Hopp til innhold
Anmeldelse

Skummel roman kritiserer miljørørsla

Kva skjer når gode intensjonar sporar av? Liv Mossige skriv om økofascisme i denne uhyggjelege boka.

Forfatter Liv Mossige og omslaget til boka Eels have
Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/Cappelen Damm
Terningkast 5 Bok

«Eels have»

Liv Mossige

Roman

April 2024

Cappelen Damm

Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar, heiter det i eit gammalt ordtak. Det kjem visstnok frå den lærde munken Bernhard av Clairvaux, som levde i Frankrike på 1100-talet.

Ordtaket kan framleis vere dekkande i mange høve.

Ei heilag overtyding

I romanen «Eels have» skriv Liv Mossige om kor gale det kan gå når nokon trekker forsvaret av jorda ut i det ekstreme.

For korleis skal vi bli færre, når all forsking seier at vi er for mange på kloden?

Vesle Bill og mora dreg frå Noreg til Danmark og sluttar seg til øko-fellesskapet «Eels have». Mora skal arbeide som hjelpepleiar for Lars, ein mann med store funksjonshemmingar.

Dei aldrande foreldra hans, Louise og Paul, er blant initiativtakarane til landsbyen. Der dyrkar dei sin eigen mat, kler seg i gjenbruks-klede og ikkje minst, har sin eigen skule.

Det er Paul som er lærar på skulen. Han er ein høgreist og sterk gammal mann, som oppmodar elevane til sjølv å vere sterke. Han lærer borna å smi sine eigne knivar.

Blandar fantasi og røynd

Bill blir gåande mykje for seg sjølv med sine eigne tankar. Det vil seie: Det er ofte Louise eller Paul sine tankar som snirklar seg vidare inni hovudet hans.

Og korleis skal han kunne skilje den verda han byggjer når han spelar på mora sin mobiltelefon frå den verda økofolka byggjer rundt han?

Ein ting veit Bill, og det er at han og mora har snautt med pengar. Er dei kanskje blant dei fattige Paul snakkar om?

Vi som bor her oppe i nord, sa han. Vi har blitt så mette og rike, vi kan klare oss med mindre, men ikke dem som aldri før har eid noe. De kommer i hope­tall, de seiler over havet, de skyr ikke noe eller noen, de er unge menn, for kvinnene og de gamle foreldrene, dem lar de bare bli igjen hjemme. De som kommer hit de er så sultne, sa Paul. Omvendte svømmere. Paul strakte armene ut og skøyv hånd­flatene inn mot brystet. Skal ha, skal ha.

Vi som er sterke må stoppe de svake, sa Paul, han la hånda bak øret igjen. Hvordan skal vi gjøre det? Riktig, sa Paul da ingen av barna svarte, han foldet hendene i fanget og begynte å tvinne tommel­totter, plystret noen toner. Vi trenger ikke gjøre noe. Han slo med hånda ut i rommet: La bare de som er svake utrydde seg selv. Vi er jo allerede på god vei, ropte han.

«Eels have» av Liv Mossige

Økofascisme er eit omgrep som meldar seg. Det same gjer ubehaget.

Leitar etter ubehaget

Liv Mossige har heilt frå starten for ti år sidan gått til originale stader. Ho leitar etter vonde og tabubelagde kjensler i menneskesinnet.

I debutboka «Tyskland», som vart nominert til P2-lyttaranes romanpris, skildra ho ei jente med nokre mentale utfordringar som legg i veg til fots frå Noreg til Tyskland etter andre verdskrigen.

I romanen «Silkestrå» skriv ho om eit barn som har mange fellestrekk med 22. juli-terroristen Anders Behring Breivik.

Også her er ho på jakt etter vanskelege kjensler.

Og ho skriv om sårbare sjeler; kor utsette er ikkje born, spesielt, for påverknad frå ustabile maktpersonar?

Liv Mossige

I RANDSONA: Liv Mossige skriv ofte om folk i randsonene av samfunnet.

Foto: Anna-Julia-Granberg / Cappelen Damm

Skriv fram den danske

Eg likar godt den sirlege skildringa av landskapet kring «Eels have». Bill og mora kjem på seinvinteren, og i løpet av boka går det mot vår og Jonsokfeiring. Det er tid for bløming og lemming, vinden går frå hustrig til mild og mot stranda skyl bølgjene taktfast mot land.

Det er særleg Louise, den gamle kona, som registrerer endringane i naturen. Ho er eit utsett menneske, like sårbar som den handikappa sonen, og som Bill, som ho innimellom tenkjer er hennar eigen son.

Med små nyansar viser Liv Mossige djupna i menneska. Ho registrerer hendingar på yta som samlar seg og veks i sinnet.

Det gir intensitet til teksta at ho berre ymtar forsiktig og ikkje dreg klare sambandslinjer eller gir ein fasit for korleis ting blei som dei blei.

I språket er ho derimot meir enn tydeleg nok. Dei danske hovudpersonane snakkar med dansk setningsbygging og danske uttrykk. Det høver bra som små språkmarkørar, men for meg blir det for insisterande når det danske vert understreka gjennom heile romanen.

Setter spor

«Eels have» er ein roman som vekkjer kjensler. Han går tett på personane sine, og maktar samstundes å heve tematikken til å gjelde alle former for fanatisme og sektdanning.

Visst treng jorda forsvar. Men det treng også den frie tanken, han som får bryne seg i eit ope og inkluderande demokrati.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Les gjerne saka mi om Emil i Lønneberget. Gode bøker eg har lese i det siste, er «Den barbeinte kvinnen» av Scholastique Mukasonga og «Hafni forteller» av Helle Helle. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken, og tips til gode barnebøker finn du her.

Kulturstrøm