Folkefest på Landås under sykkel-VM

JUBELDAGAR: Sykkel-VM i Bergen i september vart ni strålande dagar, før den økonomiske blåmåndagen kom etter meisterskapen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Folkefest i Lykkelandet

NRK Hordaland fyrte opp eit flygel og flytta til «medietunet». «Lykkelandet» vart den mest sette Brennpunkt-dokumentaren nokosinne. Me følgde sykkel-VM frå folkefest til finansfiasko.

Dette er noko av det me er mest stolte av frå året som gjekk. Andre ting bør me bli betre på. Her får du NRK Hordaland si oppsummering av 2017.

Innhald: A. Preludium | B. Tre høgdepunkt | C. Om oss og deg | D. Gode historier | E. TV-suksessar | F. Evaluering | G. Postludium

Distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen si innleiing:

A: PRELUDIUM

Me brenn for deg

Leif Ove Andsnes og det brennande flygelet

UHØYRD, USETT: Kreative, brennande engasjerte medarbeidarar i NRK Hordaland skapar unike opplevingar. Til dømes ein pianist i verdsklasse ved eit flammande flygel.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

Hausten 2017 skulle lageret til den norske kringkastinga tømmast. NRK Hordaland skulle flytta til «Media City Bergen». Då oppdaga nokon det vesle flygelet der det stod på høgkant og samla støv.

Det hadde vore eit heilt vanleg salongflygel, bortsett frå at det to gonger hadde fått spela med ein heilt uvanleg pianist.

Leif Ove Andsnes framførte Grieg på eit stup 1401 meter over Odda. Han spela musikk av Musorgskij i tørrdokken på Laksevåg medan vatnet fossa inn og drukna flygelet.

Leif Ove Andsnes spelar på flygelet i tørrdokken på Laksevåg

TONESTRAUM: – Dette flygelet har opplevd nok. No kan me ta det av dage, sa Leif Ove Andsnes i 2009. Men instrumentet overlevde heilt til 2017.

Foto: NRK

Før ein grafittikunstnar seinare spraymåla flygelet og det hamna på lageret.

Men no, som ein siste gest: Ei fyrstikk blir kveikt på ein stor parkeringsplass. I bergensk duskregn står flammane opp av flygelkassen. Den eineståande pianisten kjem berande på pianokrakken. Set seg ned. Tek sats.

NRK Hordaland har nok ein gong gitt deg noko du aldri har sett før. Noko du ikkje visste at du gjerne ville oppleva. Eit symbol på vårt brennande engasjement og kreative forteljarglede. Eit flygel i full fyr.

B: TRE HØGDEPUNKT

Kvinnelig tigger i Bergen sentrum

REKORD: 1,2 millionar såg Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet» om tigging og det rumenske kriminelle nettverket i Bergen.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Dokumentaren som «tømte byen»

Eit høgdepunkt blant det me gjorde i 2017, var Brennpunkt-programmet «Lykkelandet» om tigging og organisert kriminalitet.

Det skapte eit enormt engasjement då teamet i Bergen avslørte eit kriminelt nettverk med 140 rumenarar som dreiv med narkotikasal, prostitusjon, tjuveri og tigging.

Det starta med at NRK vart merksame på eit hus i Løvstakksiden i Bergen.

– I løpet av påsken 2015 flytta det inn menn med dyre bilar, unge jenter og ei stor gruppe tiggarar, seier journalistane Synnøve Bakke og Kjersti Knudssøn.

Det vart starten på ei kartlegging der Brennpunkt følgde dette miljøet i byen i nesten to år med skjult kamera og spaning.

  • Sjå «Lykkelandet» her:
    Med kopp i hånden sitter de på gaten. Hvem er disse menneskene og hva lever de av? Brennpunkt har fulgt tiggermiljøet i Bergen i nesten to år, med skjult kamera og spaning. Bli med til Lykkelandet. Du tror knapt det du får se.

– Det vart tydeleg at nettverket dominerte gateprostitusjonsmarknaden, og i tillegg dreiv med omfattande pillesal og tjuveri. Me fekk innblikk i ei svært kynisk verd der bakmenn selde kjærastane sine, og der tiggarar stal, men også selde sex.

Avsløringane sjokkerte Noreg. 1,2 millionar såg programmet, og dokumentaren vart dermed den mest sette frå Brennpunkt nokosinne. I tillegg har om lag 860.000 svenskar fått med seg dokumentaren.

Og dokumentaren fekk ein umiddelbar effekt: Både tiggarane, dei prostituerte og bakmennene forsvann frå gatebiletet i Bergen nærast på dagen etter at programmet var send.

Anette Berentsen (t.v.), Synnøve Bakke og Kjersti Knudssøn

REKORD: Fotograf Anette Berentsen (t.v.) og journalistane Synnøve Bakke og Kjersti Knudssøn laga dokumentaren som slo alle sjåarrekordar i historia til Brennpunkt.

Foto: NRK

– Vart programmet så populært delvis fordi det stadfesta fordommar nordmenn har mot rom-folk?

– Nei, det trur me ikkje. Me stilte kanskje politisk ukorrekte spørsmål, men det er ikkje fordommar når me avdekkjer alvorleg kriminalitet og det som truleg er menneskehandel, seier Bakke og Knudssøn.

Men samstundes tenker dei at publikum nok har undra seg over om tiggarane kunne vera organiserte.

– Dei fleste nordmenn er rike og har vel kjent på dilemmaet om å gi til folk som tiggar. Mange har nok lurt på om tigginga er reell, når tiggarar blir henta og levert med flotte Mercedes-ar.

Benk på Torgallmenningen full av bakmenn i kriminelt miljø

«HALLIKBENKEN»: Benken på Torgallmenningen var nattetid full av bakmenn frå nettverket som følgde med på dei prostituerte (biletet til venstre er tatt hausten 2016). Etter Brennpunkt-programmet «Lykkelandet» forsvann dei frå benken.

Foto: Anette Berentsen / NRK
Hallikbenken på Torgallmenningen i Bergen, 1.juli 2017

ENDRING: «Hallikbenken» før og etter Brennpunkt-programmet «Lykkelandet» er eit døme på at journalistikk får konsekvensar.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Dei to journalistane trur dokumentaren engasjerte så sterkt fordi publikum fekk sjå korleis eit stort, kriminelt nettverk opererer, og at menneske blir utnytta på det grovaste.

– Me trur det også ville vekt stor oppsikt om me fortalde om eit etnisk norsk nettverk som selde familiemedlemar og venninner på gata.

Dei fastslår at dette nettverket var klart dominerande i Bergen i dei to åra NRK undersøkte miljøet.

– Men det er viktig for oss å presisera at det ikkje gjeld alle rumenarar. Det gjentar me fleire gonger i dokumentaren.

Etterforsking og rettssaker mot folk i nettverket held på framleis.

SYKKEL-VM BERGEN 2017

MOTBAKKEFEST: Den spektakulære og unike klatreetappen opp til Fløyen vart ein fest sykkelverda ikkje hadde sett maken til. Seinare starta nedturen, då økonomien i arrangementet rakna.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Folkefest og finansfiasko

NRK følgde sykkel-VM frå folkefest i motbakken til finansfiasko då nedturen kom.

Eit svært vellukka arrangement i stort sett strålande sol sette Bergen og nabokommunane på verdskartet i løpet av dei ni dagane verdseliten var samla i byen.

Det toppa seg 20. september, då den spektakulære og unike klatreetappen opp til Fløyen vart ein fest sykkelverda ikkje hadde sett maken til. Så tett på publikum har verdas beste syklistar kanskje aldri vore.

Seinare starta nedturen, då økonomien i arrangementet rakna. I kjølvatnet av festen kom det mykje kraftig kritikk mot både hemmeleghald og manglande økonomistyring.

Harald Tiedemann Hansen

BLÅMÅNDAG: Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen konstaterte at Norges Cycleforbund og VM-arrangøren Bergen 2017 AS hamna i ein tung økonomisk bakrus etter sykkelfesten.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Etter kvart vart det kjent at underskotet blei estimert til 55 millionar kroner, og arrangøren kjempa mot både offentlege og private kreditorar. Harald Tiedemann Hansen gjekk av både som president i Norges Cycleforbund og dagleg leiar i arrangørselskapet Bergen 2017 AS.

Arrangørselskapet og mange leverandørfirma står i fare for å gå konkurs. Historia om festen og fiaskoen i Bergen er framleis ikkje over.

Media City Bergen

Ei historie som er avslutta, er NRK Hordaland si tid i Kanalveien på Minde.

I 1991 flytta me frå Grieghallen til det karakteristiske runde Martensbygget teikna av arkitekt Geir Grung. Same haust starta Vestlandsrevyen.

NRKs bygg på Minde i Bergen

ANDRE BOLLAR: NRK Hordaland flytta hausten 2017 til Media City Bergen etter 26 år i det som opphavleg var Martens brødbakeri i Kanalveien 90.

Foto: NRK

26 år seinare, 16. oktober 2017, flytta NRK Hordaland inn i heilt nye lokale i Media City Bergen (MCB). Med det er alle dei store media- og medieteknologiselskapa i Bergen, og medieavdelinga ved Universitetet i Bergen, samla i eitt bygg.

Eitt av måla våre har vore å koma nærare sentrum og vera synlegare i bybiletet. Derfor valde NRK Hordaland etasjane nærast gata og plasserte distriktsredaksjonen og studio slik at dei har fritt innsyn frå gata.

– Bygget viser for alvor fram Bergen som ein leiande medieby. Målet med MCB er å skapa eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet, seier redaksjonssjef Dag Olav Mosevoll.

– Me har fått flotte nye lokale med framtidsretta teknologi. NRK i MCB skal vera eit laboratorium for heile NRK både når det gjeld teknologi og nye måtar å organisera arbeidsplassane på.

Valentina Baisotti (t.v.), Stine Mari Velsvik, Siv Fossåskaret og Per Vidar Raunholm.

NYINNFLYTTA: Praktikant Valentina Baisotti (t.v.) og dei erfarne journalistane Stine Mari Velsvik, Siv Fossåskaret og Per Vidar Raunholm er nøgde med at NRK Hordaland har flytta inn i nye lokale i Media City Bergen, tett på Bybanen og sentrum.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Adressa til MCB er Odd Frantzens plass 5. Gata fekk nytt namn då byrådet bestemte seg for å heidra ein gløymd fotballhelt som NRK trekte fram i artikkelen «Hardyguten som lurte Hitler».

Apropos namn: Ikkje alle er like begeistra for at «medietunet i Bergen» har fått eit engelsk namn. Mellom dei er den språkmedvitne NRK-journalisten Linda Eide.

  • Sjå Eide harselera med MCB:

C: OM OSS OG DEG

Kva las folk mest?

Kor mange som ser og høyrer kvar enkelt tv- og radiosak, har me ikkje fullgod statistikk på. Då er det lettare å måla kor mange som les artiklane våre på nett.

Og mange saker presenterer me på både nett, tv og radio.

Bård

DRAMATISKE BIVERKNADAR: Svært mange las historia om austevollingen Bård. Han vart både rusmisbrukar og sex-avhengig på grunn av ein medisin han brukte mot Parkinson-sjukdommen sin.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Den nettartikkelen vår som slo best an i 2017, handla om mannen som blei sex-avhengig av Parkinson-medisin. Dette var artikkelen folk samla sett brukte lengst tid på å lesa, og samstundes den tredje mest leste i talet på sidevisingar.

Denne artikkelen vart opna 194.310 gonger, og lesen i totalt 8397 timar.

To andre «kroppsfikserte» artiklar hadde fleire lesarar, men vart lesne i færre timar: «Fikk nakensjokk på kaffefestival» pirra aller flest lesarar. Artikkelen vart opna 293.506 gonger. «Prostituerte får karakterar og stjerner på nett» vart opna 202.503 gonger.

Djabrail før og etter

SKAKANDE: Medan Djabrail (6) framleis var i live, intervjua NRK mora Fatima Jusjukajeva (27). – Eg ber til høgare makter om at eit mirakel skal skje, sa ho, sjølv om Haukeland universitetssjukehus meinte han ikkje ville overleva feilen dei hadde gjort.

Foto: Privat

Nest etter historia om Parkinson-pasienten, brukte lesarane mest tid på historia om den sovjetiske krigsfangen Ivan på Herdla, og intervjuet med mora til seksåringen Djabrail som var livstrugande skadd etter feilbehandling på Haukeland universitetssjukehus.

13 artiklar er inne både på topp-20-lista vår over artiklane med flest lesarar, og topp-20-lista med artiklane lesarane samla sett las lengst.

Samarbeid for mediemangfald

– Samlokaliseringa i MCB med andre redaksjonar og mediemiljø passar godt i strategien til NRK om å styrka og sikra mediemangfaldet i Noreg, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes.

Ho viser til at NRK som ein stor aktør har eit ansvar for å bidra til at norsk offentlegheit får behalda eit mangfaldig medietilbod.

– Norske medium merkar den sterke og aukande globale mediekonkurransen. Då bør me samarbeida der me kan, men sjølvsagt halda fram med å konkurrera der me må.

Dyveke Buanes

STERKE SAMAN: – NRK Hordaland vil samarbeida med andre medium for å behalda mediemangfaldet i Noreg. Å flytta til Media City Bergen passar godt i den strategien, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes.

Foto: NRK

Buanes trekker fram to døme:

Under stortingsvalkampen gjennomførte BT, BA og NRK Hordaland eit sjeldan samarbeid om ei stor felles tv-sending på Festplassen i Bergen.

NRK ønsker å jobba saman med lokalavisene i fylket. I Jondal samarbeidde NRK med lokalavisa Hordaland Folkeblad om habilitetsproblematikk i kommunen.

Ei varslarsak om at rådmannen mobba ein tilsett vart eit bilete på små tilhøve i ein liten kommune, då den same rådmannen var den som skulle vareta varslaren sine rettar.

Seinare utveksla NRK og Hordaland Folkeblad opplysningar før ein kunne avsløra korleis Senterpartiet sat på alle sider av bordet då rådmannen vart tilsett. Både ordføraren, den engasjerte hovudjegeren og rådmannskandidaten sjølv var tilknytt partiet.

– For ei lita lokalavis vart det lettare å jobba med dette når ein sterk regional redaksjon som NRK Hordaland dekka det same, dels saman med oss, seier redaktør Sigbjørn Linga.

Buanes er også nøgd med NRK-samarbeidet då Vestlandet i starten av 2017 vart råka av ei stormflo. Heile Region vest (distriktskontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) laga ei lang direktesending på NRK2 og nrk.no.

– Heile sendinga var utan programleiar, og veksla i staden mellom direkterapportar frå dei tre fylka. Vi lærte mykje av denne direktesendinga som me skal ta med oss vidare. Mellom anna bør vi ved neste korsveg nytta ein programleiar som bind saman sendinga.

«Nasjonale lokalsaker»

Distriktsdivisjonen i NRK har nyleg redefinert distriktsoppdraget for nyhende. Målet er å legga større vekt på at lokale saker skal vera interessante for heile Noreg.

Distriktskontora skal ha ein nasjonal ambisjon med journalistikken som blir laga og publisert landet rundt.

Kyrre Nakkim og Linn Sandberg Skarstein

«RIKSING»: NRK satsar sterkare på å laga lokale og regionale saker som kan gjerast interessante for heile landet, seier nyhendesjef Linn Sandberg Skarstein i Distriktsdivisjonen.

Foto: Ole Kaland/Kristin Granbo / NRK

– Dette betyr at me må jobba hardt for å engasjera og nå ut til heile landet med innhaldet vårt. Ei sak frå Kirkenes skal også treffa publikum i Stavanger, understrekar nyhendesjef Linn Sandberg Skarstein i Distriktsdivisjonen.

– Me skal løfta dei lokale historiene og dei viktige sakene frå regionane til eit større publikum. NRK har og må ha ei anna rolle enn lokalavisene. Å spegla heile landet i vår nasjonale dekning er ei viktig demokratisk oppgåve for NRK.

Les meir om nyheitsoppdraget:

Kor mange brukte tilbodet vårt?

NRK måler på ulike vis korleis publikum brukar dei ulike tilboda våre.

I snitt ser hovudtala for NRK Hordaland slik ut for fjoråret:

Dagleg var 25,8 prosent av innbyggjarane i Hordaland innom radiosendingane våre, mot 30,5 prosent i 2016. Nedgangen skuldast særleg overgangen frå FM til DAB.

DAB-slukking Hordaland, Finn Tokvam og Bård Ose

HEILT «SLØKKET»: Bård Ose og Finn Tokvam trykka 21. juni 2017 på knappen som gjorde at radiokanalane til NRK forsvann frå FM-nettet i Hordaland.

Foto: NRK

Vestlandsrevyen vart dagleg sett av 24 prosent av innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Dagleg hadde nettsida nrk.no/hordaland i fjor 46.615 som las ei eller fleire av sakene våre på mobil (26 prosent fleire enn i 2016), og 46.095 på pc/nettbrett (3 prosent færre enn året før). 2017 var første året der tala på mobilbruk var høgast.

Hordaland er klart størst av distriktskontora i NRK på nett og mobil.

Snitt daglege brukarar

Distriktskontor

PC/nettbrett

Mobil

Totalt

Buskerud

12.845

13.238

26.083

Finnmark

19.611

17.869

37.480

Hedmark og Oppland

24.152

23.720

47.871

Hordaland

46.615

46.095

92.710

Møre og Romsdal

19.611

18.480

38.091

Nordland

33.570

30.608

64.178

Rogaland

29.716

30.380

60.097

Sogn og Fjordane

34.494

32.526

67.020

Sørlandet

21.827

25.863

47.690

Telemark

18.614

18.367

36.982

Troms

18.439

17.649

36.088

Trøndelag

32.042

31.798

63.840

Vestfold

16.411

16.807

33.218

Østfold

21.684

22.078

43.761

Østlandssendingen

24.440

24.626

49.067

Ekspander/minimer faktaboks

Om lag 50.000 følgde NRK Hordaland på Facebook, om lag 8000 på Instagram og om lag 8000 på Twitter ved utgangen av 2017. Det var ein auke for dei to første, og ein nedgang for Twitter i høve til 2016.

D: GODE HISTORIER

Visuell forteljing om katastrofen i Sima

Det er både spennande og naudsynt å finna nye og engasjerande måtar å fortelja publikummet vårt gode historier på.

Ei slik historie er naturkatastrofen i Simadalen i Eidfjord for 80 år sidan. Smelting i Hardangerjøkulen førte i 1937 til at ein plutseleg flaum frå eit brevatn raserte bygda. På fire timar skylde breflaumen mange av gardane i dalen på sjøen.

Illustrasjon mennesker som rømmer fra flom

JØKULHLAUP: Den 80 år gamle historia om naturkatastrofen som råka Simadalen i 1937, vart sett i samanheng med dagens klimaendringar i ein visuell nettartikkel frå NRK Hordaland.

Dei siste åra har talet på registrerte «jøkulhlaup» (breflaumar) eksplodert i Noreg. Forskarane trur klimaendringane er årsaka.

NRK Hordaland brukte ein gjennomillustrert artikkel – ein «visuell kortstokk» – som eit nytt forteljargrep for å skildra den dramatiske historia og korleis kunnskapen frå 1937 er relevant for studiar av bresmelting og den globale temperaturstiginga i dag.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

PROPPFULL: Over 30 plastposar og store mengder mikroplast vart henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen som stranda på Sotra.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Plastkvalen

Ei av dei sakene som fekk størst påverknad både politisk og blant vanlege innbyggjarar i fjor, starta på Sotra. I slutten av januar vart ein forkommen kval funnen i fjøresteinane.

Først skapte han overskrifter fordi det viste seg å vera den sjeldne gåsenebbkvalen.

Men kvalen vart verkeleg kjendis då forskarane fann ut kvifor han hadde vore sjuk: I magesekken fann dei 30 plastposar som hadde hindra kvalen å få næring.

Dette vart ein kraftig augeopnar for problemet med den enorme plastforsøplinga i havet over heile verda, og korleis det skadar livet i havet.

Hval satt seg fast på Sotra

SAT FAST: Kvalen sat fast i det grunne vatnet ved Vindenes i Fjell kommune. Seinare vart «plastkvalen» symbol på og inspirasjon til eit stort engasjement mot havforsøpling.

Foto: Sotra brannvesen

NRK dekka saksområdet grundig og lenge. «Plastkvalen» vart eit ord svært mange nordmenn kjenner til.

Lagnaden til denne kvalen rørte både born og vaksne, og fekk havforureining høgt opp på den politiske agendaen. I Noreg vart det startskotet for eit stort engasjement for å plukka søppel i sjøkanten.

  • Les meir om plast i havet her.

Fylkeskommunal rolleblanding

Det var ikkje like opplagt at kompliserte saker om dei norske fylkeskommunane sitt felles selskap Nasjonal digital læringsarena (NDLA) skulle fenga mange, men det gjorde det.

18 fylkeskommunar har på ti år overført over 600 millionar kroner til NDLA for å lage digitale læremiddel til norsk vidaregåande skule.

Maria Aarre Hånes og Henrik August Vold i 3STE ved Amalie Skram vgs.

LÆREMIDDEL PÅ NETT: 18 fylkeskommunar sitt felles selskap Nasjonal digital læringsarena (NDLA) lagar opne digitale læremiddel til norsk vidaregåande skule.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

NDLA-tilsette varsla internt om rolleblanding mellom NDLA og det konsulentselskapet NDLA brukte mest. I 2016 konstaterte revisjonar frå Deloitte fleire lovbrot.

Men rapportane fekk små følger før NRK Hordalands journalist Simen Sundfjord Otterlei grov djupare i kor samanvoven økonomien og rollene var mellom NDLA og konsulentselskapet.

– Ei utruleg historie. Det kryr jo av habilitetsproblem her, sa jusprofessor Jan Fridthjof Bernt.

Sakene skapte stort engasjement og er lesne av totalt over 350.000 personar etter publisering av hovudartikkelen i november.

Sidan har dagleg leiar i NDLA blitt avsett, Økokrim har starta undersøkingar, Rogaland fylkeskommune har vedtatt å stoppa utbetalingane, og andre fylke og Regjeringa vurderer framtida til NDLA. Aftenposten har på leiarplass gått inn for avvikling av NDLA, «etter en serie NRK-saker som har avslørt en i norsk sammenheng oppsiktsvekkende sammenblanding av roller».

  • Les alt om NDLA her.

Offentlege direktørar under lupa

Hausten 2017 var Sølve Rydland tilbake som politisk journalist i distriktsredaksjonen.

Eit døme på at det er viktig, var då me undersøkte stoda blant offentleg tilsette med mest makt og høgast løn. Det vart mellom anna saker på radio, tv og nett om at Bergen kommune nesten dobla talet på direktørar på to år.

Robert Rastad

DOBLING: Kommunaldirektør Robert Rastad og spegelbiletet hans fekk symbolisera at Bergen kommune auka talet på direktørar frå 17 i 2015 til 32 i 2017.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Byrådsleiar Harald Schjelderup forsvarte det med likestilling: I 2015 hadde kommunen 13 mannlege og fire kvinnelege direktørar. No er det blitt 17 menn og 15 kvinner.

NRK Hordaland sette også fokus på at heile åtte av ni fylkesdirektørar i Hordaland er menn, sjølv om nesten seks av ti tilsette i fylkeskommunen er kvinner.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal erkjente problemet.

– Hordaland fylkeskommune er ikkje eit gubbevelde, men ein bør vera flinkare til å la kvinner sleppa fram.

Dramatiske krigshistorier

Ryktet om at Hitler var død i juli 1944 førte til at livet til den sovjetiske krigsfangen Ivan Vasiljevitsj Roditsjevenda enda på Herdla. Eit døme på at storpolitikk kan endra eit enkelt menneskeliv, og tragedien kan røra oss fleire generasjonar seinare.

Minnestein ved Herdla kirke

GRAVING OM EI GRAV: Ein mann ringde NRK om gravsteinen på Herdla han alltid hadde undra seg over. Det førte til ei spennande historie som fekk svært mange lesarar.

Foto: Asle Hella / NRK

Journalist Asle Hella fekk tips frå ein godt vaksen mann som vaks opp på Herdla. Mannen fortalde at han alltid hadde lurt på kva som var historia bak ein gravstein han hadde visst om sidan han var born.

– Han kontakta NRK med eit enkelt spørsmål han undra seg over, og det vart ein artikkel som engasjerte svært mange. Det er veldig kjekt når slikt skjer, seier Hella.

– Herdla museum fortalde meg etterpå at artikkelen fekk fram ting om krigshistoria i bygda deira som ikkje ein gong dei visste om.

Historia om krigsfangane på Herdla, og Ivan spesielt, vart blant dei aller mest populære nettartiklane våre i fjor.

Conrad Mohr i Little Norway

HELTEN: Historia om krigsflygaren Conrad Mohr vart den mest populære i serien «Luftkrig og kjærleik».

Det vart også radio- og nettserien «Luftkrig og kjærleik», om lagnaden til tre krigsheltar dei færraste i Noreg hadde høyrt om.

Aller mest lesen vart historia om krigsflygaren Conrad Mohr. Han førte 45 nordmenn halve jorda rundt, slik at dei kunne kjempa mot nazistane. Sjølv kom han aldri tilbake.

Han omkom då han styrta under ei spektakulær flyoppvising i Toronto.

Mikal Olsen Lerøen i Manila

MISTA FAREN: Mikal Olsen Lerøen er både reporter og offer i Brennpunkt-dokumentaren om korleis far hans vart drepen i eit bombeåtak mot tankskipet han var sjømann på i Persiabukta.

Foto: Anders Hereid

Nokre gonger er det ikkje stor forskjell på journalist og menneske. I ei personleg reise i si eiga såre historie rulla journalist Mikal Olsen Lerøen i NRK Hordaland opp kva som skjedde då hans eigen far døydde i krigssona i Persiabukta i 1987.

Faren var sjømann på eit norsk skip som vart bomba i krigen mellom Irak og Iran. Han og over tusen andre norske sjøfolk vart rakett- og bombemål medan dei frakta olje og høgeksplosiv bensin.

Med eit engasjerande forteljargrep er altså sonen til den omkomne både reporter og offer i saka.

… og einskildlagnadar i 2017

Også dramatiske notidshistorier om enkeltpersonar engasjerer lyttarane, sjåarane og lesarane våre sterkt.

Mann ville bli skutt av politiet i Bergen

SKOTEN: Her stod «Arne» då han med vilje blei skoten av politiet natt til 6. juni. – Eg høyrde skotet og kjente det gjorde «jækla» vondt i foten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

To døme viser at sjølv om me må anonymisera dei det gjeld, kan dei sterke historiene deira røra publikum.

Mor til den sakna ventar

KRITISK: Mora skulda Bergen kommune for omsorgssvikt. Den utviklingshemma dottera hennar vart sprøytemisbrukar etter at dei flytta henne til eit mindre bemanna bufellesskap.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Me fortalde om mannen som prøvde å avslutta livet ved å bli drepen av politiet. Det sette fokus på noko som er vanleg i USA, men skyteepisoden på Møhlenpris i Bergen var eit uvanleg norsk døme.

Me fortalde om den unge utviklingshemma kvinna som hamna i eit hardt narkomiljø etter at Bergen kommune flytta henne til eit bufellesskap med mindre tett oppfølging.

E: TV-SUKSESSAR

Eides språksjov

LÅTT OG LØYE: Linda Eide hyllar og tullar med det norske språket. Her er Irene Kinduna frå Kongo gjest i Eides språksjov.

Foto: Marit Hommedal

Språksjov

Tidleg i 2017 var Linda Eide tilbake på tv-skjermen, for å hylla og tulla med språket vårt.

NRK har eit hårete mål om å vera «i verdsklasse». Ein smålåten vossing som Linda kan strekka seg til å påstå at Eides språksjov er «det einaste snakkesjovet i sitt slag i Nord-Europa».

Saman med språkprofessor Gunstein Akselberg og kapellmeister Sjur Hjeltnes driv ho folkeopplysning på NRK1 i beste sendetid, i sitt eigenutvikla program fylt med fakta, humor, kunnskap og sjølvironi.

Der fortalde ho til dømes kva «trump» betyr på nynorsk.

Språksjovet vart usedvanleg godt motteke hjå publikum. Totalt såg mellom 500.000 og 800.000 kvart program. Og rundt 300 e-postar frå eit begeistra publikum per program er oppsiktsvekkande mange.

Sommartoget

NRKs sommartog rulla gjennom landet i åtte veker. 118 kommunar i 17 fylke fekk besøk. På 172 stasjonar vart det ein folkefest som sette spor. Redaktøren i Bø Blad skildrar suksessen slik:

«Det NRK gjer med slike sendingar er å sy saman ein nasjon. Nesten kvar ein krik og krok blir presentert på ulikt vis, og publikum undrar seg over kor mange dalar og skogkratt, holmar og skjær der det bur nordmenn. I lengda blir ein rett og slett ikkje berre stolt av eigen plass som kjem på tv, men heile Noreg. Ein blir stolt av landet sitt og mangfaldet, og da har rikskringkastinga gjort ein god jobb».

Sommertoget ankom Sira

FULLT PÅ PERRONGEN: Det var folksamt både på Sira stasjon og dei andre stoppestadane for Sommartoget 2017.

Foto: Lars Eie / NRK

– Me møtte mange tusen lisensbetalarar andlet til andlet. Det er gode og viktige opplevingar for oss som er avhengig av tillit og engasjement frå publikum, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

  • Sjå heile reiseruta for Sommartoget 2017 her.

Symesterskapet

Då NRK Hordaland skulle laga tredje sesong av denne programserien, tok me for aller første gong sjølv jobben med å velja ut deltakarane. Vanlegvis gjer andre selskap såkalla casting for NRK.

Brage Lyse

SY-STRESS: Brage Lyse var ein av dei som kjempa i Symeisterskapen, sesong 3.

Foto: Marit Hommedal

Etter å ha vurdert hundrevis av søkarar, enda me opp med ti fantastisk dyktige og spennande syarar – frå bestemor og homofil politiadvokat til mattelærar og student med helseplager. Seks av dei ti var frå Vestlandet. På slutten av castinga måtte me nærast kvotera inn eit par austlendingar.

Denne gongen let me tv-deltakarane sjølv overta Instagram-kontoen til symeisterskapen, og arrangerte ein eigen «insta-symeisterskap».

Norge Rundt framskundar helga

For mange er det ikkje skikkeleg helg før fredagskvelden kjem med Norge Rundt – gode, glade historier om kvardagsfolk og lidenskap. Men viss du vil framskunda helgekjensla, kan du no sjå programmet allereie tidleg på fredagen.

Det mest tradisjonsrike programmet på NRK1 er no meir synleg på dei digitale plattformene. I nettspelaren vår NRK TV kan du sjå dagens sending på førehand når det måtte passa, anten på PC, TV eller mobil.

På tv.nrk.no finn du dessutan alle sendingane heilt frå 1976 og fram til den ferskaste.

Du kan også finna reportasjar om naboen din, tanta di eller heimstaden din i Norge Rundt-kartet: nrk.no/norgerundt.

Og på Facebook publiserer Norge Rundt historier frå eit stort arsenal av samlarar, dyr og entusiastar.

Dronning uten land

KLIMAFILM: Lagnaden til ein isbjørnfamilie medan isen i Arktis smeltar er vakkert og rørande fortalt i filmen «Dronning uten land» av fotograf Asgeir Helgestad.

Foto: Asgeir Helgestad

«Dronning uten land»

Det fantastiske landskapet på Svalbard har aldri blitt filma så vakkert som i denne naturdokumentaren. Fotografen Asgeir Helgestad har i fire år følgd isbjørnbinna Frost i dette magiske øyriket.

Det var ein iskald jobb, men Asgeir er redd det ikkje har vore kaldt nok, for verda til Frost er i ferd med å smelta under potane hennar som følge av global oppvarming.

Har beverfamilien rett til privatliv?

Korleis har beverparet det heime? Er dei kjærlege eller kranglete, og deltek begge i oppdraging og husarbeid?

Det er slike ting beverforskar Frank Rosell prøvar å finna svar på. I serien «Vill viten» hausten 2017 jakta han og andre naturforskarar på løyndommane til dei ekstremt skye, ville dyra i vanskeleg tilgjengelege leveområde i Noreg.

Då må både forskarane og NRKs naturredaksjon vera uthaldande og kreative, og ta i bruk nye metodar og ny teknologi.

Å oppleva privatlivet til beverane gjennom eit kamera inne i ei beverhytte hadde aldri vore gjort før med vill europeisk bever. Kamera og mykje anna teknisk utstyr vart plassert i avkappa avløpsrøyr ført inn i hytta. Dermed fekk tv-sjåarane «snoka» i privatlivet til beveren.

Men det er utfordrande å spionera i eit soverom der bebuarane stadig bygger om og vatnet brått stig når elva fløymer …

F: EVALUERING

Presseetikk, omdømme og truverd

Per Arne Kalbakk

ETIKKSJEFEN: Per Arne Kalbakk er etikkdirektør i NRK.

Foto: NRK

NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk: «Det er viktig for NRK at vi holder en høy presseetisk standard i vårt journalistiske arbeid. Omdømme og troverdighet avhenger over tid av at publikum har tillit til vårt redaksjonelle innhold, og at vi jobber i tråd med pressens etiske retningslinjer.

Siden 2015 har NRK systematisert arbeidet med presseetikk med blant annet årlige etikkseminarer i alle redaksjonelle avdelinger og en egen etikkredaktør som bistår redaksjonene med både konkrete etikkspørsmål og oppfølging av klagesaker. Målet er å øke kunnskap og bevissthet om presseetikk i det daglige redaksjonelle arbeidet. Samtlige distriktskontorer avholdt ett eller flere etikkseminarer i 2017, noen også med deltakere fra andre lokale medier.

I løpet av 2017 ble det sendt inn i alt 37 klager på NRK til Pressens Faglige Utvalg (PFU), som er medienes egen selvdømmeordning. Seks av disse klagene gjennomgikk full behandling i PFU. Her ble NRK felt to ganger for brudd på god presseskikk, mens én sak fikk kritikk av utvalget – i de andre klagesakene kom PFU fram til at NRK ikke hadde brutt god presseskikk. For distriktskontorenes del var det en sak som ble felt for brudd på god presseskikk, mens PFU mente redaksjonen hadde opptrådt kritikkverdig i en annen sak. Begge sakene har blitt gjennomgått for læring i de innklagede redaksjonene.

De siste to årene har det vært færre klager enn tidligere år som får full behandling, og færre klagesaker blir vurdert som brudd på god presseskikk. Dette er en positiv trend som vi gjerne vil opprettholde, og det viktigste for oss er å leve opp til våre tre hovedmål for god presseetisk standard: publikum skal vite at de kan stole på NRKs journalistikk, de som blir utsatt for kritikk og angrep gjennom vår journalistikk skal behandles på en redelig og fair måte, og vi skal legge vekt på å framstille fakta i saker på en saklig, balansert og sannferdig måte».

Me kan bli betre

Kva av det NRK Hordaland gjorde i 2017 er me ikkje stolte av?

Distriktsredaktør Dyveke Buanes seier 2017 var eit krevjande år, særleg det siste halvåret, med å dekka både stortingsvalet og sykkel-VM, og førebu og gjennomføra flyttinga til Media City Bergen.

– I etterkant ser me at vi gjerne skulle sett av litt fleire ressursar og folk til valdekninga, ikkje minst sjølve valkvelden.

Ho viser til at NRK Hordaland sende frå studio på Minde utan publikum til stades, medan andre distriktskontor hadde sending utanfor redaksjonslokala med publikum rundt seg.

– Dette skal me la oss inspirera av ved valet i 2019. Me gler oss ikkje minst til å utnytta lokala i MCB. Både valkampdekninga og valsendingane til NRK Hordaland skal bli betre, lovar ho.

Distriktsredaktøren meiner også at den etniske balansen bør bli betre i NRK Hordaland.

– Me har ein del å gå på i høve til menneske med framandkulturell bakgrunn, både når det gjeld tilsette og intervjuobjekt. Dette vil me prøva å gjera noko med i året som kjem.

Som resten av NRK har me ei utfordring med å nå dei yngre. Særleg på TV har me eit aldrande publikum, på radio er trenden den same. Også her må me bli betre når det gjeld val av tematikk og kjelder.

Nyheitsstrategien til NRK er «Først – med heile biletet». NRK Hordaland har dei seinare åra lukkast godt med å vera kjapt ute med nyheiter. Me har også fleire gode døme på at me klarar den andre delen av oppdraget, å gi heile biletet. Likevel har me som mål å bli endå betre på den grundige journalistikken. Dette har me ekstra stort fokus på i året som kjem.

Distriktsprogramrådet for NRK Hordaland handsama ingen viktige prinsipielle saker eller konkrete klager i dei to møta rådet hadde i fjor.

Saker frå NRK Hordaland i 2017 vart heller ikkje klaga inn til Pressens Faglege Utval (PFU).

Tabbar i to suksessar

Brennpunkt "Lykkelandet"

IKKJE BEVIS: Seks stillbilete i dokumentaren hadde folk i det kriminelle nettverket plukka på internett. NRK Brennpunkt beklaga å ha brukt fotografia som biletbevis på rikdommen i det rumenske miljøet i Bergen.

Foto: Skjermdump

Nokre dagar etter at dokumentaren «Lykkelandet» om tigging og organisert kriminalitet var sendt, oppdaga ein vaken sjåar at nokre av stillbileta i programmet ikkje var biletbevis på at folk i nettverket hadde store mengder kontantar.

Seks fotografi som dei omtalte personane hadde lagt ut på Facebook, hadde dei ikkje tatt sjølve. Til dømes var bileta av eit kjøleskap og ein koffert full av pengesetlar i realiteten fleire år gamle fotografi som dei hadde plukka frå nettet.

– Me burde ha sjekka opphavet til desse bileta. Det beklagar me, sa Brennpunkt-redaktør Odd Isungset, og la seg flat for kritikken mot dårleg kjeldekritikk.

Han sa likevel at feilen ikkje endra hovudinntrykket i programmet.

Den same dagen som dokumentaren «Pappas siste reis» skulle sendast, fekk redaksjonen beskjed om at dei igjen hadde gjort ein tabbe.

Skjermdump fra Brennpunkt: "Pappas siste reis"

FEIL MANN: Då NRK prøvde å få tilsvar frå skipsreiar Johan Reksten, kom reporteren til sonen med same namn og adresse. Reksten-familien oppklarte ikkje misforståinga før same dagen programmet skulle sendast.

Foto: Skjermdump NRK

I dokumentaren kjem det fram skuldingar mot skipsreiar Johan Reksten. Men der det i programmet ser ut som at reporteren ringer Reksten for å få hans kommentarar, ringde dei i realiteten til feil mann.

– Dessverre viste dette seg å vera telefonsvararen til sonen, som har same namn og adresse som far sin, beklaga Isungset.

Heller ikkje desse to sakene vart klaga inn for PFU.

Prisar om klima, asylmottak og for nynorsk

Tre tilsette i NRK Hordaland vart heidra med prisar i året som gjekk. Me er stolte over – og gratulerer – prisvinnarane våre i 2017!

Fayruz Sado og Ole-André Lagmandokk

SØLVPARAPLY: Fotograf Ole-Andre Lagmandokk og journalist Fayruz Sado vart heidra for episode 9 i serien «Mottaket».

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Astrid Rommetveit, som jobbar med vêr- og klimatema i yr.no, fekk det europeiske meteorologiske samfunnet (EMS) sin journalistpris.

Astrid Rommetveit og Sven-Inge Johansen

SER MOT SKYENE: Klimajournalist Astrid Rommetveit har blikket retta mot himmelen, men vart i fjor heidra for å dra vanskelege tema ned på jorda.

Foto: Martin Torstveit / NRK

«Ho vier seg til det å fortelja viktige historier til eit breitt publikum, og å gjera komplekse tema tilgjengelege, relevante og forståelege for lesarane,» skreiv juryen.

– Eg vil visa det store biletet ved å fortelja «små» historier – ofte ved å fokusera på enkeltpersonar, seier Rommetveit.

Ho fekk prisen for tre større nettartiklar. To av dei laga ho i 2017:

Familien foran Narvesen

MØTET: «Familiegjenforeining» er eit sentralt ord i norsk asyldebatt. Omgrepet fekk eit konkret innhald for dei som såg den rørande augneblinken då Mohamed og faren fekk resten av familien til Noreg frå Syria.

Foto: Fayruz Sado / NRK

Under Bergen Journalistlag si kåring «Gullparaplyen 2017», fekk den niande episoden av NRK Hordalands «Mottaket» sølvparaply for beste video. Serien er laga av fotograf Ole-Andre Lagmandokk og journalist Fayruz Sado.

Episoden handlar om Lazkeen og sonen Mohamed frå Syria, som har vore i Noreg utan familien i over eitt år.

«Gjennom stilsikre bildekomposisjonar følger vi en syrisk far og hans sønn gjennom en usikker ventetid, og fram til gjenforeningen med resten av familien. Historien engasjerer sterkt, den er fortalt med ærlighet og varme, og er vakkert klippet sammen,» heitte det i grunngjevinga frå juryen.

Sølve Rydland

NYNORSK HEIDER: Sølve Rydland fekk Alf Helleviks mediemålpris for 2017.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Alf Helleviks mediemålpris for 2017 vart tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland. Prisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrka eit normalisert nynorsk talemål.

«Rydland er ein god og allsidig journalist. Nynorsken er stødig i alle situasjonar, og han er eit godt språkleg forbilde for kollegaer og lyttarar,» skreiv Det Norske Samlaget, som deler ut prisen.

G: POSTLUDIUM

Tre punktum

Frank Aarebrot

BAUTA: Frank Aarebrot var ein svært viktig mann for den offentlege samtalen i Noreg. Han døydde 9. september 2017.

Foto: Åge Algerøy / NRK

I året som gjekk vart det sett endeleg punktum for tre institusjonar som har vore svært viktige for NRK Hordaland.

21. juni vart NRK Hordaland sine radiosendingar på FM fjerna, som ein del av den landsomfattande omlegginga frå FM til DAB.

Frank Aarebrot avgir sin siste stemmeseddel

GAV SI STEMME: Frank Aarebrot fekk levera sin siste stemmesetel medan han låg på Haukeland universitetssjukehus. To dagar før stortingsvalet 2017 stilna stemma hans for godt.

Foto: Privat

9. september døydde Frank Aarebrot, to dagar før stortingsvalet. Det var også berre få veker før han skulle gjennomføra sitt livs store føredragsbragd: historia om Europa etter reformasjonen – 500 år på 500 minutt på NRK2 i ein fullsett Grieghallen.

Aarebrot var ein svært populær, kunnskapsrik og dyktig formidlar som har vore svært viktig for demokratiet i Noreg.

For NRK Hordaland, andre medium og alle nordmenn var han ei nærast utømmeleg kjelde til kunnskap, analysar, anekdotar og treffande replikkar.

«Norge i dag» på NRK1 hadde si siste sending 21. desember. Det populære nyheitsprogrammet med vekt på gode reportasjar frå alle distriktskontora i NRK er i 2018 avløyst av programmet «Norge nå», som sender direkte frå ulike stader i landet.

Samstundes var 22. desember den siste dagen Vestlandsrevyen hadde 14 minutts sending klokka 18.45. Etter årsskiftet vart dei regionale tv-sendingane i NRK endra til fire-fem minutts sendingar klokka 18.55, 20.55 og 22.55.

Publikum og politikarar reagerte kraftig, og NRK endra avgjerda etter kort tid i 2018. No er dei tre tv-sendingane totalt sett like lange som før.

Flammande slutt på 2017

På nyttårsaftan 2017 publiserte NRK Hordaland den stemningsfulle videoen med Leif Ove Andsnes og det brennande flygelet. Dermed avslutta me året tankevekkande og poetisk.

Me viste publikummet vårt noko unikt dei nok aldri hadde sett før. Det er det me vil: Gi deg noko du aldri har opplevd, tenkt eller visst.