Hopp til innhold
Anmeldelse

Musikalsk melankoli

Kan ein skilje mellom den ein er og det ein er god til? spør Deborah Levy i si fint komponerte forteljing.

forfatter deborah levy og omslag for hennes bok "Augustblå".
Foto: Solum Bokvennen
Terningkast 5 Bok

«Augustblå»

Deborah Levy

Oversatt av Agnete Øye

Roman

30. mai 2024

Solum Bokvennen

Elsa var eit vedunderbarn på piano.

Så godt spela ho, at fosterforeldra adopterte ho bort til ein berømt spelelærar då ho var seks.

No er Elsa i trettiåra. Vaksen, berømt og feira som pianist. Men lei seg. Blå.

På ein konsert i Wien, spela ho feil. Midt i eit stykke av Rakhmaninov byrja fingrane å velje andre tangentar. Feil tonar. Dissonans. I staden for å rette opp feilen, gjekk Elsa av scenen.

Ho vil ikkje meir. Orkar ikkje.

Med «Augustblå» er Deborah Levy på plass i ein tematikk ho ofte utforskar: Korleis bygge opp sjølvet igjen, når alt ein var, kjennest knust og øydelagt?

Deborah Levy og Man Booker Prize 2016

HEIDRA: Deborah Levy (f. 1959) har skrive ni romanar, inkludert Bookerpris-finalistane «Svømme hjem» og «Varm melk». I år kom også tredje band i den interessante «levande sjølvbiografien» hennar om livet og skrivinga. Det heiter «Tilstandsrapport», og følger opp «Sånt jeg ikke vil vite» og «Livets omkostninger».

Foto: Ap

Levy er oppteken av identitet. Kjønn. Kunst.

Som alltid med ei heilt eiga språkleg fingerspisskjensle. Kall ho gjerne lydhøyr, i det som også kan kallast ein særs musikalsk roman.

Spelelærarfar

«Augustblå» følger Elsa gjennom eitt år i personleg krise: Kven er ho eigentleg? Ho har alltid levd for musikken. For pianoet.

No pressar andre tankar seg fram. Om opphav. Familie. Einsemd.

Det er vanskeleg å vere eit vakse vedunderbarn!

Den biologiske mora si har ho aldri kjent. Kven faren er, veit ho heller ikkje.

Spelelæraren har fungert som ein slags far. Men folk rundt Elsa fortel ho at han eigentleg er ein tyrann. At han har styrt henne som ein marionett.

Men han er alt ho har:

Jeg var vidunderbarnet hans, men jeg var aldri barnet hans

«Augustblå», Deborah Levy

Blå bok

Elsa er blå også heilt konkret – det berømte brune håret sitt har ho farga blått. «Naturlig blå», kallar spelelærarfaren det.

Blå som blues. Melankoli. Men også blå som havet. Himmelen.

«Augustblå» liknar andre Levy-bøker i at ho skildrar vatn. Bading. Sjømat. Måltid generelt.

I korte, presise setningar viser ho korleis sola bryt vatnet idet ein dukkar under. Lukta av furu. Kjensla av å bite inn i ei mogen frukt. Det sanselege i tilværet.

I «Augustblå» ser Elsa ei kvinne ho føler er «dubletten» hennar. Denne dobbeltgjengaren kjøper eit par batteridrivne hestefigurar på ein marknad, medan Elsa ser på. Ho vil ha dei hestane!

Dei blir ein metafor for noko større, som ho også vil ha. Noko trygt. Kontrollerbart. Men også noko kreativt.

Det er pandemi. Nyopna etter nedstenging. Elsa reiser Europa rundt for å undervise i piano, og for å vere med kjente.

Innimellom har ho indre samtalar med kvinna ho såg kjøpe hestane.

Jeg er kanskje det, sa jeg til henne.
Du er kanskje hva?
Berømt.
Og på flukt, sa hun. På flukt fra din egen begavelse og fra menn.
Jeg visste at dette var mine egne tanker, men de gjorde meg litt trist.
Ikke litt, mye, sa hun.

«Augustblå», Deborah Levy

«Feil» norsk

Den skarpe presisjonen i setningane gjer at Deborah Levy ofte blir kalla ein «forfattaranes forfattar». Ofte er setningane korte. Opne for tolking. For fleire tydingar.

Det gir omsetjaren ein vanskeleg jobb.

I den norske utgåva av «Augustblå» haltar det litt innimellom. Særs dei stadene kor omsetjar Agnete Øye av ein eller annan grunn har føydd til ord som ikkje finst i originalen.

«Like her», står det på engelsk. «Akkurat som henne», står det på norsk. Det snevrar inn tolkingsrommet.

«Love and Death entwined», skriv Levy. «Kjærlighet og død sammenfiltret i hverandre», svarer Øye. Ikkje feil, direkte. Men ei unødvendig presisering.

Omsetjaren styrer tolkinga, der originalen var opnare.

Av og til sår Levy frø som skal spire og blomstre seinare i boka. «Augustblå» er eit komplekst stykke tekst.

Pausane – stilla – betyr noko. Dei skal ikkje fyllast med ord.

Les også Tips for deg som vil lese nye, gode bøker

Bokstabel i sola ved siden av solhatt og sobriller

Vald og samhald

Men dette er mest pirk.

Elsa har kanskje fått ei anna stemme på norsk enn ho hadde i originalen. Men også på norsk er «Augustblå» ei fin lita bok.

Ho handlar om å leite etter seg sjølv – men kanskje finne noko anna enn ein trudde. Om valden som alltid trugar, særs kvinner – men også om solidaritet kvinner imellom.

Og om kunsten.

«noen av oss er skapere», meiner Elsa sin spelelærar, «og vi andre er utøvere».

Deborah Levy er absolutt ein skapar. Men også ein utøvar, av språkkunst av beste merke.

Hei!

Hausten 2023 og våren 2024 vikarierte eg som litteraturkritikar i NRK. Nokre av dei beste bøkene eg las om våren var «Amy og Isabelle» av Elizabeth Strout, «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Få også med deg Ketil Slagstad si sakprosabok om aids-epidemien i Noreg, «Det ligger i blodet».