Hopp til innhold
Anmeldelse

Stolen suksess

«Yellowface» er ein herleg harselas over bokbransjen, rase og raseri.

Portrett av Rebecca F. Kuang og bokomslag av "Yellowface"
Foto: AP/Gyldendal
Terningkast 5 Bok

«Yellowface»

Rebecca F. Kuang

Oversatt av John Erik Bøe Lindgren

Roman

11. mars 2024

Gyldendal

Den briljante venninna døyr i aller første setning.

Gjennom heile resten av «Yellowface» held kinesisk-amerikanske Rebecca F. Kuang tempoet oppe.

Hennar første bok på norsk er ein herleg satire om kultur­konfliktar generelt, og amerikansk bok­bransje spesielt.

Det skal handle om kulturell identitet, og om trolling i sosiale medium. Om stor suksess og djupe fall.

Litt om vennskap. Endå meir om ekstrem sjalusi, og einsemda som følger med den.

Her er mykje å smile av. Men også mange spørsmål å tenke over.

Forfatter Rebecca F. Kuang, forfatter av "Yellowface"

LITTERÆRT VEDUNDERBARN: Rebecca F. Kuang var 21 år då ho debuterte med første bind av fantasytrilogien «The Poppy War», basert på kinesisk historie. Fantasyboka «Babel – or the Necessity of Violence» kom då ho var 25, og «Yellowface» då ho var 27.

Foto: John Packman

Trøblete «vennskap»

Eg-forteljaren i romanen er Juniper, som blir kalla June. Ho er ein mislukka forfattar. Debut­romanen floppa totalt, og verken forlaget eller den litterære agenten hennar har trua lenger.

Skrivesperra er total for June.

Den briljante venninna, ho som døyr på uverdig vis i første kapittel, heiter Athena. Ho er ein ekstremt vellukka forfattar. Skyhøge sal, ditto inntekter. Stadig avbilda i media. TV-rettar selde til Netflix.

Athena er rik og pen, populær og flink.

Dessutan er ho kinesisk.

June misunner Athena alt. Ikkje minst den «eksotiske» bakgrunnen. Sjølv er ho berre «vanleg kvit». Ei ulempe, føler June.

Forlaget velger en vinner – en som er tilstrekkelig pen, kul og ung og, vi tenker det samme, la oss bare si det, tilstrekkelig «mangfoldig» [...] Det er så jævlig tilfeldig.

Frå «Yellowface» av Rebecca F. Kuang

«Vennskapen» deira kan eigentleg diskuterast.

Litterært tjuveri. Eller lån?

Så då Athena døyr, kan ikkje June halde seg. Ho stel manuset hennar. Det finst ingen kopiar.

At manuset handlar om kinesisk historie, hindrar ikkje June. Ho endrar både Athena sine setningar, og ein god del av handlinga.

Vi gjør heller en av de hvite bøllene om til en kinesisk karakter, og en av de mer taleføre kinesiske arbeiderne om til en sympatisk hvit bonde.

Frå «Yellowface» av Rebecca F. Kuang

Så gir ho ut boka som si eiga. Til stor suksess!

Spørsmålet er berre om suksessen kan vare. Vil June avslørast?

Og, «lånet» til side – er det «lov» for ein kvit forfattar å skrive fram kinesisk historie? Og kanskje endre historiske fakta? Kan alle skrive kva dei vil? Uansett bakgrunn?

June blir skulda for å ikle seg «yellowface», altså å late som ho er asiat sjølv om ho er kvit. Andre reknar automatisk med at ho faktisk er kinesisk.

Sentral debatt

Denne debatten, om såkalla kulturell appropriasjon, er sentral innan all kunst i dag.

Rebecca F. Kuang marsjerer rett inn i krangelen. Ho nyanserer og problematiserer. Harselerer med og kler av.

Ingen er perfekte, viser det seg. Definitivt ikkje forlagsfolk generelt. Ikkje Athena heller, då ho levde. Ho ønska ikkje konkurranse i sin nisje som «vellukka asiat».

Og har no eigentleg Athena dikta alle historiene sine heilt sjølv?

Forfatter Rebecca "R.F." Kuang på «Time100 Next»-arrangementet, 24. oktober 2023 i New York.

I VINDEN: Rebecca F. Kuang på arrangementet TIME 100 Next Gala i New York 24. oktober 2023. Magasinet TIME si årslege «TIME100 Next list» løftar fram 100 individ som er med på å definera ein ny generasjon leiare i ulike bransjar.

Foto: AFP

Brutal forlagsverd

Forlagsbransjen kjem heller ikkje godt utav det i «Yellowface». Eller sosiale medium. Bestseljarar blir skapte etter ei oppskrift. Framande på Twitter riv ned heile liv, utan tanke for følgene.

Rebecca F. Kuang har heilt tydeleg gjort nytte av eigne erfaringar som ung, suksessfull, kinesisk-amerikansk forfattar av fire fantasybøker, før ho gav seg i kast med bokbransjen i «Yellowface».

Alle glefser rundt seg. Kanskje er det ikkje så rart at forfattarane bit tilbake.

June jagar gjennom bransjen etter den suksessen ho synest ho fortener.

Kva er det eigentleg som driv forfattarar? Kvifor dei på død og liv skrive?

«Yellowface» er ei bok både om og med driv, godt omsett til lettflytande og idiomatisk norsk av John Erik Bøe Lindgren.

Den har spaningstopp etter spaningstopp. Ein del er kanskje litt overdrive, og slutten overtyder mindre enn starten av boka.

Men underhaldningsfaktoren er høg gjennom det heile.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

Bøker på ei hylle, lent mot ei potteplante

Tips for deg som vil lese nye, gode bøker