NRK Meny
Normal

116.000 «bortkasta» stemmer til MDG og Raudt

Sperregrensa gjer at nesten 170.000 stemmer ikkje fekk nokon påverknad på Stortinget. Verst var det for veljarane til Raudt og MDG. No skal valordninga evaluerast.

Skuffet Arild Hermstad under 2017-valgvake

SKUFFA: Førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, Arild Hermstad, fekk ikkje plass på Stortinget. Partiet kom under sperregrensa på landsbasis, og dei 46.000 stemmene som ikkje kom frå Oslo vart i praksis bortkasta. Her frå MDG sitt valvake på Lille Ole Bull i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Val

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt kom begge under sperregrensa i måndagens val, og fekk berre ein stortingsrepresentant kvar – begge frå Oslo.

116.000 stemmer utanfor Oslo til dei to partia gav dei ingen fleire representantar på Stortinget.

Totalt har om lag 169.000 stemmer til parti under sperregrensa i praksis ikkje fått nokon betydning for samansetjinga av Stortinget.

– Desse stemmene er det ein kan kalla bortkasta stemmer, i den grad ein kan snakka om det. For det er berre dei i Oslo som har stemt på Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt som har fått utteljing for sine stemmer, seier NRK Hordalands valkommentator Sølve Rydland.

Den avgjerande grensa

I Oslo fekk Raudt nesten 23.000 stemmer (6,3%) og MDG om lag 21.500 stemmer (5,9%).

I resten av landet utanom stemmene i Oslo fekk Raudt 46.000 stemmer og MDG 70.000 stemmer, til saman 116.000 stemmer. Ingen av desse førte til fleire stortingsrepresentantar frå dei to partia.

Bjørnar Moxnes

INNE: Bjørnar Moxnes er den einaste representanten frå Raudt som har fått plass på Stortinget.

Foto: Oslo kommune/Sturlason

– Det vert likevel feil å kalle desse for bortkasta stemmer. Det som kanskje ville vore meir bortkasta var å stemme på dei veldig små partia, som i praksis ikkje kan nå fram, seier valforskar Terje Knutsen ved Universitetet i Bergen.

Nedanfor kan du sjå ei oversikt over alle partia som hamna under sperregrensa. For å sjå kor mange stemmer kvart parti fekk, trykk på «vis alle stemmer» nedst.

Partier under sperregrensen

Alle partiene som havnet under sperregrensen i Stortingsvalget 2017

Rødt

2.4
1.3 prosentpoeng opp fra 2013
68986 stemmer

Miljøpartiet De Grønne

3.2
0.4 prosentpoeng opp fra 2013
91559 stemmer

Alliansen

0.1
0.1 prosentpoeng opp fra 2013
3261 stemmer

Helsepartiet

0.4
0.4 prosentpoeng opp fra 2013
10207 stemmer

Liberalistene

0.2
0.2 prosentpoeng opp fra 2013
5479 stemmer

Samfunnspartiet

0.0
Ingen endring siden 2013
104 stemmer

Norges Kommunistiske Parti

0.0
Ingen endring siden 2013
305 stemmer

Demokratene i Norge

0.1
0.1 prosentpoeng opp fra 2013
3794 stemmer

De Kristne

0.3
0.3 prosentpoeng ned fra 2013
8590 stemmer

Kystpartiet

0.1
Ingen endring siden 2013
2422 stemmer

Piratpartiet

0.1
0.2 prosentpoeng ned fra 2013
3284 stemmer

Pensjonistpartiet

0.4
Ingen endring siden 2013
12806 stemmer

Blanke stemmer

0.6
0.2 prosentpoeng opp fra 2013
17793 stemmer

Feministisk Initiativ

0.0
Ingen endring siden 2013
684 stemmer

Nordmørslista

0.1
0.1 prosentpoeng opp fra 2013
2127 stemmer

Norgespartiet

0.0
Ingen endring siden 2013
151 stemmer

Verdipartiet

0.0
Ingen endring siden 2013
142 stemmer

Nordting

0.0
Ingen endring siden 2013
58 stemmer
KILDE: Valgdirektoratet

Utan utteljing i Hordaland

I Hordaland fekk MDG over 10.000 stemmer (3,4 %) og Raudt over 6000 (2,1 %).

Men begge partia kom under sperregrensa på landsbasis, og førstekandidatane Arild Hermstad (MDG) og Jeanette Syversen (Raudt) fekk ikkje plass på Stortinget.

– Sperregrensa er ei av forklaringane på at venstresida ikkje vinn dette valet. Ein del stemde nok Raudt fordi dei meinte Arbeidarpartiet har gått for langt til høgre. Det at Ap ikkje klarte å demma opp for lekkasje mot MDG og Raudt, er nok med og forklara kvifor dei ikkje fekk betre oppslutnad i dette valet, seier Rydland.

– Det er ikkje bortkasta å stemme, sjølv om partiet ein stemmer på ikkje når sperregrensa, seier Knutsen.

Valforskaren meiner MDG og Raudt isolert sett har gjort eit godt val.

– Vi vil nok høyre mykje frå stortingskandidatane Une Aina Bastholm og Bjørnar Moxnes dei neste fire åra.

Une Aina Bastholm på Bodø Jernbanestasjon

KUNNE BLITT MANGEDOBLA: Une Aina Bastholm blir Miljøpartiet Dei Grøne sin einaste stortingskandidat. Utan sperregrensa kunne MDG og Raudt fått langt fleire plassar på Stortinget.

Foto: Martin Steinholt / NRK

Utgreier ny vallov

Utan sperregrense eller andre fordelingsnøklar kunne årets stortingsval enda med til saman ni mandat til Raudt og MDG.

No skal eit regjeringsoppnemnt utval vurdere sperregrensa, skriv Dagsavisen.

– Eg oppfattar mandatet slik at vi har frie tyglar til å sjå på alt. Det er veldig mange kryssande omsyn å ta, men eg ser ikkje bort frå at sperregrensa også er noko vi må sjå på, seier lagdommar Ørnulf Røhnebæk, som leiar utvalet, til avisa.

MDG-politikar og journalist Øyvind Strømmen frå Hordaland er medlem av vallovutvalet.

– Vi bør diskutera ting som kan gi skeive utslag – som sperregrensa og distriktsmandatfordelinga. Men sperregrensa har blitt innført for å sørga for styringsdyktigheit, så sjølv om mitt parti er eit offer for ordninga, ser eg at det er eit poeng å ha ho.

Innan utgangen av 2019 skal utvalet legga fram forslag til ny vallov.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.