Hopp til innhold
Anmeldelse

Mørk historie frå innsida av kalifatet

Kvardag, katastrofe og komikk står side om side i «Den mørke dansen».

Forfatter Mohamed Saif Ibrahim Al-Mofty og omslaget av hans nye bok "Den mørke dansen". Forfatteren har på seg en lilla skjorte med blå genser over, og et mørkelilla skjerf.
Foto: SolumBokvennen
Bok

«Den mørke dansen»

Mohamed Saif Al-Mofty

Roman

2023

Solum Bokvennen

Når las du sist ein norsk roman frå åra då IS regjerte i Mosul, Irak? Nei nettopp: Dette er ei unik bok med mange sterke sider og nokon svake, som eg skal kome tilbake til.

Irakisk-norske Al-Mofty vaks opp i Mosul. Nær familie budde i byen då terror­organisasjonen IS tok over makta i juni 2014. Etter ei tid drog forfattaren frå Noreg til familien i Irak.

Hovud­personen i «Den mørke dansen» gjer nøyaktig det same. Romanen er ei legering av erfaringar, fakta, verkelege personar og dikting.

Ekstreme risiko­prosjekt

Den rolege atmosfæren i yndlings­kafeen på Ski Stor­senter blir ganske snart bytta ut med vesentleg røffare serverings­stader i Irak, der feil kles­kode og mistenkjeleg bruk av bestikk sender ut signal som kan vere fatale. IS har blikk for dei små detaljane.

Romanen følgjer tett på journalisten Saif gjennom eit halvt år med drama nok for eit langt liv.

Her handlar det om å berge nevøar som har hamna i garnet til IS, det handlar om å ta imot og vidaresende dokumentasjon av IS’ herjingar til vestlege media, og etter kvart handlar det også om å ta del i internasjonal våpen­handel.

Alt dette er naturlegvis ekstreme risiko­prosjekt i eit samfunn der det ikkje er krystall­klart kven som er ven og kven som er fiende, for å uttrykkje det forsiktig.

Forfatter Mohamed Saif Ibrahim Al-Mofty ikledd blå genser og skjerf foran en rødmalt steinvegg.

TETT PÅ IS: Irakisk-norske Mohamed Saif Al-Mofty har tidlegare skreve to romanar på arabisk. I «Den mørke dansen», hans første bok på norsk, skildrar han den komplekse kampen mot ekstremisme.

Foto: SolumBokvennen

Ved sida av desse dramatiske helte­gjerningane handlar det om å stille opp for ein temmeleg krav­stor familie, som vil at minstebror ikkje berre skal ordne opp i problem han er det beste til å løyse. Han må også ta dei kjedelege jobbane.

Og som om ikkje det var nok: Han må handtere det skrantande forholdet til kona, som kjenner seg kraftig ned­prioritert mens mannen arbeider for å berge familien og Mosul.

Livs­nødvendig og livsfarleg humor

Ting går frå vondt til verre og romanen er mørk så det held. Men ikkje berre: Humoren piplar stadig fram. Som når Adam trøystar den fromme tanta si med eit vers frå Koranen:

Saif [spurte] Adam, som ellers aldri var opptatt av religion, om hvordan han klarte å resitere verset fra Koranen utenat.

-Jeg spurte min profet, sa Adam, og Saif stirret på ham, overrasket. Adam flirte og sa:

-Min profet heter Google.

Den spøken kunne nok ha kosta nokre piske­slag om han hadde nådd feil øyre: Du tullar ikkje med profeten, og nettbruk er haram i verdi­universet til IS. Eit ekte døme på korleis humor kan vere både livs­nødvendig og livs­farleg på same tid.

Ord i utide

Eg signaliserte innleiingsvis at romanen også har svake sider, og hit høyrer den noko omstendelege stilen der scenar og syns­måtar blir bretta lenger ut ein nødvendig.

Så finst det ein del ord og uttrykk som verkar pussige, men ikkje på den originale og opnande måten: Konsul blir til konsulent, og «klokka hadde blitt så mye som halv ni tid».

Al-Mofty har skrive to romanar på arabisk tidlegare. Dette er første romanen han skriv på norsk.

Når forfattaren tek det store spranget over til eit anna språk, burde forlaget gjort den relativt sett vesle jobben med å luke ut dei små, men litt forstyrrande feila.

Ny og viktig stemme

At IS hadde låg terskel for arrestasjon, tortur og avretting, er vel kjent frå før. Men når det skjer med nevøen Omar i familien til Saif, slår det inn i lesaren på ein annan måte. Romanen gjer det romanar kan: la oss møte enkelt­mennesket før det opplever slikt vi veit at mange har opplevd.

Dei brutale metodane, men også det foraktfulle blikket på menneske som ikkje trur på den rette måten, sit att i lesaren. Ein blir temmeleg glad i retts­staten av å lese denne boka.

Det norsk-irakiske perspektivet er ikkje særleg ut­brodert, før på slutten. Når Saif er tilbake i Noreg, ventar eg at romanen skal runde seg pent av og ende med eit lakse­smørbrød på Ski Storsenter.

Al-Mofty vel i staden å skru det heile til eit hakk og viser dermed nok ein gong kompleksiteten i kampen mot ekstremisme. Al-Mofty er ei ny og viktig stemme i norsk litteratur.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Høyr Mohamed Saif Al-Mofty om boka i Studio 2: