Sei goddag til Tusse, ein uvanleg smart robot som er programmert for å hjelpe ei gammal bestemor.
Bestemor, alias Gomo, ønskjer å bu sine siste år på hytta.
Tusse skal halde hytta ryddig og pen, og i tillegg vere ein samtalepartnar som støttar Gomos syn på hytteliv.
Denne programmeringa fører ganske logisk til at Tusse «eliminerer» den smaklaust rike sonen til gamlemor, og kona hans med.
Det brutale dobbeltmordet dannar utgangspunktet for romanen.
ADVARSEL: Ein imaginær drapsrobot avbilda i London i 2013 under ei markering for å «stoppe drapsrobotar». Autonome våpensystem som nytter seg av KI (kunstig intelligens) til sjøl å velge ut mål har blitt beskrive som «den tredje revolusjon innen krigføring, etter kruttet og atomvåpen».
Foto: Carl Court / AfpHerr og fru rotar, og dei står for heilt andre hytteverdiar enn Gomo. Slik ho, og dermed Tusse ser det, skal hytter vere enkle utgangspunkt for sunt friluftsliv. Når Tusse gjer hytta til ein blodig åstad, løyser han fleire problem, men skaper ein del nye for å seie det forsiktig.
Dermed er handlinga i romanen «Hyttebok» i gang.
Hyttekos
Tusse kan verke som eit litt for nusseleg namn på noko så høgteknologisk som ein robot, men inspirasjonen til namnet kjem frå Nusse, den første norskproduserte elektroniske datamaskinen frå 1954.
Det fulle namnet på den er Norsk Universell Siffermaskin, Sekvensstyrt Elektronisk. Altså Nusse.
Tusse fører ordet i romanen, og trass i at er grunnleggjande lojal til Gomo, er han likevel nokså kritisk til innhaldet i familiens hyttebok.
Alle som har bladd i, eller sjølv skrive ein frisk og blid stemningsrapport frå «ei strålande helg» i ei hyttebok, vil nok kjenne seg att i Tusses nokså kritiske analyse av sjangeren.
Romanen opnar med epigrammet «Ja, nå har vi det koselig, dere.» Ein annan klassikar frå klisjekabinettet.
Tøyer strikken vel langt
Det er elles verd å merke seg formuleringa «en dyp sannhet om det norske folk».
Når eg kikkar nøye nok på romanen, meiner eg å kunne spore denne ambisjonen også hjå forfattaren.
Han vil ikkje berre skrive satirisk om forfallet i norsk hytteliv, frå Gerhardsens ideal om enkle koier ute i naturen, til prangande palass med varmekablar i garasjen og jacuzzi på terrassen.
DEN EKTE NUSSE: Den første norsk-produserte elektroniske datamaskinen, stod ferdig 1954. Namnet er ein forkortelse for Norsk Universell Siffermaskin, Sekvensstyrt Elektronisk.
Foto: Finn Larsen/Norsk Teknisk MuseumArneberg vil også lage ein satirisk samtidsroman. For å få til det, har han utstyrt stakkars Gomo med eit spekter av ganske oppsiktsvekkjande moderne meiningar.
Det er jo frå Gomo Tusse har verdigrunnlaget sitt.
Her tøyer forfattaren strikken vel langt for å få kasta eit satirisk blikk på «det norske folk».
Det får stå sin prøve. Ideen med ein robot som store deler av tida tenkjer som ei bestemor, er uansett original og gjennomføringa er imponerande, trass i at Gomo mot slutten altså hamnar i spagaten.
Komikken gjer susen
Romanen er på sitt beste når absurditetane veks ut av Tusses doble natur: han viser stor kløkt i kampen for å få dei to no foreldrelause Eyde-barna ut på skitur, slik Gomo meinte ein skulle.
Og forelskar seg djupt i den andre teknologiske dingsen på hytta, nemleg forbrenningstoalettet «Cinderella».
NUSSE I BRUK: «Nusse» var den første norske datamaskinen. I dette skolefjernsynsprogrammet fra 1984 får programleder Kirsten Schøyen prøve vidunderet.
For ja, Tusse har kjensler heilt på eiga hand, og synst det er svært krevjande å takle at dei andre drit i kjærasten hans.
Satiren over hyttelivet og alt det andre er tydeleg nok, og førestillinga om at ein robot kan drepe er eit ekstremt døme på KI på ville vegar. Det er ok, men ikkje banebrytande.
Det som gjer «Hyttebok» til noko for seg sjølv, er det absurde, det groteske og det komiske som skjer når Tusse skal ordne opp.
Mens debatten om kunstig intelligens går høgt blant ekspertar og folk flest, er det forfriskande med ein roman som tek fatt i fenomenet og skrur det inn i heilt andre sjangrar enn dystopien, utan å misse alvoret fullstendig av syne.
Hei!
Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.