Seks nye personar er stadfesta smitta av koronaviruset i Ullensvang kommune i dag. Det er påvist smitte blant både brukarar og tilsette i heimebaserte tenester i Odda, noko som gjer det utfordrande å halda oppe normal drift, skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.
Politiet får hjelp av mannskap frå Røde Kors til å hjelpa to personar som har gått seg fast på Ulriken i Bergen. Begge to er uskadd.
Laurdag ettermiddag vart det meldt om røykutvikling i Markegata i Florø. Brannvesenet melder om at det var eit mindre branntilløp. No har dei kontroll, og det er ikkje meldt om personskade.
I Myrkdalen på Voss har det gått eit større snøskred. Naudetatar og frivillige er på veg. Ingen er meldt sakna, men det er skispor i området.
Rv. 15 Strynefjellet er stengt på grunn av uvêr.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.