NRK Meny
Normal

Fann 30 plastposar i magen på den sjeldne kvalen

Gåsenebbkvalen var aldri dokumentert i Noreg før han blei avliva. I magesekken fann forskarane 30 plastposar og store mengder småplast.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

PROPPFULL: Over 30 plastposar og store mengder mikroplast blei henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Det var reint tilfeldig at zoologar ved Universitetet i Bergen blei gjort merksame på kvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen i helga.

Det ein lenge trudde var ein grindkval hadde gått seg fast tre gongar før viltnemnda tok livet av kvalen, som bar preg av å vera sjuk.

Tysdag starta forskarane på jobben med å gjera den to tonns tunge gåsenebbkvalen til museumsobjekt.

Sjå bileta:

Gå til forsiden

Her slaktes den sjeldne hvalen

Slakter sjelden hval i Bergen

Her slaktes den sjeldne hvalen

9 bilder

    Fann 30 heile plastposar

    Etter eit hektisk døger med partering og sortering av kjøt, spekk, bein og galle viser det seg at sjukdomsbiletet også er av det makabre slaget.

    – Magen var heilt fullstoppa av plast. Rundt 30 plastposar i tillegg til ein del småplast. Det er veldig trist, fortel zoolog og førsteamanuensis Terje Lislevand ved Universitetet i Bergen.

    Plastposer i hvalmage

    VERDSPROBLEM: Ifølgje FN hamnar over 8 millionar tonn plastsøppel i verdshava årleg. Plast blei gåsenebbkvalen sin bane.

    Foto: Terje Lislevand / Universitetet i Bergen

    Til saman brukte fem personar seks timar på å partera leivningane. Også store mengder mindre plast, såkalla mikroplast, blei fjerna frå magesekken, i tillegg til brødposar og sjokoladepapir.

    Kvalen hadde eit relativt tynt lag med spekk, noko som tyder på at han var utmagra.

    – Funna er ikkje overraskande, men klart det er trist å oppdaga så store mengder, fortel Lislevand.

    Terje Lislevand

    TRIST: Zoolog Terje Lislevand er ikkje overraska over plastfunna i kvalkadaveret.– Dette syner berre kor stort problemet er.

    Foto: Britt Kristin Ese / NRK

    Fullstending tom for næring

    Tarmsystemet var fullstendig tømt for næring. Berre vanskeleg fordøyelege restar frå eit blekkspruthovud låg att i magesekken. Alt tyder på at kvalen har hatt det vondt før den ende sine dagar i den norske skjergarden.

    – Det er det ingen tvil om. Eg tør ikkje anslå kor lang tid det kan ta før han har fylt opp magesekken. I dette tilfelle har plastpartiklar hopa seg opp og skapt ein propp i systemet, seier Lislevand.

    – Dette syner berre kor stort problemet er. Absolutt alt spelar inn i naturen.

    Gåsenebbhval

    SJELDAN: Berre ein årvaken museumskollega i Stavanger hindra at den sjeldne kvalen blei senka midtfjords. Først trudde ein det var ein grindkval.

    Foto: Frederik Økland / NRK

    8 millionar tonn i året

    Marin forureining er eit stadig aukande problem og i 2050 ventar forskarar å finna meir plast enn fisk i havet, viser ein rapport frå stiftinga Verdas økonomiske forum.

    Ifølgje FN sitt miljøprogram hamnar over 8 millionar tonn plastsøppel i verdshava årleg. Ein går ut frå at rundt 80 prosent stammar frå aktivitet og industri på land.

    – Menneske har nytta havet som ei enorm søppelfylling, men avfallet dukkar diverre opp att i samanhengar som denne. Det er ikkje ofte ein går så nøye til verks som det me har gjort i dette tilfelle, så det er vanskeleg å vita kor vanleg slike mengder er, forklarar Lislevand.

    Magesekkinnholdet gåsenebbhval

    OMFATTANDE: Store mengder plastposar og mikroplast blei henta ut av magesekken til gåsenebbkvalen.

    Foto: Terje Lislevand / Universitetet i Bergen

    Hovudskallen knust av kuleskot

    Det som er igjen av gåsenebbkvalen ligg no frose ned ved universitetsmuseet i Bergen, der det skal bli del av den unike kvalsamlinga ved Naturhistoriske museum.

    Hovudskallen har tatt stor skade av avlivinga.

    – Førebels ynskjer me ikkje leggja skjul på at kvalen vart skoten. Det som har skjedd dyret er godt dokumentert, og me håpar å få fortalt historia i framstillinga, fortel Lislevand.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
    Slik ser det ut i våre nye lokaler.