Hopp til innhold
Anmeldelse

Knallsterk debut om ungdom på vippepunktet

Oliver Lovrenski er årets litterære nykommar.

Til høyre er bilde av forfatter Oliver Lovrenski, og til venstre er bokomslaget Da vi var yngre.
Terningkast 6 Bok

«Da vi var yngre»

Oliver Lovrenski

Roman

28. september 2023

Aschehoug

Mykje av det som skjer i «Da vi var yngre» skjer i språket. Orda er eit kroatisk-somalisk-norsk fyrverkeri.

Språket er ein kamparena, der det å fyre av ei god setning er eit statussymbol som trumfar airpodsane og Gucci-beltet. Sjeldan grammatisk korrekt, men likevel rett.

Som ein slags speeda Ivar Aasen samlar Oliver Lovrenski, fødd i 2003, opp orda frå gata og stappar dei ned i den litterære skreppa si. Før han drysser dei ut i avsnitt, som er akkurat lange nok til å fange merksemda til TikTok-generasjonen.

Og meg! Historia om dei fire ungdomane Ivor, Marco, Jonas og Arjan minner meg på at eg har vore ung.

Krossveg: advokat eller kriminell?

Det handlar om generasjonen vi mista under pandemien. Ivor med foreldre frå Kroatia, Marco med bakgrunn frå Somalia og etnisk norske Jonas har det til felles at dei heller heng ute i Oslo enn å vere heime med familien.

Oliver Lovrenski vekslar uanstrengt mellom ljos og mørker. Skal Ivor bli advokat eller skal han bli ein slik som treng advokat? Desse kampane mellom Gut und Böse har fotfølgt litteraturen heilt sidan Goethe (Faust), ja truleg lenge før det.

Tittelen hintar også til ei utvikling som finn stad i løpet av boka. I starten går dei i niande klasse og er yngre og meir uskuldige.

Men etter kvart sel dei så mange typar narkotika med så mange kallenamn at eg må slå opp i ordlista bak i boka for å forstå kva slags dop det handlar om. Men eg gjer ikkje det, for det ville brote med flyten.

Oliver Lovrenski

TALENT: Den 19 år gamle forfattaren Oliver Lovrenski gjer gatespråket om til kunst, meiner litteraturkritikar Knut Hoem.

Foto: Agnete Brun/Aschehoug

Kunstspråk frå gata

Kva er det som eigentleg skal til for å gjere dette gatespråket om til kunst? Korleis kan ein få orda til å vibrere slik at det som hender, sprenger seg ut av den konkrete situasjonen og blir til noko som angår oss alle?

Det er noko uanstrengt over korleis Lovrenski får fram allmenn interessante sanningar i konkrete situasjonar. Der inne finst også alle dei andre:

Ho høge med det store smilet bak kassa på Deli de Luca: « ... og bror, hjartet mitt vakna, skjønte du, liksom yo, haaalleluja!».

Fedrar som drikk og slår. Mødrer som er livredde kvar gong sønene går ut døra.

Dei gode lærarane. Dei slitne barnevernsarbeidarane.

Jenter som vil ha meir kokain, og jenter som vil opp og fram i verda.

Den greie onkelen på kafeen som alltid har litt pengar til overs.

Etterpåkloke junkiar som ikkje vil at ungdommen skal ta dei same elendige vala som dei sjølve gjorde.

Heile «landsbyen», som kanskje maktar å fange opp det utsette barnet som står der og vippar på kanten av T-bane-perrongen.

Anmeldelse «Kynisk oljebransje får på pukkelen i tegneserien 'Bilde av en brennende Tesla'»

Tegning fra boka "Bilde av en brennende T3sla" som viser en mobil med flere bilder av en person som setter fyr på en Tesla.

Oliver Lovrenski

TOPPSCORE: Oliver Lovrenski får seks på terningen av litteraturkritikar Knut Hoem.

Foto: Agnete Brun/Aschehoug

Årets debutant

Mens alt dette utspeler seg, blir eg sitjande og tenkje på kven eg er oppi alt dette her.

Eg er førstegenerasjons innvandrar til Oslo. Lik pappaen i Zeshan Shakars «De kallar meg ulven» og mora i Nadia Ansars «Min skam», lengtar eg heim. Dei til Pakistan. Eg til Bergen.

Oliver Lovrenski skriv om ungdom som er vaksne opp her. Det er dei som «eig» byen. Han tar oss med på innsida i ei forteljing som er fortalt innanifrå.

Lesaren, som kjem utanfrå, får ei kort stund del i dette eigarskapet, og blir sitjande att og tenke på kva som skal til for at desse ungdommane ikkje hamnar i utanforskapet.

Det er slike spørsmål romanen stiller – og som vi må finne ei løysing på.

Men mest av alt er det den utrulege energien som strøymer ut av denne teksten eg sit att med. Han har knekt koden. Han snakkar til alle. Nett slik som han skildrar det her var det då vi var yngre. Det er berre å slå fast først som sist. Oliver Lovrenski er årets litterære nykommar.

Hei!

Jeg leser og anmelder litteratur i NRK. Les gjerne også anmeldelsen min av «Kairos» av Jenny Erpenbeck, «Detaljer» av Ia Genberg, eller Franz Kafkas «Prosessen» oversatt av Jon Fosse.