Hopp til innhold

Knuser myten om kanonkula i domkyrkjeveggen

Ein av Bergens mest folkekjære mytar slår sprekkar: kanonkula som stammar frå eit sjøslag i 1665 blei støypt fast i veggen.

Geolog Øystein Jansen ved Domkirken

MYTEKNUSAR: Denne kula har ikkje stått fast i veggen sidan 1665, meiner geolog Øystein Jansen. Kula er hogd inn og støypt fast i veggen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– At ingen har sett det før! Det er heilt utruleg, seier geolog, forfattar og bykjennar Øystein James Jansen.

Ti meter over bakkenivå, halvvegs pressa inn i tårnet på den nesten tusen år gamle kyrkja i Bergen, står ei jarnkule.

Om historiene kan vera mange og sprikande i hansabyen Bergen, er dei fleste bergensarane samde om korleis nettopp denne kula hamna i kyrkjeveggen i Bergen sentrum.

Stormakter i blodig sjøslag

Jarnkula i Bergen domkyrkje er eit minne frå augustdagen i 1665, då engelske krigsskip angreip nederlandske handelsskip på Vågen i Bergen.

Forteljinga blir støtta av historikarane. I Bergens byarkiv (ekstern lenke) er det fortalt i detalj om slaget, og om korleis kula til slutt bora seg inn i domkyrkjeveggen.

Og der har ho etter soga blitt ståande i meir enn 350 år.

Kanonkula i domkirkeveggen i Bergen

MURA INN: Kalkbasert mørtel var dåtida sitt svar på dagens mørtel med sement. Det er dette, og eit innhogg i veggen, som har halde kula på plass, meiner to fagfolk.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Men no meiner ein bygningsarkeolog og ein geolog at dei kan avliva den folkekjære myten.

– Eg har fleire gonger sagt at kula må ha falle ned nokre gonger. Men eg har aldri tenkt at kula aldri blei ståande fast i utgangspunktet, seier Jansen.

Geologen har skrive boka "Steinbyen Bergen" og har leia fleire byvandringar i Bergen for å fortelja turistar og interesserte om byens mange brusteinar og mellomalderverk.

Han har òg fortalt om kula som blei ståande fast i veggen.

– Det er jo kanskje litt flautt, då, for meg som geolog. At det viser seg at det ikkje stemmer, seier Jansen lattermild.

– Kan umogleg ha skjedd

Bygningsarkeolog og arkitekturhistorikar Ole Egil Eide har arbeidd med murverket i mellomalderkyrkja sidan 1960-talet. Han har aldri tenkt noko anna enn at kula blei sitjande fast etter sjøslaget på Vågen.

– Kula var i den samanheng heilt uinteressant for oss. Men klart, folk har kanskje tenkt at kula aldri bora seg inn, men ingen har sagt det, svarar Eide på kvifor teorien aldri har blitt fremja før.

Ole Egil Eide og Øystein James Jansen foran Domkirken i Bergen

TILFELDIG: Bygningsarkeolog Ole Egil Eide og geolog Øystein Jansen undersøkte kula i domkyrkjeveggen då dei skulle studera kleberstein på kyrkjeveggen. Det kan ha endra historia.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kula har ikkje stått fast i veggen sidan 1665. Historia må skrivast om, meiner dei.

– Kula kom inn, slo i veggen og fall ned. Ei jernkule kan ikkje treffa kleberstein og bli ståande i veggen, seier Jansen, som har særleg interesse for nettopp kleberstein.

Kan det tenkast at kula stod fast i veggen ei stund før ho fall ned og seinare har blitt støypt fast?

– Nei, det er ikkje mogleg. Klebersteinen er mjuk, men det er ikkje tyggegummi.

Minnestein?

Domkirken i Bergen

SER DU KULA? Kanonkula står i veggen like til venstre for kyrkjevindauga, ti meter over bakken.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Jansen meiner nokon har grave ut ei grop og sikra kula med mørtel. Men det er ingen indikasjonar frå verken bruk av mørtel eller jarnkule som kan seia noko om når det skal ha skjedd. Datering av mørtelen er mogleg, men er ei tidkrevjande affære.

– Dette funnet gjer eigentleg mysteriet rundt kula og domkyrkja endå større. Kven står bak?

Arkitekturhistorikar Eide trur svaret kan ligga gøymd på 1700-talet.

– I bybrannen i Bergen i 1702 var domkyrkja ein utbrend ruin. Det kan vera eitt av tidspunkta ein har gjort dette, kanskje for å ha eit minne om slaget i 1665. Men ingen kan vita dette sikkert.

I 2012 blei kanonkula i Domkyrkja innlemma i Linda Eide sitt TV-program Norsk Attraksjon. Sjå innslaget her:

Video Kanonkule i Bergen domkyrkje

VIDEO: Norsk Attraksjon 2012: Kanonkula i Bergen domkyrkje.