NRK Meny
Normal

Prostituerte får karakterar og stjerner på nett

Hygiene, utsjånad og parkeringsforhold er berre noko av det norske menn gjev tilbakemelding på når dei rangerer prostituerte på fleire nettstader. – Sjukt, meiner politiet.

"Emilie" og vurderinger av eskorter

ESKORTEVURDERING: På denne og andre sider kan sexkundar gje ris og ros til dei prostituerte. – Mykje av det som vert skrive er ganske ufint, seier «Emilie», som annonserer på slike sider.

Foto: NRK / Privat

«Styr unna. Bilder stemmer ikke. Luktet vondt, lita, feit, oppblåste lepper fulle av silikon. Kysset ikke, piercing i musa. Fy f, dette var skikkelig nedtur.»

Sal av seksuelle tenester skjer i stor skala på nett. På same måten som på ulike reisesider, kan kundane vurdere opplevingane dei har hatt. Skilnaden er at dei vurderer menneske.

Nettstadane er ein del av eit større internasjonalt nettverk som fungerer som ein portal til ulike annonsesider for eskortetenester.

NRK har snakka med «Emilie». Ho er blant dei som annonserer på slike sider.

– Mykje av det som vert skrive på stjernesidene er ganske ufint, seier ho.

På annonsesidene kan ein finne prostituerte frå heile verda, samt eit bredt spekter av tenester. Her annonserer eskortane mellom anna med bilete, prisar og kva for tenester dei tilbyr. Ein kan søke på fleire kategoriar, og få fram jenter, gutar, transpersonar og par som sel sex i alle fylka i Noreg, avhengig av kva preferansar ein har.

Dersom ein klikkar seg inn på ei annonse, kjem det opp ei side med bilete av eskorten, samt informasjon om høgde, vekt, nasjonalitet, BH-storleik og korleis kjønnshåra er friserte. I tillegg ligg det prislister, telefonnummer og mailadresse til vedkommande.

Eskortejenter får stjernevurdering
Foto: NRK

Vedgår sexkjøp

– Dette seier litt om kor sjuk verda er på enkelte område, seier seksjonsleiar for organisert krim i Vest politidistrikt, Jarle Bjørke.

Han har mykje erfaring med problematikken og meiner det er som forventa at ein slik vurderingskultur oppstår.

– Internett har blitt ein slags fristad for alle. Når folk meiner det er greitt å kjøpe sex, er det naturleg at dei også meiner det er greitt å gje tilbakemeldingar. Det er jo til dømes heilt normalt å gje terningkast på alle moglege andre ting, seier han.

Tilbakemeldingane er av svært ulik karakter, og varierer frå lågaste vurdering på ei stjerne til toppsjiktet på fem.

Dei fleste av dei som skriv går i detalj på kva seksuelle tenester dei har teke imot, og går langt i å både tilrå og åtvare mot dei ulike eskortane.

Ein skriv til dømes at han fleire gongar dei siste åra har kjøpt «girlfriend experience», eller såkalla kjæresteoppleving. Då får ein meir enn berre sex, og et gjerne middag på restaurant saman med eskorten, ser film eller overnattar.

Ein annan skriv at han ikkje var nøgd med ei av eskortane og difor vil halde fram til han finn ei han likar.

På sida NRK har sett nærare på er dei eldste tilbakemeldingane frå juli 2016. Dette kan ha samanheng med at slike sider ofte flyttast og byter domene. Sidene dukkar opp att under andre namn dersom dei vert stengde ned, forklarar Bjørke.

– Vi ser at slike sider har ein tendens til å forandre og tilpasse seg tilbod og etterspurnad i stor grad, fortel han.

Ulikt klientell

«Emilie» er 26 år og held til i Oslo. Ho fortel at dei ulike sidene for eskortetenester har varierande grad av anonymitet og trur dette kan påverke tilbakemeldingane.

– På enkelte av sidene kan vurderingane gjerast heilt anonymt, og då vert nok terskelen for å uttale seg negativt ganske låg. På dei foruma eg nyttar, krevst det innlogging og mange har fast brukarprofil. Eg opplever at tonen er ganske annleis der.

Ho synest mange av omtalane er ufine, og trur at dette kan sjåast i lys av kundane.

Aldeles forferdelig. Ekstremt feit, illeluktende og uappetittelig. Frarådes på det sterkeste!

Sexkunde


– Dei fleste norske jentene nyttar andre sider. Vi har òg ein annan type klientell enn dei utanlandske jentene. Dei opererer med andre tenester og prisar enn oss, forklarar ho.

«Emilie» trur kundane som oppsøkjer dei norske jentene ofte er ute etter noko meir enn berre det seksuelle.

– Dei som kjem til oss har ofte eit anna verdigrunnlag, og vi kommuniserer kanskje betre saman. Dei som kjøper sex frå utanlandske eskortar er som regel meir interessert i det kroppslege og har særskilde seksuelle preferansar.

Fredrika Olsen, Nadheim

VIL KJØPE EIN ILLUSJON: Fredrika Olsen hjå Kirkens Bymisjon trur at mange av dei som kjøper sex ynskjer å kjøpe ein illusjon.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

– Behandla som ei vare

Fredrika Olsen er sosialkonsulent hjå Kirkens Bymisjon og arbeider tett på personar som sel eller har selt seksuelle tenester.

– Sida legg opp til at dei som sel sex vert behandla som ei vare fordi kundane lett kan objektivisere dei prostituerte. Det er menneske det er snakk om, ingen kan definerast berre som prostituerte.

Likevel trur ikkje Olsen at dette er representativt for alle som kjøper sex.

– Det er ikkje snakk om ei homogen gruppe, og ein skal ikkje tenke at dei som skriv slikt nødvendigvis er den typiske kunden, seier ho.

Sosialkonsulenten trur at det berre er snakk om ein viss type kundar som skriv på slike sider, og at det slett ikkje er alle prostituerte som vert tvungen til å selje sex.

– Det er stor variasjon. Kundane er like forskjellige som dei som sel sex. Nokre av dei prostituerte trivst med situasjonen sin. Det finst ingen stereotypar når det kjem til kjøp og sal av seksuelle tenester, meiner ho.

Også Bjørke i politiet trur at eskortane lett kan bli sett på som objekt av kundane.

– Sex er ei attraktiv vare, og mange av kundane ser på dei prostituerte som eit objekt eller ei vare. Det skapar eit forkvakla menneskesyn, meiner han.

Styr unna! Dritings russerhore. Møtte meg ikledd grilldress. Var sulten så jeg gikk inn, der fikk jeg bare kjeft. Kosta meg 1500 å bli oppkjefta, runka meg selv til jeg kom, og så gikk jeg. Ble verken fitte eller grillmat, bare et sjukt minne om hvor vrengt verden kan være.

Sexkunde

– Prostituerte saboterer for kvarandre

– Mange av kundane ynskjer nok å tru at dei prostituerte gjer dette av fri vilje. Dei fleste vil kjøpe ein illusjon, og ynskjer ikkje å identifisere seg med at dei kjøper sex frå nokon som ikkje sjølv vil dette, seier Olsen.

«Emilie» har aldri sjølv opplevt å bli vurdert på andre sider enn si eiga. Ho trur eskortejentene som har låg sjølvtillit bør halde seg unna sider der det er mogeleg for kundar å gje tilbakemelding.

– Eg trur ein må vere ganske hardhuda for å gå inn og lese slike vurderingar utan å tenke at det er noko gale med ein sjølv.

Ein annan eskorte som NRK har vore i kontakt med fortel at dei må tole mykje, både negativt og positivt. Ho trur ikkje alle stjernevurderingane er ekte.

– Eg veit at det har vore tilfelle der eskortar gjev anonyme toppvurderingar til seg sjølv, og falske, dårlege vurderingar til andre eskortar for å sabotere, seier ho.

Vanskelege kjensler

Anders Røyneberg er rådgjevar hjå Sex og Samfunn i Oslo. Dei driv prosjektet PKS som er eit helsetilbod for dei som kjøper sex.

Sidan oppstarten i juli 2014 har dei registrert over 1000 ulike konsultasjonar.

Røyneberg fortel at deira oppleving er at medan mange har ein fantasi om å kjøpe sex, er det slett ikkje alltid at røynda svarar til forventningane.

Rådgiver for Sex og Samfunn

VANSKELEG: Anders Røyneberg hjå Sex og Samfunn i Oslo fortel at mange slit med vanskelege kjensler etter at dei har kjøpt sex.

Foto: Sex og samfunn

– Dei fleste vi møter fortel om vanskelege kjensler i etterkant. Dei sit att med skamkjensler og skulle gjerne hatt dette ugjort, seier Røyneberg.


Han fortel at dei aller fleste dei snakkar med opplyser om at dei berre har kjøpt sex éin gong.

– Vi opplever ikkje at dei vi møter er sinte eller skuffa over den som sel sex eller kvaliteten på sexen, men at dei heller reflekterer over eiga rolle, seier han.

Menneskelege treff

«Emilie» er einig med Røyneberg og trur dei dårlege tilbakemeldingane kan ha bakgrunn i kunden sitt eige sjølvbilete.

– Det vil vere ei negativ oppleving for kundane dersom dei går frå eskorten med dårleg samvit. Då er det gjerne lettare å ta det utover ho enn det er å gå i seg sjølv og tenke at dette burde ein ha avstått frå, seier ho.

Ho trur, som Olsen, heller ikkje at vurderingane som ligg på sida ikkje er representative for dei som kjøper sex generelt.

– Så lenge ein har ei god tone med dei ein treff trur eg rett og slett at dei negative vurderingane er i mindretal. Eg trur dei fleste treffa mellom kunde og eskorte er meir menneskelege enn det kjem fram av desse sidene, seier ho.

Dette er verdt pengene. En av mine topp tre. Jeg har testa mange.

Sexkunde

Politiet manglar ressursar

Alle vurderingane NRK har lest er anonyme, men det kjem tydeleg fram at kundane hevdar å ha betalt for seksuelle tenester.

Som seksjonsleiar har Bjørke mellom anna det overordna ansvaret for Exit-gruppa. Dei etterforskar sexkjøp, hallikverksemd og menneskehandel.

På denne sida er det tilsynelatande mange som tilstår å ha kjøpt sex, men både bevisføring og dokumentering må til, og politiet manglar ressursar.

– Vi gjer prioriteringar kvar dag, og må rett og slett velje vekk slike saker fordi det er så mykje anna å ta tak i. Når det dukkar opp viktigare ting som til dømes Dark Room-saker, så er det klart at slike må prioriterast frå politiet si side. Exit-gruppa har alltid hatt eit fokus på ofra og deira tryggleik, og brukar det meste av kapasiteten vår på dei, seier Bjørke.

Professor Jon Petter Rui

LOVLEG Å TILSTÅ: Jusprofessor Jon Petter Rui ved Universitetet i Bergen samanliknar det å innrømme sexkjøp med å sei at ein har køyrt for fort. Ingen av delane er ulovleg.

Foto: Privat

Jon Petter Rui er professor på det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Han forklarar at det i seg sjølv ikkje er ulovleg å tilstå kriminelle handlingar, og at det difor ikkje automatisk vert lettare for politiet å straffe deltakarane på slike forum.

– Dersom nokon til dømes seier at dei har køyrt i 70 km/t i 60-sona, kan dei ikkje straffast for det. Då vert det opp til politiet å bevise at dette faktisk har skjedd, seier han.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.