Hopp til innhold
Anmeldelse

Nådelaust og suverent familiedrama

Lesaren sit som på nåler når Trude Marstein samlar den moderne familien til dugnad på torpet.

Kombinasjon Trude Marstein 'Egne barn' og forfatterportrett

SYLSKARPT: Trude Marstein har eit skarpt blikk for egoisme og ansvarsløyse hjå moderne menneske på jakt etter lykke. Men tilnærminga er utforskande heller enn dømmande.

Foto: Julie Pike / Gyldendal
Bok

«Egne barn»

Trude Marstein

Roman

September 2022

Gyldendal

Allereie tittelen «Egne barn» signaliserer at vi skal heilt inn til den staden der biologien gnurar mot dei sosiale normene og den praktiske kvardagen. Marstein har vore der før, og ho skuffar ikkje når ho på ny gjev seg i kast med den risikosporten familielivet kan vere.

Scenen er enkel. Eit torp i Sverige, sommar, dugnad. To vaksne par, tre barn, det eldste med kjærast.

Men så blir det komplisert: Anja og Ivar, som kjøpte torpet og er foreldre til dei to yngste barna, er skilt og har med seg dei nye partnarane sine. Mens Tuva, ho med kjærasten, er Anjas frå eit tidlegare forhold.

Usynleg til stades er også stesøsken og steforeldre som har blitt meir og mindre borte ved tidlegare samlivsbrot. Det største traumet i så måte ber den godt vaksne, nye kjærasten til Anja på:

Stefaren han hadde kalla pappa heile livet forsvann ut av livet hans den dagen mora fortalde at dei skulle skiljast. Han tok attpåtil med seg hunden.

Brutal presens

Med den samla erfaringa om samlivsbrot dugnadsgjengen har i bagasjen, må dei passe seg for kva dei seier, noko dei lykkast med i varierande grad. Marstein er ein virtuos til å spinne saman replikkar med nifst høgt eksplosjonspotensial.

Inn i miksen kjem innspel av typen «er dette egentlig ordentlige vafler?» frå minstemann Falk, og tolkingar av relasjonsdramaet levert av den psykologistuderande kjærasten til Tuva.

Desse brå overgangane mellom det potensielt katastrofale, den rørande uskulda og dei komisk banale analysane, plasserer lesaren på ein emosjonell berg-og-dalbane. Forfattaren dokumenterer nok ein gong eit uvanleg godt gehør for nyansar og overgangar.

Også overgangane mellom tankar og ytre hendingar kan vere røffe. Som når hovudpersonen Anja tenkjer over alt ho har ofra for eldstedottera Tuva, for så å høyre Tuva fortelje i brutal presens til alle på torpet at ho måtte oppdra seg sjølv fordi mora aldri var der for henne.

Tuva fortalte for kanskje et par år siden at det hadde vært tungt da Ivar og jeg gikk fra hverandre, selv om han ikke var faren hennes, selv om hun ikke likte ham særlig godt.

«Det er noe med at familien din blir oppløst, selv om det er en familie du aldri ba om», sa hun. (…) «Det blir litt sånn stockholmssyndrom.»

Fra Trude Marsteins «Egne barn»

Verken Anja eller Tuva er utprega pålitelege personar, så her blir det opp til lesaren å tenkje sitt. Marstein utforskar det som skjer heller enn å levere fasit.

Kyniske og sårbare

Men barna kjem tydeleg til syne i denne romanen, dei slit med endringane i familiegruppa. Då foreldra skulle skilje seg, uttalte Falk: «Men hva om dere slutter å elske meg, da?»

I neste no utnyttar dei små sårbare sider hjå dei vaksne. Det svir i Anja når ho får høyre at den gode stemora Solveig er snillare enn henne.

Og her kjem biologien inn i bildet: Anja lengtar etter å få barnefri, men får lyst til å skrubbe barna når dei kjem heim frå Ivar og den gode stemora. Dei skal lukte som henne. Eg ser for meg katten som sleiker barnet sitt.

«Så mye hadde jeg» fra 2018 – Klokt om det moderne begjæret etter alt

Trude Marstein

Minus i det emosjonelle reknestykket

Ideen om at dei alle er familie uavhengig av biologien, går på dunken så det syng. Der hamnar også førestillinga om at samlivsbrota berre sprengde seg fram, som ei naturkraft.

«Livet bare skjer», som Ivar formulerer det. Ein annan måte å seie det på, er at han ikkje vil ta ansvar for eigne val.

For Anja blir det tydeleg at det ikkje er rom for alt: tre barn, to fedrar, ein sambuar, ein jobb og ein draum om å skrive roman. Midt i livet ser ho at det emosjonelle reknestykket er nedslåande. Ho har investert meir kjensler enn ho har fått tilbake. I jakta på lykka har ho blitt lita og småleg.

Marstein viser fram livsløgner, inkonsekvensar, egoisme og ansvarsløyse utan å ty til verken moralisering eller spott. Mykje blir sagt gjennom forma: Romanen er klippa tett og gjennomført som ein spenningsfilm.

«Egne barn» er eit nådelaust og suverent familiedrama.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.