Hopp til innhold
Anmeldelse

Finfin fantasy

Fantasy­dronning Siri Pettersen forsvarer sin plass på trona.

Forfatter Siri Pettersen og omslaget på hennes bok "Sølvstrupen" fra 2023.
Foto: Julie Loen/Gyldendal
Terningkast 5 Bok

«Sølvstrupen»

Siri Pettersen

Fantasy

5. oktober 2023

Gyldendal

For mange lesarar er dette årets viktigaste litterære hending. Tre år etter «Jernulven» er Siri Pettersen endeleg tilbake med bind to i det som skal bli ein trilogi: «Sølvstrupen».

«Sølvstrupen» syner tydeleg kvifor Siri Pettersen vert rekna som Noregs fantasy­dronning, og kva som har gjort henne til ein viktig litterær eksport­artikkel også til det store Utlandet.

Magisk blod

I «Jernulven» rissa Pettersen effektivt fram eit rikt fantasy­univers, med byen Náklav i sentrum.

Náklav minner om ein klassisk mellomalder­by, med steinhus som klynger seg til klipper over havet, tronge smau og eit slott på ei høgd.

Som fantasy­sjangeren krev, er her dessutan magiske element: Ein portal kan frakte folk og varer til andre byar på ein blunk – men må ha ein spesiell type blod(!) som drivstoff for å fungere.

Blod kan også brukast som rusmiddel. Men ikkje utan konsekvens.

Blod­misbruk kan gi ulve­sjuke, som det ikkje finst nokon kur mot. Ulve­sjuka er kanskje kopla mot ulvane som lurer i skogen utanfor bymurane.

Like magisk er det at nokre menneske i Náklav har klart å oppnå evig liv. Desse menneska vert kalla «varige», og er del av «Vardari». Også deira krefter er knytte til ein spesiell type blod.

Siri Pettersen

STARTA TIDLEG: Siri Pettersen skreiv si første bok på bestefar sitt brevpapir frå Trygdekontoret. Då gjekk ho på barneskulen. Som vaksen starta ho som teikneserieskapar med «Anti-klimaks», «Smalt» og «Kråkene», før ho brakdebuterte som fantasyforfattar med «Odinsbarn» i 2013. Her i 2016.

Foto: Thomas Espevik / NRK

Evig liv

«Sølvstrupen» lærer oss meir om alt dette blodet, og om Vardari.

Hovudpersonen er framleis 19 år gamle Juva. I «Jernulven» fann Juva ut at ho har magiske evner. Ho kan nemleg føle på seg når nokon er varige.

Juva sine magiske krefter heng saman med hennar heilt spesielle blod­band til sjølvaste djevelen.

Idet «Sølvstrupen» startar, har ho det tungt:

Juva beit tennene sammen og fokuserte på frykten. Den var velkommen. Den kunne hun stole på. Et pulserende livstegn i avgrunnen hun ellers levde i.

Fanatisme

«Sølvstrupen» dreier seg mykje om religion. Om fanatisme.

Ein predikant dukkar opp i Náklav, og får kjapt mange følgjarar. Menneska ønsker enkle svar på vanskelege spørsmål. Heller dét, enn sjølv å ta vanskelege val.

Men verda er kompleks, viser Siri Pettersen, og sjeldan svart/kvit.

Ulve­sjuka herjar i Náklav. Juva er jeger, med løyve til å drepe menneske med ulve­sjuke.

Etter alt som skjedde med dei varige og med djevelen i førre bind, jagar ho dessutan Vardari. Men kven er eigentleg venn? Og kven er fiende?

Juva veit ikkje alltid.

Ho er inga perfekt heltinne, men ein forvirra og samansett figur, som ofte tar feil. Også når ho prøver på det gode.

Men ho har, bokstaveleg tala, hjartet på rette staden, og blod som brusar med rettvis harme.

Spanande eventyr

Siri Pettersen innleier boka med ein dedikasjon til alle som kjenner seg som Juva. «Til deg», skriv ho, og held fram:

Du som er sint. Du med knuten i hjertet, uløselig stram i reint raseri, fordi du møtte urett som ingen ord kan bøte på. Du som må ofre alt du eier av krefter, på å vinne over giftig vrede, hver bidige gang du våkner. Dette er din bok.

Grandiost. Men godt.

Siri Pettersen skriv streite, greie setningar, fint krydra med kraftuttrykk ho sjølv har dikta, med røter i den religiøse praksisen i Náklav-universet. Det fungerer fint.

«Sølvstrupen» kan sjølvsagt lesast først og fremst som eit spanande eventyr – om enn ikkje frittståande, for det ville vere vanskeleg å forstå boka utan først å ha blitt kjend med dei mange menneska og problema i «Jernulven».

Men som ofte med fantasy, er det like interessant å lese Vardari-serien som ei spanande forteljing som like mykje handlar om verda utanfor fantasyuniverset.

Då vert første bind ei bok om å finne seg sjølv. Andre bok ei forteljing om å finne plassen sin i samfunnet, og blant menneska som utgjer det.

Høyr bokmeldinga i «Åpen bok: Kritikerne»:

Veldige kjensler

Siri Pettersen skriv om vennskap og omsorg, og om vanskelege sanningar.

Her er mykje vald, og veldige kjensler. Lyst og begjær, makt og herskesjuke. Sjukdom og galskap. Bødlar og offer. Svik, men også hjelp å hente, om ein har tillit.

Tradisjonar står mot moderne teknologi. Dei kan begge misbrukast.

«Sølvstrupen» sluttar dramatisk. Det stundar mot meir krig i Náklav i tredje og siste bind.

Juva er klar. Det bør også alle som set pris på god fantasy vere.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!