I romanen «Høgfjellsmeldinga» går forfattar Guri Sørumgård Botheim rett inn i eit høgspenningsområde, nemleg i området der reinsdyrliv og ulike menneskelege aktivitetar skal føregå side om side.
Her handlar det ikkje om Fosen og vindmøller, men om villrein i møte med turistar og anna folk på Hjerkinn, Dovre.
Sjangeroverskridande rapport i det godes teneste
Vår vegvisar gjennom striden er Ragna Svae, nytilsett kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn.
Botheim understrekar innleiingsvis at «eventuelle likskapar med tilsette og interne diskusjonar er tilfeldige og ikkje intendert.»
Det kan vere ei grei presisering. Ikkje alle kollegaene til Ragna kjem heilt godt ut av det.
Senteret har nemleg fått i oppdrag å lage ei offentleg utgreiing (NOU) om interesser og interessekonfliktar i høgfjellet.
Ingen synst dei passar særleg godt til denne oppgåva, av latskap eller av frykt for å erte på seg ulike interessegrupper. Den nyaste på kontoret får saka.
Som tenkt, så gjort.
Naturvernaren Ragna lagar ein NOU som trygt kan kallast sjangeroverskridande. Villreinen må ha førsteretten.
Berge naturen og berge seg sjølv
Å følgje Ragna gjennom arbeidet med NOUen er dramatisk, på minst to nivå:
Vil nokon oppdage kva som faktisk står der før teksten hamnar på pulten til miljøministeren? Og ikkje minst: Vil nokon av dei som etter kvart hatar Ragna greie å skremme henne ut av jobben og bygda?
Den naturorienterte kommunikasjonsmedarbeidaren får nemleg anonyme truslar som mange kan stå bak: DNT vil ha bussveg heilt fram til turisthytta langt inne i fjellet.
Ordføraren tenkjer næringsutvikling. Dei lokale vil gjere som dei alltid har gjort, mens dei mest ihuga naturvernarane ikkje vik tilbake for sabotasje.
Dei sistnemnde resonnerer slik: Hjerkinn har jo allereie restaurert enorme naturområde, etter fleire tiår som skytefelt for forsvaret. Kvifor stoppe der?
Kvifor ikkje slette alle spor av turismen også, og gje fjellet tilbake til rein og jerv og moskus?
Diplomati er ikkje Ragnas sterkaste side, verken profesjonelt eller privat.
På det personlege planet slit Ragna med å gløyme ein gammal flamme og naturvernaktivist som døydde for fleire år sidan.
Den nye kjærasten, sindige Lars, er usikker på forholdet. Særleg etter at Ragna stakk til Dovre nesten utan å melde frå.
Kollegaene merkar seg at ho har bilde av eksen og ikkje av Lars på kontoret.
Skarpt blikk på moderne villmarksliv
Guri Sørumgård Botheim får kontormiljøet til å leve, ho har eit skarpt blikk for dei bitte små irritasjonane i kvardagen, så vel som det store gapet mellom ulike syn på villmarksvern.
Nokon tek vasskokaren inn på sitt eige kontor. Nokon øydelegg damanlegget i det godes teneste.
KAMPEN OM DEN URØRTE NATUREN: Guri Sørumgård Botheim viser fram ulike syn på urørt natur: Skal han få vere i fred, eller er han som skapt for næring og rekreasjon? Er det råflott å la villdyra disponere store areal heilt aleine?
Foto: Benedikte Skarvik / SamlagetEg heng også godt med på forsøka på å oppklare kven som står bak truslane mot Ragna, og let meg fascinere av dei praktiske grepa ho gjer for å sleppe unna dersom det blir alvor.
Men det vaklande forholdet til Lars og sorga over den unge døde kjærasten er mindre interessant. Der søkk intensiteten i romanen kraftig, sjølv om kjenslene til Ragna både er intense og samansette.
Forfattaren har eit betre grep om spenningskurver og ytre handling enn om nyansane i sinn og kjærleiksliv.
Heldig for henne at det finst mange fleire skildringar av nervøse romansar der ute i bokhyllene enn av konfliktar kring villreinstamma på Dovre. Romanen er best på det stoffet han er nokså aleine om.
«Høgfjellsmeldinga» er ein fleirstrenga og leseverdig roman, som tek opp eitt av dei store spørsmåla i tida gjennom å følgje resonnementa til folk med svært ulike interesser.
Romanen hjelper lesaren med å tenkje.
Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi. Hei!