Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei gåve frå 1950-talet

I bunken av nyoppdaga klassikarar har Gwendolyn Brooks ein opplagt plass.

Gwendolyn Brooks og omslaget til Maud Martha
Foto: Oktober forlag
Terningkast 5 Bok

«Maud Martha»

Gwendolyn Brooks

Oversatt av Vibeke Saugestad

Roman

10. januar 2024

Oktober

Bøker frå førre hundre­året er i vinden for tida. Det seinaste dømet er den store internasjonale interessa for bøkene til Torborg Nedreaas.

Tyske og britiske forlag har kjempa om rettane til romanen «Av måneskinn gror det ingenting», som kom i 1947.

Nedreaas skreiv krass, feministisk litteratur i etterkrigstida, både noveller og romanar, og ho fekk den første litteraturkritikar­prisen i 1950.

Fram frå gløymsla

Her heime er den vesle boka «Maud Martha» siste tilskot på stamma av eldre bøker som no blir løfta fram.

Boka blei skriven i 1953 av Gwendolyn Brooks, som var ein kjend amerikansk poet på 1950- og 60-talet.

Forfatter Gwendolyn Brooks

Gwendolyn Brooks (1917 – 2000) var ein amerikansk forfattar som berre skreiv ein roman, men gav ut ei rekkje diktsamlingar. Ho vann Pulitzerprisen for lyrikk i 1950 og var Poet Laureate i staten Illinois frå 1968 og fram til ho døydde.

Foto: AP

Som Nedreaas skriv Brooks frå eit kvinne­perspektiv. Som henne skriv ho om draumar som ikkje vart realiserte.

Men der Nedreaas kunne sjokkere, er Brooks mildare i forma. Ikkje dermed sagt at det ikkje ligg samfunns­kritikk mellom linene!

Den neddempa forteljar­måten gir innhaldet desto meir kraft, tenkjer eg.

Vi er i Chicago i mellomkrigstida. Maud Martha er sju år i det forteljinga startar, og vi følgjer henne fram til ho er om lag 30. Heilt frå ho er lita, veit ho at ho kan komme til å måtte ta til takke med det nest beste.

Men det hun fremfor alt så, var løvetann. Gule hverdagsjuveler som prydet bakgårdens grønne lappetøyskjole. Hun likte blomstenes blyge prakt, men aller mest hverdagsligheten; for i denne egenskapen var det som hun så seg selv, og det var en trøst å oppdage at noe alminnelig også kunne være en blomst.

«Maud Martha» av Gwendolyn Brooks

Det store i det små

Løvetann, lappetøys­kjole, blyg prakt, trøyst.

Brooks slår an tonen frå start. Gjennom 34 små kapittel, scener som alle syner ei ny side av Maud Martha eller uttrykker ei djup og rettvis kjensle, skildrar Brooks menneske i den svarte arbeidar­klassa. Rasismen ligg som eit tungt teppe over alt Maud erfarer.

Brooks skildrar stygge sider av det amerikanske samfunnet. Det skal gå eit tiår og vel så det før borgarretts­kampen verkeleg tar fart.

Men livet til Maud Martha er langt ifrå berre dystert, om enn nokre draumar smuldrar vekk:

Hun ville ikke ha berømmelse. Hun ville ikke bli en «stjerne». Å skape noe - en rolle, et dikt, et bilde, et stykke musikk, ekstase i stein: flott. Men ikke noe for henne. Det hun ville, var å skjenke verden en god Maud Martha. Det var en gave, et stykke kunst som ikke kunne komme fra noen annen. Det skulle hun finpusse og perfeksjonere.

«Maud Martha» av Gwendolyn Brooks

Skriv fram ei lukke på trass

Er ho ironisk? Eg trur ikkje det, og Brooks lar det vere opp til lesarane å tolke. Når Maud Martha tek valet om å bli den beste utgåva av seg sjølv, tek ho og stilling til sjølve livet.

Det er ein sjeldsynt optimisme hos den unge jenta. Ho kunne ha gått for ein aktivistisk motstand, eller falle ned i depresjonen.

Her er nok ein kunne la seg knekke av:

Kjensla av å skulle vise takksemd fordi ein kvit klasse­kamerat vil komme på besøk.

Ein søster som er vakrare enn henne sjølv og sjølvsagt far sin augestein, seinare ein beilar som tek ho fordi ho er god nok, men kan hende ikkje den beste.

Eit kino­publikum der alle er kvite og det unge svarte paret er redd dei skal få kommentarar og stygge blikk på grunn av utsjånaden sin.

Ein julenisse i eit kjøpe­senter som tek alle dei kvite barna på fanget, men ikkje vesle Paulette, dottera til Maud Martha og mannen hennar.

First lady Hillary Rodham Clinton og forfatter Gwendolyn Brooks

På dette biletet frå mars 1999 tildeler førstedame Hillary Rodham Clinton prisen «First Ladies Salute First Women» til Gwendolyn Brooks, som på det tidspunktet var 81 år gamal. Til venstre Mary Regula, grunnleggjar og president for National First Ladies Library.

Foto: AP

Observant og raus

Det unge paret har funne seg eit husvære der det er kakerlakkar på golvet og mus i veggane. Når mannen mistar jobben, må Maud Martha prøve seg som hushjelp. Ho seier opp på dagen når ho blir audmjuka på grunn av hudfargen.

Med eit nærgåande blikk og ein poetisk penn skriv Brooks fram daglegdagse hendingar og fine, små portrett av folka i nabolaget. Forfattaren tyr ikkje til sentimentalitet, men gir verdi til både Maud og menneska rundt henne.

Maud Martha blir inga heltinne, men ei kvinne som ser at livet har utfordringar ho blir nøydd til å møte.

Les også De beste bøkene for å forstå USA

USA-kjennere, f.v. Tove Bjørgaas, Thomas Seltzer, Siri Hustvedt, Linn Ullmann, Lisa Cooper, Torill Moi, Hilde Restad, Janne Stigen Drangsholt

Oppdaga på nytt

Også i USA fekk romanen «Maud Martha» ein renessanse ein generasjon etter at han kom ut. I samtida falt boka i skuggen av forfattarar som James Baldwin og Ralph Ellison, skriv kritikaren Margo Jefferson i eit interessant føreord.

Det er Vibeke Saugestad som har omsett romanen. Ho har lenge hatt eit vaktsamt blikk for lødig amerikansk litteratur, frå ungdoms­romanane til Angie Thomas til «Håndbok for vaskedamer» av Lucia Berlin.

I ei tid der polariseringa på ny er ekstrem i USA, og der Noreg held seg med eit uttrykk som «kvardags­rasisme», kan det gi nye perspektiv å lese ei gammal bok.

«Maud Martha» er ei bok som nettopp pirkar borti små, farlege undertrykkings­mekanismar, både frå dei som trykker andre ned og frå dei som sjølv er undertrykte.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Les gjerne saka mi om Emil i Lønneberget. Gode bøker eg har lese i det siste, er «Den barbeinte kvinnen» av Scholastique Mukasonga og «Hafni forteller» av Helle Helle. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken, og tips til gode barnebøker finn du her.