Hopp til innhold
Anmeldelse

Sex, løgn og spring­kniv

«Karolines kjærlighet» held grepet frå første side til siste avsnitt. Det er sant, ikkje kikk!

Bokomslaget til Karolines Kjærlighet og portrettbilde av Kim Leine
Foto: Cappelen Damm og Robin Skjoldborg
Bok

«Karolines kjærlighet»

Kim Leine

Roman

Oktober 2022

Cappelen Damm

Kim Leines største litterære bragd til no er ein kraftfull historisk trilogi frå Grønland.

Årets roman ligg fjernt frå ville ferder over innlands­isen, der både selar og menneske risikerte eit økse­hogg over ryggen. Denne gongen skal vi nemleg til det danske makt­senteret Borgen, og til­støytande våt­marker.

Eg noterte over­gangen med ein viss skepsis: Blod­drypande og drastisk fortid kler rett og slett det litterære tempera­mentet hans betre enn den trass alt meir regulerte samtida.

Men ja: Skepsisen vart raskt gjort til skamme. Og nei: Ordet «våt­mark» er inga feil­skriving.

I dette universet let integritet seg løyse opp, om ein berre strør på nok pengar. Sex kan ha same effekten. Og makt. Like under over­flata av system og ordningar ligg mørke, sugande krefter.

«Karolines kjærlighet» er gjørme­versjonen av dansk samfunns­liv anno 2013–2015. Leine får samtida til å svinge.

TV-serien «Borgen» er den pene versjonen, om ein skal saman­likne.

Les også TV-serien som forutså virkeligheten

Johanne Louise Schmidt i rollen som statsminister Signe Kragh og Sidse Babett Knudsen som utenriksminister Birgitte Nyborg.

Spionasje med farleg høg sjarmfaktor

Karoline er ei formidabel kvinne på 30 pluss i 2013. Skarp, vakker, vel­utdanna. Fars jente og ihuga til­hengar av partiet Demokratisk Alliance (DA), som han har stifta.

Partiet vil ha muslimar ut av Danmark, Danmark ut av EU og sosial­demokratane ut av Borgen.

Karoline er opp­lagt kron­prinsesse, men vi møter henne først som assisterande forsvars­attaché ved den danske ambassaden i Russland.

Sjefen meir enn antydar at ho kan kome langt inn i russiske løyn­domar om ho skrur på sjarmen i møte med dei rette personane.

Dei rette personane er like ivrige etter danske løyn­domar, og slik blir det etter kvart temmeleg uklart kven som lurer kven. Og kva har kjær­leik med dette å gjere?

Nord Stream og begjær

I 2013 prøvde dansk etter­retning å finne ut kva Putin ville med Krim, og kva som ville skje med Nord Stream 1 gjennom Ukraina når han sette i gang med bygginga av Nord Stream 2.

Det er fascinerande å studere notida sett frå svært nær, men likevel fjern fortid, og eg tek meg i å lure på kor mykje Leine har flikka på manuset etter invasjonen av Ukraina. Men det er ikkje dette som gjer susen her.

Karoline og far og etter­retninga og alle dei andre har roller å spele. Men så kjem det ustyr­lege begjæret i vegen og skaper krøll. Dei står med gjørme langt oppover leggene alle som ein, og dei største spelarane tener fleire herrar enn dei ekte­fellar og skatte­etaten har over­sikt over.

De bygde et våpen, Karolina. Et våpen av kjøtt og blod. Jeg er den perfekte agenten, for jeg kan være hvem som helst (…)
­
Hele denne høsten, sier hun, alle de gangene vi var sammen, turen til datsjaen, var det bare løgn?

Familien til Karoline har dessutan nokon riktig ugreie skjelett i skapet, som både russisk etter­retning og danske media er på sporet av.

For dei som måtte meine at politikk handlar om overt­ydingar og etter­retning om å tene statens interesser, er dette ned­slåande lesnad.

Sublimt sug

Kim Leine teiknar eit nokså lurvete bilde av livet på toppen av dei ulike stats­maktene, inkludert den fjerde.

Men for ei forteljing det har blitt!

Leine er djevelsk god til å flette saman ulike historier og presse folk inn i kompliserte dilemma, der lyst og plikt dreg dei arme syndarane i ulike retningar.

Det går an å meine at forfattaren smør tjukt på, og at det krevst ein viss velvilje for å akseptere dei mest elleville saman­treffa og rund­kasta.

Til det er å seie at Leine opererer i større-enn-livet-formatet, og det gjer han med slik bravur at innvendingar om manglande realisme verkar som reint pedanteri.

Den svimlande handlinga dreg lesaren ned i gjørma og får oss til å be om meir. Og meir skal det bli: Vi snakkar trilogi her.

Eg ser for meg Karoline som høg­profilert høgre­populist i Borgen. Det kan bli riktig stygt.

Meir frå Danmark «Elleville påfunn fra dansk suksessforfatter»

Portrettbilde av Kaspar Colling Nielsen og bokomslaget til Frelseren fra Hvidovre

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Høyr NRK Radioteatret si dramatisering av Kim Leine-boka «Rød mann/sort mann» (8 episodar à 27 min):

Fleire Kim Leine-bokmeldingar:

«Etter åndemaneren» «Storslått avslutning på grønlandstrilogien»

«Etter åndemaneren» av Kim Leine

«Dansk standard» «Incest-historia druknar i gørr og konspirasjonar»

Bokomslag "Dansk standard" og Kim Leine

«Avgrunnen» «Ein av dei store i nordisk romankunst nett no»

Avgrunnen

«Rød mann/Sort mann» «Galskap og gørr på Grønland»

Hans Egede i Grønland