Hopp til innhold
Anmeldelse

Djervt om djevel­besøk

Går det an å elske under kapitalismen? Asta Olivia Nordenhof skriv engasjert og energisk om sex og pengar.

Bokomslag av "Djevelboka" som viser mann med djevel-hjelm sittende i en lenestol på et båtdekk, og portrett av Asta Olivia Nordenhof
Foto: Albert Madsen / Oktober
Terningkast 5 Bok

«Djevelboka»

Asta Olivia Nordenhof

Oversatt av Trude Marstein

Roman

3, april 2024

Oktober

«Djevelboka». Tittelen gir visse forventningar. Vil også Vårherre dukke opp i Asta Olivia Nordenhof sin nye roman?

Nei. Ikkje direkte.

Den danske forfattaren er ikkje spesielt oppteken av himmel og helvete i kristen forstand.

Ho bryr seg mykje meir om ein annan, mykje større «religion»: kapitalismen. Denne knyter ho til patriarkatet, altså menns makt i samfunnet.

Går det an å elske under kapitalismen? er det brennbare spørsmålet Nordenhof vil utforske.

Ho vil vise alle at pengane er overalt. Også i dei næraste relasjonane våre. Mellom oss. Pengar styrer liv. Kjærleik. Hat. Og død. Ofte på måtar vi ikkje ser.

Det er originalt tenkt, og spanande løyst. Fullt av ein herleg energi, i ei bok som bryr seg lite om sjangrar og meir om idear.

Særs hovudpersonen, ei ung kvinne som fortel i eg-form, er frisk og kul. Ho er fylt av like delar sorg og raseri, pågangsmot og fortviling, og ein smittande harme over alt som er gale i verda.

Asta Oliva Nordenhof

KJÆRLEIK OG DØD: Asta Olivia Nordenhof skal etter planen skrive ein serie på sju bøker om pengar, makt, kjønn og sex – og Scandinavian Star-brannen. Første bind var «Penger på lomma» frå 2021.

Foto: Albert Madsen

Prostituert møter djevelen

Nett denne forteljinga startar i 2008.

Det er finanskrise. I Danmark skal det offentlege spare pengar. Det kallast «reform». Visse sosial­stønader blir kutta. Også dei eg-forteljaren i «Djevelboka» fekk før.

No er ho blakk. For å tene pengar, blir ho prostituert. Jobben gjer noko med synet hennar på sex. På kva det vil seie å vere verdt noko. Ho er allereie psykisk sjuk frå før. Jobben gjer ho ikkje friskare.

Dessutan møter ho djevelen (!). Han kjem som kunde, og tek ho med på eit rar reise. Der får ho velje mellom pengar og død.

Tolv år seinare står verda midt i pandemien. På ei anna, like rar reise, bestemmer kvinna seg for endeleg å fortelje om den gongen ho møtte djevelen.

Forteljinga utgjer den lengste delen av «Djevelboka». Andre deler er dikt om koss boka blei til, om kva det vil seie å bu og høyre til, og dikt fylte med nattankar. Eit besøk på sjukehus blir det òg.

Poenget, argumenterer Nordenhof gjennom heile boka, er at kapitalismen har enorm og direkte påverknad på individa.

Men ho seier det indirekte, ved å vise fram eitt individ og hennar historie.

Scandinavian Star

«Djevelboka» er andre bok i det etter planen skal bli eit sjubinds­verk som krinsar rundt Scandinavian Star-ulukka 7. april 1990.

Helikopter lander på scandinavian star

SCANDINAVIAN STAR: 159 menneske døydde i brannen i ferja mellom Oslo og Danmark 7. april 1990. Brannane var tende på. Dels på grunn av feil og manglar i etterforskinga, er framleis mykje uklart rundt kven som stod bak.

Foto: Reine Nygren, Kustbevakningen

Slik Asta Olivia Nordenhof ser det, er det viktigaste å vite at nokon tente pengar på tragedien. Men ingen av dei to binda som er komne i Scandinavian Star-serien hennar så langt, handlar direkte om skipet og brannen.

Den første boka, «Penger på lomma», viste fram eit aldrande par på lands­bygda i Danmark. Dei sleit økonomisk, dels på grunn av eit tap som var direkte knytt til ferje­brannen.

Pengane påverkar relasjonen. Kjærleiken.

«Føkk menn!»

I andre bok hadde Nordenhof planlagt å skrive meir om forretnings­mannen «T», som ho meiner har noko med ulukka å gjere.

Slik blei det ikkje, forklarer ho i det lange diktet som innleier «Djevelboka»:

jeg skrev tre versjoner
av den boka
og jeg hatet
dem alle
hva skulle jeg egentlig
inne
i hodet på
den mannen
det var ingenting
å hente
hvis jeg sier
at han er
som mange andre
villig til å ta liv
for å oppnå
profitt
så har jeg sagt om ham
det som må sies

«Djevelboka» av Asta Olivia Nordenhof

Ho strevar lenge. Vurderer å skrive om Kristoffer Columbus, men blir kvalm av å lese om han.

Til det går opp for ho at ho har gløymt mottoet sitt!

mottoet mitt
kommer her
det er enkelt og
godt:
føkk menn!

«Djevelboka» av Asta Olivia Nordenhof

Då losnar alt.

Resultatet er forteljinga om då djevelen tok den prostituerte med på tur, og om den gongen kvinna drog på ein annan tur under pandemien.

Dessutan forteljinga «Djevelen taler fra galehuset», om psykisk sjukdom. Om ein trasig barndom med ein tørst etter kjærleik som aldri blir stilt.

Jeg hadde ikke blitt så ekkel hvis dere hadde elsket meg.

«Djevelboka» av Asta Olivia Nordenhof

For er det eigentleg sjukdom kvinna lir av? Kan det hende at feilen heller ligg i samfunnet? I kapitalismen? Og patriarkatet?

Jeg er ikke schizofren. Jeg har ikkje sosial angst. Jeg hater dere. Det er ikke en sykdom. Det er en trussel.

«Djevelboka» av Asta Olivia Nordenhof

Energien nær dirrar av bok­sidene. I originale bilete skildrar Asta Olivia Nordenhof korleis angst kan opptre som ein vill hest, eller djevelen som ein hore­kunde.

Den som ønsker ei bok om Scandinavian Star-ulukka, vil bli forvirra og skuffa av «Djevel­boka».

Alle andre har ei frisk og original forteljing om pengar, makt og sex i vente.

Litt rufsete i kantane. Men med eit varmt og bankande hjarte som over­døyver ymse små­pirkete innvendingar om komposisjon, eller om kor denne bok­serien eigentleg er på veg.

Som Asta Olivia Nordenhof seier det sjølv:

og det blir også
deres oppgave
å få det til å passe
inn i serien
jeg kan jo virkelig
ikke
gjøre alt arbeidet
alene

«Djevelboka» av Asta Olivia Nordenhof

Hei!

Hausten 2023 og våren 2024 vikarierte eg som litteraturkritikar i NRK. Nokre av dei beste bøkene eg las om våren var «Amy og Isabelle» av Elizabeth Strout, «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Få også med deg Ketil Slagstad si sakprosabok om aids-epidemien i Noreg, «Det ligger i blodet».

Les også «Nordenhof skriver de mest fullendte setninger og avsnitt»

Asta Olivia Nordenhof og bokomslag til boken "Penger på lomma"

Les også Tips for deg som vil lese nye, gode bøker

Bokstabel i sola ved siden av solhatt og sobriller

Kulturstrøm

  • ESC 2025 blir i Basel eller Genève

    Eurovision Song Contest 2025 vil finne sted enten i Basel eller Genève, opplyser det sveitsiske kringkastingsselskapet fredag.

    Avgjørelsen kommer etter en vurdering av konsertlokaler, kollektivforbindelser, bærekraft, hotellmuligheter, sikkerhet og motivasjonen til de respektive byene.

    Det endelige valget blir tatt i slutten av august. Kostnadene for å arrangere Eurovision er anslått til å være rundt 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 356 millioner kroner etter dagens kurs (NTB).

  • Bob Newhart (94) er død

    Den amerikanske komikeren og skuespilleren Bob Newhart er død 94 år gammel, opplyser forlaget hans, ifølge Reuters.

    Newhart døde i sitt hjem i Los Angeles etter kort tids sykdom.

    Bob Newhart i 2003
    Foto: JEROME T NAKAGAWA / AP / NTB