Hopp til innhold
Anmeldelse

Til sengs med fienden

Ei klok og stillfarande forteljing om kjærleikens karrige kår under «trøbbelet» i Nord-Irland.

Forfatter Louise Kennedy og omslaget til Overtredelser
Foto: Aschehoug/Patrick Bulger
Terningkast 5 Bok

«Overtredelser»

Louise Kennedy

Oversatt av Merete Alfsen

2024

Aschehoug

Vi skal til Belfast. Året er 1975.

Ho er ung, singel og katolikk.

Han er eldre, og fullstendig feil. Ikkje berre er han gift frå før. Han er også protestant. Og rik.

Likevel fell dei to for kvarandre. Kan det ende godt?

Ikkje dersom samfunnet rundt dei får bestemme.

«Trøbbel» i Nord-Irland

Louise Kennedy har nemleg lagt handlinga i sin nydelege roman, «Overtredelser», til den vonde perioden kjent som «trøbbelet» i Nord-Irland.

Som om det var ein liten småkrangel på gang, når det eigentleg er snakk om alvorleg væpna konflikt.

Skytevåpen. Bilbomber. Brannbomber. Fallskjerm­jegerar og spesial­politi. Døde menneske, på begge sider av religiøse og politiske skiljelinjer.

Menneska i «Overtredelser» lever midt i ei ulmande krigs­sone. Blir ein ikkje skada på kroppen, kan ein fort bli det på sjela.

Utan å rakke ned, viser Kennedy kva overlevings­mekanismar folk tyr til. Sarkasme. Sinne. Apati. Sorg.

Ikke ville jeg hatt hund, sa Gina. Du må nesten regne med å finne lik.

«Overtredelser» av Louise Kennedy

Kvardag i konflikt

Louise Kennedy skriv klart og konsist om korleis absolutt alt blir påverka av ein slik konflikt. Av at valden siv inn overalt.

Førsteklassingar som knapt kan stave namnet sitt, har likevel full kontroll på vaksne tema. Vald og våpen.

Minefelle. Brannbomber. Gelgnitt. Nitroglyserin. Bensinbombe. Gummikuler. Panservogn. Internering. Special Powers Act. Fortropp. Ordforrådet til en sjuåring nå.

«Overtredelser» av Louise Kennedy

Det er umogleg å la vere å ta side. Alle veit automatisk «alt» om deg så snart dei høyrer namnet ditt. Katolikk eller protestant. Fattig eller rik. Den eine eller den andre skulen. Slike eller sånne framtids­utsikter.

Du må alltid representere di gruppe. Vere lojal. Aldri bryte grensene.

Særs ikkje når du vel partnar.

Forfatter Louise Kennedy, portrettbilde i sort skjorte med sort bakgrunn. Hun ser litt sliten ut på bildet.

BRAKDEBUT: «Overtredelser» er nord-irske Louise Kennedy sin debutroman. Ho hadde arbeidd som kokk i tretti år då ho fekk eit veldig gjennombrot som forfattar med novellesamlinga «The End of the World is a Cul de Sac», altså «Verdas ende er ei blindgate».

Foto: Patrick Bulger

Ulovleg kjærleik

Det er der den unge katolske kvinna Cushla feilar.

Ho er barneskule­lærar, djupt involvert i å hjelpe ein fattig elev som har det stridt heime. Faren er blitt banka opp av bøller. Han hadde «feil» religion. Slikt skjer.

I tillegg hjelper ho til på puben bror hennar driv.

Pubdrifta er nok ei øving i balanse­kunst. Dei lokale stamkundane er nord-irske katolikkar. Men også britiske unions­soldatar drikk der. Cushla og broren må verke nøytrale i begge leirane.

En falleferdig gate i Belfast i Nord-Irland i 1998, samme år som Belfastavtalen (Good friday agreement) ble signert mellom de britiske og irske regjeringene.

RUINAR: Ei bilbombe har rasert ei gate i ein bydel av Belfast i 1998. Same år blei Belfastavtalen (The Good Friday Agreement) signert mellom regjeringane i Storbritannia og Irland.

Foto: AP

På puben møter ho Michael. Han er tjue år eldre. Gift, og far til ein tenåring. Forsvars­advokat, og dermed del av britane sitt retts­system.

Dessutan, som om alt dette ikkje var nok, tilhøyrer han feil religion.

Michael er protestant. Heilt feil på alle vis.

Likevel er det han Cushla vil ha.

Ho er einsam i livet. Far er død. Mor er alkoholikar. Venninnene ho ei gong hadde, har ho mista kontakten med.

Den mannlege kollegaen som av og til ber ho ut, Gerry, er ein fin fyr. Men ingen ho har kjensler for.

Hun ba Gerry inn på en kopp te, og angret alt før hun hadde satt nøkkelen i låsen.

«Overtredelser» av Louise Kennedy

Glitrande setningar

Cushla tar sjansen på Michael. Det er feil, men kjennest rett.

Ho er ung. Ho vil føle noko! Leve ut begjæret. Oppdage nye ting. Leve! Det er ikkje hennar feil at alt er feil.

Eller at det vanskeleg kan ende godt.

Louise Kennedy si kjærleiks­historie er lågmælt, men insisterande. Ho skriv presise, gode setningar utan noko fiksfaks, fint varetekne av omsetjar Merete Alfsen.

«Overtredelser» forklarer lite, men borar desto djupare. Ein lærer litt om Nord-Irland, men endå meir om å vere menneske, av denne glitrande debut­romanen.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

Garry Patrick McGillion

Føler fortsatt skyld for niesens død da bilbomben gikk av