NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

  • Etterlyser kvit bil etter uhell

    Politiet etterlyser ein kvit kassebil etter eit trafikkuhell i rundkøyringa på fylkesveg 44 ved godsterminalen i Sandnes. To bilar kolliderte og den eine, ein kvit kassebil med oransje detaljar, køyrde frå staden. Ingen blei skadd i uhellet.

  • 60-åring vist bort

    Ein mann i slutten av 60-åra vart vist bort frå Stavanger sentrum av politiet i natt. Mannen var innblanda i eit forhold som dreidde seg om å forstyrre ro og orden.

  • Sjå kveldens siste tv-sending

  • Massiv laksedød i elv i Suldal

    Truleg er hundrevis av laks og yngel døde i Hålandselva i Erfjord i Suldal, ifølge Reidar Sandal i Statens naturoppsyn. Det er truleg betong frå støyping av ei bru som har forgifta fisken. Politiet etterforskar saka og det er tatt prøvar av vatnet.

    Laksedød Erfjord
    Foto: Jarle Haugsland
  • Forvarer til dødsdømte anker dommen

    De tre hovedmistenkte som drepte Maren Ueland og Louisa Veterager Jespersen anker dødsdommen de fikk torsdag. Det opplyser advokat Hafida Haksaoui til TV 2 torsdag kveld. Hun vil levere anken på fredag.