Hopp til innhold

Märtha kuttar band med pressa

Frå no av kjem ikkje prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett til å svare pressa, skriv prinsessa i eit Instagram-innlegg.

Märtha Louise og Durek Verrett.

Paret vil ikkje ha noko å gjere med pressa lenger, skriv prinsesse Märtha på sosiale medium.

Foto: Lise Åserud / NTB

Paret vil ikkje ha noko å gjere med pressa lenger, skriv prinsesse Märtha på sosiale medium.

Foto: Lise Åserud / NTB

Prinsesse Märtha Louise skriv i et innlegg på Instagram at ho og Durek Verrett har fått nok i forkant av bryllaupet sitt, og at paret ikkje lenger vil svare på førespurnadar frå pressa.

I eit innlegg på Instagram publisert tidleg torsdag morgon, skriv prinsessa følgande: «from this day forward, we will not comment on anything the press throws at us».

Prinsesse Märthas innlegg på Instragram om å kutte band med pressa

Dette skriv prinsesse Märtha på sin Instagram. Ho og kjærasten Durek Verrett ber om forståing for at dei ikkje vil snakke med pressa i forkant av bryllaupet deira i august.

Foto: Skjermdump Instagram

Om det betyr at paret frå no av ikkje vil svare på spørsmål frå pressa, eller om dei heilt vil slutte å stille opp i media frå no av, er uklart.

NRK har forsøkt å få kontakt med manageren til prinsesse Märtha utan hell.

Prioriterer kjærleiken

– Me veit at delar av pressa vil fortelje løgner om oss i det bryllaupet nærmar seg. Mens me førebur oss på den store dagen er me dedikerte til å ta vare på kvarandre, skriv prinsessa.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett kunngjorde i dag at de skal gifte seg i august 2024.

Prinsesse Märtha og Durek Verrett skal gifte seg i Geiranger i august.

Foto: Kongehuset

Ho legg til at dei vil prioritere den mentale helsa og kjærleiken for kvarandre.

Paret ber om forståing mens dei førebur bryllaupet sitt. Det skal gå av stabelen i Geiranger i Møre og Romsdal i slutten av august.

Les også Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett gifter seg neste år

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett går arm i arm på vei inn til feiring av prinsesse Ingrid Alexandras 18-årsdag

Kongehusekspert i TV 2 Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen trur dekninga av paret framover mot bryllaupet vil vise om Märtha gjorde lurt i å kutte banda til media.

Det er følgene av dette som avgjer om det var ei god eller dårleg avgjerd, seier han.

Les også Märtha Louise angriper Se og Hør i egen podkast

Martha Louise på bokbadet i Cappeln Damm.

Märtha: – Se og Hør splittar familien

Den siste veka har Märtha gått hardt ut mot Se og Hør si dekning av Durek Verrett. Særleg har avtalen vekebladet har med mora til Verrett om å dele bilete mot betaling, vore i fokus. Det var VG som først omtala saka.

Schulsrud-Hansen trur utsegna i Instagram-innlegget er ein konsekvens av blesten rundt VGs avsløringar.

Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen, kongehusekspert i TV2 og historiker

Kongehusekspert i TV 2 Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen seier det er uvanleg at prinsessa avstår frå kontakt med media.

Foto: Håkon Holmen

Mor til Verrett har ved fleire høve stilt opp for Se og Hør og kome med krass kritikk av sonen.

Ho skal blant anna ha sagt til vekebladet at sonen er farleg.

I podkasten «HeartSmart Conversations», som prinsessa Märtha speler inn saman med Lilli Bendriss og Mari Manzetti, var dette tema nyleg.

– Det er utruleg vondt å sjå på at ein familie vert splitta totalt fordi Se og Hør kjøper tenester, eller sel. Altså, dei gir pengar for informasjon, meiner eg, seier prinsessa i podkasten.

Ulf Andre Andersen

Sjefredaktør i Se og Hør, Ulf André Andersen, seier Se og Hør berre tek betalt for bilete, men ikkje for saker.

Foto: Christian Breidlid

Saka har sett søkelys på den journalistiske praksisen til Se og Hør.

Sjefredaktør i vekebladet Ulf André Larsen held fast ved at dei ikkje tek betalt for saker.

– I dag betaler me berre for bilete, skriv redaktøren i ein kommentar publisert på Se og Hør sine heimesider 7. april.

Uvanleg strategi

I tråd med presseetikken står prinsesse Märtha og Verrett fritt til å velje å uttale seg i media, skriv både Norsk Presseforbund og Norsk Redaktørforening til NRK.

Men det betyr ikkje at pressa vil slutte å skrive om forhold rundt paret som er av offentleg interesse, som til dømes bryllaupet.

Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk Redaktørforening.

Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening seier det er uvanleg at eit medlem av kongefamilien kuttar banda til pressa.

Foto: Hans Trygve Holm

Nybø har forståing for at det er krevjande for paret å leve med merksemda frå media.

– Samtidig som dei jo har søkt merksemd i ulike kanalar – både gjennom sosiale og redaktørstyrte medium. Dermed kan det sjå ut til at paret ønsker å unngå kritiske spørsmål og negativ merksemd, seier Nybø.

– Men det er synd og heldigvis heilt uvanleg at eit medlem av kongefamilien vel denne strategien.

Kristine Foss i Norsk Presseforbund seier det er synd at prinsessa ikkje nyttar anledninga til å rette på det ho synest er misvisande eller feil offentleg, men understrekar at prinsessa ikkje har noko plikt til å gjere det.

NRK har bede kongehuset om ein kommentar til saka, men har ikkje enno fått svar.

– Pressa er ute etter meg

Både prinsessa og Durek Verrett har fleire gonger gått hardt ut mot media tidlegare.

I ein video på Instagram publisert i desember i fjor seier Durek Verrett at den norske pressa er ute etter han og vrir og vender på det han seier.

Durek Verrett fotografert i Los Angeles i mars 2022.

I desember publiserte Durek Verrett ein video på Instagram kor han seier ånder kan busette seg i barn.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Dette hevda den sjølverklærte sjamanen i etterkant av at han fekk kritikk for ein video kor han sa at ånder kan ta bustad i barn. Videoen fekk mange til å reagere.

Sjølv sa Verrett i eit svar på Instagram at nordmenn ikkje skjønar seg på spiritualitet og sjamanisme.

Prinsesse Märtha fortalde om mediepresset ho har opplevd under Skup-konferansen i Tønsberg i fjor haust.

– Er det nokon av dykk som har vore utsett for eit sånt mediepress som eg har vore utsett for gjennom 30 år, spurte ho då journalistane som sat i salen.

Les også Märtha Louise går hardt ut mot Dagbladet på Instagram

Martha Louise på bokbadet i Cappeln Damm.

AKTUELT NÅ