Håvard Heggen og Arne Stubhaug
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Redaksjonell årsrapport for 2016

Direktesendingar på nett, ekstrasending på radio og NRK Sogn og Fjordane sin viktige posisjon for nynorsken. Her kan du lese korleis vi oppsummerer 2016.

Innleiing

Grethe Gynnild-Johnsen, distriktsredaktør NRK

Grethe Gynnild-Johnsen er Distriktsdirektør NRK.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen

Vi skal lage innhald som er viktig der du bur, og vi skal lage innhald frå heile landet og til heile landet. Då vinn vi også fram i kampen om tida til folk og merksemd på TV, radio, nett og mobil. Kampen om tida til folk er vår viktigaste utfordring. Det krev at vi leverer høg kvalitet.

Norge har eit breitt mangfald av frie og sjølvstendige medium. Jobben er å informere, avdekke og kontrollere. Vi skal beskytte enkeltmenneske mot overgrep. Eit anna fundament i oppdraget til allmennkringkastaren er å styrke norsk språk og kultur samstundes som vi må vere ein innhaldsprodusent og publisist i verdsklasse – i ein stadig heftigare global konkurranse.

Visjonen vår er å levere i verdsklasse frå norsk verkelegheit til alle plattformene i NRK.

I årsrapportane for 2016 legg distriktskontora fram rekneskap for korleis 15 distriktskontor og nesten 950 medarbeidarar i 48 kommunar landet rundt, har arbeidd for å innfri oppdraget til NRK siste året.

Korleis har vi brukt lisensen til beste for publikum? Har vi lykkast? Legg vi framleis grobotn for at NRK skal vere like viktig i framtida som i dag?

For å vite om vi løyser oppdraget godt nok, måler vi omdømme og bruk. Gjennom årsrekneskapen er vi opne om prioriteringane våre og etiske diskusjonar – og ikkje minst kva vi meiner vi ikkje har lykkast med.

NRK Sogn og Fjordane i 2016

2016 har vore året der NRK Sogn og Fjordane har satsa på eigne direktesendingar på nett under store lokale hendingar.

Som kvelden 4. april 2016 då innbyggjarane i Sunnfjord venta spent på resultata av folkerøystingane om kommunesamanslåing.

Dette er ei type hending som tradisjonelt ikkje ville nådd opp som direktesending på TV ein heil kveld. Men med ny teknologi og utviklinga på nett, kan sjølv eit lite distriktskontor som NRK Sogn og Fjordane følgje slike lokale, viktige saker frå minutt til minutt med levande bilete og reaksjonar både på nett-tv og radio.

Når ekstremvêret treffer land, har NRK Sogn og Fjordane tradisjon for å gjennomføre ekstrasendingar på radio. I 2016 var det Tor og Urd som kom på besøk. I januar vart «God ettermiddag Sogn og Fjordane» utvida utover heile kvelden grunna ekstremvêret Tor som var meir kraftfylt enn venta. Programleiar Stein Aase stod i studio i sju timar før ekstremvêret byrja å roe seg.

Bilder av stormen Tor som slår inn over vegen på Nordfjordeid.

SJÅ VIDEO: Tor slår innover vegen på Eid. (FOTO: HARALD KOLSETH)

2016 har også vore året der NRK Sogn og Fjordane har produsert innhald til viktige nasjonale sendeflater.

Olav Stedje, Claudia Scott og Egil Eldøen

JULEGALLA I GRIEGHALLEN: Olav Stedje, Claudia Scott og Egil Eldøen var mellom dei mange artistane frå Vestlandet som var med på konserten.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Som julegalla frå Grieghallen, der artistar frå heile Vestlandet deltok. Programmet vart send om kvelden fyrste juledag på NRK1. Og dokumentaren om nyttårsorkanen som vart sendt nokre kveldar seinare, også på NRK1.

Og «Der ingen skulle tru» som seks søndagskveldar har gitt det norske folk historier om handlekraftige menneske frå utkant-Norge. Og barne-tv-serien «Klart eg kan», som er blitt, ei sterk merkevare i NRK Super.

Men det er også ein del vi ikkje har fått til. Vi må bli betre på gravande journalistikk på saker som går over tid. Fjord1-saka, og særleg sluttfasen av den, er ei sak vi var for dårlege på. Også saka om Sogn Barnevern burde teke tak i etterkant av avsløringane som kom fram i Sogn Avis.

Som resten av NRK har vi ei utfordring med å nå dei yngre. Særleg på TV har vi eit aldrandre publikum, på radio er trenden den same.

For heile verksemda vår er vi for dårlege på å spegle eit kulturelt mangfald. Vi ser for lite til våre nye landsmenn både som kjelder, og i val av tematikk som vedkjem dei.

Dette ser vi også på barne-tv og «Klart eg kan», der ein for liten del av ungane har fleirkulturell bakgrunn.

Ekstrasending og ekstremvêr

Uveret Tor i Bremanger

UVER: Tor herja Sogn og Fjordane på nyåret. Her frå Bremanger,

Foto: Svenn Petter Kjerpset

Fredag 29. januar budde programleiar Stein Aase seg på ei vanleg radiosending i «God Ettermiddag Sogn og Fjordane».

Vanlegvis ville han ynskje lyttarane god helg klokka 17, etter tre timar med sending. Men ikkje denne ettermiddagen. For utover i sendinga vart ekstremvêret Tor berre meir og meir kraftfullt.

Til slutt hadde Aase stått sju timar i studio med nærast nonstop rapportar frå eit uvêr som dundra inn over land. Frå Måløy hadde reporter Asgeir Reksnes fortalt om buene som kom fykande over torget.

På Nordfjordeid hadde reporter Harald Kolseth formidla korleis fjorden stod innover land.

Og frå desken i Førde hadde journalistar vore innom kontinuerleg og fortalt om det siste nye om uvêret, stengde vegar, straumbrot og vêrutviklinga.

NRK-reporter Adalheidur Oldeide rapporterer direkte frå Kråkenes.

VINDFULLT: Reporter Adalheidur Audardottir Oldeide var direkte på NRK1 og på nett-TV frå Kråkenes under uveret i jula.

Også andre juledag, under ekstremvêret Urd, gjennomførte NRK Sogn og Fjordane ekstrasending på radio. Denne gongen i samsending med NRK Hordaland. Dermed stod reporter Oddgeir Øystese på brygga i Bergen og fortalde om vinden der, medan Adalheidur Oldeide tok turen til Kråkenes for å formidle naturkreftene.

Radio er framleis viktig under slike hendingar, men vi ser at behovet for god informasjon på nett og mobil aukar tydeleg år for år. Det viser lesartala våre under slike hendingar. Under desse ekstremvêra hadde vi difor også oppbemanna nettdesken og satsa på rask og løpande nyheitsoppdatering frå heile fylket.

Denne typen dekning er viktige for beredskapen. Det stadfestar fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre: – NRK oppfyller samfunnsrolla si med å få ut viktig informasjon i krisesituasjonar.

Hamre fortel mellom anna om flaumen i Flåm i 2014. Ho var på veg heim i bil frå eit møte og følgde den kaotiske situasjonen via radiosendingane til NRK Sogn og Fjordane, samstundes som beredskapsleiinga gjennomførte møte i fylkesberedskapsrådet per telefon.

– Sendingane gjev nyttig informasjon også til beredskapsetatar, informasjon vi er avhengige av for å handtere til dømes eit ekstremvêr, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad

KOMMUNEREFORMA: Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad var programleiarar under sendingane om kommunereforma.

Foto: Martha Våge

Sendingar om kommunereform

Våren 2016 skulle alle innbyggarane i Sogn og Fjordane seie si meining om kommunereforma. Ein oppheta debatt hadde gått føre seg i lang tid, og politikarane hadde site i tallause forhandlingsmøte med nabokommunane.

Måndag 4. april vart kalla «supermåndag» i kommune-Norge. Mange var spente på resultatet av folkerøystingane.

Ole Andre Rekkedal

STYRTE SENDINGANE: Ole Andre Rekkedal var produsent for dei to sendingane i nett-TV.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

For NRK Sogn og Fjordane var det viktig å få resultata raskt ut til publikum. Vi bestemte oss for å gjere som under valkvelden, sende direkte på nett-tv og samstundes ha ei brei dekning med artiklar på nettsida vår.

Vi rigga opp eit studio i redaksjonen med programleiarane Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle. I tillegg hadde vi reporterar og fotografar i Jølster og Flora.

Denne første «supermåndagen» stod slaget i Sunnfjord, Hyllestad og Solund. Ville dei slå seg saman med naboen, eller hadde dei det best åleine?

Vi gjekk på lufta rett etter Dagsnytt klokka 20 og oppdaterte sjåarane med ferske resultat fortløpande. Vi hadde gjester som kommenterte og analyserte resultata så snart vi fekk dei i hus. Reporterar følgde oppteljingane og formidla glede og vonbrot på direkten. Det var spanande til siste minutt. Først i halv ellevetida kom det overraskande ja-fleirtalet i Jølster.

Sending om kommunereform i Sogn og Fjordane

NETT-TV: Vi hadde team mange stader i Sogn og Fjordane under sendingane.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Måndag 23. mai var det sogningane som gjekk til valurnene for å seie sitt om den omstridde reforma. Også denne kvelden sende vi direkte på nett, frå klokka 20.45.

Sendinga gjekk frå studio i Førde med gjester som kommenterte resultat. Gjennom heile sendinga tok vi inn teama i Vik, Sogndal og Balestrand. Dei var raske til å formidle reaksjonane når tala var klare.

Nett-sendingane om kommunereform var eit stort løft for NRK Sogn og Fjordane. Vi kan ikkje byggje på erfaring med eigne TV-sendingar. Men til gjengjeld har vi ein redaksjon med fleksible og dyktige medarbeidarar som strekkjer seg langt for å gje publikum det beste tilbodet. Begge desse kveldane var så godt som heile redaksjonen i sving.

Dagen etter sendinga frå Sunnfjord, fekk vi skryt frå kommunalminister Jan Tore Sanner. Han hadde følgt med på direktesendinga og meinte det var ei profesjonell og spennande sending å følgje.

Nærmare 8000 personar var innom og såg sendinga i løpet av kvelden. Med tanken på at nett-tv er ganske nytt, er dette gode tal.

Skåla-mannen

VILLMANNEN PÅ SKÅLA: Høgt over oss alle, på mange av Norges tak, lever ein mann eit arbeidsliv ingen andre har.

Nettfeature – XL-saker

NRK Sogn og Fjordane har styrka fokuset på produksjonen av feature-saker, også kalla XL-saker. Dette formatet gir oss gode mogelegheiter til å gå i djupna i dagsaktuelle saker og gje lesarane gode opplevingar til refleksjon eller underhaldning.

I 2016 laga vi 73 XL-saker. Mange av dei vart også publiserte på framsida til nrk.no. 13 av sakene var blant dei 92 mest lesne nettsakene NRK Sogn og Fjordane publiserte i fjor.

Kjell Ove Hauge på veg ut etter pressekonferanse

FANGA AV TOPPIDRETTEN: Historia om friidrettsutøvaren Kjell Ove Hauge var ein av dei mest leste i 2016.

Foto: Lars Aamodt / NTB scanpix

Statistikken viser at dei sterkaste og mest dramatiske, personlege historiene vert mest lest. Den mest leste XL-saka i fjor hadde 170.000 sidevisingar. Neste på lista hadde 160.000 sidevisingar, medan den tredje hadde 134.000 sidevisingar. Felles for alle er at dei fortel sterke, personlege historier.

Vi oppmodar alle medarbeidarane våre om å skrive XL-saker. Dette er og tema i medarbeidarsamtalane, der det vert sett konkrete produksjonsmål. Fleire i redaksjonen har synt interesse for å skrive denne typen saker. Dei mest leste sakene er difor skrivne av ulike reporterar som har synt sterkt engasjement for temaet.

Alle som har ein idé som vi bestemmer oss for å realisere, får den tid som er naudsynt for å løyse saka. Arbeidet skjer i tett kontakt med vaktsjef og mottaksleiar på framsida.

VI ser at tidleg innsal av idé og tett oppfølging av vaktsjef og mottaksleiar er viktige suksessfaktorar for å få lesarar. Å få på saka på framsida på rette tidspunktet er avgjerande for talet på lesarar. I tillegg kan sjølvsagt det generelle nyheitsbiletet påverke lesartalet.

Dei fem mest lesne feature-sakene i 2016:

Laster innhold, vennligst vent..
Presse 2016

FIRE PRESSEPRIAR TIL NRK: Desse fekk prisane for 2016. Frå venstre Bård Siem, Odd Helge Brugrand, Tone Merete Lillesvangstu og Arne Stubhaug.

Foto: NRK

Presseprisar i Sogn og Fjordane

NRK Sogn og Fjordane fekk alle prisane då Sogn og Fjordane journalistlag delte ut fire presseprisar under journalistkonferansen «Hauststormen» i Bergen i haust.

Bård Siem fekk presseprisen for å ha sett eit kritisk søkelys på barnevernet i Naustdal som tok fem born vekk frå foreldra. Tone Merete Lillesvangstu fekk prisen for beste reportasje i forteljinga om det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster.

Fotoprisen gjekk til Odd Helge Brugrand for fotoreportasjen om Villmannen på Skåla. Og fotograf Arne Stubhaug fekk videoprisen for «Klart eg kan»-episoden om Nora som skal til tannlegen.

Sosiale medium

Ein stor del av dei unge og vaksne brukar ulike sosiale medium kvar dag, med Facebook som den store drivkrafta. Sidan den spede starten i 2007, har den sosiale nettstaden no om lag 3,7 millionar norske profilar. Undersøkingar syner at 8 av 10 brukar Facebook kvar dag.

Difor er det heilt naturleg og rett at også NRK Sogn og Fjordane er til stades på Facebook. Gjennom vår side facebook.com/NRKSF deler vi dagleg mykje av journalistikken vår for å nå eit større publikum. Vi har eit mål at vi gjennom denne aktiviteten skal syne breidda i alt det vi driv med, anten det er politisk journalistikk, nyheiter eller opplevingar.

Vi har no i overkant av 25.500 følgjarar på vår Facebook-side, og vi opplever mykje engasjement rundt dei artiklane og videoane vi deler. Den største utfordringa med å bruke Facebook for å nå publikum, er at dei aller fleste ikkje har på lyd når dei er på Facebook. Dermed blir det vanskeleg å nå ut med innhald frå radiosendingane. Nye måtar å løyse dette på blir utprøvd, og vi har eit håp om at endå meir av vårt journalistiske innhald, også frå radio, skal nå ut til stadig fleire.

NRK Sogn og Fjordane har også ein populær konto på Instagram, der vi dagleg deler bilete frå smått og stort som skjer i fylket. Mange vel også å merke bileta sine med vår emneknagg #nrksf. Dermed kan vi syne fram bileta deira på nettsida vår.

Det raskast veksande sosiale mediet blant unge er Snap. Stadig fleire brukar Snap til å kommunisere med tekst, bilete og video. I NRK-familien er det P3 som har markert seg sterkast på Snap, men førebels har ikkje vi ressursar til å gjere det same. Men å markere NRK Sogn og Fjordane som ein seriøs og truverdig medieaktør også der og i andre sosiale medium, er under stadig vurdering. Vi har eit klart mål om å vere der folk er.

Norsk dokumentarserie. Musikkvideo for Klart eg kan.

KLART EG KAN: I 2016 blei det spelt inn ein ny musikkvideo

Born elskar meistring

Når siste episode av «Klart eg kan» sesong 6 vert send i februar 2017, har NRK Sogn og Fjordane laga 75 dokumentarar om born som meistrar. Er borna lei av serien no? Det ser ikkje slik ut. Fleire av episodane har vore høgt oppe på «mest sett-lista» på NRK Super-spelaren.

Viktig for born i heile landet

NRK Super skal vere viktige for alle borna i Norge. «Klart eg kan» med sitt dialekt og kulturmangfald - betyr mykje for at Super skal nå dette målet. Mot og meistring er tema som fenger born, og det er lett å kjenne seg igjen i dei store og små utfordringane medverkande i programmet gjev seg i kast med.

– «Klart eg kan» er eit program som både gjev borna ei stemme og oppmodar til meistring. Ei viktig merkevare for NRK Super, seier redaksjonssjef i NRK Super, Ingrid Hafstad.

Ruth i Klart eg kan

SKAL BÅDE GÅ PÅ SKI OG SKYTE BLINK: Ruth Victoria Halsteinslid (6) frå Eid er med på NM i skifeltskyting og skal treffe blinkar som er 100 meter unna.

Foto: NRK

Fornying av suksessen

I 2016 fekk «Klart eg kan» ny grafikk, ny musikk og det vart laga ny musikkvideo. Særleg å spele inn musikkvideo er eit løft for ein liten redaksjon. Samstundes er det kjekt å gjere noko nytt. Videoen vart spelt inn på Brandsøyåsen i Florø i nydeleg vêr og med glade born.

Meistring som ein del av familien

I løpet av 2016 utvikla NRK Sogn og Fjordane også ein ny serie som heiter «Bli med heim». Den handlar om born som veks opp i ulike familiar. Framleis skal meistring vere den raude tråden, både praktisk og kjenslemessig. Målet med serien er å vise mangfald, auke toleranse for mangfald og vise at utfordringar gjev dei styrke og stoltheit. Piloten handlar om Viktoria frå Austevoll som veks opp i ein familie der mor er blind.

Magne Sylvarnes driv gard på gamlemåten på Sylvarnes i Sogn.

SYLVARNES I VIK: Magne Sylvarnes meiner han var skapt til å driva gard i dei bratte bakkane på heimstaden, men bakkane var ikkje skapte for moderne gardsdrift. Her er det berre hest, løypestreng og sjølvberging som nyttar.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Arve Uglum og Torje Bjellaas

REISER LANDET RUNDT: Arve Uglum og Torje Bjellaas har møtt mange som bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Foto: Privat

Dette var den andre sesongen av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» som er produsert ved NRK Sogn og Fjordane.

Etter ein førstesesong med omfattande endringar i måten programmet vert laga på, var dette året for å la ting sette seg utan dei heilt store endringane. Likevel vart grafikken til programmet endra, mellom anna med ny logo og betra kartløysingar. Slike små betringar vil vi halde fram med kvart år, men dei djuptgåande endringane er vi ferdige med for ei stund.

Opptaka starta 4. januar og vart avslutta innan utgangen av august, og tok oss frå heiene utanfor Kristiansand i sør, til Tanafjorden i Nord.

Mellom dei var vi innom Lysefjorden i Rogaland, Sylvarnes ved Sognefjorden, Bukkestein på Osterøy og Jotka på Finnmarksvidda. Eit stor spenn i så vel geografi som menneske og situasjonane dei lever i.

Vi har klart å halde fast ved visjonen om at programmet skal peike mot framtida til menneska og staden, og litt mindre grad sjå tilbake på alt som har skjedd der før.

Trond Henning Monan

HYTTA I SKOGEN: Trond Henning si hytte ved Homevann i Vest-Agder. Her er han sjølvforsynt med det meste.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Målet har ikkje vore å lage eit misjonerande program med tanke på livsstil, men heller prøve å forklare sjåarane kvifor valet hovudkarakterane våre har gjort er rett for dei. Innan programmet er over, vil vi at sjåaren skal forstå kvifor personane i programmet har valt å leve slik, utan at vi skal prøve å overtale dei til å velje noko liknande.

Etter ein haust med jamn og ryddig redigering og postproduksjon, klarte vi å levere episodane med komfortabel tidsmargin. Første episode hadde premiere 20. november og fekk ei god mottaking. Sjåartala auka gjennom sesongen, og siste episoden 29. desember var den mest sette med 688.000 sjåarar.

Vi har også hatt god oppslutning rundt reprisar og veks oss stadig større på nett-tv, sjølv om lineærtala framleis er klart størst. Slik det er med omtrent alle NRK sine fjernsynsproduksjonar.

På sida av programserien har vi også hatt ei stor satsing på nett og sosiale medium. Dette har gitt blest om programmet, men også bidrege med gjennomarbeidde og vinkla featuresaker til nrk.no til kvar episode.

Ved utgangen av året vart så å seie alle oppgåver i samband med programmet, altså foto, regi, redigering, research, logging og fargekorrigering, utført av tilsette i NRK Sogn og Fjordane.

Ei rekke personar har vore involvert i større eller mindre grad. Men hovudansvaret ligg hjå Arve Uglum og Torje Bjellaas, som er dei einaste fulltidstilsette i prosjektet.

Marte Iren Noreng Trøen t v og Kathrine Nygård holder hus ved NRK Sogn og Fjordane som praktikanter.

OPPLÆRING: Marte Iren Noreng Trøen og Kathrine Nygård er to av nynorskpraktikantane på kull 25.

Viktige for nynorsken

NRK Sogn og Fjordane er viktige for posisjonen til nynorsken i NRK. Berre gjennom artiklane vi skriv på nynorsk på nettsida vår, bidreg vi med bortimot halvparten av alle artiklane som er skrivne på nynorsk på nrk.no samla. For NRK Super bidreg vi med innhald på nynorsk i den populære serien «Klart eg kan», og i 2016 har vi og dubba innhald på nynorsk. Men også indirekte bidreg vi aktivt gjennom opplæring av nynorskjournalistar.

NRK Nynorsk mediesenter

NRK Nynorsk mediesenter samarbeider tett med NRK Sogn og Fjordane om opplæring og praksis for nynorskpraktikantane dei fire månadene dei er i Førde.

Per 31.12.16 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 120 nynorskpraktikantar. 60 prosent av dei arbeider i media, 47 prosent er i NRK. Sju fekk fast jobb i NRK i 2016, éin i NRK P1 (Tyholt) og seks ved distriktskontora i Finnmark Troms, Sogn og Fjordane og Telemark.

Dei to fyrste månadene lærer dei om nynorsk som mediespråk, journalistikk, data og teknikk dei må kunne for å bli journalistar for sosiale medium, nett, radio og fjernsyn. Jamsides opplæringa lagar dei saker for alle desse plattformene, vert sende både lokalt og på riksnettet. Dei to siste månadene i Førde arbeider dei som fleirmediale journalistar i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, før dei avsluttar med to månader praksis i andre NRK-redaksjonar.

For mange av nynorskpraktikantane er det ei ein-gong-i-livet-oppleving at nynorsk er det dominerande språket, som vert brukt av både offentleg styre og stell, private verksemder og næringsliv, media, reiseliv, rettsvesen, osv. Slik er det i Sogn og Fjordane. Å arbeide i ein rein nynorskredaksjon opplever dei berre i Førde, og det er med på å gjere dei til stolte nynorskbrukarar.

Nynorskkurs

I 2017 skal NRK ha klar ein Handlingsplan for nynorsk i NRK, for å oppfylle kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer. I det høvet har NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter føreslege at vi (mellom anna) kan drive kurs i nynorsk, både for nynorsk- og bokmålsbrukarar i NRK. Til meir skriftleg media vert, til viktigare vert det at NRK-tilsette kan skrive både nynorsk og bokmål. Skal vi få opp nynorsk-prosenten, må det bli slutt på at saker på nynorsk vert omsette til bokmål på nettet.

NRK-kontoret i Førde har over 30 års røynsle med å lære opp dyktige, nynorskbrukande journalistar. Dette var ei oppgåve kontoret tok alvorleg lenge før Nynorsk mediesenter kom til i 2004. Mange nynorskbrukande profilar/journalistar i NRK og TV 2 byrja på karrieren si i NRK Sogn og Fjordane. Det er denne grunnvollen NRK Nynorsk mediesenter byggjer på, og som vi i Førde ynskjer å halde ved like og vidareutvikle.

Nynorsk dubbing

Lappeteppet

LAPPETEPPET: I august fekk NRK Sogn og Fjordane sitt første oppdrag, å levere forteljarstemme til animasjonen Lappeteppet.

Foto: NRK

Det er trong for fleire nynorske stemmer i animasjonane til NRK Super. Dubbingselskapa strevar med å finne nok nynorsktalande born, men i Sogn og Fjordane er dette ikkje eit problem. NRK Sogn og Fjordane fekk i 2016 pengestøtte frå språkstyret i NRK til å teste ut om dubbing er noko vi kan klare å levere.

Piloten vart godkjent av NRK Super, og i august fekk NRK Sogn og Fjordane sitt første oppdrag; å levere forteljarstemme til animasjonen «Lappeteppet». Etter ein auditionrunde, vart ei ni år gamal jente frå Jølster plukka ut til rolla.

Om NRK Sogn og Fjordane skal levere meir nynorsk dubbing i framtida veit vi ikkje, men håpet er at vi også her kan bidra til auka mangfald og meir nynorsk.

Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen under konserten i operalåven

INTIM KONSERT: Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen under konserten på Åmot Operagard.

Foto: Alf Vidar Snæland

Musikksatsinga Lutt

NRK Sogn og Fjordane har ei eiga satsing rundt musikarar frå fylket som har fått namnet «Lutt». Det syner seg gjennom fast radioprogram i DK-flata, nettsaker, deltaking på arenaer som Bylarm og UKM, samt eigne store og mindre konsertsatsingar lokalt og regionalt.

2016 var eit av dei mest aktive åra nokon sinne for denne satsinga. Høgdepunkta i året var TV-konsert frå Åmot Operagard med Eva Weel Skram og «Julegalla i Grieghallen». Begge desse konsertane vart kringkasta med gode sjåar- og lyttartal både på NRK1, NRKP1 og P1+.

SommarLutt 2016

SOMMARLUFT 2016: Kvart år sender NRK Sogn og Fjordane SommarLutt frå Eid.

Foto: Alf Vidar Snæland

I løpet av året hadde vi også fleire mindre konsertsatsingar som livekonserten «NRK Klassisk Lutt» i Trivselshagen på Sandane, «NRK Polka Lutt» frå Landsfestivalen i gammaldans og «NRK Sommar Lutt» frå Malakoff Rockfestival på Eid. Totalt hadde desse konsertane om lag 3000 publikumarar, i tillegg til radiolyttarar og sjåarar på nett-tv. Vi hadde også radioshow med lokale musikarar direkte frå Kulturhuset i Oslo under «Bylarm» der vi lånte scena til NRK P3.

I desember delte vi også ut Luttprisen til Eva Weel Skram som vart årets artist frå Sogn og Fjordane med tusenvis av røyster frå publikum og frå fagjuryen.

Målet for satsinga er å gi publikum varierte og store opplevingar saman med musikarar frå Sogn og Fjordane.

Vi var med den 70 år gamle skipperen Knut Magnus Landøy frå Herland, på krabbefiske.

SJÅ VIDEO: Vi vart med Knut Magnus Landøy frå Herland ut på krabbefiske. (Foto: Stian Sjursen Takle)

Utestudio og matsatsing

I 2016 har vi flytta studioet ut for å møte folk der dei er og skape endå meir levande sendingar. Sendingane har vore varierte, og vi har vore innom stader som vindfulle Ervika på Stad og Tørvis hotell i den vakre Marifjøra i Luster. Vi var på fisketur ved Kalvåg i Bremanger, hadde med oss leikande ungar i Naustedalen skileikanlegg i Naustdal, var på krabbe- og hummarfiske ved Herland i Askvoll, fekk oppleve reiselivet i Oldedalen i Stryn, og vi laga juleselskap frå Jølster.

Laster innhold, vennligst vent..

Vi har også hatt direktesende morgonsendingar frå Nordfjordeid under Malakoff Rockfestival, frå Gaupne under Landsfestivalen i gammaldans, frå Skjerjehamn under Utkantfestivalen og frå Sandane under Gloppen musikkfest. Desse sendingane har vore i samband med store arrangement i fylket på arenaer der mykje folk er samla.

Kari Støfringsdal og Steinar Lindstrøm

GOD MAT: Kari Støfringsdal og Steinar Lindstrøm har servert mykje god mat til lesarar og lyttarar i 2016.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Eit element i fleire av utesendingane våre har vore mat. Der har vi hatt med oss radiokokken Steinar Lindstrøm som med lokale råvarer inspirerer og gir tips til å lage god og variert mat. Dette skapar også ekstra liv i sendingane og fokus på produsentar av matvarer i fylket. Vi har også laga eigne matseriar med tradisjonsmat både på nettet og radio. Gjennom NRK Mat har deler av denne satsinga vore med på å skape rekordmånad i desember med 2,8 millionar sidevisingar.

Vi har laga fleire baksteprogram hjå Kari Støfringsdal i Jølster. Mellom anna gav episoden med Vestlandslefsa rekordklikk på nettet i november.

Denne lefsa ber namnet sitt med rette. Kari Støfringsdal frå Jølster har funne liknande oppskrift frå Møre i nord til Jæren i sør. Fylt med smør og sukker, er Vestlandslefsa ein sikker vinnar.

POPULÆR LEFSA: Videoen med Vestlandslefsa blei svært populær like før jul og ein av dei mest sette i 2016. Også sjølve nettsaka med oppskrifta fekk mange treff, så det tyder på at tradisjonsmat er populært.

Etikkarbeidet på distriktskontora

Per Arne Kalbakk

Per Arne Kalbakk er tilsett som etikkredaktør i NRK. Han har eit overordna ansvar for opplæring i redaksjonell etikk, og han følgjer opp arbeidet med klager til Pressens Faglige Utvalg (PFU).

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

2016 var det første fulle året med eigen funksjon som etikkredaktør i NRK, og den nye redaktøren har hatt opplæring i redaksjonell etikk ved alle distriktskontora.

I løpet av 2016 blei det gjennomført etikkseminar ved alle distriktskontor og utvida redaksjonsbesøk ved mange av dei. Fleirtalet av seminara handla om generell presseetikk med hovudvekt på faktasjekk og kjeldekritikk, saklegheit og omtanke i framstilling og samtidig imøtegåing.

PFU-historikken til NRK

Pressens Faglige Utvalg behandla 70 klager mot NRK i løpet av 2016. I to saker blei det gitt fellande uttale mot NRK.

Begge saker blei gjennomgått med den innklaga reaksjonen etter PFU-behandling, med mål om å lære av saka. Dette er fast rutine for alle saker som gjennomgår full behandling i PFU.

PFU-statistikken viser dessutan ein klar forbetring frå året før. I 2015 blei NRK klaga inn 64 gonger og felt i PFU 10 gonger.

NRK Sogn og Fjordane er ikkje felt eller klaga inn til PFU i 2016.

Planar for 2017

Alle distriktskontor skal halde etikkseminar også i 2017. Vi jobbar dessutan med å utarbeide retningslinjer for å avsløre såkalla falske nyheiter.

På grunn av den utstrakte spreiinga gjennom både sosiale medium, «alternative» nyheitskjelder og tradisjonelle medium, er det vanskeleg å lage ei sikker og varig liste over kjelder vi bør halde oss unna. Det viktigaste vil vere å forsterke medvitet om verkty og teknikkar for god kjeldekritikk. Handtering av falske nyheiter og ekkokammer-offentlegheit er ei utfordring for alle redaksjonane i åra framover.

Distriktsprogramrådet for Sogn og Fjordane 2015 - 2019.

Distriktsprogramrådet skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda til distriktskontoret og om dei programsaker som vert lagt fram av NRK. Rådet skal vere eit bindeledd mellom NRK og lyttarar og sjåarar. Bak frå venstre: Karoline Bjerkeset (Sp), Bjørn Harald Haugsvær (vara, KrF), Ingvar Torsvik Myrvollen (H) og Tore Storehaug (KrF). Framme frå venstre: Magne Årdal (SV), Eldrid Skudal (vara, SV) og leiar av rådet Monika Oppedal (Ap).

Foto: Oddleif Løset

Kringkastingsrådet

Publikum kan sende inn klager og synspunkt på program i NRK til Kringkastingsrådet. Rådet består av 14 medlemer som er peikte ut av Stortinget og Regjeringa. Kringkastingsrådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinjene for programverksemda i NRK. Gjennom diskusjon av klagesakene medverkar rådet til refleksjon om redaksjonelle val og prioriteringar, også på etikkområdet.

Først – med heile biletet

Linn Skarstein

Linn Skarstein, nyheitssjef for Distriktsdivisjonen i NRK. Ho seier at nokre av dei sterkaste relasjonane mellom NRK og publikum skapt lokalt.

Foto: NRK

Nyheiter er kjernen i oppdraget til NRK, og det er også kjernen i Distriktsdivisjonen. NRK skal vere leiande på nyheitsjournalistikk, og den posisjonen sikrar vi gjennom å vere til stades.

Først – med heile biletet, er det viktigaste strategiske målet til NRK på nyheitssida og løftet vårt til publikum. Vi skal vere først ute med oppdateringar frå viktige hendingar og rapportere løpande med ny informasjon.

Nyheitene frå NRK skal leve opp til standarden «i verdsklasse frå norsk verkelegheit», både når det gjeld oppdatering og fordjupande nyheiter.

Distriktsdivisjonen stod i 2016 bak meir enn to tredelar av innhaldet publisert på nett i NRK, og ein tredjedel av forsidepubliseringane på nrk.no kom frå distriktskontora.

For at NRK skal vere like viktig for publikum i framtida som vi er i dag, er det avgjerande at distriktskontora held fram med å spegle norsk verkelegheit og innfrir nyheitsoppdraget både innan hendingar og fordjupande journalistikk.

Aleksander Åsnes

DIREKTE PÅ NETT: Eit av måla for 2017 er meir direktesendingar i nett-TV. Her er reporter Aleksander Åsnes ved den nye Loftesnesbrui i Sogndal.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Dette skal vi jobbe vidare med

I 2017 har NRK Sogn og Fjordane ei storstila satsing på meir direkteinnslag på nett.

Vi må nytte oss av at ny teknologi gjer det mogleg å gå direkte både enklare og raskare enn tidlegare. Gjennom nettsida vår har vi også ein eigen publiseringsplattform for levande bilete som gjer at vi kan vere meir lokale enn vi må vere på NRK1.

Vi kjem difor til å vere fylket rundt på små og store hendingar med direktesendingar på nett.

I året som kjem skal vi ha endå fleire grundige og gjennomarbeidde nettartiklar. Med utviklinga på nett kan vi i NRK Sogn og Fjordane fortelje dei sakene som krev eit lengre format for å skape forståing og nyansar.

På radio skal vi vere godt selskap i kvardagen, eit selskap som både skal vere triveleg og samtidig informere om det siste nye i Sogn og Fjordane. Og råkar ekstremvêret oss står våre programleiarar klare til å gjennomføre ekstrasendingar til uveret har lagt seg.Vi har landets største lyttaroppsluttnad på lokalsendingane på radio, med 46% lyttarandel. Men det har vore offentleg debatt om kvaliteten på distriktssendingane på radio i ei tid der vi og satsar på nett. Denne debatten må vi ta til oss og kjempe for å halde på dei sterke radiotala våre. Særleg blir dette krevjande når FM-nettet blir sløkt, og vi møter ein sterkare konkurranse på DAB-nettet. Erfaringane viser at vi må vere budde på ein nedgang i lyttaroppslutnaden.

På både tv, radio, sosiale medium og nett skal vi syne att i dei nasjonale sendingane og nettsidene. Vi skal løfte fram historier og utfordringar frå vårt distrikt og inn i det nasjonale nyheitsbilete.

Vi skal halde fram og vere viktige for nynorsken. Både gjennom å vere ein viktig produsent av innhald på nynorsk i NRK. Men óg gjennom opplæringa av nynorskbrukande journalistar, i samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk Avissenter.

For NRK Super skal vi i gang med å produsere ein heilt ny barne-tv serie som skal heite «Bli med heim». Der skal vi vise mangfald og at ufordringane til borna i ulike familiar gjev dei styrke og stoltheit.

«Klart eg kan» skal utviklast som merkevare og styrkje NRK med norskprodusert innhald i ein marknad med stadig tøffare internasjonal konkurranse.

I «Der ingen skulle tru» skal vi reise landet rundt og vise handlekraftige menneske frå små stader, menneske som lever liv mange kan la seg inspirere av. ​