NRK Meny
Normal

Politiet hardt ut mot «biltur» i millionklassen etter alvorleg trafikkulukke

Fleire utanlandske sjåførar har mista sertifikatet og ein britisk motorsyklist er alvorleg skadd etter å ha deltatt i «billøpet» Atlantic Road Trip.

Atlantic Road Trip

MILLIONBILAR: 40 bilar og motorsyklar i millionklassen deltek i det eksklusive Atlantic Road Trip. Billøpet går frå København til Stockholm og er innom store deler av Sør-Noreg.

Foto: Atlantic Road Trip

Onsdag kveld kolliderte ein personbil med ein motorsykkel i Kvinnherad i Hordaland. Motorsyklisten, ein 36-åring frå Storbritannia, blei alvorleg skadd og blei operert på Haukeland sjukehus seint onsdag kveld.

Mannen deltok i Atlantic Road Trip (ekstern lenke), ein organisert biltur som går på offentlege vegar i Danmark, Noreg og Sverige.

Startskotet gjekk i København måndag. I løpet av fire dagar er dei 40 deltakarane innom Larvik, Rosendal, Valldal og Trondheim før dei avsluttar i Stockholm laurdag.

Stod klare med laser

Politiet i Kvinnherad var klar over at følgjet skulle innom kommunen og var difor ute på fartskontroll då ulukka skjedde.

– Me syns svært lite om løpet. Dette er raske bilar og syklar, og det er ganske utruleg at nokon bruker vegane våre som ei racerbane med den faren det er for andre trafikantar, seier lensmann i Kvinnherad, Jan Fosse.

Atlantic Road Trip stadfestar at den 36 år gamle briten deltok på den organiserte turen.

– Me er takksame for at motorsyklisten fekk god og rask hjelp frå helsepersonellet. Motorsyklisten har fått god behandling og er på betringas veg, seier ein representant frå arrangementet som omtalar seg sjølv som mediekoordinator og som ikkje vil gje opp namnet sitt.

Ulykke ved Ølfarnes

ALVORLEG SKADD: Ein 36 år gamal motorsyklist frå Storbritannia blei operert på Haukeland sjukehus etter ein kollisjon i Kvinnherad onsdag kveld. Mannen deltok i Atlantic Road Trip.

Foto: Carina Wangensten

I trafikkontrollen hadde politiet alt stoppa to utanlandske statsborgarar då dei måtte avbryta kontrollen på grunn av ulukka. Ein mista førarkortet på staden medan ein annan godtok eit forenkla førelegg.

– Dei blei målt til 110 og 120 km/t i 80-sona. Hadde me hatt kapasitet hadde me nok teke endå fleire, seier lensmann Fosse.

Eksklusivt ritt

Internasjonale deltakarar med luksusbilar og sjeldne sportsbilar i millionklassen er med i det som arrangøren omtalar som ein organisert biltur. Ifølgje ksu247.no er prisen for å delta 5000 britiske pund, eller om lag 50000 norske kroner.

Arrangøren avviser at femdagarsrittet er eit billøp.

– Dette er ikkje ein form for konkurranse, men ein biltur i fantastisk natur, seier representanten, som understrekar at alle involverte har fått både munnleg og skriftleg påminning om å respektera fartsgrensene.

Arrangøren nektar for at dei mange førelegga på Vestlandet onsdag og torsdag viser at råkøyring er eit utbreidd problem.

– Det er svært synd at enkelte køyrer for fort. Me vil at alle skal køyra i lag og nyta den vakre naturen som finst i Noreg.

I FJOR: Atlantic Road Trip har sjølv publisert denne filmen på Youtube. Videoen viser deler av arrangementet i fjor.

Politiloggen pepra med meldingar

Lensmannen i Kvinnherad sende onsdag føremiddag varsel til politidistrikta som kunne venta seg å få millionbilane gjennom sitt distrikt.

Berre timar seinare mista to utanlandske sjåførar førarkortet då dei køyrde i 133 og 131 km/t på E16 i Flåm. Politiloggane i Hordaland og Sogn og Fjordane er pepra med meldingar om farlege forbikøyringar og «uvettig køyring»

– Politiet har i dag fått svært mange meldingar frå publikum som går på farlege forbikøyringar og høg fart, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt i Florø.

Representanten seier dei vil ta initiativ til eit møte med politiet neste gong bilturen blir arrangert.

– Me vil samarbeida med politiet og legga til rette for ein god dialog, seier mediekoordinatoren.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.