Hopp til innhold
Anmeldelse

Knuser aids-fordommar

Eg trudde eg visste ein del om aids. Ketil Slagstad si ypparlege bok om emnet viser kor feil eg tok.

Bokomslag "Det ligger i blodet" og portrett av Ketil Slagstad
Foto: Forlaget Press/UiO
Terningkast 6 Bok

«Det ligger i blodet – epidemien som forandret Norge»

Ketil Slagstad

Sakprosa

4. oktober 2023

Press

«Det ligger i blodet» handlar om aids-epidemien i Noreg, frå 1975 til 1996.

Det er ei forteljing om alvorleg sjukdom. Om død. Om det usikre og sårbare. Sorg og sakn.

Men i Ketil Slagstad si gode bok om epidemien er det er også ei forteljing om noko fint, trass alt det triste.

Slagstad fortel samarbeid og solidaritet. Om korleis aids endra Noreg til det betre.

«... epidemien forsterket særtrekk ved det norske samfunnet. Det handlet om en nærhet mellom de styrende og de styrte. I motsetning til i USA [...] arbeidet aktivister i Norge med statlige institusjoner for å oppnå sine mål»

Ketil Slagstad i «Det ligger i blodet»

Det overraska meg.

Men kjelde­arbeidet verkar så solid at eg let meg overtyde. Ikkje minst sidan Slagstad sjølv problematiserer sine eigne konklusjonar.

Han veit at historie alltid kan forteljast på mange vis. At det ofte er makta som fortel.

«Homse­pest»

Slagstad er lege og historikar. Dette er den første boka hans. Imponerande!

Aids-forskarar som testar blod for viruset i München i 1985.

FORSKAR: Ketil Slagstad har ein doktorgrad om skandinavisk transhistorie. No er han postdok, altså forskar, tilknytt Institutt for medisin- og etikkhistorie ved universitetssjukehuset Charité i Berlin. Biletet viser aids-forskarar som testar blod for viruset i München i 1985.

Foto: Ap

Ved epidemiar er det nær alltid allereie utsette grupper som får skulda, skriv Slagstad. Ofte «utlendingar». Jødar. Muslimar. Prostituerte. Andre minoritetar.

Då koronaen kom 2019-20, var folk redde kinesarar.

Då aids kom, var det særleg homofile menn som fekk sjukdommen. Det kunne lett ført til auka homo­hat. Forsterka fordommar.

Fleire bøker og TV-seriar frå andre land viser korleis styres­maktene let som ingenting, medan homofile menn blei sjuke og døydde. Sjuka gjaldt jo «berre» homsar!

I USA meinte mange at homofile kunne skulde seg sjølv for det dei kalla «the gay plague», altså «homsepest».

Også i Noreg var det stemmer, særs i Kyrkja, som sa at aids var Guds straff over «syndige liv».

Eg trudde at desse stemmene dominerte. At frykta folk kjende for det skumle viruset, førte til auka homo­hat. Til panikk.

Ifølge Slagstad tok eg feil.

Unngå stigmatisering

Han skriv om at styresmaktene var på dei sårbare gruppene si side. Helse­direktoratet ville unngå homohat. Stoppe stigmatisering. Slå ned fordommar.

Målet var å stoppe smitta. Då måtte styres­maktene snakke med folk. Ikkje til dei. Dei måtte lytte. Ikkje berre bestemme.

Aids kunne lett ha «tvunget homofile tilbake i skapene», skriv Slagstad. I staden viser han korleis styresmakter og organisasjonar for homofile arbeidde side om side.

«Aids skapte et nytt språk for sex, samliv og identitet. Det gjaldt innad i homobevegelsen og de skeive miljøene, og for myndighetene og den brede offentligheten [...] Aids gjorde også at myndighetene kom i kontakt med subkulturene på helt nye måter.»

Ketil Slagstad i «Det ligger i blodet»

Legar som sjølv var homofile, blei plasserte i sentrale arbeidsgrupper. Organisasjonar for skeive blei høyrt.

Dette inkluderte også subkulturar.

Slagstad skriv til dømes om lær­mennene. Dei feira kinky sex, gjerne utanfor faste partnar­skap. Då også lær­mennene blei spurte om råd, hamna dei i skvis: På den eine sida ønska dei å vere annleis. På den andre ønska dei å snakke ope om sex. Om lyst. Tenning. Spaning.

Faksimile fra Aids-bok

SM-PLAKAT: Denne informasjonsplakaten vender seg særleg mot S/M- og fetisjmiljøet for å informere om kondombruk. Han peikar også nase til prestar og andre i Kyrkja som meinte at aids var ei straff for «syndig livsstil». Plakat frå 1996.

Foto: Fra «Det ligger i blodet»

Opnare samfunn

Sexpraten vann fram.

Sidan aids smitta gjennom seksuell omgang, måtte ein snakke om sex i det offentlege. I media. På skulen. I Kyrkja. På lege­kontor og sjuke­hus.

«Slik kan vi også fremstille historien om aids, ved å vektlegge epidemiens bevisst­gjørende kraft, hvordan den virket på pressen, politikerne, myndigheter og fagfolk. Krisen ga homofile, rus­avhengige og sex­arbeidere en plattform for å snakke med myndighetene og i offentligheten. Rand­grupper og sub­kulturer fikk et ansikt i offentligheten og en plattform til å kjempe for egne saker. Epidemien gjorde at enkelte av samfunnets minoriteter ble litt synligere.»

Ketil Slagstad i «Det ligger i blodet»

Ein måtte snakke om legning. Om helse. Om død. Om kva som smitta. Og om kva som ikkje gjorde det.

Aids endra Noreg, skriv Slagstad. Ikkje berre for risikogruppene. For alle.

«Epidemien som forandret Norge» er under­tittelen på boka hans.

Resultatet blei eit opnare samfunn.

Prostituerte «døds­maskinar»

Men alt var ikkje perfekt.

Kamp­sakene til andre viktige risiko­grupper, som rus­brukarar og prostituerte, blei mindre høyrt. Der var null­toleranse idealet: Først rus-kutt, aids-behandling.

Prostituerte blei kalla «døds­maskinar» i avisa. Ønsket var at dei skulle slutte å selje sex. Sjølv om det var uklart om dei eigentleg smitta kundane sine.

Faksimile om AIDS fra Dagbladet

Legg merke til at den prostituerte blir rekna som problemet – ikkje kundane. Frå Dagbladet i 1985.

Foto: Fra «Det ligger i blodet»
Faksimile om AIDS fra VG

Prostituerte blei sjeldnare behandla med same respekt som homofile. Her VG i 1988.

Foto: Fra «Det ligger i blodet»
Faksimile fra VG om AIDS

I byrjinga var det mykje frykt, og lite kunnskap, om korleis aids smitta. Faksimile frå Dagbladet august 1987.

Foto: Fra «Det ligger i blodet»

Slagstad viser korleis frykt og panikk var mat for media. I sjokk­arta artiklar spekulerte ein til dømes i om mygg­stikk kunne spreie smitte. (Fasit: nei.)

«Uskuldige smitta», som blødarar, hadde høgare status enn dei som blei smitta på grunn av «avvikande livs­stil». Som homofile.

Høyr bokmeldinga frå «Åpen bok: Kritikerne»:

Grundig arbeid

Ketil Slagstad har gjort eit grundig akademisk arbeid. Tråla historiske dokument. Aviser. Bøker. Livsminna og dokumenta som ligg i Skeivt arkiv. Forskings­artiklar, dag­bøker og pamflettar.

Boka er illustrert med svart-kvite bilete av avis­artiklar, informasjons­plakatar, brosjyrar.

Faksimile fra Aids-bok

GODT UTSTYRT: Styresmaktene sine informasjonsplakatar blei etter kvart meir og meir eksplisitte i bodskapen sin. Bruk kondom! Plakat frå 1995.

Foto: Fra «Det ligger i blodet»

Forfattaren har dessutan intervjua ei lang rekke menneske som hadde ulike roller. Legar, sjukepleiarar og andre helse­arbeidarar. Men også folk som overlevde. Pårørande. Menneske som lever med hiv­smitte i dag.

Boka er ryddig kronologisk oppbygd.

Det startar med rapportar om «pest» blant homofile i USA. Sjuka kjem til Noreg i 1983. Etter mange usikre år med mykje frykt finn ein medisinar som hjelper i 1996.

Ned­teikning av fakta er blanda med nærare historier. Personlege stemmer. Detaljar som gjer handlingar og vedtak lettare å forstå.

«Det ligger i blodet» har allereie vunne Bokhandlernes sakprosapris. Boka er også nominert til Bragepris, i klassen for sakprosa.

Eg blir glad, og slett ikkje overraska, om Ketil Slagstad vinn også den.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

vi skulle døy av aids key bredde NRK TV

SJÅ I NRK TV: Møt menneske som opplevde, gjennomlevde og overlevde aids-epidemien på 80-talet i tv-serien «Vi skulle døy av aids».

Høyr podkastserien «Hele historien» om aids-epidemien i Noreg:

Høyr også «Åpen bok: Kritikerne» om ei anna Brage-nominert sakprosa-bok: «Maskiner som tenker» av Inga Strümke:

Kulturstrøm

  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.

  • Eric Saade med palestinaskjerf i Eurovision-åpning

    Den svenske artisten Eric Saade sto på scenen med et palestinaskjerf knyttet rundt armen under sitt bidrag i åpningsshowet på Eurovision-semifinalen tirsdag kveld.

    Saade, som selv deltok i Eurovision i 2011, fremførte i likhet med to andre tidligere deltagere en låt. Under opptredenen hadde han en keffiyeh knyttet rundt hånden han holdt mikrofonen med.

    Han har tidligere sagt til Aftonbladet at han kun er med i åpningsnummeret som en protest mot at Israel får delta i konkurransen.

    Saades stunt skal bryte mot regelverket, og til Expressen skriver arrangøren EBU: «Vi beklager at Eric Saade valgte å kompromittere arrangementets ikke-politiske karakter».

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.