Hopp til innhold
Anmeldelse

Fin ferd på fjorden

Med kjærleiken som lede­stjerne let Frode Grytten reisa mot døden blir ei feiring av livet.

Frode Grytten, Den dagen Nils Vik døde

Forfattar Frode Grytten og omslaget på romanen Den dagen Nils Vik døde

Terningkast 5 Bok

«Den dagen Nils Vik døde»

Frode Grytten

Roman

18. september 2023

Oktober

«Den dagen Nils Vik døde».

Tittelen røper temaet i Frode Grytten sin nye roman. Det er ei mild og stillfarande forteljing. Kort og konsis. Ein verdig vinnar av årets Bragepris i skjønnlitteratur for vaksne.

Døden er med i boka. Men det er livet som er poenget. Alt det rommar.

Folka. Fjorden. Kjærleiken. Arbeid og vennskap. Familien.

Nils Vik er gammal. Enkemann. Helsa er ikkje på topp lenger. Ein tidleg morgon i november kjenner han at dette er dagen.

Han står opp. Barberer seg:

Høgrehanda hans skalv lett, han måtte vere varsam. Han ville ikkje gå over fjorden med plaster på overleppa eller blodig papirlapp på haka. Kva meir? Tenner? Hender? Pomade? Han vurderte å droppe etterbarberingsvatn. Men denne dagen kunne ikkje vere annleis enn dagen i går, eller dagen før det, eller alle andre dagar før det igjen.

Frå "Den dagen Nils Vik døde" av Frode Grytten

Planen er «å gå over fjorden». Han meiner det konkret. Men også overført. «Den andre sida» er eit vanleg språkleg bilete på døden.

På den andre sida gler han seg til å treffe att kona si, Marta. Han saknar ho sånn. Meir enn han har ord for.

«Den dagen Nils Vik døde» er ein roman om den lange, langsame, kvardagslege kjærleiken. Den som ikkje er utan vêrharde dagar. Men som står stormen av.

Det er rørande. Fullt av håp.

Godt gjort – for det kan vere vanskeleg å skrive om kjærleik utan at det blir kleint. Grytten får det til.

Ferjemann på fjorden

Heile livet har Nils arbeidd som skyssmann. Ferjemann. Han har sin eigen båt. Med den har han frakta folk på kryss og tvers over og langs fjorden.

Han fikk dei til byen, fikk dei til lege, fikk dei til prest og jordmor, fikk dei på skule og i gravferd.

Frå "Den dagen Nils Vik døde" av Frode Grytten

På denne aller siste ferda hans, dukkar mange tidlegare passasjerar opp igjen. Alle for lengst døde.

Det høyrest kanskje rart ut. Men Grytten får det til å verke som den mest naturlege tingen i verda. Livet og døden heng saman. Ikkje minst for den som ein veit at han skal døy. Då passerer livet i revy.

Døde passasjerar

Nils legg ut på fjorden. Først dukkar bikkja hans opp. Luna. Ho blei påkøyrt for 20-25 år sidan. No pratar ho med eigaren sin, akkurat som før. Nils blir glad.

ssMXoBvmJ8o

KAN DET MESTE: Frode Grytten vert kalla «en slags litterær altmuligmann» av professor Per Thomas Andersen ved Universitetet i Oslo. Det er ei god oppsummering!

Foto: TV 2

Så, på nes etter nes, står der menneske han har kjent. Gitarguten, som hadde det stridt heime, men som gjorde godt arbeid som assistent i båten. Ektepar som krangla. Ektepar som ikkje krangla.

Den strenge lærarinna, som okka seg over elendige elevar, men som blei i fjorden av ulukkeleg kjærleik. Ein og annan kjendis. Jordmora, som feira kvar fødsel med ein dram. Politifolk. Politikarar. Presten.

Med korte, effektive strok, rissar Frode Grytten fram individa. Han er god til det. Ein av dei beste.

Ein typisk replikk. Eit tydeleg karaktertrekk. Grytten veit kva som skal med. Og endå viktigare han veit kor han skal stoppe. Når det er nok. Ikkje for ingenting er han kanskje mest kjend for noveller. Dikt. Korte tekstar.

Musikken i teksten

Dette er den første romanen hans på heile ti år. Den førre heitte «Brenn huset ned», og handla om punk-bandet The Clash.

Les også «Clash på Gryttensk»

Frode Grytten

Også i «Den dagen Nils Vik døde» spelar musikken ei rolle. Ikkje like uttalt som i til dømes «Popsongar», som vart skriven direkte opp mot songtekstar.

Men også denne boka har tydeleg rytme. Ein musikalitet. Noko «typisk gryttensk».

Boka er også eit kjærleiksbrev til fjorden. Til menneska der. Til sjølve landskapet. Nils tenker på kva han har lært av arbeidet. Av livet.

Sollys på trea, sol på taka, skorsteinane, fuglande, vatnet. Han har lært at kvar einaste dag treffer lyste fjorden på ein ny måte, sjøen kan vere lys og gråaktig, eller sjøen kan mørkne ein vinterdag, bli svart som heimebrygga øl, ein morgon etsar sola seg inn i landskapet, får fjorden til å sjå ut som om han er av lettmetall, og ein augustmorgon blir himmelen lat og tilfreds mens sjøen får ei seig ro, ein januardag kan vinden piske og snite kvite striper i ei tjukk vassflate, no og då blir sjølen irritert, han kastar opp skum og grøn galle. Men det skjer aldri på same vis, den same dagen kjem aldri to gongar.

Frå "Den dagen Nils Vik døde" av Frode Grytten

Nils irriterer seg over byfolk som berre ser «natur», utan nyansar. Som vil ha fjorden som rekreasjonsområde, utan å bu seg skikkeleg inn.

Samtidig likar han byen. Elskar den vakre brua over fjorden sjølv om ho øydela yrket hans.

Les også Grytten lagar bok av twittermeldingar

Frode Grytten

Snakkar med andre

Ferjemannen er ein klassisk figur i greske mytar. Han fraktar dei døde til dødsriket. Nils Vik skal frakte seg sjølv.

«Bring meg ein båt», syng han mot slutten. Eit direkte ekko av «Bring me a boat», ei vise sungen av Kate Rusby.

Frode Grytten skriv også i dialog med andre forfattarar. Nokre gonger er der tydelege sitat i teksten, til og med heile linjer. Andre gonger er det kanskje helst stemninga forfattaren «pratar med». Eller temaet. Han takkar kollegaene sist i teksten.

Eit sympatisk trekk. Raust inkluderande. Og interessevekkande. Slik også romanen «Den dagen Nils Vik døde» er det.

Det er ein roman om eit liv som er like vanleg, og dermed uvanleg, som liv flest. Om kvardag. Og om minna ein sit att med.

Alt dette trygt losa i land av den stødige litterære styrmannen Frode Grytten.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

Ikkje heilt klar for jul enno? Frode Grytten forstår:

Kulturstrøm

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor
  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.