Bulletin med Anders Fehn
Foto: Mathias Oppedal / NRK

NRK Rogaland i 2016

Her er ei oversikt over det me har jobba med i NRK Rogaland i året som gjekk. Kven me er, og kva tankar me gjer oss om framtida.

Lise Andreassen Hagir på desken

Lise Andreassen Hagir i redaksjonslokala til NRK Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

NRK Rogaland i 2016

2016 vart eit nytt år prega av låg oljepris og høg arbeidsløyse på sørvestlandet, og det prega også journalistikken og sendingane til NRK Rogaland. Sjølv om vi har sett teikn på at nedturen har bremsa opp og flata ut, har fylket framleis den klart høgaste arbeidsløysa i landet. Dette råkar kvardagen til mange tusen familiar, og det er ein viktig del av historia om Rogaland som NRK skal fortelje gjennom artiklar, reportasjar og innslag. Det har vi gjort, og vi har også vore svært medvitne på å fange opp lysglimta og dei positive signala som er å finne blant meldingane om oppseiingar og dystre NAV-tal.

Sidan Rogaland er spesielt ramma av denne nedturen, kviler det også eit ekstra ansvar på oss i NRK Rogaland å vise dette bildet til resten av landet gjennom NRK sine riksflater.

2016 har også handla om å flytte grenser. Folk har stemt ja eller nei til om deira kommune skal slå seg saman med naboen. Og fylkespolitikarane har forhandla om eit stort Vestlandet saman med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Onsdag 20. april blir det folkemøte i Time bibliotek.

Onsdag 20. april arrangerte NRK Rogaland saman med Jærbladet folkemøte om Jæren kommune på Time bibliotek.

NRK Rogaland har dekka dette gjennom reportasjar og debattar. Vi arrangerte folkemøte på Jæren og vi sende direkte frå det siste, avgjerande fylkestingsmøtet – begge delar i samarbeid med eitt eller fleire andre mediehus i Rogaland.

«Direkte» er eit stadig viktigare stikkord i arbeidet vårt. Saman med dei andre distriktskontora, har NRK Rogaland eit kontinuerleg krav til oss om hurtigheit i nyheitsformidlinga. Vi ønsker å vere direkte til stades når store og viktige ting skjer – enten det er ein debatt om fylket si framtid, eit uvêr som stoppar ferjene våre, eller ei helikopterulykke som råkar Rogaland hardt.

NRK Rogaland har som mål å vere «først – med hele bildet». Det krev både hurtig OG grundig nyheitsformidling.

Kven er vi?

NRK Rogaland sitt hovudkontor ligg på Ullandhaug i Stavanger. Universitetet i Stavanger, Oljedirektoratet, Petroleumstilsynet, Ipark og Måltidets hus er våre nærmaste naboar. Snart startar også bygginga av det nye universitetssjukehuset i Stavanger like ved. Vi er det einaste fylkesdekkande mediehuset i Rogaland, og vi har ein ambisjon om å levere innhald som er interessant både for eit lokalt og eit nasjonalt publikum.

Vi er i dag 47 fast tilsette, tre av dei arbeider på lokalkontoret vårt i Haugesund. Dei har hovudansvaret for dekninga av Haugalandet. I 2016 hadde NRK Rogaland eit budsjett på 37,6 millionar kroner. Om lag 90 prosent av dette er lønskostnader.

Tilsette i NRK Rogaland 2017
Foto: NRK

Distriktsprogramrådet

NRK Rogaland har eit distriktsprogramråd som er valde for fire år om gongen. Leif Erik Egaas (H) leiar rådet. Dei andre medlemmene er Eirik Faret Sakariassen (SV), Hanne Marte Vatnaland (Sp), Gro Skartveit (V) og Einar Endresen (Frp).

Rådet skal uttale seg om programverksemda – altså det distriktskontoret publiserer i radio, fjernsyn, på nett og mobil, i tillegg til administrative og økonomiske spørsmål dersom distriktsredaktør eller kringkastingssjef ønsker det.

Du kan lese meir om distriktsprogramrådet og mandatet deira her.

Distriktsprogramrådet

Frå venstre: Ragnar Christensen, distriktsredaktør NRK Rogaland, Hanne Marte Vatnaland, Einar Endresen, Gro Skartveit, Leif Erik Egaas (leiar) og Eirik Faret Sakariassen.

Foto: Ole Andreas Bø

Kva gjorde vi i 2016

Radio

På kvardagane sender vi seks timar radio på P1. Morgonsendinga vår startar klokka 6.03 og varar til klokka 9.00. Om ettermiddagen sender vi frå klokka 14.03 til 17.00. Vi har også nyheitssendingar i etterkant av dagsnytt klokka 10, 11, 12 og 13.

Programleiarane våre er Lise Andreassen Hagir, Morten Nesvik, Øystein Ellingsen og Per Øystein Kvindesland.

I 2016 blei vi nominert til den gjeve radioprisen – Prix Radio – for andre året på rad. Eitt av teama som lagar ettermiddagssendinga var nominerte.

Torsdag var Carola i Stavanger for å holde julekonsert i konserthuset. Under intervjuet med NRKs reporter Øystein Otterdal legger plutselig en båt til kaia der de to står og snakker, og krabbefisker Ståle Bergene får hjelp til fortøyninga av den svenske artisten.

Øystein Otterdal (på bilete) blei nominert til radioprisen Prix Radio saman med Johan Mihle Laugaland og Øystein Ellingsen. Her er eitt av dei gylne augneblikka frå ettermiddagssendingane til NRK Rogaland.

Oppslutninga for P1 har gått sakte ned i nokre år, blant anna har nokre lyttarar flytta til digitalkanalen NRK P1+. 2016 har vore eit stabilt radio-år for NRK Rogaland. Dagleg høyrer om lag 110 tusen menneske på oss. I 2016 har vi spesielt konsentrert oss om aldersgruppa 40–54 år, og har innført strengare formatering av sendingane, blant anna for å sikre rett balanse mellom verbalt innhald og musikk.

Dagleg oppslutnad i på radio i 2015/2016

2015

2016

Gjennomsnitt total daglig dekning på kvardagar

29

27

NRK Østfold

24

22

NRK Østlandssendingen

22

19

NRK Hedmark og Oppland

33

32

NRK Buskerud

27

23

NRK Vestfold

25

22

NRK Telemark

34

34

NRK Sørlandet

30

26

NRK Rogaland

28

27

NRK Hordaland

32

31

NRK Sogn og Fjordane

48

46

NRK Møre og Romsdal

33

34

NRK Trøndelag

33

34

NRK Nordland

37

33

NRK Troms

38

34

NRK Finnmark

37

34

Ekspander/minimer faktaboks
Laust og fast på ein fredag

Programvert Per Øystein Kvindesland køyrer spakane under det faste fredagsinnslaget "Laust og fast på en fredag". I panelet sit Hallgeir "Klink" Pedersen, Anders Tendenes og Elisabet Kvinnesland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

TV

Ei av dei største omveltingane for NRK Rogaland i 2016, er at TV-programleiarane no kan styre nyheitssendingane på eiga hand. Å sende nyheitssendingar direkte er ein komplisert prosess der svært mange datasystem skal spele feilfritt saman. Det var difor ganske utenkeleg at programleiaren kunne styre sendinga åleine då distriktsdivisjonen i NRK starta arbeidet med dette for nokre år sidan.

Cecilie Berntsen Jåsund er programleiar for tv-sendinga
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

NRK Rogaland har to faste nyheitssendingar på NRK1 på kvardagar. Hovudsendinga vår er klokka 18.45. Vi har også ei kortare nyheitssending klokka 20.55. Mot slutten av 2016 har vi også innført direkteteam som sørger for at vi sender direkte frå stader utanfor studio i dei fleste sendingar, og er i stand til å ha endå ferskare nyheiter.

Odd Rune Kyllingstad gjer klar for tv-sending frå redaksjonen
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Færre set seg ned for å sjå nyheitssendingar til eit fast tidspunkt, men let seg oppdatere på anna vis. Vi har difor sett ein gradvis nedgang i oppslutning dei siste åra. Vi har også ei utfordring med å rekruttere unge sjåarar. Vi har difor i 2016 flytta studio inn i redaksjonen for raskt å kunne starte direktesending. Saman med effektivisering av produksjonen skal dette gi meir direkte-TV, til dømes ved hendingar.

Nett og mobil

For dei fleste nordmenn er no internett og mobil den viktigaste kjelda til nyheiter. Nyheiter er NRK Rogaland sitt kjerneoppdrag. Gradvis har vi flytta meir av produksjonen vår mot desse plattformene. Vi har no to hovudsatsingar: XS og XL. Det betyr at vi satsar på korte meldingar og saker som gir eit oppdatert bilde av regionen, og vi satsar på eigensaker som gir innsikt og oppleving i eit lengre format.

Bakgrunnen for satsinga på gjennomarbeidde saker er blant anna at vi veit at publikum set pris på god journalistikk. Vi ser også at dei gode sakene har lang levetid på nettet, og blir lest også lenge etter at dei er publiserte. Vår mest leste sak i 2016, om overvakinga av tilsette i ein veskebutikk, blei også nominert til journalistprisen i Sør-Rogaland.

Morgonmøte hos NRK Rogaland

På morgonmøtet blir planane for dagen lagde. Her er Cathrine Oftedal og Magne Frafjord som begge har lang fartstid både som vaktsjefar og som reporterar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Vi når også ut med dei fleste av dei gjennomarbeidde sakene på nrk.no, noko som gir oss mange lesarar. Dette er nødvendig for oss, fordi det har vore vanskeleg å få stor trafikk til den lokale sida, nrk.no/rogaland. Vi meiner likevel at det er viktig med ei oppdatert lokal framside for Rogaland. Ved utgangen av 2016 intensiverte vi difor arbeidet med å hente publikum frå sosiale medium.

Oppslutnad på nrk.no/rogaland

Brukarar pr. veke

2015

2016

Unike brukarar mobil

96.897

126.158

Unike brukarar PC

136.731

146.487

Vi har også ein jamn vekst i talet på daglege sidevisingar på dei artiklane vi produserer. I 2015 hadde vi eit snitt på 62.205. I 2016 hadde dette auka til 72.242.

Sosiale medium – #NRKRogaland

Vi bruker sosiale medium for å kome nærare på publikum, for å gjere journalistikken vår tilgjengeleg for fleire, og for nå nye lyttarar, lesarar og sjåarar. Facebook er framleis suverent størst når det kjem til dagleg bruk i Norge, med 76 % innom dagleg. Vi får stor trafikk til eigne nettsider derfrå (om lag 30 prosent), og flest svarer at det er NRK og VG dei får nyhende frå på Facebook (20%), (TNS Social Media Tracker V Q2 – 2016.)

Då 2016 vart historie, hadde vi 32.374 følgjarar på Facebook, og ei rekkevidd på gjennomsnittleg 100.000 dagleg. Noko av det som engasjerte mest på Facebook i 2016 var gleda blant dei eldre på Tasta sjukeheim som var på sykkeltur.

Se innslaget her:

Gamle på sykkel

Vi jobbar for å drive sosial allmennkringkasting i ei tid med nye flyktige medievanar. Målet er å få publikum til å stoppe i scrollinga si for å gje oss merksemd og reaksjonar, som igjen driv Facebook sine algoritmar. Ei anna utfordring her er at tala som Facebook måler, ikkje speglar våre mål. Er til dømes 200.000 visingar av ein video verdt noko når den gjennomsnittlege sjåartida er på 8 sekund? 2016 har altså vore året for å tappe lufta ut av oppblåste tal, bryta dei ned, og sjå på kva som er viktig for oss. Ein «like » er hyggeleg, men ikkje sjølve målet. Å få fleire til å klikke seg inn på saka vår og bruke tid på journalistikken vår, er noko vi skal jobbe hardare for i 2017.

Otto Voldsund på morgonmøte

Redaksjonssjef Otto Voldsund held god kontroll på trafikken på NRK Rogaland sine Facebook-sider.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Samstundes veit vi at sosiale medium fører til «leste det på Facebook» og ikkje «leste det hos NRK», altså lågare medvit om kjelde og avsendar. (50 prosent noterer seg avsendar på Facebook, ifølgje Reuters Digital News Report 2016.) Eit tiltak for prøve å betre på situasjonen her er å bruke tydeleg logo og grafisk profil, men det viktigaste er å lage betre journalistikk som får folk til å følgje oss heim til NRK.no, plattforma vi sjølv kontrollerer.

Riksproduksjon

Høst i Utakt

Programmet Utakt blir leia av Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland.

Foto: Dag Magne Søyland

Det er NRK Rogaland som driv NRK si matsatsing NRK Mat. Vi har samla fleire tusen oppskrifter, og det kjem jamt nye til. Oppskriftene er henta frå matprogram på TV og matlaging i radioprogram som Jacobsen og Brønsj. Dessutan hender det andre redaksjonar også driv med matlaging, som NRK Sogn og Fjordane (Mat med Steinar og Gro) og NRK Telemark (Julebakst). I 2016 hadde vi 14,8 millionar sidevisingar. Desember 2016 var NRK Mat sin beste månad nokon sinne, med 2,8 millionar sidevisingar. Oppskrifta med langtidssteikt ribbe fekk rekordmange sidevisingar.

Utakt er eit underhaldningsprogram som vi produserer for NRK P1 og som blir sendt direkte måndagskveldar mellom 22 og 24. I tillegg produserer vi på etterspørsel sendingar for høgtidsdagar som f.eks. jul og påske. Programleiarar er Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, begge kjende programleiarar frå morgonsendinga til NRK Rogaland.

Tom Edvindsen

Tom Edvindsen gjer opptak for NRK Natur om Carsten Borchgrevink–Den gløymde polarhelt.

Foto: NRK

Vi er også i gang med å produsere ein serie for NRK Natur om Carsten Borchgrevink–Den gløymde polarhelt. Han var oppdagar og polarforskar, og leia den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis. Saman med eit forskarteam drar vi tilbake til Kapp Adare, 116 år etter, for å finne og restaurere hyttene dei overvintra i. Dette er eit av dei aller mest avsidesliggande og vêrharde områda i Antarktis.

Med sine 24 innslag til Norge Rundt i 2016 var NRK Rogaland den klart største leverandøren av distriktskontora også dette året. Her er eitt av høgdepunkta frå Norge Rundt.

Silje Matningsdal

Reven Ayla og matmor Silje Matnisdal på treningstur. Håpet er at Ayla kan bli ein god turkamerat.

I tillegg leverer vi dokumentarar til Glimt av Norge og reportasjar til Lørdagsrevyen. Her kan du sjå dokumentaren som blei laga om hummarøya Kvitsøy.

Gir hummerfiske bedre helse?
I øykommunen Kvitsøy i Rogaland har de fisket hummer i hundrevis av år. Og stadig nye generasjoner læres opp i kunsten.
Og de mener selv de får bedre helse av det.

Samarbeid med andre

NRK Rogaland skal vere eit ope mediehus og vi søker å samarbeide med andre mediehus og aktørar til det beste for journalistikken og ordskiftet.

I 2016 hadde vi ulike formar for samarbeid. Vi arrangerte mellom anna folkemøte om kommunesamanslåing på Jæren i samarbeid med Jærbladet, og vi produserte fleire nett-tv-sendingar om regionreforma som vart brukt av mange av avisene i fylket.

Vi samarbeider i tillegg med Universitetet i Stavanger om praksis for studentar.

Kva ønsker vi å vere framover?

Publikum sin mediebruk endrar seg raskt. NRK Rogaland merker dette tydeleg ved at fleire og fleire tek i bruk vårt tilbod på nett og mobil, samstundes som vi misser TV-sjåarar i aldersgruppene under 50 år. Vår store utfordring framover blir å endre oss i takt med dette, og å flytte meir av våre ressursar mot dei digitale plattformene.

I 2017 har vi eit mål om vere enno meir til stades direkte, på alle plattformene våre. Vi har direkteteam på jobb frå klokka 7 om morgonen til klokka 21.30 om kvelden.

I tillegg til å vere raskt ute på nyheitshendingar, er det like viktig for oss å prioritere arbeidet med dei grundige og gode eigensakene. Vi ønskjer å setje dagsorden både lokalt og nasjonalt. Vi vil vidareutvikle satsinga vår på dei gode nyheitsfeaturane på nett, og ta i bruk nye og moderne grep i den digitale historieforteljinga.

Programleder

Mari Friestad og Øystein Ellingsen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Medieby i Stavanger?

NRK Rogaland har halde til i lokala våre på Ullandhaug i Stavanger i 20 år. Vi har no gått i dialog med andre medieaktørar i Stavanger for å diskutere mogleg samlokalisering i nye lokale. Dette gjer vi fordi vi har trua på at ei slik samlokalisering kan vere med på å styrke mediemangfaldet i regionen.

Saman med fleire andre ønskjer vi i tillegg no å finne ut om det er grunnlag for å danne ei medieklynge i området.

Ny region

I 2016 vart distriktsdivisjonen delt inn i fem regionar. Distriktskontora i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland høyrer til region vest.

I tida som kjem vil vi søke etter å jobbe tettare saman om nyheitssaker som er viktige og interessante for alle innbyggjarane i regionen.