Hopp til innhold
Anmeldelse

Romanen som har alt

«Tillit» siktar seg presist inn mot punktet der psykologi og finans kryssar kvarandre. Resultatet er svimlande.

Forfatter Hernan Diaz og omslaget til «Tillit»
Foto: Jason Fulford/Aschehoug
Bok

«Tillit»

Hernan Diaz

Oversatt av Bjørn Alex Herrman

Skjønnlitteratur

6. januar 2023

Aschehoug

Forfattaren Hernan Diaz nøyer seg ikkje med å granske ein av verdas rikaste menn frå fire svært ulike vinklar. Han forklarer også korleis han blei så rik, og det i til dels motstridande versjonar.

Han nøyer seg heller ikkje med løgner og sanningar om rikdommen, men går vidare og studerer kva denne rikdommen gjer med mannen, med dei som står rundt han, og med samfunnet.

Også her kjem historia i ulike versjonar. Grunnen under historia gyngar og ordet «tillit» får nye valørar. Nominasjonen til Bookerprisen er lett å forstå.

Diaz … kven?

Kven er så denne Diaz, som kjem rett frå ingenting og raskar til seg prisar og nominasjonar i fleng?

Han kjem ikkje frå ingenting, så klart.

Fødd i Argentina i 1973, til Sverige som toåring saman med foreldra som flykta frå militærdiktaturet, sit no i New York med doktorgrad i filosofi og to romanar på samvitet.

«Tillit» er nummer to, og den første på norsk.

Forfatter Hernan Diaz

ANERKJEND: 50 år gamle Hernan Diaz har vore nominert til både Pulitzer- og Man Booker-prisen.

Foto: Pascal Perich

Kynisk kapitalist eller velgjerar?

Handlinga er lagt til New York, året er 1929 og børsen vaklar. Den oppdikta finansmannen Andrew Bevel greidde å kome ut av krisa med vinning.

Men det har sin pris: Ein forfattar skriv nidportrett av ein finansfyrste. Boka er ein roman, likevel forstår alle kven som er modellen.

Her nyttar det ikkje berre å kjøpe restopplaget og sørgje for at ingen forleggjarar vil ta i forfattaren for framtida, Bevel treng ei mothistorie.

Lesaren får dermed først den infame romanen som insinuerer snusk, og dessutan at Bevel kanskje kunne stillast ansvarleg for at kona hans døydde. Deretter kjem ein skrytete sjølvbiografi med den pompøse tittelen «Mitt liv».

Og enno er vi berre halvvegs i romanen.

Kvinner i kraftfeltet rundt ein rik mann

Fleire skal ha eit ord med i laget.

Tredje versjon av historia kjem frå en unge jenta Ida Partenza, som veks opp aleine med den italienske arbeidarklassefaren sin i Brooklyn. Det var nemleg ho som skreiv «Mitt liv», etter talrike timar der ho stenograferte talestraumen til Bevel.

50 år seinare oppsøkjer den aldrande Ida Bevels hus, som no er museum og arkiv. Og kva fann ho der? Dagboka til fru Bevel. Ida hadde skapt henne i ektemannens bilde som pur ung stenograf.

At fru Mildreds fragmenterte dagbok kastar nytt lys over dei tre føregåande historiene, er eit understatement.

Høyr diskusjonen om boka i «Åpen bok: Kritikarne»:

Historia på gyngande grunn

Dei ulike versjonane underminerer tilliten til at det finst ei historie som er heva over alle tolkingane.

Ida blir ein nøkkelperson her: Ho oppdagar at ho må dikte for at Bevel skal tru på forteljinga om seg sjølv og ikkje minst om kona si. Den mektige Bevel prøver å bende historia.

Ida hjelper til:

«For mye blir borte i Deres renskrift. Dette er flatt. Og fullt av tvil. Forstår de egentlig hva jobben går ut på?»

«Nei.»

Etter mykje strev finn Ida ei løysing:

Jeg ville ikke lenger prøve å fange Bevels stemme. I stedet ville jeg skape den stemmen han skulle ønske at han hadde – den stemmen han ville høre.

Den unge stenografen opplever at den makta pengane gir Bevel, verkar inn på heile henne: på moral, på kjensler, på kroppen. Ida dirrar i limousinen som køyrer henne til Bevels hus på Upper East Side.

Idas klassereise er sår, humoristisk og brulagt med dilemma.

Pengane gjev makt i marknaden. Hjå Diaz har pengane også ei metafysisk kraft som påverkar sinn og sans.

Kapitalen på gyngande grunn

Og då er vi tilbake til New York-børsen nokre dramatiske dagar i oktober 1929. Aksjekursane fall brått og endra heile samfunnet. Kvifor? Eitt stikkord er tillit. Aksjekursar treng tillit for å halde seg oppe.

Romanen riv ikkje berre bort den faste grunnen under historiene vi fortel. Han viser også at verdien av pengar og aksjar er skjøre saker.

Den firfaldige historia flettar saman kapital og kjensler, individ og klasse, små detaljar og store modellar, ulike sjatteringar av løgner, dyrkjøpte erfaringar. Kort sagt: Romanen har alt.

For Andrew Bevel er statens pengebruk og regulering av kapitalen forklaringa på alt som går gale. Sjølvsagt handlar «Tillit» om vår tid også.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.