A Dance Tribute to the art of Football»
  • Sjanger: Dans
  • Når: Frå 27. juni til 21. juli.
  • Kor: Operaen, Oslo
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Lei av fotball-EM? Eller kan hende du berre elskar fotball og ikkje kan få nok? Uansett: Er du i Oslo, er dette ei legendarisk danseframsyning verdt å få med seg.

Jo Strømgren Kompani dansar ei hylling til fotballen og fotballspelaren–det er ei supergøy framsyning som passar heile familien. Sidan premieren i 1997 har denne framsyninga vore vist verda over som ein av dei største kulturelle eksportartiklane frå Noreg.

Nå har du sjansen på heimebane. Nytt høvet!

Festival i det fri

Stein Torleif Bjella på utescenen på Heme dine-festivalen fredag 23. juli 2021. Publikum sitter oppover i skråningene rundt på gresset. I horisonten skimtes langstrakte fjell.

FESTIVAL I FJELLET: Mottoet til festivalen er at alt smakar betre ute.

Foto: Thor Hauknes / Kulturfotografen AS
  • Kva: Heme dine
  • Sjanger: Folkemusikk og folkedans
  • Når: Frå 25. til 28. juli
  • Kor: Engerdal
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Ein friluftsfestival med fokus på folkemusikk og folkedans? Det er tre fantastiske F-ar som kling godt i mine øyre.

Frisk luft, knitring frå bålpanna og mengder av buskspel og konsertar: festivalen verker nærast å svara til eit sanatorieopphald som nører sjela og gjer hugen lun.

Her ville eg dratt for å fyllast med fryd og gaman.

Kvinnene fram i lyset

Alma Mahler

MELLOM ELSKAR OG EKTEMANN: Alma Mahler sin musikk blir å høyre i Oslo i august.

Foto: Fra kirkearkiv
  • Kva: Oslo Kammermusikkfestival
  • Sjanger: Klassisk musikk
  • Når: 7.–14. august
  • Kor: Ulike stader i Oslo
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Oslo Kammermusikkfestival satsar i år på eit program der kvinnelege komponistar blir løfta ut av skuggen frå deira samtidige mannlege kollegaer.

Under temaet «det evig-kvinnelege» presenterer festivalen musikk av ei lang rekke kvinner frå renessansen fram til i dag, framført av framifrå musikarar frå inn- og utland.

Sjølv ser eg spesielt fram til konserten der musikken til Alma Mahler blir framført mellom verk av hennar tidlegare elskar Alexander von Zemlinsky og seinare ektemann Gustav Mahler.

Les også Guide til lett tilgjengelig kunst – landet rundt

Offentlig kunst på Lillehammer, i Oslo, i Kristiansand, I Lofoten, i Skjeberg og i Oslo

Kulturstrøm

  • Quisling-film til Toronto

    Regissør Erik Poppes kommende film om Quisling, «Quislings siste dager», er invitert til filmfestivalen i Toronto.

    Det vil si at den får internasjonal premiere i Toronto i begynnelsen av september.

    Ifølge Norsk filminsittutt skal «Quislings siste dager» vises i seksjonen Special Presentation som er for høyprofilerte spillefilmer.

    – Dette er virkelig en ny og betydningsfull milepæl for oss. Toronto-festivalen er den viktigste nord-amerikanske filmfestivalen. Den medfører ofte amerikansk distribusjon, og er også en avgjørende introduksjon til Oscarakademiet om vi blir valgt som norsk kandidat, sier filmens produsenter Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae i en pressemelding.

    Verdenspremieren blir på filmfestivalen i Haugesund søndag 18. august.

    Gard B. Eidsvold spiller rollen som landssviker Vidkun Quisling.

    Gard B. Eidsvold som landssviker Vidkun Quisling i filmen Gard «Quislings siste dager».
    Foto: Agnete Brun / Paradox, SF Studios
  • Ei verkeleg god barnebok

    – (...) Arnfinn Kolerud er av dei finaste barnebokforfattarane vi har. Teksta er som alltid overraskande. Styrken til Kolerud ligg nettopp i at du aldri veit kva veg forteljinga vil ta. Ein annan kvalitet er det leikne språket, skriv litteraturkritikar Anne Cathrine Straume om barneboka «Ivar får ansvar».

    Bokomslag av "Ivar får ansvar" og portrett av Arnfinn Kolerud
    Terningkast 5 Bok

    «Ellevilt og pinleg om pengar og makt»

    ANMELDELSE: «Ivar får ansvar» av Arnfinn Kolerud

  • ESC 2025 blir i Basel eller Genève

    Eurovision Song Contest 2025 vil finne sted enten i Basel eller Genève, opplyser det sveitsiske kringkastingsselskapet fredag.

    Avgjørelsen kommer etter en vurdering av konsertlokaler, kollektivforbindelser, bærekraft, hotellmuligheter, sikkerhet og motivasjonen til de respektive byene.

    Det endelige valget blir tatt i slutten av august. Kostnadene for å arrangere Eurovision er anslått til å være rundt 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 356 millioner kroner etter dagens kurs (NTB).