NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan

Siste nytt

  • Kvadruppelbogey for Daffinrud

    Tonje Daffinrud enda på heile 10 slag over par på tredje runde av golfturneringa i OL. Ho er sist i det 60 kvinner store feltet, 22 slag over par.

    På runden fredag opna ho med par, men så følgde fire strake bogeyar. Etter par på det sjette holet, følgde ein kvadruppelbogey - fire over par - på det sjuande.

    – Det gjekk langt ut, og graset er høgt der. Dessutan jamna eg undeer eit tre. Eg måtte bruke tre slag berre på å kome meg ut, forklarte ho til NRK.

    Åttande holet gav birdie, men så følgde to strake dobbelbogeyar.

    Etter to nye par, kom det endå ein bogey. Men innspurten var god, med to birdiar og to par på dei fire siste.

    – Eg får litt "gi f...-mentalitet". Då gjekk det betre. No håper eg å kunne avslutte med ein bra runde i morgon, seier ho.

    Nelly Korda frå USA leier med 15 slag under par etter tre rundar. Ho er tre slag betre enn Aditi Ashok frå India.

    Tonje Daffinrud
    Foto: Darron Cummings / AP
  • Amerikansk sandvolley-gull

    Alix Klineman og April Ross tok OL-gullet i sansvolleyball for kvinner med solide 21-15 og 21-16 over Mariafe Artacho del Solar og Taliqua Clancy frå Australia.

    Anouk Verge-Depre og Joana Heidrich frå Sveits tok bronsen.

    Alix Klineman og April Ross
    Foto: Angela Weiss / AFP
TAYjBA1taNw

Jakobs stikk etter Gjerts kommentar: – Virker som han ikke kan så mye om  løping

Sommer-OL i Tokyo 2021

Sølvvinneren rennes ned av meldinger – Rodal måtte felle en tåre

Videoer