Hopp til innhold
Anmeldelse

Intens flukt med barnevogn

Romanforfattar Halvard Hølleland porsjonerer informasjonen ut med dropeteljar og får spenninga til å vare gjennom heile «Veien videre».

Halvard Hølleland og bokomslaget på Veien videre

GÅTEFULLT: Halvard Hølleland gir oss innsikt i det personlege dramaet i og mellom Thor og Jasmine bit for bit. Slik opnar han både for meddikting og spenning.

Foto: Julie Pike
Bok

«Veien videre»

Halvard Hølleland

Roman

2022

Gyldendal

Når ein forfattar plasserer ein ustabil mann og ein halvt år gammal baby i ei sommarhytte seinhaustes, har han mykje å forklare.

Dessutan har han sett i gang mange kjensler i lesaren: Frykt for barnet, så klart, vesle Alma kan berre skrike når ho manglar noko. Ei blanding av skrekk, avsky og medkjensle overfor barnefaren Thor, som blir gal av skrikinga.

Forfattaren bør verkeleg ha ei god forklaring på kvifor han har plassert Alma, Thor og lesaren i denne knipa. Det held ikkje at forsømte barn aktiverer urinstinktet vårt og klistrar oss til sidene.

Så står både politiet og lesaren i døra

«Veien videre» er andre roman frå Halvard Hølleland. Om namnet verkar kjent, kan det vere at du har lese debutboka hans så klart, men det kan også vere fordi han er statssekretær for kunnskapsminister Tonje Brenna.

Debutromanen «Faste rammer» er uansett leseverdig, og allereie der avslørte Hølleland ei uvanleg velutvikla evne til å ikkje røpe ting før det var heilt nødvendig.

Anmeldelse: «Faste rammer» av Halvard Hølleland «Eit debutarbeid som skaper forventningar»

Bokomslag "Faste rammer" og Halvard Hølleland

Eg skal ikkje dra billege vitsar om korleis slike talent kan slå ut i jobben som statssekretær, men berre konstatere at her har vi ein forfattar som frå første stund har forstått verdien av å halde tilbake informasjon.

Lesaren blir pressa til å danne seg eigne forklaringar. Dette gjeld ikkje minst i årets roman, som låner trekk frå thrilleren.

Vi diktar i veg om den omsorgsudyktige Thor, og om Jasmine, mora til Alma, som døydde i noko som kanskje var ei ulykke, og vi prøver å forstå kvifor Thor er så redd for at politiet skal kome.

Thor møter politiet i døra og der møter lesaren seg sjølv etter kvart også, for historia er nemleg ikkje slik ein kunne tru. Eller slik ein blir lokka til å tru når sant skal seiast, for Hølleland gjer som spenningsforfattarar flest: Han legg inn blindspor og syng halvkvedne viser.

Å lure parterapeuten

Lesaren skal få gå sin eigen veg gjennom teksten, utan sporhjelp frå mi side. Men historia har meir ved seg enn berre spenninga kring kva som har skjedd med Jasmine.

Thor er sjølv eit forsømt barn. Foreldra tilhøyrer jetsettet av diplomatar med Afrika som spesiale. Dei lever luksusliv mens dei bergar folk frå fattigdom og flyg kloden rundt, særleg til FN-hovudkvarteret i New York.

Thor har vakse opp med fråverande foreldre bak høge murar i afrikanske storbyar og er ikkje heime nokon stad.

Jasmine er superstudenten og forskarspiren som har hatt sine svin på skogen.

Dei to slåst om mangt, men i møte med parterapeuten er dei rørande samde: Dei skal lure henne.

Så kan ein jo meditere over kven ein lurer når ein lyg til parterapeuten, og i forlenginga av det slå fast at boka har sine humoristiske sider.

Smart roman om liv og løgn

Humoren er ein kvalitet ved romanen, saman med den før nemnde porsjoneringa av informasjon. Forfattaren meistrar også kunsten det er å ta oss med inn i dei små detaljane: eimen frå ei tung bleie, gleda ved å kvile auga på ein fyldig kvinnebarm, panikken når kvister og røter stikk seg inn i barnevognhjula på ei nattleg flukt gjennom skogen.

Eller dei små nyansane i dei små forskyvingane i dei små halvsanningane Thor fortel seg sjølv og andre.

Som i debutromanen dveler Hølleland lenger ved stigar og vegar og namn i lokalmiljøet enn nødvendig. Denne gongen er det hytteområdet ved Nevlunghavn, sist var det Oslo.

At personane innimellom bikkar mot det parodiske er moro på kort sikt, men det svekkjer romanen. Her er det strengt tatt berre Alma som går heilt fri.

Det må nemnast, men det utfordrar likevel ikkje konklusjonen, som er at Halvard Hølleland har skrive ein spennande, underhaldande og tankevekkjande roman om kva vi driv med og kva som driv oss.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.