Helle Therese Kongsrud

Brannmannen som berga katten vakte kjensler hos alle som delte det på Facebook.

Foto: NRK

Vi fortel historier frå Innlandet – til heile landet!

Ei vakker juli-veke i 2016 var Skibladner NRK sin sommarbåt. Programleiar Helle Therese Kongsrud blei tatt imot med jubel på alle brygger langs Mjøsa.

Innhaldsoversyn

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør NRK Hedmark og Oppland

Distriktsredaktør Inger Johanne Solli

Foto: Ole Kaland / NRK
  1. Innleiing
  2. Dei regionale nyhetene
  3. Sosiale medier, nett og mobil
  4. Dei store nyheitssakene
  5. Innlandsscenen
  6. Dei unike historiene
  7. Jenter for Norge
  8. Fjos-TV
  9. Ut i naturen
  10. Språkteigen
  11. Etikk
Sommerbåten til Gjøvik

Sommarbåten til Gjøvik

Foto: NRK

Samla vart det ei solid dose Innlandsnatur og – kultur i alle kanalar, og folk langs Mjøsa fekk vist fram seg sjølv og heimplassen sin for resten av landet. Vi i NRK Hedmark og Oppland bidrog til å vise folkelivet ved å sende 3 timar ettermiddagssending i radio og på nett-TV frå dei bryggene der båten la til.

Å kunne bety noko for folk som bur her – det er viktig for oss som arbeider i NRK Hedmark og Oppland. Eit distriktskontor skal vere nært på folk sine liv. Folk her skal kunne stole på oss. Det er vi som fortel historiene frå Innlandet – til heile landet!

Vi bind Innlandet saman

Eftasendinga NRK Hedmark og Oppland

Reidar Kjæstad frå Lom og svenske Madeleine Cederstrøm er eit populært programleiarpar om ettermiddagen i Hedmark og Oppland

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Vi kallar Distriktssendingane i P1 limet i Hedmark og Oppland. I 15 år har vår kjente programleiarar, gitt lyttarane våre "lyden av Innlandet", av Mjøsa, dalane, fjella, skogen og av folk! Næringsliv, skole, helse, friluft, idrett, musikk og anna kultur.

Vi skal spegle regionen der og da og gje service og nyheiter til den som skrur på. Og vi er i dialog med og treng hjelp av lyttaren. Kva dag får vi mange meldingar frå publikum om smått og stort frå heile regionen, vær, føre, trafikk – og hygge.

Mangfaldet av lokalavisar i denne store regionen er ei rik kjelde til alt frå korte meldingar til saker vi sjølv vel å dekke breitt utover dagen.

Siste året har vi fornya oss med fleire nyheitsoppdateringar, og med ein yngre musikkprofil. Vi er glade for at det ser ut til at vi greier å halde godt på lyttarane mellom 40 og 59, utan at vi av den grunn mister mange av dei eldre, trufaste følgjarane våre.

Laster innhold, vennligst vent..

Dei regionale nyheitene

Vi overvaker dei store regionale sakene som pregar det offentlege ordskiftet i regionen: Samferdsle, sjukehusstruktur, høgskulestruktur, fordeling av arbeidsplassar, utbygging av veg og jernbane. Vår sendingar og debattforum er ein viktig arena for dialog eller debatt.

I 2016 var det kommunereforma som engasjerte. Vi dekka debatt og avstemming i utvalde kommunar, utan at det vart endring i kommunestrukturen av det!

Det er ei utfordring å dekke det slik at også yngre folk lar seg engasjere. Erfaringa er at humor engasjerer. Veldig mange likte figuren Håkon Skaug sitt skråblikk på kommunesamanslåing. Det vi kallar "ein viral hit"

Markedsandel 18.45-sending

Hele landet

2016

2015

Alle

42

42

12-19 år

18

17

20-29 år

12

15

30-39 år

16

17

40-49 år

30

32

50-64 år

48

47

65 år +

47

59

Sosiale medier, nett og mobil

Markedsandel 20.55-sending

Hele landet

2016

2015

Alle

31

33

12-19 år

16

14

20-29 år

9

11

30-39 år

14

15

40-49 år

22

22

50-64 år

36

37

65 år +

46

51

Håkon Skaug er det beste eksempelet på alt vi har gjort i sosiale mediar sidan hausten 2015. Vi har arbeidd målbevisst for å nå et større – og yngre – publikum, som vi ikkje nødvendigvis når gjennom tradisjonelle kanalar, radio, TV, nett. Håkon Skaug gjorde kommunereform litt artig!

Foruten Håkon Skaug har vi nådd godt ut med serien av klipp vi lagde i forbindelse med dokumentaren Jenter for Norge. Og ikkje minst klipp frå arkivet som vi publiserar med jamne mellomrom.

Målet er alltid å få publikum til NRK sine eigne nett/mobilsider og radio og TV-sendingar. Publikum i Hedmark og Oppland tenkjer først og framst på oss som radio og TV. På nett/mobil går veldig mange først til lokalavisa si, sterke merkevarer med solid nyheitsdekning i sine område. Slik som Østlendingen, GD, OA og HA.

Men vi er eit viktig supplement og eit mediehus som ser sakene frå eit anna perspektiv. Vi representerer eit mangfald mange stader der avisene har vore einrådande. Gjennom sosiale mediar når vi mange med enkeltsaker som engasjerar. Vi har no 28.000 følgjarar på Facebook.

Laster innhold, vennligst vent..

Vi er der når noko skjer

Vi ønskjer at nyheitene vi dekker skal nå eit publikum ut over regionen. Å levere frå Hedmark og Oppland til resten av landet er eit mål, vi gjer det i nyheitssendingar i radio, TV og på nett/mobil.

1. nyttårsdag vart ei 13 år gammal jente funnen død på ei hytte i Valdres, jenta var død av underernæring. Mor til jenta vart sikta og tiltala i saka som kjem opp i Gjøvik tingrett i april i år. Saka vekte stor interesse, da må alle tilgjengelege ressursar hos oss gå til å dekke den og vi samarbeidde med Marienlyst.

13-åring funnet død på denne hytta i Valdres

Det var på denne hytta på Beitostølen i Valdres at den 13 år gamle jenta ble funnet død nyttårsaften. Ifølge tiltalen som vart tatt ut mot mor, døydde jenta av avmagring, eventuelt i kombinasjon med nedkjøling.

Foto: Geir Randby / NRK

I september var det ny dramatikk da ein død person vart funne brent på eit bål i skogen ved Dokka. Det viste seg snart at det var Nils Olav Bakken frå bygda som var drepen.

Etter lang tids etterforsking vart tre personar frå bygda fengsla. Dei er sikta for drap eller for å ha vore med på drap. Alle tre sit framleis fengsla, berre ein av dei har tilstått å ha vore med på drapet.

Dagsrevyen: Drapet på Søndre land
Foto: NRK

Krim i NRK

Er det riktig av NRK å bruke mykje tid på krim? Ei truverdig og etterretteleg krimdekning krev tett oppfølging og kompetanse om feltet. Vi har vorte færre journalistar dei siste åra, og krimdekninga legg beslag på ressursar som kunne vore brukt på andre saker .

Men eit drap, omfattande vald og overgrep eller eit dramatisk dødsfall er ei hending med store konsekvensar for offer, pårørande, gjerningspersonar og andre involverte. Difor vil vi dekke det grundig.

Fleire av journalistane i NRK Hedmark og Oppland har både etisk og redaksjonell kompetanse i å dekke slike saker, også for riksredaksjonane. Ofte samarbeider vi med Nyheitsavdelinga i NRK. Målet er å vere først ute med sjølve hendinga og med gode oppfølgingar.

Når fjøset brenn

Stein gård

Brannmannen som berga katten vekte kjensler hos alle som delte det på Facebook.

Foto: Elin Fossum / NRK

Ein nydeleg oktoberdag tok det til å sive grå røyk ut over Mjøsa frå Moelv. Det var fjøset på historiske Stein gard som brente. Midt på lyse dagen kunne alle som var på brannstaden eller som såg TV-overføringa på våre nettsider følgje brannmannskapa som redda ut 200 storfe og til og med katten!

fjøs i brann i ringsaker, moelv, kyr reddes ut, brannmannskaper, brann, flammer, røyk.
Kjørescene: privatopptak

Ulv ulv!

I september vedtok rov-viltnemndene i Hedmark, Oslo og Akershus lisensjakt på 24 ulvar utanfor ulvesona. Dyre- og naturvernarar protesterte. I desember sette Miljøvernminister Vidar Helgesen vedtaket til side.

Det sette distrikts-Høgre i brann, det er stor indre strid om ulv i partiet. Og det starta eit omfattande grasrotengasjement landet rundt – som framleis varer ved. Fordi vi har vore nyheitsleiande i denne saka, er vi opptatt av korleis vi kan dekke den balansert. Ei oppteljing syner nok at vi har intervjua fleire av dei som vil skyte ulv enn dei som vil ha ein stor bestand av ulv.

NRK skal vere uavhengige og balanserte i si nyheitsdekning. Men det er våre journalistar i Hedmark som møter dei som kjenner veksten i ulvestamma på kroppen. Både utmarksnæringa, friluftslivet og tryggleiken til folk er råka. Her tettar vi gapet "mellom levd liv og medierøyndomen".

Ulven som har raidet i Rendalen

Denne ulven ble skutt i Rendalen sommeren 2016

Foto: ANETTE STRAND SLETMOEN / NRK

Endeleg Cupfinale!

KIL-supportere på Ullevaal

KIL-supportere på Ullevaal

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Etter nokre magre år i Innlandsfotballen kom endeleg Kongsvinger til cupfinale, ikkje minst på grunn av trenaren Luis Pimenta. Sidan det var ei historisk hending (sist Innlandet var med i cupfinalen var det med Gjøvik Lyn i 1966) krev det å bli nemnt i denne årsoppsummering.

Vi slo saman krefter med andre distriktskontor og hadde

Luis Berkemeier Pimenta

Luis Pimenta

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

samsendingar i radio og på nett-TV med NRK Buskerud før og under semifinalen mot Strømsgodset, og samsending med Trøndelag dagen før cupfinalen på Ullevål.

Når det kom til stykket vart Rosenbort alt for sterke, men det var ein fin fest!

Innlandsscenen

Innlandsscenen har vore NRK Hedmark og Oppland si store kultursatsing i 2015 og 2016. I løpet av 2016 hadde vi jubileum i studio. Da kom artist nr 100 i rekka til vårt direktesendte vesle ettermiddagsshow.

Her har både amatørar, halvproffe og heilproffe artistar vore med. Innlandsscenen har operert på tvers av sjangrar, aldersgrupper, kommune og fylkesgrenser, satt pris på av musikkbransjen og av publikum. I 2017 flytter vi Innlandsscenen ut til musikkscener andre stader.

KRAST på Innlandsscenen

Dei unike historiene

Frå heile landet til heile landet. Vi er NRK sine nyheitsfolk i Hedmark og Oppland. Vi dekker saker både regionalt og nasjonalt. Da må vi leite etter det som står ut, det som verkeleg er heilt unike historier frå vår region.

Her kan du sjå eit knippe av dei beste:

Kinomisjonæren

kinomaskinist morten gudbrandsen på lørdagsrevyen

Morten Gudbrandsen har reist rundt som kinomaskinist i Hedmark og Oppland i snart 34 år.

Med Piaf som medisin

Anouk og Monica

Monica Johansen frå Lillehammer har cerebral parese fekk oppfylt draumen om å synge som Edith Piaf i Paris

Foto: Arne Sørenes / nrk

Da cowboyen kom til bygda

Arvid Mæland-1

Arvid Mæland kom fra en kjemperanch i USA til Vågå i Gudbrandsdalen med ville påfunn og store planer.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Andreas og de gode hjelperne

Ein skuletur til Galdhøpiggen er krevjande nok i seg sjølv. Ei eldsjel og nokre gode hjelparar må til for at Andreas frå Vågå skal nå målet, 2469 meter over havet.

En skoletur til Galdhøpiggen er krevende nok i seg selv. En ildsjel og noen gode hjelpere må til for at Andreas skal nå målet, 2469 meter over havet.

Jenter for Norge

Heilt unik er den nye troppen med kvinnelege spesialsoldatar på Rena. Gjennom eitt år følgde tre journalistar frå oss dei 60 jentene som konkurrerte om 14 plasser i Noregs einaste spesialstyrke for kvinner.

Bilder fra opptaksuka til jegertroppen i Forsvarets Spesialkommando.

Men Forsvaret stilte eitt krav: Ansikta til jentene skulle sladdast! Det var utfordrande. Å fortelje historier med hemmelege hovudpersonar er ingen enkelt kunst. Programskapar Vibecke Wold Haagensen fortalte meir om det til M24.

Dei to dokumentarprogramma gjekk i NRK1, det vart saker i Dagsrevyen og lengre artiklar på NRK.no. Og ute av NRK sine hender vart programmet teksta på engelsk og delt på Youtube der meir enn 200.000 også har sett dei.

SKyting
Foto: Frode Meskau / NRK

Doku-teamet: Frode Meskau, Tom Haakenstad, Vibecke Wold Haagensen og filmkomponist Bendik Hval. (foto: Vegard Sandberg, Østlendingen)

Fjos-TV

NRK Fjos - Utebilde
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Mange har aldri vore i eit fjøs! Ei satsing som vart lagt merke til og satt pris på av publikum var #NRKFjos. Livet i lausdriftfjøset på garden Ulberg i Gudbrandsdalen vart overvaka av NRK-kamera i 10 døgn, publisert på NRK.no.

Staslin som togg drøv, Dagros som gjekk veldig sakte inn til mjølkeroboten, Rosa som tusla ut på enga. Det var ekte sakte-TV. Dagleg tok vi landbrukstema opp til handsaming og diskusjon. Mest temperatur vart det da landbruksminister Jon Georg Dale og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum møttest til debatt i fjøset.

NRK Fjos - inne i fjøset
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Dette vart eit solid innblikk i moderne norsk matproduksjon. Og dei som såg på engasjerte seg sterkt i livet på garden, med heiarop, med kritiske innvendingar og gode spørsmål.

Både gardbrukarparet Kristin Vold Lexander og Hans Ulberg og NRK-journalist Reidar Kjæstad og teknikar Roar Berntsen fekk utmerking for "Sunt Bondevett" av Norges Bondelag.

Debatt mellom landbruksminister Jon Georg Dale (FrP) og Trygve Slagsvold Vedum, leder i Senterpartiet

Fjøsdebatt i Gudbrandsdalen med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, landbruksminister Jon Georg Dahle og program- og prosjektleiar Reidar Kjæstad.

Ut i Naturen

4 av våre medarbeidarar lagar naturprogram for NRK1 og for mobil/nett og på Facebook. I november lanserte Kari Toft og fotograf Reidar Gregersen ein heilt ny serie med tema som drifter, sansar, leik, intelligens. Ut i Naturen har lang tradisjon i å vise sjåarvideoar. Også i denne nye serien var bidrag frå publikum ein viktig del.

Serien vart da også godt tatt imot, med rundt ein enn halv million sjåarar på det mest sette programmet. I tillegg vart mange av videoane delt på Facebook der fleire vart sett av opp til 100.000.

Ut i naturen

Skogens konge poserer med programleder Kari Toft

Foto: NRK

Språkteigen

Torunn Myhre

Torunn Myhre

Foto: Erlend Lånke Solbu

Søndag formiddag går det populære programmet Språkteigen på P2.
Nå er det Torunn Myhre i NRK Hedmark og Oppland som er programleiar.

Språk engasjerer og irriterer. Språk er moro! Det har også unge folk oppdaga og mange av dei høyrer Språkteigen på Nettradio eller Podcast

Etikk

I 2016 vart vi melde til PFU av DnB etter ein sak om eit huskjøp. DnB meinte vi ikkje

hadde latt alle fakta komme fram i saka. Det er eit mål for NRK å ikkje bli felt i NRK, i samråd med etikkredaktøren i NRK kom vi difor fram til ei minneleg ordning med ei beklagelse til DnB som valde å trekke klaga. Saka hadde ikkje feil, men det var fakta som mangla i det vi sendte.

Vi har hatt to etikkseminar og fleire morgonmøte med etikk som tema i 2016.

Framtida

Vårt mål er at vi i framtida skal vere rusta til hovudoppgåvene våre: At vi bidreg til at NRK er raskast ute og dekker best dei store hendingane i vår region. Og å fortelje dei unike historiene frå Innlandet – til heile landet.

Å vere ute og rapportere frå der folk bur er vår viktigaste oppgåve, ikkje minst i ei tid da mange stiller spørsmål ved etablerte media si truverd. I dag har NRK tilliten frå publikum, vi må gjere oss fortent til den i framtida også.

Vi skal bidra til at dei som følger med på NRK får sjå Noreg frå flest mogleg ulike stader. Da må vi vise at folk lever ulike liv, med kulturelle, sosiologiske og økonomiske skilnadar.