Hopp til innhold
Anmeldelse

Langsam vandring gjennom maktas irrgangar

Orhan Pamuk flørtar ikkje med publikum når han tek oss med til det osmanske riket. Likevel vil tolmodige lesarar truleg nikke tilfreds etter siste punktum.

Orhan Pamuk
Foto: Elena Seibert / Gyldendal
Bok

«Pestnetter»

Orhan Pamuk

Oversatt av Ingeborg Fossestøl

Roman

2023

Gyldendal

Nobelprisvinnaren frå 2006 har tidlegare blitt skulda for å ha krenka «Tyrkias nasjonale ære».

I «Pestnetter» loddar han djupt i maktspelet i det osmanske riket i tiåra før det moderne Tyrkia vart til.

Han vil neppe få krenkeklagingar denne gongen.

Likevel er det uråd å ikkje tenkje på politikarar av Erdogans kaliber: Dei maktglade som legg stor energi i å halde opposisjonen og den frie pressa nede, eventuelt bak lås og slå.

Det er også nærliggjande å assosiere til pandemien vi har bak oss, ettersom pesten rammar den vesle, oppdikta øya Minger der handlinga spelar seg ut.

Men sjølv om Pamuk på overflata skildrar sultanar i solnedgang og ulike tilnærmingsmåtar til pesten, er dette ein roman med mange lag. «Pestnetter» vert meir interessant jo djupare ein kjem.

Viss ein les sakte. Denne romanen krev tid.

Orhan Pamuk mottar nobelprisen i litteratur fra Sveriges Kong Carl Gustaf i 2006.

NOBEL: Pamuk fekk Nobelprisen i litteratur i 2006. Her får han medaljen frå Sveriges Kong Carl Gustaf under seremonien i Stockholm.

Foto: REUTERS

Ryktebørs under sensuren

Ei mørk natt i 1901 legg eit skip til kai på den vesle, idylliske øya Minger.

Om bord er pestlegane Nuri og Bonkowski, og den osmanske prinsessa Pakize som er gift med Nuri.

Det har brote ut pest på øya, men verken sultanen i Istanbul eller guvernøren på øya er interessert i at det skal kome ut.

Det kan skape uro blant folk, og utlandet vil forstå at styresmaktene ikkje har kontroll.

Ærendet deira kjem likevel for ein dag, og røskar opp i latente konfliktar på øya: mellom grekarar og tyrkarar, kristne og muslimar, elite og folk, vestleg medisin og tradisjonelle kurar.

Guvernøren strammar grepet om pressa, ryktebørsen går varm og pestlegen Bonkowski blir myrda.

Rotter i bur i Kina

ROTTER SOM VÅPEN: Personar med vonde intensjonar spreier pesten ved å kaste smitteberande rotter over murane i område der folk bur. Eller var det berre eitt av mange rykte?

Foto: REUTERS

Leve flagget!

Eit forsøk på å roe gemytta utartar til ein høgst improvisert palassrevolusjon, og denne opnar kaninholet ned til ein annan tematikk, som best kan illustrerast ved ein anekdote:

Ein apotekar som selde kremar og parfymer, fekk brodert eit banner med den kjende Minger-rosa som motiv til å ha i vindauget.

Banneret vart konfiskert og hamna i palasset.

Under palassrevolusjonen leverer ein gammal vaktmeister denne parfymerireklamen til revolusjonshelten, som viftar med det frå balkongen.

Viftinga transformerer reklamebanneret til flagg for den mingerske staten etter lausrivinga frå det osmanske riket.

På alle måleri av denne nasjonale frigjeringsscena er vaktmeisteren erstatta av to unge mingerske kvinner som gjev flagget til den blodige revolusjonshelten.

Når apotekaren seinare får laga ein kopi av reklameplakaten/flagget til å ha i vindauget, vert han fengsla for å vise forakt for flagget.

Historia blir til myte, og myten bit historia i halen.

Pamuk byr på ei rekkje slike episodar som i revolusjonsåret 1901 var ganske tilfeldige, men som i ettertid vert sjølve limet i den nye nasjonen, forsterka gjennom skulepensum, historiebøker, bildekunst og nasjonale rituale.

«Det var blodet som dryppet fra armen og hånden til den mingerske nasjons grunnlegger, ned på flagget og videre ned på plassen og jorden under, som for alvor ansporet mingerne til handling.»

«Pestnetter»

Fridomshelt, flagg, blod og jord er nødvendig materiale for dei som skal byggje ein nasjon, og denne dagen fekk Minger alt servert på ein balkong.

Trass i at Pamuk tillet seg ein kjøleg postmoderne latter over mingersk nasjonsbygging, er han ikkje der at han ignorerer krafta som ligg i teikn, rituale og symbol.

Fellesskap lever ved teikn.

Når vestlege, lett arrogante skulemedisinarar røskar amulettane frå religiøse menneske fordi dei ikkje har effekt mot pesten, får dei ingen sympati hjå Pamuk.

Men teikn kan misbrukast, og blir det i denne romanen.

Abdülhamit 2 på Balmoral Castle i Skottland i 1867.

LIKNAR: Sultan Abdülhamid 2 har mykje felles med sultanen i «Pestnetter». Men elles er det mykje i romanen som ikkje finst utanfor fiksjonen. Sann mine ord.

Foto: Picasa

Ettertanken ved utgangen av labyrinten

Når eg ovanfor tek Pamuk til inntekt for meiningar som kjem til syne i «Pestnetter», var eg litt for rask. Sjølv om han har skrive denne labyrintiske romanen, skjuler han seg bak to kvinner:

Først prinsesse Pakize, som skriv brev til søstera si om alt ho, og ganske særleg pestlege-mannen hennar, opplever frå dag til dag.

Desse breva frå 1901 dannar så grunnlaget for romanen den mingerske historikaren Mina Mingerli forfattar 116 år seinare. Mina legg stadig vekt på korleis hendingane i pest- og revolusjonsåret har blitt til det stoffet nasjonen eksisterer på.

Men kvar er Pamuk bak desse to kvinnene?

Svaret er langt frå opplagt. Men forfattaren, som aldri har gjort det lett verken for seg sjølv eller for lesaren, når her eit nytt nivå.

Han er så omstendeleg at han tvingar oss til ei ro dei færraste av oss har, og gir ein rik tekst til ettertanke i retur.

Eg vedgår med skam at eg til tider ønska han hadde kutta romanen til det halve. Boka blir faktisk betre etter avslutta lesing.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

«Kvinnen med rødt hår» fra 2017: «Gammel tragedie i ny innpakning»

Kvinne med rødt hår, maleri, bokomslag
Kvinne med rødt hår, maleri, bokomslag

«Noe fremmed i mitt sinn» fra 2016: Feministisk Pamuk

Noe fremmed i mitt sin
Noe fremmed i mitt sin