Hopp til innhold

Kvinna varsla om sjefen. No skal sjefen ta vare på varslaren

Årelange arbeidskonfliktar har resultert i to betente varslarsaker i vesle Jondal kommune. Varslarsaker blir store i små kommunar, meiner varslingsekspertar.

Varsler i Jondal kommune

VARSLAR: Kvinna jobba halvtanna år i Jondal kommune før ho søkte om ulønt permisjon. Mobbing, trakassering og utskjelling er del av varselet. Ho ynskjer å vera anonym med omsyn til framtidig arbeidssøking.

Foto: Mette Anthun / NRK

Det er hausten 2015. Etter mange år i oljebransjen vil kvinna frå Bergen prøva noko nytt.

Med bakgrunn frå fleire store selskap, startar ho i jobben som personalrådgjevar i vesle Jondal kommune i Hardanger. Med knappe 1100 innbyggjarar er kommunen ved inngangen til Folgefonna blant landets femti minste.

Halvtanna år seinare skal to varslingsrapportar visa at fleire langvarige personkonfliktar har gjort arbeidsmiljøet i rådhuskorridorane uforsvarleg.

Varsla om langvarig konflikt

Kort tid etter at personalrådgjevaren byrjar i jobben, får Jondal si første av to varslarsaker. Ein e-post frå ein annan i staben dumpar ned i rådmannen sin innboks.

Mobbing, trakassering, maktmisbruk og mangel på respekt er stikkord i skuldingane mot leiinga.

Kommunehuset Jondal

KOMMUNEHUSET: 120 kommunale årsverk ligg alle til rådhuset i Jondal sentrum. To varslarsaker har sitt utspring frå kommunehuset.

Foto: Mette Anthun / NRK

På dette tidspunktet har arbeidsmiljøet i fjordkommunen vore dårleg i fleire år, og politikarane har allereie etterlyst tiltak for å gjera noko med det høge sjukefråværet. Varslaren melder frå om episodar som har gått føre seg over fleire år. Kommunen har ikkje hatt på plass rutinar for varslingssaker, noko dei er pålagde for intern varsling ved kritikkverdige forhold.

Saka viser seg vanskeleg å handtera, for varselet om mobbing og sjikane er retta mot toppleiinga – rådmannen sjølv.

– Fekk magesår etter mobbing

Våren 2016 eskalerer saka.

Den nye personalrådgjevaren i Jondal kommune har stått i jobben i litt over eit halvår. Ho har vore i høglydte ordvekslingar med andre tilsette i administrasjonen. Rådgjevaren meiner at reglar og lovverk blir sett til side, at rutinar for anbod ikkje blir fylgd og at rådmannen misbruker styringsretten til å delegera staben sin slik ho vil.

Den nytilsette vil «rydda opp» i det ho kallar ein uheldig praksis. Manglande sillingsinstruksar banar veg for misforståingar og gjer arbeidsansvaret mellom dei tilsette uklart. Konfliktane eskalerer. Kommunen maktar ikkje løysa striden.

Våren 2016 sender personalrådgjevaren sjølv eit varsel om kritikkverdige forhold.

Varselet går rett til Arbeidstilsynet. Kommunen sitt hovudverneombod og hovudtillitsvald stiller seg bak dei to varslarane.

– Utfrysing, mobbing og trakassering over lang tid gjorde at eg fekk angst, magesår og søvnproblem. Til slutt sa også legen stopp, seier varslaren.

Jondal

Arbeidstilsynet: – Mange pålegg

Tilsynet av kommunen på seinsommaren 2016 resulterer i seks pålegg.

Manglande openheit, uklar ansvarsfordeling, låg takhøgd for kritikk og manglande oppfølging av konfliktsaker er noko av kritikken i tilsynsmeldingane.

– Samla sett er dette mange pålegg, seier tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Vestlandet, Marita Scott.

Dårleg samarbeid, uklare arbeidsoppgåver og frykt for irettesetting og gjengjelding har skapa eit usikkert arbeidsmiljø og høgt sjukefråvær, konkluderer Arbeidstilsynet.

– Dette har gått føre seg over lang tid. Det har fått konsekvensar for arbeidsmiljøet og påverka det sterkt, seier Scott.

Marita Scott

STØRRE RISIKO: Mindre formell kommunikasjon aukar sjansen for konfliktar i små kommunar, meiner tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Mindre kommunar sårbare

Lågare grad av formell informasjonsstraum kan gje auka risiko for at roller blir blanda saman og at ansvar kan opplevast uklart, meiner tilsynsleiaren.

– Dette kan gje grobotn for misforståingar, uklare forventingar og aukar risikoen for konfliktar.

Scott meiner mindre verksemder, som mindre kommunar, difor ofte er meir sårbare når det oppstår arbeidskonfliktar.

– Når verksemder har få tilsette vil konfliktar ha konsekvensar for heile arbeidsmiljøet. Konfliktar som går føre seg over tid kan utvikla seg til å bli personlege og det kan vera vanskeleg å sjå for seg at motpartane arbeider saman.

Scott får støtte frå advokat Birthe Eriksen. Den tidlegare NHH-forskaren har skrive doktorgrad om varsling.

– Det er viktig å erkjenna at varslingsproblematikken er kompleks, kanskje spesielt i små kommunar med avgrensa kompetanse og ressursar, seier Eriksen.

Birthe Eriksen

KOMPLEKS: Advokat og varslarsekspert Birthe Eriksen meiner varslingsproblematikken er spesielt utfordrande i små organisasjonar med avgrensa kompetanse og ressursar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Rapport: – Uforsvarleg arbeidsmiljø

Tilsynet i Jondal kravde at kommunen hyra inn ekstern hjelp for å undersøka dei to varslarsakene.

I ein granskingsrapport konkluderer advokatfirmaet Storeng, Beck & Due Lund med at Jondal kommune har brote arbeidsmiljølova og at det psykososiale arbeidsmiljøet er uforsvarleg.

Men selskapet slår fast at leiarane ikkje har mobba eller trakassert varslarane.

Det har ordførar Jon Larsgard (Sp) opplyst til Hordaland Folkeblad.

Etter det NRK kjenner til har selskapet òg konkludert med at den øvste leiinga har utøvd upassande oppførsel over tid, og at politikarane må vurdera om rådmannen har den tilliten som trengst for å gjenoppretta eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Begge varsla er generelle og utan døme på konkrete kritikkverdige hendingar. Det gjer at spørsmålet om mobbing og trakassering står påstand mot påstand.

Typisk for varslarsaker, meiner advokat Eriksen.

– Ein granskingsrapport er ingen dom, sjølv om den ofte blir tildelt stor verdi.

– Kommunar manglar kjennskap

Arbeidskonfliktar som den i Jondal er ikkje uvanlege. Tal frå SSB si levekårsundersøking for 2013 viser at 31 prosent av alle tilsette i norske bedrifter opplevde å ha eit dårleg forhold til leiinga. Sju prosent var i konflikt med kollegaer.

Stig Berge Matthiesen

MINDRE KOMMUNAR UTSETT: Professor Stig Berge Matthiesen sit i regjeringa sitt varslingsutval. Han seier små kommunar i storgrad manglar rutinar for handtering av varslarsaker.

Foto: Truls Løtvedt

Stig Berge Matthiesen har skrive doktorgrad om mobbing på arbeidsplassen og sit i regjeringa sitt varslarutval. Han peikar på at konfliktar gjerne blir ekstra vanskelege i små kommunar.

– Når alle kjenner alle og det er nære relasjonar, blir fallhøgda stor når ein først varslar. Spesielt kan det gjera situasjonen meir intens når folk utanfrå kjem inn utan å kjenna kulturen. Ei vanleg oppfatning er at ein tek person i staden for ball, seier BI-professor Matthiesen.

Universitetsprofessoren meiner mange norske kommunar framleis har for dårleg kjennskap til varslarparagrafen ti år etter at han vart oppretta.

I særleg grad manglar mindre kommunar rutinar for korleis ein skal handtera situasjonen når den først oppstår, spesielt når varselet er retta mot toppleiinga.

– Då må ein løfta ansvaret eit hakk vidare – til kommunestyret. Varsling er uansett eit signal om at noko bør sjekkast. Det ligg ei moralsk forplikting i å ta grep.

Jon Larsgard, ordfører Jondal kommune

ORDFØRAR: Jon Larsgard (Sp) seier varslarsakene har prega kommunen over tid. Han håpar arbeidsgruppa no får tid og arbeidsro til å handtera varslarsakene.

Foto: Mette Anthun / NRK

Ordførar: – Ingen kommentar

Rådmannen i Jondal avviser personkritikken. Ho ynskjer ikkje kommentera saka og viser til Jondal-ordførar Jon Larsgard (Sp).

Ordføraren har sett ned ei arbeidsgruppe av politikarar som skal vurdera innhaldet i granskingsrapporten og vurdera kva tiltak kommunen vil gjera.

– Me har hatt to varslarsaker. Dei har for så vidt vore alvorlege, men mykje har vore udokumentert.

Av omsyn til teieplikta og personvernet ynskjer ikkje Larsgard kommentera arbeidet til arbeidsgruppa.

Han ynskjer heller ikkje svara på om han, som den øvste politiske leiaren, har handtert varslarsaka som i begge fall dreier seg om rådmannen.

Til NRK opplyser han at det er rådmannen, ikkje den politiske leiinga, som har ansvaret for følgja opp varslarar.

Rådmann tek hand om varslar

Det betyr at det i Jondal er rådmannen som har det øvste ansvaret for varslarsakene som omhandlar rådmannen sjølv.

Varslaren NRK har snakka med reagerer på at det framleis er administrasjonen som har ansvar for å følgja henne opp.

Det meiner varslingsekspertane er feil.

– Når rådmannen er part i det, bør saka bli løfta opp eitt nivå. Det er veldig uheldig at part i konflikt også skal ta grep for å bestilla konflikthandtering, meiner Berge Matthiesen.

Han får støtte frå advokat Eriksen, som meiner situasjonen i Jondal synleggjer eit utbreidd problem.

– Svakheiter i systemet blir synleggjort når det er den øvste administrative leiaren det blir varsla mot, og dette er den same personen som har fått tildelt ansvaret for å handsame varslar og ta vare på varslaren.

I slike tilfelle må ein gjera tiltak for å unngå ein habilitets- og interessekonflikt. Eitt tiltak kan vera å flytta ansvaret av handteringa ut av kommunen, meiner varslingseksperten.

Det har kommunen gjort. Men kontrakten med det eksterne advokatselskapet vart signert om lag 15 månader etter den første varslinga kom.

Dette var ikkje tilfelle i ein tidleg fase i Jondal. Kva tenkjer du om det?

– No veit me vel at kommunen ikkje hadde på plass interne regelverk for handtering av varsling på tidspunktet denne saka fann stad. Mange organisasjonar må gjera ei slik erfaring før ein grip fatt i dette arbeidet.

– Ikkje i samsvar med det ideelle

Larsgard seier han på generelt grunnlag er samd med ekspertane, men seier det er moment i saka i Jondal som gjer at ting er som dei er.

– Ingen saker er like. I røynda er ikkje sakene heilt i samsvar med det ein ideelt kunne sjå for seg. Eg har ikkje lyst å kommentera kva som har skjedd i denne saka, seier Larsgard.

Jondal kommune fekk først i fjor haust på plass eit varslingsreglement. Trass i at arbeidsmiljølova krev at kommunar har eit slikt dokumentet, var ikkje dette på plass då det dukka opp ein varslar i 2015.

Mange kommunar manglar i dag slike rutinar for varsling. KS er i ferd med å gå gjennom regelverket blant norske kommunar for å sjå til at det er på plass.

– Det reduserer risikoen for gjengjelding og trenering av behandlinga av varselet, meiner Eriksen.

Sigbjørn Linga

MANGLANDE LEIING: Avisredaktør Sigbjørn Linga meiner dei to varslingssakene syner prov på ei lite handlekraftig politisk leiing. – Saka er blitt ei suppe, seier redaktøren i Hordaland Folkeblad.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Lokalavis: – Saka er eit vepsebol

Avisa Hordaland Folkeblad har dekt konflikten i Jondal tett. Redaktør Sigbjørn Linga omtalar konflikten som ein mørk skugge som har fått henga over kommunen alt for lenge.

– Konflikten har vart i mange år før varslarsakene kom og er dels handlingslammande. Han overskuggar mykje av den politiske aktiviteten og pregar folk elles, seier Linga.

Redaktøren meiner kommunen burde klart å rydda opp i saka langt tidlegare. Men habilitetsvurderingar, interessekonfliktar og nære relasjonar gjer handteringa av ei så omfattande varslarsak vanskeleg i eit samfunn som Jondal, meiner han.

– I ein situasjon som denne krevst ei tydeleg og handlekraftig politisk leiing for å rydda opp raskt og gje dei tilsette ro og ein leveleg arbeidskvardag. Både tidlegare konfliktar og varslarsakene gjer det nokså openlyst at det ikkje har vore tilfellet i Jondal.

Avisa har konsekvent valt å ikkje omtala detaljar i konflikten. Nettopp fordi dei små forholda i kommunen gjer avstandane mellom samfunnsaktørane svært små.

– Når alt er så smått blir det fort ei suppe. Eg føler det ville vera å stikka neven inn i eit vepsebol, kanskje med opptil fleire dronningar.

Jondal rådhus

VENTAR: Ordførar Larsgard leiar arbeidsgruppa som skal vurdera granskingsrapporten og varslingssakene. Dei ventar å koma med ei politisk vurdering i løpet av nokre veker.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Varslaren: – Utsett for gjengjelding

I ei undersøkinga gjort av forskingsstiftinga Fafo i 2016 kjem det fram at kvar fjerde arbeidstakar som varslar blir møtt med sanksjonar. Det er høgare enn målingar stiftinga gjorde i 2010.

Personalrådgjevaren i Jondal meiner ho blei utsett for fleire tilfelle av gjengjelding i tida etter at ho varsla. Granskingsrapporten skal ikkje ha funne prov på at det har skjedd.

Med heimel i lova har varslarar krav på oppfølging og vern. Ifølgje varslingsadvokten er det som regel svært vanskeleg å dokumentera påstanden om gjengjelding.

– Det er lett å dokumentera om nokon har fått skriftleg varsel om oppseiing, men å dokumentera at du til dømes blir sakte, men sikkert støtt ut og forbigått, er vanskeleg, meiner Eriksen.

I dag slit varslaren framleis med plager. Ho ser på det som umogleg å gå tilbake til arbeidsplassen med mindre det skjer endringar.

– Det siste året har vore utruleg tøft. Eg har enno store problem med å koma tilbake til kvardagen.