Hopp til innhold
Anmeldelse

Heftig roman om Gud og hjelparane hennar

I eit nonnekloster blir Gud til ei høne og abbedissa til prest. Det er likevel ikkje den feministiske vrien som gjer «Matrix» til heftig lesnad.

Portrettbilde av forfatter Lauren Groff og omslaget til boka Matrix
Foto: Eli Sinkus og Aschehoug
Bok

«Matrix»

Lauren Groff

Oversatt av Inger Gjelsvik

Roman

2022

Aschehoug

Lauren Groff har meir blikk for det kroppslege enn det åndelege når ho sjekkar inn i eit engelsk kloster. Sex mellom nonner er heilt klart pikant for lesaren, men for nonnene sjølve er det ei relativt grei sak ettersom det ikkje står skrive nokon stad at sodomi mellom kvinner er synd.

Dessutan er vi i mellomalderen, og den medisinkunnige av nonnene forklarer at ei utløysing i ny og ne får kroppsvæskene i balanse, og at det er viktig av helsegrunnar.

Men heller ikkje kroppsvæskebalanseringa er årsaka til at denne romanen vibrerer. «Matrix» står stødig på ei søyle, og denne søyla heiter Marie de France.

Tvangssendt i kloster

Om Marie veit vi lite anna enn at ho skreiv versenoveller, såkalla lais, som ho tileigna kong Henrik II.

I romanen er ho halvsøster til denne kongen, eit resultat av at far hans valdtok ei tenestejente.

Marie er stor, stygg og dessutan så lik farsslekta at ho får plass ved hoffet. Der passar ho såpass dårleg inn at ho som 17-åring blir sendt til eit kloster som er i ferd med å kollapse av vanstyre, sjukdom og forfall.

Tenåringen får tittelen priorinne. Her skal ho be og arbeide. Marie kan ingen av delane og vurderer alternativa ho har. Ho kan rømme og bli omstreifar, eller ho kan gjere klosteret stort og mektig og vise idiotane ved hoffet kva ho er god for. Marie går for det siste.

Lauren Groff

KLOSTER OG KROPPSVÆSKER: Lauren Groff skriv om kvinner som ingen vil ha, og kvinner som ikkje vil ha nokon. Her frå amerikanske National Book Awards der ho var nominert til pris for boka «Matrix».

Foto: Brad Barket / AP

Med jomfru Maria på si side

Og her opnar romanen til amerikanske Lauren Groff, som både har kunnskap og forteljekraft til å gjere historia om Marie til eit stort og fengslande drama.

Det er ytre sett ei suksesshistorie. Men medan klosteret blir eit mønsterbruk, blir Marie meir mektig enn ho har godt av. Ingen kan stå opp mot Maries vilje. Ho har nemleg sterke allierte:

…det Marie selv sier, sier hun med myndighet fra selveste Jomfru Maria som på denne dag har skjenket henne et storslagent syn.­
Wulfhild ville da vel aldri våge å motsi Jomfru Maria?

Utdrag fra boka «Matrix»

Nei, det ville den skeptiske søster Wulfhild ikkje.

«Matrix» blir ein studie i utspekulert maktbruk, der både himmelske og jordiske makter blir sett i spel.

Og berre for å ha nemnt det, boka har ingenting felles med eit visst filmunivers. Matrix tyder mellom anna mor eller kjelde.

Om «matrix» viser til Marie eller Maria, er ikkje godt å seie. Marie passar på nonnene og novisene og alle dei andre kvinnene i klosteret meir som ein hauk enn som ei høne, og let kjempehøge murar byggjast rundt storverket sitt.

Det er forresten ikkje så radikalt at Marie såg for seg Gud som ei høne. Jesus samanlikna trass alt seg sjølv med ei høne som ville samle kyllingane under vengjene sine, og dermed er høna heilt innanfor i den religiøse bildefloraen.

Eit myldrande kvinneunivers

Romanen sirklar rundt Marie. Men rundt henne igjen sirklar fruktdyrkarar, vinleggarar, ølbryggarar, bønder, miniatyrkunstnarar, vaskekoner, smedar, ingeniørar, legar, byggmeistrar, kokkar, bakarar og mange andre, alle i nonnedrakt.

Klosteret er eit samfunn i miniatyr. Her er kvinner som er «gitt» til klosteret fordi det av ulike grunnar ikkje er plass for dei i verda, her er dei som heller vil vere nonner enn å døy i barsel i eit ulykkeleg ekteskap, her er høg og låg, lærd og imbesil.

Somme er, lik Marie, «velsignet med uskjønnhet». Andre er så vakre at nonnene blir på styr.

For sjølvsagt er ikkje kroppsvæskebalanseringa ein kur mot kjærleik, og Marie sjølv lir av ulykkeleg, livslang kjærleik til ei kvinne.

Mellomalder light

Groff fortel historia kronologisk og rett fram. Styrken ligg i portrettet av Marie og måten ho byggjer seg opp på. Men dette skjer ikkje i eit vakuum, og vrimmelen av ulike personlegdommar og arbeidsprosessar er skildra med eit skarpt blikk for detaljen.

Nonnene er teikna med svært menneskelege feil og manglar, trass i at dette er eit klart feministisk prosjekt.

Det åndelege er vanskelegare å få auge på. Sjølv om nonnene ber mange gonger om dagen, får vi knapt vite korleis bønene går. Religionen er eit middel til makt og ei ramme å leve livet innanfor. Det handlar om strategi og sosiale normer.

Dermed blir romanen lettare å gripe for moderne lesarar, samstundes som han misser noko av forankringa i mellomalderen. Ok, eg hadde takla meir forankring. Men uansett er det ein svir å lese om nonneliv i mellomalderen, lett justert for å passe inn i vår samtid.

"Brenner & bøkene" har inntatt Hamar bibliotek. Gjesten denne gang er Lauren Groff fra USA, hun har skrevet det anmelderne kaller en særegen og sjarmerende roman. Og Barack Obama sier dette var hans favorittroman i fjor. Knut Faldbakken bor på Hamar, skriver krimbøker fra området og er en selvskreven gjest denne kvelden.

OBAMAS FAVORITT: Lauren Groff gjesta i 2016 «Brenner & bøkene» for å prate om romanen «Skjebne og raseri» som vart Barack Obamas favorittbok.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.