Hopp til innhold
Anmeldelse

Handverksmeister Mytting

Endetida nærmar seg, og mykje er mørkt i «Skråpånatta». Men Lars Mytting festar trådane fint i romanveven sin.

Kombinasjon av forfatter Lars Mytting og omslaget til boka «Skråpånatta».
Foto: Mathias Fossum / Gyldendal
Terningkast 5 Bok

«Skråpånatta»

Lars Mytting

Roman

15. september 2023

Gyldendal

Fansen kan puste letta ut: Det tredje bandet i heknetrilogien, «Skråpånatta», innfrir det «Søsterklokkene» og «Hekneveven» lova.

Her er ingen store overraskingar eller uventa skruar, berre meir av det som gleda mange tidlegare:

Ei mytisk eventyrforteljing i botnen. Gode miljøskildringar. Ein interessant hovudperson. Eit vell av andre romanfigurar. Lokal forankring, språkleg og geografisk. Band mellom land. Innsikt i naturen, historia, folket.

Rett og slett solid romanhandverk.

Alt dette frå ein forfattar som betre enn mange forstår seg på arbeid, og på kunst, og som har tatt på seg å lose lesaren gjennom ein særs viktig historisk epoke.

Rett nok mistar han kanskje litt energi når han skriv om ei tid og eit tema mange kjenner frå før, nemleg krigen sett frå ei norsk bygd.

Trilogien som heilskap blir til ein fin bildevev, kor tynne og tjukke trådar festar seg fint og gir meining saman.

Tar opp tråden

Første bind, «Søsterklokkene», handla mest om 1880-talet. «Hekneveven» mest om 1910- og 20-talet, med første verdskrigen og spanskesjuka som dei viktigaste historiske hendingane.

I «Skråpånatta» er vi komne fram 1930- og 40-talet. Det vil seie siste del av mellomkrigstida, og andre verdskrigen.

Gjennom heile trilogien er der dessutan viktige band til 1600-talet. Ifølge soga Mytting diktar fram, levde dei samanvaksne heknesøstrene då. Dei vov eit magisk bildeteppe.

I bildeveven spår dei at skråpånatta vil kome.

På den lokale dialekten betyr det «endetida» eller «apokalypsen».

Hør anmeldelsen i «Åpen bok: Kritikerne»:

Nostalgisk

Åra hovudhandlinga tar for seg, er viktige år i norsk historie. Dette er tida då moderniteten kom til heile landet, ikkje berre byane.

I dei mest isolerte bygdene, som i oppdikta Butangen langt inni Gudbrandsdalen, kom endringa sist. Til gjengjeld gjekk alt veldig raskt.

Gjennom heile heknetrilogien skriv Mytting mykje om landbruk før i tida.

Om seterdrift. Tradisjonelle, særs arbeidskrevjande metodar. Folk bur langt oppi uren luren himmelturen, der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Alltid få uhell unna sveltihel og elende.

Så kjem den nye tida. Vasskraft. Elektrisitet. Lys! Vegar som betrar kommunikasjonen. Telefon. Bilar. Meieri og ysteri. Landhandel framfor sjølvberging.

Lars Mytting skildrar alle endringane. Heilt klart med oppvakt interesse. Men også med ein viss nostalgi.

Kva gjekk vel ikkje tapt av kunnskap og kultur, no som ingen lenger lagar sine eigne klede, men kjøper dei ferdige i ein butikk? Når kraftfôr overtar for seterdrift?

Hovudpersonen gjennom trilogien, presten Kai Schweigaard, tenker sitt:

Noe nytt hadde kommet annethvert år, og annethvert år ble noe overflødig, og likedan med menneskene som hadde kunnet det.

Mytiske Mytting

Noko av det tradisjonelle lever vidare i kunsthandverket. I bunadssaum og treskurd. Lars Mytting knyter handverket fint inn i teksten.

Likevel, eller kanskje derfor, taper han litt energi i «Skråpånatta» målt mot «Hekneveven». Tradisjonane står svakare på 1940-talet enn hundre år før. Folk bryr seg mindre om mytar.

Men Mytting bryr seg! Og får lesaren med seg.

Gløden er på det sterkaste idet han fortel om heknesøstrene, og om dei heilt spesielle kyrkjeklokkene dei gav namn til.

I desse passasjane skriv han seg tett opp mot forteljeteknikkar ein kjenner igjen frå folkediktinga. Frå eventyr. Soger. Folkesongar.

Mytting nyttar kontrastar. Mellom venn og fiende, kjærleik og hat, natur og kultur, sanning og (over-) tru.

Over dei heile ruvar spørsmålet: Vil dei skumle spådommane frå hekneveven bli innfridd? Kjem endetida?

Blindflekkane våre

Lars Mytting har skapa ein særeigen nordisk form for magisk realisme, med eventyrlege innslag i den moderne tida.

Han bruker historia til å vise oss ting også i vår eiga tid.

Kva blindflekkar har vi, undrar presten Schweigaard. Kva er det vi gjer, som i framtida vil reknast som barbarisk?

Når nazistane kjem til Butangen, åtvarar han frå preikestolen:

sjelden kan [vi] gjenkjenne faren. Den er lumsk, den kommer helst i en skikkelse vi ikke før har sett. Derfor kan vi ikke lære av historien, for det onde vender alltid tilbake med nytt ansikt. Hva vi må gjenkjenne, er hatet i oss selv

Paradokset er at vi faktisk kan lære av den historia Lars Mytting framfører i trilogien sin.

Han argumenterer for toleranse og vidsyn. For å rette blikket fram, men heller ikkje gløyme det som ligg bak. For kunsten, og for verdien i å kjenne tradisjonelle teknikkar.

Det er avansert romanbyggeteknikk Lars Mytting driv med. Men han meistrar handverket.

«Skråpånatta» er ein tilfredsstillande slutt på den eventyrlege soga heknetrilogien utgjer.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

Lars Mytting lesar inn «Hekneveven» på døl Messom, luggom og kåfatt!

Lars Mytting leser sjøl inn lydbok av sin nye roman Hekneveven i Lydbokforlaget. Da syntes han det var naturlig å gjøre det på sin egen dialekt fra Fåvang i Gudbrandsdalen.