Odd Frantzen
Foto: Privat

Hardyguten som lurte Hitler

For 80 år sidan tok Noreg ein sensasjonell OL-bronse i fotball. Dette er historia om bronsehelten som vart gløymd.

Kanskje hjelpte han til sjølv. Kanskje vart skjebnen hans for vanskeleg. Dei aller fleste har gløymd hamnearbeidaren som nådde lenger enn nokon annan bergensar på fotballbana.

Men framleis finst det nokon som kan fortelja om møtet med Hitler under OL i Berlin, om gaffeltrucken som stod i vegen, og eit brutalt drap i ei leilegheit i «blodbyen» i Bergen.

Dette er historia om Odd Frantzen.

Kapittel 1: Det siste sparket

Gyldenpris, natt til 2. oktober 1977: Det nærmar seg midnatt på Laksevåg. Festen har vara i timevis, men no er den 25 år gamle mannen tom for brennevin. Han tar beina fatt. Går ut i den, for ein gongs skuld, tørre oktobernatta for å skaffa alkoholen som kan forlenga helga.

Målet er ein kamerat som bur i blodbyen; brakkehusa på Gyldenpris, bygd for heimlause etter bybrannen i 1916. Hamn for sosial naud sidan. Kanskje kameraten har ei halvflaske til overs?

Mannen har klogger på føtene, forsterka med jern på hæl og tå.

Vel framme er ikkje kameraten å sjå.

Ei 24 år gammal kvinne som bur i den same oppgangen seier at dei kan prøva hjå den eldre mannen som bur rett over gangen. Dei bankar på. Ikkje noko livsteikn. Bankar på igjen. Fleire gongar.

Til slutt vert døra opna. Mannen som kjem til syne i døropninga har beinprotese og held ei krykkje i den høgre handa. Han er slettes ikkje blid for å få besøk på denne tida av døgnet. Når mannen får høyra om ærendet til dei to nattlege gjestane, hyttar han mot dei med krykkja. Han råkar den unge mannen i overleppa. Ropar at inntrengarane må sjå å komma seg vekk. Deretter smell han att døra og låsar.

Den unge mannen aksepterer ikkje å verta avvist og slått. Med all kraft sparkar han hol i den tynne døra. Så stikk han handa inn gjennom holet og låsar opp frå innsida.

Saman går mannen og kvinna inn i husværet.

Han grip tak i brystet på den eldre mannen. Ho tar tak i krykkja som den einbeinte prøver å verja seg med. Kastar henne ut den opne døropninga. Dei to unge dreg med seg den eldre mannen inn i stova og lempar han ned i ein stol. Medan ho held han fast, går 25-åringen laus på den forsvarslause mannen med all brutalitet. Med dei jernslåtte kloggene sparkar 25-åringen igjen og igjen mot halsen til den eldre mannen. Blodet sprutar. Den unge mannen gir seg ikkje. Sparkar og sparkar.

Dei to let den eldre mannen ligga hjelpelaus og forslått igjen i leilegheita. Det er ikkje noko brennevin å finna. Dei tar med seg to flasker øl, og går ut att i oktobernatta.

Faksimile: BT-oppslag i samband med rettsaken i 1978

FAKSIMILE: Bergens Tidende sitt oppslag i samband med rettsaka etter drapet.

Ved nitida morgonen etter vert den eldre mannen funnen død. Undersøkingane viser at han døydde av kveling. Strupehovudet vart knust etter brutal vald.

Fire dagar seinare står dødsannonsen på trykk i Bergens Tidende:

«Vår alles kjære Odd Frantzen blev plutselig revet bort, Bergen 2. oktober 1977».

Kapittel 2: Albuma til farmor

Joy Frantzen blar i fotoalbuma som ho arva av farmora

MINNA ETTER FARFAR: Joy Frantzen blar igjennom albuma som farmora tok så godt vare på. Mange av bileta viser farfaren hennar på reiser med det norske landslaget.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Minner i svart og kvitt. Samla saman med største kjærleik. På salongbordet i tomannsbustaden på Wergeland i Bergen har Joy Frantzen lagt fram fotografia, avisutklippa og minna som farmora Betty tok så godt vare på.

Bileta viser ein ung bergensar på reise i den ein gong så store verda. Store byar, kafear, jernbanestasjonar og fotballstadion. Men òg eit ungt forelska par på ferietur på Sunnmøre under krigsåra.

Mannen som går igjen på bileta og i avisartiklane er Odd Frantzen. Han er lett å kjenna igjen.

Magdalon Monsen, Nils Eriksen og Odd Frantzen klare for avreise til OL i Berlin 1936

OL-KLARE: Magdalon Monsen, Nils Eriksen og Odd Frantzen klare for avreise til OL i Berlin.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Overkroppen lett lutande mot si eiga høgreside. Eit sjølvsikkert, nærmast overlegent blikk. Ofte kan eit skimta eit lurt, nesten spotsk, flir. Kunne vore helt i ein amerikansk spelefilm.

– Det har slått meg at han alltid ser så sjølvsikker ut, nesten litt i overkant, seier Joy Frantzen medan ho blar gjennom albuma.

Sjølv var ho sju år den oktobernatta i 1977, då farfaren vart drepen.

Bileta Joy Frantzen viser fram i dei gulna albuma og knitrande konvoluttane står i skarp kontrast til den tragiske skjebnen til farfaren. Dei fortel ei solskinshistorie. Slik er det ofte med familiealbum, men motiva på desse bileta er slettes ikkje daglegdagse.

Farfaren var med på bragder dei færraste kan visa til.

– Eg likar særleg dette biletet, seier Joy, og peikar på eit postkort med tre stramme karar framfor stortingsbygningen i Oslo.

Biletet viser Odd Frantzen og to andre menn i 20-åra. Dei er kledd i vide grå bukser med press og mørkeblå blazerar med det norske flagget på venstre sida av brystet. Dei er klare til avreise. Klare for å vera med på det store eventyret.

Kapittel 3: To debutantar

Det norske landslaget som slo Tyskland i OL i Berlin i 1936.

YTST TIL HØGRE: Odd Frantzen (bak til høgre) og resten av bronselaget er klare for møtet med Tyskland under OL i Berlin.

Foto: NTB / SCANPIX

Berlin, 7. august 1936: På grasteppet på Poststadion står elleve nordmenn klare for å møta overmakta. OL i Berlin. 55.000 på tribunen. Motstandar er heimenasjonen Tyskland.

Lengst til høgre står ein 23 år gammal hamnearbeidar frå Bergen. Kan ein skimta ein viss nervøsitet i blikket til Odd Frantzen? Han har aldri tidlegare spelt ein a-landskamp.

Over OL-ringane, som rammar inn ærestribunen, står heile maktapparatet i det tredje riket oppstilt. Bergensaren er ikkje den einaste debutanten. For første gong skal Adolf Hitler sjå ein fotballkamp. Etter tysk 9-0-siger i opningskampen har rådgjevarane overtalt føraren til å kasta glans over den neste maktdemonstrasjonen.

Nazistane si maktovertaking for tre år sidan gjennomsyrar dei olympiske leikane. Aldri har idrett og storpolitikk vore vove tettare saman. Snart skal Hitler gå på eit av sine største nederlag under dei olympiske leikane. Og ein ung bergensar skal visa seg å spela ei avgjerande rolle.

Det som skjedde på Poststadion i Berlin for 80 år sidan står framleis som ei av dei aller største bragdene i norsk idrett.

Laget som seinare i turneringa skulle verta bronselaget vann 2-0 over Tyskland. Adolf Hitler og dei andre nazi-toppane Rudolph Hess, Joseph Goebbels og Hermann Göring gjekk i sinne før kampen var slutt.

Adolf Hitler på ærestribunen under kampen mellom Noreg og Tyskland i Berlin-OL, 1936

GJEKK I SINNE: Adolf Hitler tok med seg Hermann Göring, Rudolph Hess og Joseph Goebbels og gjekk frå Poststadion før kampen var slutt.

Foto: Scherl / Sueddeutsche Zeitung Photo

Odd Frantzen var slettes ikkje nokon nervøs debutant. Når journalistar og medspelarar skulle forklara sigeren mot dei tyske storfavorittane, peika dei på ein iskald førstereisgut frå Bergen.

Frantzen frapperte med sin ro. Han tillot seg ballstopninger og finter som vanlig er forbeholdt de store begavelser, men først og fremst lot han seg aldri imponere av de mektige omgivelser.

Peder Christian Andersen, radiokommentator og journalist i Aftenposten

Saman med ein annan vestlending, Reidar Kvammen frå Viking, fekk Frantzen mykje av æra for nedsablinga av heimefavorittane:

Med sin fine teknikk av toppklasse startet de begge opp med dribleserier som skapte full forvirring i det tyske forsvar.

Jørgen Juve, lagkamerat og journalist

Ingen egenskap er mer verdifull under så nervepirrende minutter som olympiske innsatser betyr, som flegma. Reidar Kvammen og Odd Frantzen var olympialagets flegmatikere.

Henry «Tippen» Johansen, keeper på bronselaget

Frantzen og Kvammen satte i fleire perioder det tyske forsvar totalt ut av spill.

Peder Christian Andersen, radiokommentator og Aftenposten-journalist
Reidar Kvammen og Odd Frantzen. Nykomponert duo då Noreg slo Tyskland i OL i 1936.

VESTLANDSDUO: Reidar Kvammen og Odd Frantzen vart hylla etter sigeren mot Tyskland.

Foto: NTB / SCANPIX

Reidar Kvammen, som danna den andre halvdelen av vestlandsduoen på indre og ytre høgre, la aldri skjul på at han var begeistra for Frantzen.

– Eg kan trygt seia at dette var ein av dei beste debutane som nokon gong er gjort av ein norsk landslagsspelar, sa Kvammen i eit NRK-opptak i 1962.

Det var slettes ikkje opplagt at Odd Frantzen skulle spela kampen mot Tyskland, eller vera med i OL-troppen i det heile. Til dagleg var han bryggesjauar i hamna i Bergen. Medan dei fleste spelarane i troppen kom frå etablerte klubbar som Lyn og Odd, spelte Frantzen for arbeidarlaget Hardy i Bergen.

Utan å ha spelt ein einaste a-landskamp var han tatt ut i OL-troppen som reserve. Andre av reservane i OL-turneringa kom aldri på bana, og det var mindre vanleg å byta på laget enn i våre dagar.

Førstereisguten var likevel snar med å markera seg i den norske OL-troppen.

Ferska med øl i OL-leiren

Kjappe replikkar, røvarhistorier og humor var Frantzen sitt kjennemerke. «Frantzen er ikkje blant dei hurtigaste. Kanskje i kjeften, men ikkje med beina», sa Reidar Kvammen i det same arkivopptaket..

Odd Frantzen (Hardy) og Nils Eriksen (Odd)

RADARPAR: Nils Eriksen (Odd) og Odd Frantzen fann fort tonen. Dei vert omtalt som underhaldningsavdelinga på bronselaget.

Foto: Privat

Særleg fann nykommaren tonen med ein av dei meir rutinerte i troppen, Nils Eriksen frå Odd. Ved eit tilfelle vart dei to gripne på fersk gjerning, av sjølvaste landslagssjef Asbjørn Halvorsen, medan dei drakk øl på rommet i OL-landsbyen.

Alkohol og tobakk vart ikkje akseptert, kan ein lesa i landslagsspelarane sine skildringar frå Berlin-opphaldet. Opptrinnet såg likevel ikkje ut til å få konsekvensar for dei to.

Lagkameratane let seg verkeleg imponera av dei sosiale evnene til bergensaren, trass i at hamnearbeidaren frå Nygård hadde reist mindre, og gått mindre på skule, enn mange av lagkameratane.

I den første store boka om bronselaget, som kom like etter krigen, fortel målskåraren i kampen mot Tyskland, Magnar Isaksen, om korleis Hardy-guten kompenserte for manglande språkkunnskapar:

«Frantzen hadde i sine unge år hverken vært på hvalfangst på Syd-Georgia eller på tramping rundt Tyskland. Frantzen greide alt med fakter og sin overhveldende mimikk, han.

Etter hvert svingte Frantzen seg blant engelskmenn og tyskere som om han minst skulle ha gått et prøveår i 1. middelklasse på Bergen høyere almenskole».

Snakka seg inn på laget

Lagkameratane har òg fortalt at bergensaren gong på gong sa ifrå til landslagsleiinga om at han burde få spela:

– Han viste strålande form på treningane, og hadde vel ikkje vore bergensar om han ikkje hadde gitt uttrykk for at han måtte med på laget, sa Reidar Kvammen.

Kanskje var det den sjølvsikre innstillinga som gjorde at Frantzen vart plukka ut til møtet med heimenasjonen Tyskland. På bana framstod han iallfall med ein sjeldan nonchalanse.

Etter sigeren mot Tyskland var Italia neste hinder i den olympiske fotballturneringa. Frantzen fekk fornya tillit etter den imponerande debuten.

Postkort med bronselaget

POSTKORT: Kortet Odd Frantzen sende til Betty Blindheim etter OL-bronsen i 1936.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Kampen enda 1-1 etter ordinær tid, men italienarane vart for sterke i ekstraomgangane og vann 2-1. Medan Italia fekk spela finale, måtte dei norske gutane kjempa om tredjeplassen.

Bronsefinalen vart tøff og jamn for Frantzen og det norske laget framfor 95.000 tilskodarar på Olympiastadion i Berlin. Men etter tre mål av Arne Brustad, mot Polen sine to, skriv laget seg inn i historiebøkene: Bronselaget.

For første, og til no siste gong, har eit norsk herrelandslag i fotball vunne edelt metall i ei stor internasjonal turnering. Nok ein gong vert nonchalansen til bergensaren trekt fram i avisspaltene.

Postkort til Betty Blindheim frå Odd Frantzen

KORT OG KONSIST: 'Hilsen fra Berlin. Hilsen Odden'

Som om ikkje det var nok, fekk òg Frantzen sin lagkamerat Magdalon Monsen frå Hardy spela kampen. Han krona det heile med den målgjevande pasningen til 3-2 målet.

Tre dagar etter OL-bronsen vart sikra vert eit postkort med bilete av bronselaget stempla på eit postkontor i den tyske hovudstaden. Postkortet er adressert til ei sunnmørsk sydame som jobbar hjå Johan Harbitz Bergen, Betty Blindheim. Teksten er kort og konsis:

«Hilsen fra Berlin. Hilsen Odden.»

Kapittel 4: Hardygutane

Hardybanen på Nygård

ENKLE KÅR: På denne enkle fotballbana, som eigentleg var brannvesenet sitt øvingsområde, utvikla Odd Frantzen seg til å vera fotballspelar av internasjonalt kaliber.

Foto: Ukjend

Bergen, seinsommaren 1936: Kvite skjortekragar. Mørke dressar. To breibeinte karar har tatt oppstilling ved den spartanske grusplassen eit sleivspark frå Store Lungegårdsvann. Hadde dei løfta blikket hadde dei sett den majestetiske silhuetten av Ulriken gjennom det grå skydekket høgt der oppe. Men det er gategutane og kampen om lærballen som fangar.

Fotballbana, som på dagtid er brannvesenet sitt øvingsområde, står i skarp kontrast til dressane til dei to som no står og studerer treninga. Underlaget er pukk, grus og småstein. Måla er av enklaste sort – grove bjelkar spikra saman til ei ramme.

Daniel Hansens gate i Bergen. Her vaks Odd Frantzen opp.

BARNDOM: Det var her i Daniel Hansens gate Odd Frantzen vaks opp. Dei første åra heitte gata Vestre jernbanegate.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dei to har nett komme heim frå det største eventyret gutungane ute på bana kan tenkja seg. OL i Berlin. No har dei komme for å inspirera tjuagutane som trenar ute på bana. Gjett om dei vil visa seg fram for heltane!

Via radioapparata har gutane i gata følgt med. "Odden", som dei kallar han, var med på å slå Tyskland. Ikkje berre Tyskland, men sjølvaste Adolf Hitler. Også Magdalon var med då bronsemedaljen vart sikra.

Det er langt frå Olympiastadion i Berlin til brannvesenet sitt øvingsområde i Bergen. Det er likevel her dei høyrer heime. På Hardybanen på Nygård i Bergen.

Rolf Eriksen viser oss rundt i Odd Frantzen sin bydel

ENGASJERT: Rolf Eriksen viser rundt på Nygård i Bergen. Området der Sportsklubben Hardy utretta eit aldri så lite fotballmirakel for 80 år sidan.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det var her han budde! Helten, Odd Frantzen!

Lokalhistorikar Rolf Eriksen stoppar opp ved det som ein gong heitte Daniel Hansens gate 18. I hjørnehuset som ein gong stod her var det tretten leilegheiter. I ein av desse vaks Odd Frantzen opp. Familien på seks personar delte to rom. Forholda var enkle, og familien delte do med naboen.

Eriksen har tatt oss med til Nygård i Bergen. Denne sommaren er det 80 år sidan det merkverdige skjedde her. Noko ein ikkje kjem utanom når ein skal fortelja historia om Odd Frantzen. For det var ikkje berre han.

Sportsklubben Hardy

HARDY: Odd Frantzen (nummer to bak frå venstre) og Hardy før ein kamp på Møhlenpris i Bergen.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

– Då eg vaks opp mange år seinare, var Odd Frantzen framleis ein så stor kar at når dei gjekk forbi her, peikte dei og sa "Der budde Odd Frantzen". Historia om han var som ei sol over livet til dei som vaks opp under desse enkle tilhøva, fortel Eriksen.

På 30-talet greidde ein kameratgjeng frå bygardane på Nygård å spela seg inn i den norske fotballeliten.

I 1936 var fire spelarar frå Sportsklubben Hardy innom det norske landslaget. Dette skjedde ikkje i kva som helst fotballår, men i sjølve gullalderen til norsk fotball. For ikkje å seia bronsealderen.

Då uttakskomiteen til fotballforbundet tok ut troppen som skulle delta i fotballturneringa i sommarolympiaden i Berlin, stod det tre Hardy-spelarar på blokka. Den eine av dei tre, Birger Pedersen, fekk likevel ikkje vera med grunna skade.

For folk i dei nedre sjikta i byen, var det likevel stort: Magdalon Monsen og Odd Frantzen var med på bronselaget.

– Det var rett og slett eit mirakel. Ikkje eit mirakel skapt av gudar, men av menneska i dette området kombinert med ei primitiv fotballbane, seier Eriksen.

Før 30-talet hadde fotballen i Bergen mykje til felles med i dag: Det meste handla om Sportsklubben Brann. Dei pene gutane frå stadion i Idrettsveien hadde allereie spelt fire cupfinalar, og vunne to av dei.

Likevel hadde ikkje dei raude greidd å verta ein klubb for heile byen. Klasseskilja var store og Brann vart sett på som sosseklubben.

Sportsklubben Hardy, stifta av ein gutegjeng i hamneområdet på Nygårdstangen i 1915, var i motsett ende av klassehierarkiet. Nygård var ein typisk arbeidarklassebydel. Dei fleste som budde her var tilflyttarar; strilar, sogningar og sunnfjordingar som hadde reist til byen på jakt etter arbeid.

– Det var langt større klasseskilje enn i dag. Hardy var ikkje som Brann. Her var det i større grad vanlege gutar som spelte. Brann var den fine klubben, seier bergensar og idrettshistorikar Matti Goksøyr ved Norges Idrettshøgskole.

Kvar morgon gjekk ein stim av fedrar og storebrør ut av bygardane og inn i fabrikkane like ved. Margarinfabrikk, sjokoladefabrikk, tobakksfabrikk, pianofabrikk. På Nygård låg dei tett, mellom bygardane i mur. På tørkeloft og i vaskekjellarar jobba mødrene i lag.

– Eg trur denne strukturen var med på å skapa den fellesskapskjensla som var i dette området. Alle var i same båt. Slik var det òg i Hardy, seier Eriksen.

Då depresjonen etter børskrakket i USA òg slo inn over Bergen, skjedde det ei endring i fotballen i byen. For mange vart 30-talet ei vanskeleg tid.

Hardy-eldsjel Ivar Eliassen ser igjennom gamle utgåver av klubbavisa Hardyposten.

GAMLE AVISER: Ivar Eliassen studerer dei gamle klubbavisene til Sportsklubben Hardy. Det var Betty Frantzen som tok vare på dei.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Familien til Odd Frantzen var blant dei som måtte flytta på seg då inntektene ikkje lenger stod i stil med husleiga.

Mangeårig eldsjel i Hardy, Ivar Eliassen (78), meiner det var ein klar samanheng mellom den økonomiske nedturen og suksessen til arbeidarlaget på fotballbana.

– Eg trur arbeidsløysa var ein viktig grunn. Gutane på Nygård hadde ikkje så mykje anna å ta seg til enn å spela fotball. Det var fattige arbeidsfolk som bar det heile, seier Eliassen.

I 1933 braut dei blå frå Nygård dominansen til Brann og vann kretserien i Bergen for første gong. Dette var før det var innført noko nasjonalt seriesystem.

To år seinare spelte Hardy – med Odd Frantzen i spissen – seg fram til semifinalen i cupen. Semifinalekampen mot Fredrikstad på Brann Stadion førte til ei fotballinteresse som Bergen aldri hadde sett maken til, og som Brann aldri hadde greidd å skapa.

Faksimile Bergens Tidende 5. oktober 1935

FAKSIMILE: I samband med semifinalen mot Fredrikstad i 1935 kom Bergens Tidende ut med ekstrautgåve. Interessa for kampen var enorm i Bergen.

Bergens Tidende fleska til med ekstranummer, med ein spesiallaga Hardy-song på framsida:

"Når Frantzen spiller på sin ving,

heia Hardy

da får han guttene i sving

heia Hardy

de elve spiller som en mann,

heia Hardy

med liv og gnist og glød og brann

heia Hardy"

Minst 15000 løyste billett. Det var ny publikumsrekord på Brann Stadion, der kampen vart spelt. I tillegg stod tusenvis rundt stadion i håp om å få med seg nokre glimt av den store kampen.

Fredrikstad vann suverent 4-0. Likevel opna cupeventyret dørene til noko langt større: OL-eventyret i Berlin.

Hardy i aksjon på Brann stadion

I AKSJON: Odd Frantzen og Sportsklubben Hardy i aksjon på Brann Stadion.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Byvandringa på Nygård har tatt oss fram til det som ein gong var sjølve livsnerven i Sportsklubben Hardy: Hardybanen. Grusplassen Frantzen og Monsen vende tilbake til etter OL-suksessen.

Ved hjelp av det gamle svart-kvitt-fotografiet av heltane som kom heim frå OL, prøver me å finna rett posisjon. Det er ikkje lett å kjenna seg igjen. Silhuetten av Ulriken, med TV-tårnet som har komme til i ettertid, er det einaste som minner om den gong då.

Laster innhold, vennligst vent..

Biltrafikken har okkupert det som ein gong var ei fotballbane. Der det eine cornerflagget stod, ruvar høgblokka som rommar Hordaland fylkeskommune. På den andre sida ligg mastodonten Bygarasjen.

Odd Frantzen vart verande i Hardy i heile karrieren. Sjølv om graset kunne vore langt grønare på andre sida, var det aldri aktuelt å gå til Brann eller andre klubbar.

– Det var likestilt høgforræderi å gå til andre klubbar og spesielt Brann. Dei som gjorde det var det ein på bergensk ville ha kalla «gode rævhollar», seier Ivar Eliassen.

Sjølv om han sjølv vart fødd to år etter OL-bronsen, har bragdene til Frantzen og dei andre Hardygutane betydd mykje for han og klubben han representerte.

Ein minnestein nedfelt i ein liten grasplen ved St. Jakobs kirke er det einaste sporet me finn etter Sportsklubben Hardy på Nygård. Tre klubbkameratar som fall under den andre verdskrigen vert minna.

Hadde ikkje det vore for den krigen, hadde kanskje fleire visst om Odd Frantzen.

Kapittel 5: Skuggar frå framtida

Det norske landslaget framfor Notre-Dame de la Garde i Marseilles i 1938

PÅ TOPPEN: Landslagsspelarane er samla framfor basilikaen Notre Dame de la Garde i Marseille dagar før VM-kampen mot Italia i 1938. Odd Frantzen står midt i biletet.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Marseille, juni 1938: Norske landslagsspelarar på reise i eit Europa i endring. På det høgaste punktet i den franske hamnebyen, på trappa til basilikaen Notre-Dame de la Garde, stiller dei opp for fotografen. 25 år gammal er Odd Frantzen på toppen av karrieren. I to år har han vore landslagsspelar. No skal han spela si andre store internasjonale turnering: Sjølvaste verdsmeisterskapen.

Italia sitt lag under VM i Frankrike i 1936

NAZI-HELSING: Publikum i Marseille reagerte kraftig på den romerske helsinga til det italienske laget før VM-kampen mot Noreg. Biletet er frå finalen mot Ungarn.

Foto: Anonymous / Ap

Dei ser ut som glade turistar. Likevel: Kampen dei snart skal spela på stadionet som husar velodromen i byen, kjem til å visa spenningane som finst i samtida. Dei italienske motstandarane vert leia av ein fotballpresident som òg er general i den fascistiske hæren til Mussolini. Nazihelsinga til dei blåkledde kjem til å vekkja reaksjonar. Dommaren, som er frå Wien i Austerrike, har som følgje av anschluss nyleg vorte tyskar.

Det norske laget kjem til å få ei støtte dei ikkje har rekna med: Marseille er full av italienarar som har flykta frå fasciststyret i heimlandet. Dei skal møta opp for å støtta Frantzen og Noreg i VM-kampen.

Etter OL-turneringa i Berlin, heldt Odd Frantzen fram med å markera seg på landslaget. Hausten etter heimkomsten frå leikane, skårar han sine to første landslagsmål. Begge mot Danmark.

Odd Frantzen skårar sitt første landslagsmål

NETTSUS: Odd Frantzen skårar sitt første landslagsmål mot Danmark på Ullevål.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Hausten etter står VM-kvalifiseringa for tur. Bergensaren er med på laget som skal spela det avgjerande dobbeltoppgjeret mot Irland. Heime på Ullevaal vinn Noreg med 3-2. I returoppgjeret i Dublin leiar Noreg lenge, men irane utliknar kort tid før slutt.

Det norske laget greier likevel å berga det eine poenget i sluttminutta, og er for første gong klare for eit VM-sluttspel.

Den nyleg pensjonerte landslagsspelaren Jørgen Juve, som no rapporterte heim for avisa Tidens Tegn, summerte opp slik:

Vi vant på vårt solide forsvar og Frantzens og Kvammens uegenyttige spill fremme.

Jørgen Juve, journalist i Tidens Tegn
Det norske laget som møtte Irland i VM-kvalifiseringskamp i 1937

KVALIFISERT: Det norske landslaget før VM-kvalifiseringskampen mot Irland på Ullevål i 1937. Odd Frantzen er nummer tre bak frå høgre.

Foto: NTB scanpix

Sluttspelet om verdsmeistertittelen vart halde i Frankrike sommaren etter. Blant bileta Joy Frantzen har arva av farmora er turen veldokumentert. Treningar, kafébesøk i byen og sightseeing med buss var noko av det ein brukte tida til som fotballspelar på 30-talet.

Odd Frantzen er den einaste bergensaren eller hordalendingen som nokon gong har spelt i eit VM-sluttspel.

– Det som overraskar meg litt, er at dei ikkje ser så stive ut som eg hadde trudd. Det ser ut som glade gutar som kosar seg på tur, seier Joy Frantzen medan ho studerer bunken med svart-kvitt-foto.

Peder Christian Andersen, radiokommentator og journalist i Aftenposten

KOMMENTATOR: Peder Christian Andersen kommenterer VM-kampen mellom Italia og Noreg frå indre bane på Stade de Velodrome i Marseille. OL i 1936 og VM i 1938 var blant dei første landskampane som vart sendt direkte i NRK.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

«Det har aldri vore nokon offside!»

VM-eventyret vert kort for det norske laget. Det vart med kampen mot Italia, som seinare skulle verta verdsmeister. Spelarane hevda likevel at kampen var den beste eit norsk landslag nokon gong hadde spelt.

"Norges landslag viste Italia hvordan fotball skal spilles", var tittelen på kampreferatet i Bergens Tidende dagen derpå.

Her er eit av dei norske angrepa, som vart avverga av italienarane. Odd Frantzen jaktar returen:

Den italienske sigeren var kontroversiell. På stillinga 1–1 med sju minutt igjen av kampen, trur alle at Noreg går opp i føringa.

Gjennom radioapparata brølte Peder Christian Andersen: "Det er goal, det er goal, det er goal", før han vert overdøyva av jubelen frå publikum, særleg frå eksil-italienarane som hadde møtt opp for å støtta Noreg.

Italia - Noreg under VM 1938

VM-KAMPEN: Nils Eriksen med ballen under kampen mot Italia i Marseille.

Foto: NTB scanpix

Nokre sekund seinare går det opp for kommentatoren at den tyske dommaren har annullert målet, og Andersen kjem med den legendariske strofa; «Det har aldri vore nokon offside!».

Det stod 1-1 etter ordinær tid. Dei unike videoklippa frå kampen viser Odd Frantzen som forsøker å henta nye krefter i pausen før ekstraomgangane. Det skal ha vore over 40 grader ute på grasmatta:

I ekstraomgangane går det som i OL i Berlin. Italia skårar og vinn 2-1.

Stemninga etter kampen var amper, og publikum agiterte mot det dei oppfatta som Mussolini sitt fotballag. "Italienerne blev møtt med Folkefrontens knyttneve og intens piping. Da det norske lag spilte utmerket og tapte gikk levenet over i orkanaktige demonstrasjoner. Sterke politigarder måtte ledsage italienerne i bilene", skriv Jørgen Juve.

Det var ikkje berre norske journalistar som var imponerte over den norske innsatsen i VM-kampen. Tilboda frå store fotballand strøymde inn til fotballforbundet.

Alle med unntak at eitt vart avvist: Det engelske fotballforbundet ville invitera det norske laget over Nordsjøen for å måla krefter i Newcastle. Slik vart det.

Ekstra gledeleg for Odd Frantzen. Kampstaden betydde at avreise måtte skje frå Bergen. Store folkemengder hadde møtt opp for å ta avskjed med det norske laget.

Henry "Tippen" Johansen – keeperen på laget – har skildra utseglinga frå Bergen med skipet Vega.

Da vinket vi, og vi vinket – og så gikk båten. Frantzen ble stående lenge - lenge. Forloveden var på Brygga.

Henry «Tippen» Johansen

Odd Frantzen fekk likevel aldri spelt kampen. På ei av treningane i England skada han seg.

«Ja, ja, så er det vel meininga at engelskmennene skal vinna denne kampen, likevel», skal bergensaren tørt ha slått fast, ifølgje "Tippen" Johansen.

Dessverre for Odd Frantzen. Propagandaen, hakekorsa og uniformene i Berlin og stemninga i Marseille var ikkje noko blaff. Motsetningane som reid Europa resulterte månadar seinare i den andre verdskrigen. Då Tyskland okkuperte Noreg i 1940, betydde det slutten på landslagskarrieren som starta så lovande.

På knapt fire sesongar hadde han spelt tjue kampar. Skåra fem mål.

Hitler stod fornedra på tribunen då det heile starta. Mindre enn fire år seinare tok han hemn.

Kapittel 6: Nye heltar set gamle i skuggen

Landslagsspelarar frå Bergen

FRANTZEN OG KNIKSEN: Bergenske landslagsspelarar vert heidra under Bergen fotballkrets sitt 50 årsjubileum i 1961. Odd Frantzeen sitt i rullestol. Heilt til høgre Roald 'Kniksen' Jensen.

Foto: Ukjend

Bergen, juni 1961: Det nærmar seg midtsommar. På Krohnsminde idrettsplass ved Danmarks plass har regnet likevel ausa ned denne junidagen. Under dei mange hundre paraplyane på den opne ståtribunen på langsida kan ein høyra høfleg applaus. Tolv karar står oppstilt ute på grasteppet. Dei har på seg dei finaste frakkane sine. Dei eldste ber hatt. Desse tolv er noko så sjeldan som bergensarar med fartstid på det norske fotballandslaget. No skal dei heidrast i samband med Bergen fotballkrets sitt femtiårsjubileum.

Lengst til høgre, med paraplyen hengande mot grastustane, står den nye kometen i bergensfotballen: Roald "Kniksen" Jensen. Berre 18 år gammal har han fått med seg sju a-landslagskampar. Like ved sit han som har dei største landslagsbragdene å visa til; i rullestol.

Den andre verdskrigen øydela mykje. Men det var først under okkupasjonen at bergensaren vann gull.

Odd og Betty Frantzen giftar seg

SA JA: Odd Frantzen og Betty Blindheim gifta seg i Bergen domkirke under krigen.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

26. juli 1941 står Odd Frantzen på trappa utanfor Bergen domkirke. Han har omsider fått si Betty. Begge er kledd i svart.

Ho er 33. Han er 28, og flyttar for første gong for seg sjølv.

Dei skaffar seg ei leilegheit i Erik Pontoppidans gate, ved foten av Fjellsiden. Her skal dei dela kvardagen dei neste 24 åra.

I sju år tek dei seg av ein gut som har mista mora. Etter kvart får dei ein eigen son.

Suksessen på fotballbana gjer at mange vil ha ein bit av paret. Dei vert inviterte til erkebergenske kjegleklubbar, festar og yacht-turar. Fleire meiner dei to nærmast vart brukt som trofé for elitane i byen.

– Farmor synst det var rart. At dei brått vart tatt med på ting som dei tidlegare berre kunne drøyma om, fortel Joy Frantzen.

Fotballkarrieren til Odd Frantzen held fram etter krigen.

Det er på Hardy han spelar. Og på det bergenske bylaget. Ingen har spelt like mange av dei ein gong så prestisjefylte bykampane som Frantzen.

Han jobbar som hamnearbeidar, sidemann på lastebilar og bygningsarbeidar. I eit røft miljø. Dei som jobba på hamna i Bergen i tiåra etter krigen fortel om mange triste skjebnar. Mykje alkohol.

Koner som stod klare ved lønningskontoret den dagen pengane vart utbetalt, for å sikra at det var pengar igjen til husleige, mat og klede til barna.

Dei som hugsar Odd Frantzen legg ikkje skjul på at også han var glad i flaska.

Då Odd Frantzen dukka opp i rullestol på Krohnsminde i 1961, gjekk nok rykta. Nokre av dei lever framleis.

– Han køyrde i fylla med truck, seier fleire.

På statsarkivet i Bergen ligg den offisielle forteljinga, som Arbeidstilsynet skreiv.

Kapittel 7: Trucken som stod i vegen

Arbeidsulukka på Laksevåg

ULUKKA: Politiet og Arbeidstilsynet undersøker åstaden for arbeidsulukka i 1961. Odd Frantzen sat i gaffeltrucken som brasa gjennom metallgjerdet og ned på plattingen fire til fem meter lenger nede.

Foto: Dokumentfoto: Sølve Rydland / Statsarkivet i Bergen

Laksevåg, 10. mai 1961: Det er vår, og ein av dei typiske finvêrsperiodane ein ofte har i Bergen i mai. Saman med ein kollega er Odd Frantzen på veg til Lærums & Co sin syltetøyfabrikk på Laksevåg. Kollegaen er sjåfør. Frantzen sidemann. På lasteplanet står det stablar med sukkersekkar.

Det er tidleg på dagen. Likevel vel dei to arbeidskarane å bera inn dei første sukkersekkane før dei tek seg ein frukostpause. Når arbeidet skal starta igjen, er det nokon som har stilt opp ein truck ved lastebilen. Den gjer det vanskeleg å få lossa av sukkersekkane. Det er ingen å sjå utanfor fabrikkbygget, så Odd Frantzen vel å ta saka i eigne hender. Han set seg opp på doningen, som kan startast utan tenningsnøkkel. 48-åringen set trucken i revers, men mistar kontrollen. Etter å ha brast gjennom eit metallgjerde, veltar Frantzen og trucken ned ein fire meter høg kant.

To dagar seinare får dei som les Bergens Tidende vita om ulukka. I ei notis står det at ein 48 år gammal mann ligg alvorleg skadd på Haukeland sjukehus. Vidare kan ein lesa at ein snarrådig lege kom forbi og sørga for at Frantzen så kjapt som mogeleg vart sendt til sjukehus.

På sjukehuset får Odd Frantzen den tunge beskjeden. Beinet og foten som lurte Hitler må amputerast vekk.

Arbeidstilsynet er tydelege i konklusjonen sin. Ingen andre kan lastast for ulukka. Odd Frantzen køyrde trucken utan å ha papira i orden. Men det står ingenting på dei maskinskrivne sidene om at han var rusa, slik folk snakka om på gata.

Det sentrale Arbeidstilsynet oppmodar likevel om at truckar frå no av vert utstyrt med tenningsnøkkel, for å hindra nye ulukker.

Ulukka går djupt inn på Odd Frantzen og familien. Barnebarnet veit at livet i rullestol ikkje var noko for mannen som hadde gjort karriere med kroppsarbeid og fotball.

– Det var vanskeleg for han. Eg hugsar eg besøkte han saman med farmor. Han likte ikkje å sitta i rullestol, seier Joy Frantzen.

Etter ulukka drikk Odd Frantzen meir enn tidlegare. Det tærer på ekteskapet.

Kapittel 8: Kameratane som ville hjelpa

Bronselaget på veg til Hamburg i 1962

BRONSELAGET: Odd Frantzen vert støtta oppe av Jørgen Juve og Reidar Kvammen under bronselaget sin tur til Hamburg i 1962. Det var under denne turen lagkameratane kom med ideen om å hjelpa Odd Frantzen økonomisk.

Foto: Thorberg, Erik / NTB scanpix

MS «Kronprins Harald», 12. oktober 1962: Gjengen er samla igjen. Dei som var kjend for den unike lagmoralen. Dei som saman greidde det ingen trudde var mogeleg. No er dei på veg til Tyskland igjen 26 år etter. Eit anna Tyskland. Vest-Tyskland.

På det opne soldekket stiller dei smilande opp for fotografen. Også Odd Frantzen er med, trass arbeidsulukka som i fjor kosta han beinet. Han vert støtta oppe av Jørgen Juve og Reidar Kvammen. Gode lagkameratar.

Målet med turen er å kasta glans over norske sjøfolk som jobbar i handelsflåten. Motivera til trening, aktivitet og hindra at fleire går i fella så mange sjøfolk har hamna i. Dei skal spela fotball mot mannskap i landlov i Kiel og Hamburg.

Men dei har oppdaga at også ein av deira eigne treng hjelp. Ein kamerat. Ein lagkamerat. Sjølvsagt vil bronselaget stilla opp.

Under reisa til Vest-Tyskland i 1962 bestemmer bronselaget seg for å hjelpa Odd Frantzen. Dei startar si eiga foreining, som skal hjelpa idrettsutøvarar som slit med overgangen til det vanlege livet når idrettskarrieren er over.

Arbeidet held fram etter turen. Etter kvart finn dei løysinga på korleis dei kan hjelpa Odd Frantzen. Dei tar initiativ til å arrangera ein venskapskamp mot det danske bronselaget frå 1948.

Laga skal dela inntektene frå kampen. Den norske halvdelen skal gå til Odd Frantzen. Den danske lagkapteinen vil ikkje vera dårlegare. Også danskane vil hjelpa bergensaren.

Det vert bestemt at kampen skal arrangerast i 1964. Kampen vert aldri spelt. Norges Fotballforbund sparkar bein på planane.

Den offisielle forklaringa til forbundet er at dei ikkje vil garantera for kampen. Dei krev at bronselaget dokumenterer at dei er i speleform, gjennom tre til fire treningskampar.

3. oktober 1964 går Dagbladet, i ein artikkel med tittelen «Er Norges fotballforbund i mot sosialt arbeid?», langt i å skulda fotballforbundet for å ha vikarierande motiv.

«Det var en dårlig unnskyldning Norges Fotballforbund kom med, og det virker nesten som NFF's ledelse ikke er interessert i sosialt arbeid. For det kan vel ikke ha vært meningen å nekte Frantzens kamerater å gi ham en liten handsrekning?», skriv ein av journalistane i avisa.

Oppslag i Dagbladet 3. oktober 1964

FAKSIMILE: Norges Fotballforbund måtte tola kritikk for at dei ikkje ville garantera for bronselaget sin oppvisningskamp. Pengane frå kampen skulle ha gått til Odd Frantzen, som hjelp etter arbeidsulukka i 1961.

Endelaus motgang

Om det er hjelpa som ikkje kom som var grunnen, skal vera usagt. Det går uansett ikkje bra for Odd Frantzen. Våren 1965 krev kona Betty separasjon. Ho må ha kontroll på delar av inntekta om familien ikkje skal mista huset.

Han nektar å gå til behandling for å få bukt med alkoholproblema.

Dei neste åra forsvinn Odd Frantzen inn i eit svart hol. I Folkeregisteret står han oppført utan noko fast adresse i nesten fire år.

Medgangen hadde vore himmelsk. Motgangen ser ut til å vera botnlaus.

Sjølv om Betty og Odd Frantzen ikkje lenger bur saman, ser det ut til at ho ikkje sluttar å bry seg om han. Joy Frantzen hugsar at farmora held fram med å besøka, hjelpa og ta seg av farfaren.

– Eg hugsar han som ein roleg, men snill mann. Han sa ikkje så mykje, seier Joy Frantzen om besøka ho og farmora hadde hjå farfaren.

Den ein gong så utadvende mannen, ser ut til å ha vorte ein annan.

– Men farmor slutta aldri å besøka han. Det trur eg ho gjorde nesten dagleg.

Gullnåla til Ivar Eliassen

KJÆRT MINNE: Ivar Eliassen viser fram gullnåla han fekk for lang og tru teneste i Hardy. Han og Odd Frantzen var dei to yngste som fekk utmerkinga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Samlinga med bilete og avisutklipp viser at ho også heldt fram med å klippa ut og ta vare på dei sporadiske artiklane og notisane som dukka opp om mannen, Hardy og bronselaget.

Odd Frantzen er 64 år den natta i oktober 1977. Den natta den mest meritterte landslagsspelaren Bergen har fostra, vert offer for ein 25-åring på jakt etter brennevin. Joy Frantzen var sju. Gammal nok til å verta prega av tragedien.

– Eg hugsar det som heilt forferdeleg, seier ho, medan ho leitar etter eit bilete av den Odd Frantzen som ho hugsar.

– Eg hugsar at eg synst at dei to som gjorde det fekk latterleg kort straff.

Mannen som sparka i hel Odd Frantzen vart dømt til fem år i fengsel. Kvinna som heldt den forsvarslause, hjelpelause mannen fast i stolen måtte sona eitt år.

Ei eldre utgåve av Odd Frantzen

FARFAR: Ei eldre utgåve av Odd Frantzen. Det er slik barnebarnet hugsar farfaren.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Joy Frantzen finn til slutt biletet. Det viser ein annan Odd Frantzen enn dei andre bileta i albumet. Han er eldre. Det sjølvsikre uttrykket er borte. På jakkeslaget ber Odd Frantzen noko som betyr mykje for han. Gullmerket for lang og tru teneste i Sportsklubben Hardy.

– Det var alltid Hardy. Det var veldig viktig for farmor òg, seier barnebarnet.

Ivar Eliassen vert tydeleg rørt når han får sjå biletet av den eldre Odd Frantzen. Han ser straks gullmerket. Eit av dei få Hardy-minna Eliassen sjølv har tatt vare på.

– Det var ein kamerat av meg som døydde for nokre dagar sidan. Han snakka framleis alltid om Odd Frantzen når me møttest. Me var så stolte av namnet vårt og historia som Odden og dei andre skapte. Han var ein jævlig grei kar òg, Odd Frantzen, seier Ivar Eliassen med ei tåre i augekroken.

– Men no er det ikkje så mange igjen som hugsar.

Alt som er borte

Rolf Eriksen har tatt oss med til det som er att av «blodbyen» på Gyldenpris.

Akkurat som barndomsheimen, fotballbana der han spelte, fotballaget han spelte for, er huset der Odd Frantzen vart drepen borte.

Huset vart jamna med jorda tidleg på 1980-talet. Nedreveien vart fjerna frå matrikkelen i 1999. Dei identiske trehusa som står igjen, gjer likevel at ein kan førestilla seg korleis det var her for 39 år sidan.

– Måten han vart drepen på, alkoholen og miljøet han vanka i, gjer nok at ettermælet til Odd Frantzen har vorte eit tabu. Men eg meiner Odd Frantzen hadde fortent at Bergen hugsa han. Det burde vore gater og plassar kalla opp etter Odd Frantzen. Han betydde ikkje berre mykje for fotballen, men for Bergen som by, seier Rolf Eriksen.

Joy Frantzen med OL-diplomen til farfaren

BRONSEDIPLOMET: Mykje er borte, men diplomet Odd Frantzen fekk etter OL-bronsen i 1936 er tatt vare på.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det var han som gjorde at også dei som kom frå enkle kår, kunne tru på at det var mogeleg å utretta noko stort.

Reidar Kvammen, som mange meiner er den beste norske fotballspelaren nokon sinne, gløymde aldri Odd Frantzen. I boka «50 ganger på Norges landslag» trekkjer siddisen fram Frantzen som ein av dei aller beste han spelte med.

Først velger jeg Odd Frantzen. Han var den ideelle medspiller for meg.

Reidar Kvammen, Viking og bronselaget

Betty Frantzen gav heller aldri opp trua på mannen som sende det kortfatta postkortet frå Berlin i 1936.

– Sjølv om det var vanskeleg for henne, hadde ho framleis kjærleik for han, minnest barnebarnet.

På Solheim kyrkjegard i Bergen står det hogd i stein.

Der deler Odd og Betty Frantzen gravstein. «Takk for alt».

  • Høyr radioversjonen: