Sigrid Raabe på Øya 2017
Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Det store gjennombrotet

Sigrid Raabe frå Ålesund er eitt av mange namn som har prega overskriftene i NRK Møre og Romsdal i 2017. Her er vår redaksjonelle årsrapport.

Sigrid Raabe hadde eit stort år i 2017. Ho blei kåra til årets nykomar under NRK-kåringa "P3Gull", song under Fredspriskonserten og blei nominert til tre Spellemannprisar. BBC kåra Sigrids hitlåt "Don't kill my vibe" til verdas hottaste.

Gull i fleire greiner

Sigrid var ikkje åleine blant unge namn frå Møre og Romsdal i overskriftene i det som trygt kan seiast gullåret 2017.

På seinsommaren var kulturhuset i Ulsteinvik tettpakka av folk. På første rad sat bestefar til Karsten Warholm for å følge barnebarnet løpe VM-finale i 400 meter hekk i London. Då Karsten passerte målstreken først, blei det hemningslaus jubel i Ulsteinvik og i resten av landet.

Jubel i Ulsteinvik nå Karsten Warholm tar gull

Olav Lundanes hadde sitt gjennombrot som orienteringsløpar for fleire år sidan men i 2017 greidde han å forsvare verdsmeistertittelen i langdistanse. I tillegg var han sentral på laget som tok VM-gull.

Eit anna namn vi har følgd gjennom året, er alpinisten Ragnhild Mowinckel frå Molde. Mot slutten av 2017 hadde ho si første pallplassering i verdscupen. Saman med Nina Haver-Løseth og Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund syter dei tre alpinistane for at Møre og Romsdal er på verdskartet også i den idretten.

Optimisme og eigarskifte i næringslivet

Nedturen i olje og gassnæringane har råka dei store aktørane innan offshore og verft i Møre og Romsdal siste åra. Dei økonomiske tapa har vore enorme, nedbemanningane mange og nyheiter frå denne bransjen hyppige i NRK Møre og Romsdals tilbod i 2017.

Omstillingane har ført til eigarskifte i fleire selskap. I starten av 2017 blei det eigarskifte i det største offshorereiarlaget i Noreg, då Solstad Shipping på Karmøy blei største eigar i sunnmørsbedrifta Farstad. I ei av sakene vi hadde om eigarskifta, frykta ein økonom ei utvatning av den maritime klynga på Nordvestlandet. Ein pensjonert sjømann sa det slik i saka om Farstads vekst og fall; "Det blir ikke det samme hvis sjefene sitter på Karmøy".

Ein gryande optimisme prega likevel året i næringslivet. Omstilling og nyskaping førte til ei rekkje nye kontraktar i verftsbransjen og nedgang i arbeidsløysa. Ekspedisjonscruiseskip, nye hurtigruter, elektriske ferjer, avanserte fiskebåtar.

Bjørn Ove Bakke og Vidar Hungnes

GLADE: Bjørn Ove Bakke og Vidar Hungnes ved Ulstein verft er svært letta over at verftet har sikra seg store prosjekt som gjer at folk kan kome tilbake i arbeid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Moldebedrifta Brunvoll blei av Norsk Industri kåra til den smartaste industribedrifta i Noreg, eit synleg bevis på innovasjonskrafta i Møre og Romsdal.

Nye kommunar veks fram

Etter høyringsrundar, folkemøte og folkerøystingar i 2016, førte kommunereformen til fleire nye kommunar i 2017. Nye Molde og nye Ålesund såg dagens lys og kommunesamanslåingsprosessen i alle delar av fylket er eit emne NRK Møre og Romsdal har følgd tett gjennom året.

Kva dei nye kommunane skal heite, kvar kommunesentera skal ligge, korleis kommunevåpena skal sjå ut, er alle diskusjonar med engasjement i rundt om i bygdene.

Lenger sør på Vestlandet blei det beslutta å kalle den nye samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestlandet fylkeskommune. Også det var eit namneval som skapte engasjement, spesielt i Rogaland og Møre og Romsdal – fylke som også meiner dei er ein del av Vestlandet.

NRK Møre og Romsdal tok initiativ til ei felles debattsending med dei tre andre fylka, vi fekk utvida sendetid på NRK1 og fekk namnediskusjonen opp på den nasjonale dagsorden.

Høgre og Vetle Wang Soleim feirar valsigeren

Høgre og Vetle Wang Solheim blei valvinnar i Møre og Romsdal i 2017 og jubla under valvaken til NRK Møre og Romsdal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Stortingsvalet i Møre og Romsdal

Kommunesamanslåing var også tema i Stortingsvalet 2017 i Møre og Romsdal, ei anna viktig satsing i tilboda frå NRK lokalt og nasjonalt i fjor.

Valgvake 2017 NRK møre og romsdal

NRK Møre og Romsdal arrangerte valvake i Ålesund saman med regionavisene i fylket. Arrangementet samla over 200 personar frå dei politiske partia og media i Møre og Romsdal.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

I tillegg til den fortløpande dekninga av valrelaterte nyheitssaker på radio, tv og nett, hadde vi to temasendingar direkte i nett-tv, den eine frå Kristiansund og den andre frå Oslo. Sendinga frå Oslo gjekk også på NRK1 og temaet var kva som skal få unge til å flytte tilbake til Møre og Romsdal etter endt utdanning.

Vi sendte også ein av dei tradisjonelle skuledebattane på nett-tv og valnatta inviterte vi, saman med dei største avisene i fylket, til felles valvake for presse og parti på Scandic Parken i Ålesund, med direktesending på nett-tv og innslag i den nasjonale sendinga på NRK1.

Tre elitelag

Arne Flatin kommenterer fotballkamp

Arne Flatin er ein av fire medarbeidarar i NRK Møre og Romsdal som kommenterer fotballkampar for NRK Sport. Han er også den som har kommentert flest kampar. Sidan 1991 har han dekt 295 kampar i eliteserien i Noreg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter Kristiansunds store gjennombrot i norsk toppfotball, var det duka for tre eliteserielag frå Møre og Romsdal i 2017-sesongen. Opningskampen mellom Kristiansund og Molde ga vi ekstra merksemd med eiga sending på nett-tv frå Kristiansund .

Etter sluttspelt serie blei det seriesølv til Molde, sjuandeplass til Kristiansund og 15. plass og nedrykk for Aalesund etter ein dramatisk sisterunde.

Det er kommentatorar frå NRK Møre og Romsdal som har følgd laga på kvar heimekamp gjennom sesongen, med oppdateringar i fotballsendinga 4-4-2 i NRK P1 og kommentarar og reaksjonar til lokale sendingar og nasjonale sportstilbod frå NRK etter kamp.

Fiskesperre Driva

Fiskesperra i elva Driva blei opna i juni 2017.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Saker som set spor

"Først med heile biletet" er nyheitsmålet til NRK. I 2017 har vi saman med dei andre distriktskontora styrt fleire ressursar mot journalistikk som set dagsorden. Vi har ein klar ambisjon om å løfte fleire lokale saker til nasjonal dagsorden.

Ei av sakene fekk vi fram i samarbeid med NRK Hordaland, etter hendinga i Averøy med ein bussjåfør som ikkje ville setje av skuleelevar. Omtalen av sakene førte til at sjåførar andre stader i landet fortalde at dei grudde seg til å gå på jobb og hadde daglege utfordringar med skuleborn på bussane.

Ei anna sak vi fekk på nasjonal dagsorden var 60 millionarsprosjektet med bygging av fiskesperre i Driva, eit byggverk lokalbefolkninga meinte hadde vesentlege manglar og som bøndene meinte kunne påverke vassforsyninga deira.

På hausten fortalde vi om kravet frå Ålesund kommune til fleire private barnehageaktørar om tilbakebetaling av millionbeløp i offentleg støtte. Kravet kom etter at Utdanningsnytt og Sunnmørsposten året før avslørte at eigarar tok ut millionutbytte i fleire private barnehagar. Det finst liknande saker andre stader i landet og reglane som finst på området er innfløkte. Krava er påklaga og kan ende med rettsleg behandling.

Den viktige etikken

Godt etisk arbeid skal sikre ein journalistikk til å stole på, og er viktigare enn nokon gong. NRK Møre og Romsdal har løpande diskusjonar på nyheitsdesken om etikk i sakene vi jobbar med i kvardagen. Det gjeld identifisering, om å få ulike partar til orde, om å ha dekning for det vi skriv.

Vi får ofte kritiske synspunkt eller spørsmål frå publikum om det vi lagar. Alle som tek kontakt med oss for å klage skal få svar. Faktiske feil vi gjer blir forsøkt retta opp i det mediet dei først blei publisert, utan ugrunna opphald.

Vi har i 2017 hatt to interne kursrundar i etikk med etikkredaktøren i NRK, Per Arne Kalbakk, som del av det samla arbeidet for å heve kompetansen om presseetikk i NRK.

I juni fekk vi kritikk av Pressas Faglege Utval, PFU, etter ein tv-reportasje om ein barnelege ved sjukehuset i Kristiansund. Klagen og utfallet kan du lese her. Klagen var den einaste vi hadde til behandling i PFU i 2017.

Vekst på nett og mobil

NRK Møre og Romsdal har av dei best besøkte forsidene på nett av distriktskontora i NRK.I 2017 har vi vore pilot for ein forsidemal der den fortløpande nyheitsoppdateringa har ein meir sentral plass enn tidlegare. Dette gir publikum ei rask oversikt over kva som skjer.

For å styrke kvaliteten på kvar enkelt nyheitshistorie på nett, prioriterer vi å lage færre saker enn før. Ved inngangen til 2017 laga vi nesten 300 nyheitssaker på nett kvar månad, mot slutten av året knapt 100. Likevel har vi hatt betre trafikk samla sett og greidd å løfte fram fleire saker nasjonalt på NRK.no.

Sakene som engasjerte mest var fjellskred, strenge bussjåførar og ein ung brannmann.

NRK Møre og Romsdal har over 35 000 følgarar på Facebook og bruker den og andre sosiale medier til å nå fleire med innhaldet vi lagar, skape engasjement og vere i dialog med publikum. Mange deler bilete med oss på nrkmogr på Instagram, vi gir folk nyheitsoppdateringar på Twitter og vi har også gjort ulike testar av Snapchat.

Den facebookvideoen som engasjerte mest i 2017 var 100 år gamle Nikka Myren Grønning, som gjekk over til å bruke DAB-radio. 278.000 såg videoen.

Vi får stadig betre verktøy for å lage digitale historier for nett og mobil. I starten av året laga vi for første gong ein tv-serie spesielt for bruk på mobil om eit noko spesielt integreringsprogram for innvandrarar.

Fem syriske flyktninger får 33 dager til å lære alt om Norge. Forskningsprosjektet er ekstremveien inn i det norske samfunnet.(1:4)

Utfordrande radioår

Tett på kvardagen til folk i Møre og Romsdal, er eit mål for dei to lokale radioflatene vi har på NRK P1. I 2017 vidareutvikla vi profilen for å vere endå betre selskap for fleire, og spesielt dei i alderen 40 til 55. Dette handla om programleiing, musikkval og endå meir relevant radioinnhald med miks av nyheitsoppdateringar, trafikkinformasjon, ver og føre, sørvis og aktualitetar.

Radiokonkurransen har blitt tøffare i 2017, fordi FM-sløkkjinga har gitt publikum tilgang på endå fleire kanalar i Dab-nettet. Den samla radiolyttinga ved slutten av 2017 var nokså uendra samanlikna med lyttinga før sløkkjinga starta. Nordland var først ute med FM-sløkkjing, deretter følgde Trøndelag og Møre og Romsdal. Sist ut var Finnmark.

Undervegs i året med FM-sløkkjing, er det store biletet at NRK har tapt lyttarar medan dei kommersielle har vunne på omlegginga. Den enkeltkanalen som har tapt mest er NRK P1, og frå å vere det einaste distriktskontoret med oppgang i lyttinga i 2016, opplevde NRK Møre og Romsdal eit nokså stort fall i lyttinga i 2017.

Morgonsendingane frå NRK Møre og Romsdal vekslar framleis mellom studio i Ålesund og studio i Kristiansund og i 2017 oppgraderte vi sendeteknikken på lokalkontoret i Kristiansund for å gjere den tekniske kvaliteten på avviklinga endå betre. Ettermiddagssendingane går frå studio i Ålesund.

Anne-Mari Flatset og Roar Halten

Anne-Mari Flatset og Roar Halten har morgonsending annakvar veke frå radiostudio i Kristiansund.

Foto: NRK

Siste år for tv klokka 1845


Den lineære tv-sjåinga fell i Noreg medan det er vekst i klippbasert strømme-tv. I 2017 var det første gong at folk under 40 år nytta meir strømme-tv enn lineær tv.

Med bakgrunn i dei markante endringane i sjåinga og behovet for å bruke meir ressursar på innhald til nett/mobil, beslutta NRK-leiinga før sommaren i fjor ei omlegging av lokalsendingane frå årsskiftet 2017/2018.

Endringane skulle kome samtidig med at reportasjemagasinet Norge i dag blei avslutta og eit nytt, direktebasert aktualitetsprogram, Norge Nå blei programsett.

Det blei lagt opp til 4 minutt klokka 1855, 5 minutt klokka 2055 og 4 minutt klokka 2255 og ei gruppe jobba fram ny felles formatering av dei nye sendingane for alle distriktskontora.

På nyåret i 2018 vekkte omlegginga så mange reaksjonar over store delar av landet, at beslutninga blei endra til ei noko lengre sending 1850 og elles å halde fast på 2055 og 2255. 2017 blei uansett siste år for sendestart 1845 på NRK1 frå distriktskontora.

Barn i båt på Bjørnsund leirskole

Tv-teamet Ann Eli Nøsen og Roar Strøm frå NRK Møre og Romsdal, følgde ei skuleklasse frå Rauma gjennom fem dagar på leirskulen på Bjørnsund.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Nasjonale produksjonar

Leveransar til dei nasjonale programtilboda frå NRK, er også ein del av oppdraget til distriktskontora. NRK Møre og Romsdal laga eit program frå Romsdal til serien Glimt av Noreg i 2017, og starta også produksjon av eit program til for sending i 2018.

I tillegg fekk vi sendetid til ein redigert versjon av dei to direktesendingane vi hadde på nett-tv på våren 2017, den eine frå paddebygda Austefjord, den andre frå sesongopninga for sesongbebuarane på Grip på Nordmøre. Begge programma gjekk på NRK1.

Vi leverte i løpet av året 15 innslag til Norge Rundt. I tillegg kjem daglege leveransar til dei nasjonale nyheits- og sportssendingane til NRK på radio og tv.

Den landsdekkjande kunnskapskonkurransen for 10. klassingar, Klassequizen, var populær i Møre og Romsdal også i 2017. Over 30 skular frå heile fylket deltok i konkurransen. Finalen stod mellom Haramsøy skule og Rindal skule. Det var sunnmørslaget som vann fylkesfinalen og representerte Møre og Romsdal i den nasjonale finalen.

klassequiz haramsøy

Klassequiz blir stadig meir populær å vere med på for 10. klassingane i Møre og Romsdal. Her er vinnarane av fylkesfinalen i 2017, Petar Milic (t.v.), Håkon Brekke Farstad og Benedikte Kjerstad fra Haramsøy.

Foto: Remi Sagen / NRK

Samarbeid med andre mediehus

NRK har eit sjølvstendig ansvar for å bidra til mediemangfald i Noreg. Dette er nedfelt i den reviderte NRK-plakaten, og i starten av 2017 inviterte vi avisene i fylket til diskusjonsmøte om samarbeid og forventningar.

Pressekonferanse ved Mannen 2017

Journalistar frå NRK Møre og Romsdal, TV2 og lokalpresse samla til kort orientering frå NVE i Romsdalen oktober 2017. Det er stor interesse knytt til det rasfarlege fjellet "Mannen".

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Seinare på året deltok fleire redaksjonar i eit kurs i etikk hos NRK Møre og Romsdal. På innhaldssida har vi dagleg med ein redaktør for ei lokalavis i radiosendinga, for å fortelje om deira viktigaste sak i dagens avis.

Vi har ved fleire høve tilbydd direktevideo til avisene ved felleshendingar og dei lokale avisene får tilgang til NRK-kamera i Romsdalen når det ustabile partiet av fjellet Mannen er i rørsle.

Vi har jamnleg kontakt med journalistutdanninga på Høgskulen i Volda, og studentane tilbyr oss saker når dei har praksisperiodar på skulen. Vi fekk også innslag frå studentane i samband med sendinga valnatta.

Tilsette ved NRK Møre og Romsdal på Blåtind i 2018

Dei fleste av dei tilsette i NRK Møre og Romsdal samla i Stordal, januar 2018.

Foto: Arne Flatin / NRK