Nyheter – NRK

  • Protector droppar forsikringsstype

    Forsikringsselskapet Protector vil slutte med bustadseljarforsikring etter eit svakt resultat over fleire år. I ei børsmelding skriv dei også at det er knytt stor utryggleik til lønnsemd for produktet framover.

  • Politijakt etter skulebrann

    Politiet jaktar moglege gjerningspersonar etter ein brann på Mortenrud skole i Oslo i kveld. Dei tilsette klarte å slukke brannen sjølv. Politiet har opplysningar om at brannen kan vere påsett ved at nokon heiv brennande materiale inn i klasserom.

  • Kraftig oljeprisfall

    Prisen på nordsjøolje fall 4,4 prosent tysdag til 56 dollar per fat. Ein av årsakene er meldinger om at både USA og Russland no produserer rekordmykje olje.

  • Vasslekkasje var vedlikehald

    Det moglege brotet på fjernvarmeanlegget i Gabels Gate på Frogner viste seg å ikkje vere lekkasje, men planlagt vedlikehald.

    Laster Twitter-innhold
  • 45 drept vest i Kongo

    Minst 45 mennesker er drept og er 60 såret i etniske sammenstøt vest i Kongo, noe som har ført til en stor flyktningstrøm til nabolandet. Det opplyser guvernøren i provinsen Mai-Ndombe. Volden brøt ut natt til søndag.

  • Brudd på fjernvarmeanlegg

    En mulig lekkasje i fjernvarmeanlegget i Gabels gate på Frogner fører til mye glovarm damp under høyt trykk. Politiet har sperret av området og ber folk holde seg unna. Hafslund er på vei for å utbedre skaden

    Laster Twitter-innhold
  • Politiet trur sakna fall i vatnet

    Politiet meiner Ola Grønning Bergem (24) hamna i Nidelva ved ei ulukke. Han har vore sakna sida natt til sundag. Politiet har brukt tysdag kveld på å gjennomgå overvakningsvideoar, og seier ingenting tyder på at det har skjedd noko kriminelt.

  • Person død etter utforkøyring

    Personen som køyrde ut i eit vatn i Søgne vart erklært død på sjukehuset. Det melder politiet på Twitter.

    Laster Twitter-innhold
  • Belgias statsminister går av

    Den belgiske statsministeren Charles Michel har erklært at han går av i ein tale til nasjonalforsamlinga. For ei veke sida gjekk det flamske nasjonalistpartiet N-VA, ut av Michels koalisjonsregjering etter misnøye med at han stør FNs migrasjonspakt.

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med verdensværet.
Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med utenriksmagasin, sport og vær.