15 tonn plass står oppstabla ved BIR sitt anlegg på Lønningen i Bergen

15 TONN KVAR TIME: Plastberget Mette Nygård Havre i Bir står framfor, svarar til den mengda plast som kvart minutt hamnar i verdshava.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Eit evig hav av plast

Eit hundreår etter at plasten vart oppfunnen, hamnar 15 tonn med plast i havet kvart minutt. Forskarane meiner me har skapt eit evig miljøproblem.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei to oransjekledde har vore ute sidan tidleg på morgonkvisten. Håkon Gravdal og Harald Søviknes har køyrt frå adresse til adresse i Bergen for å samla inn plast.

Renovatørane Håkon Gravdal og Harald Søviknes er tilbake frå innsamlingsrunden i Bergen

SAMLAR INN: Renovatørane Håkon Gravdal og Harald Søviknes i Bir.

Foto: Sølve Rydland / NRK

No svingar dei søppelbilen, eller bossbilen som det heiter i Bergen, inn på området til Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap (Bir) på Lønningen. Den grøne doningen er full.

Gravdal og Søviknes skal visa oss. Visa oss kor mykje plast forskarane meiner at hamnar i havet. Kvart einaste minutt. Altså 15 tonn plast.

Vel framme går Håkon ut av bilen. Vinkar rutinert med armen, for å få kompanjongen til å lessa dagens fangst på rett plass.

Håkon Gravdal følgjer med, medan kompanjongen Harald Søviknes lessar av plastbilen.

LASSET: Håkon Gravdal inspiserer, medan kollega Harald Søviknes lessar av plastbilen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det har gått fint i dag. Eg trur det er om lag 700 sekkar, seier Gravdal i det Søviknes løftar bakparten på bossbilen, og pressar eit lite fjell med yoghurtbeger, Rema-posar og plastflasker ut på betongplattingen.

Det er vanskeleg å forstå at haugen som ligg framfor oss for kort tid sidan fekk plass inni bossbilen.

– Det vart akkurat to tonn, ropar Søviknes i det han jumpar ned frå førarhuset.

To tonn. Ein drope i havet. Samanlikna med det som faktisk hamnar i havet fleire gongar medan du les denne artikkelen.

Me gir oss ikkje. Me skal finna ut kor mykje 15 tonn er. Men først litt fakta.

Den plasten som er i havet forsvinn i realiteten aldri. Plastproblemet vil overleva tipp-tipp-tipp-oldebarna til dei som fann opp plasten.

Magnus Svendsen Nerheim, marinbiolog ved Universitetet i Bergen

2050: Like mykje plast som fisk

På eit år hamnar 8 millionar tonn plast i havet. Det viser eit moderat anslag frå forskarar ved University of Georgia i USA. Det betyr 15 tonn i løpet av eit gjennomsnittleg minutt. Kvar time. Kvar dag. Kvar natt. Året igjennom.

Laster Giphy-innhold

Noko driv med havstraumane. Noko vert male opp i ørsmå bitar av sollys og bølgjer. Noko endar opp i ei lun vik på Sotra eller på ei grunne i Indonesia. Noko søkk ned på botnen, og vert liggande.

Plast og boss i sjøkanten, ved Landro på Sotra

SOTRA: Slik såg det ut i Landrovågen på Sotra i februar. Plastforureininga langs norskekysten er stadig meir omfattande.

Foto: Elise Angell / NRK

For kvart år vert det meir. Mykje meir. Om me ikkje endrar vanane våre, vil 30 tonn plast hamna i havet kvart minutt i 2030. I 2050: 60 tonn.

For kvart kilo med plast i havet er det i dag fem kilo fisk. Om den galopperande utviklinga heldt fram vil det, ifølgje forskarane, vera like mykje plast som fisk om 33 år.

Det er ikkje nokon radikal miljøorganisasjon som viser fram tala, men sjølve etablissementet: World Economic Forum i Davos.

Laster Giphy-innhold

Plastposekvalen

I starten av februar flerra zoologane frå Universitetet i Bergen opp buken på ein gåsnebbkval på Sotra. Kvalen som ikkje tidlegare er observert på våre kantar, hadde stranda i fjøresteinane. 30 plastposar låg gøymd i magesekken. Ein plastpose frå Danmark. Kyllingemballasje frå Storbritannia. Det største plaststykket var over to meter langt.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

FULL AV PLAST: Kvalen som vart avliva på Sotra hadde 30 plastposar i magen.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Kvalen var tom for næring. Plasten blokkerte tarmsystemet, slik at gåsnebbkvalen var i ferd med å svelta i hel. Så vart han skoten.

Etter at kvalen kom og banka på stovedøra til strilane vest for Bergen, har «alle» snakka om plast. Men kor kom eigentleg all denne plasten frå?

Våre barn vil, i en grad vi bare kan drømme om, gå gjennom livet omgitt av vakre, sterke, lette, renslige og billige bruksting av plastic. Plastic vil følge dem fra plasticbarneværelset hvor alt er rent og lyst og uknuselig til alderdommens plasticbriller og plasticgebiss inntil de blir stedt til hvile i en hygienisk plastickiste.

Kjemikar Einar Jensen i 1946.

Oskebegerindustrien

Året var 1929. På ein porselensfabrikk i Østfold starta den norske plasthistoria. For første gong her til lands, tok ein i bruk eit nytt og heilsyntetisk materiale.

Blant dei første norske plastprodukta: Lysbrytar i bakelitt

PIONERPLAST: Denne lysbrytaren i bakelitt vart produsert i 1930, og er blant dei aller første plastprodukta produsert på norsk jord.

Foto: Rolf M. Aagaard / Aftenposten

Det starta med eit stikkontaktdeksel i bakelitt på Norsk teknisk porselen i plankebyen Fredrikstad.

To tiår tidlegare vart bakelitt – den første heilsyntetiske plasten i verda – funnen opp i New York.

I Noreg, men og i andre vestlege land, skapte nyvinninga ny industri: Oskebegerindustrien.

– Tilnamnet var meint nedsetjande, seier Liv Ramskjær. Ho er generalsekretær i Norges museumsforbund og har forska på plasthistoria.

Sminkeutstyr, telefon og grammofonplate i plast. Frå promoteringsarrangement i Oslo i 1949.

LUKSUS: Mange av dei første plastprodukta vart rekna for å vera luksusvarer. Her vert sminkeutstyr, telefonar, serveringsbrikker og grammofonplater vist fram i Oslo. Året er 1949.

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix

– I tillegg til at oskebeger var blant dei første produkta til plastindustrien, vart oskebegera òg brukt for å marknadsføra fabrikkane. Mange såg ned på plasten i starten. Meinte det var eit simpelt materiale, seier Ramskjær.

Knappar, dørhandtak, turkoppar og grammofonplater var noko av det første som kom ut av plastfabrikkane. Etter kvart kom nye plastmaterial. Nylon, polyetylen og polyester vart ein naturleg del av fest og fritid. Etter kvart eingongsemballasjen.

– Plasten gjorde livet lettare for mange. For husmødrer vart kvardagen til dømes lettare då dei tunge sinkbøttene kunne bytast ut med lette plastbøtter. Grytehandtak i bakelitt gjorde at ein kunne ta i grytene utan å brenna seg, fortel plastforskaren.

Nylonstrømpane kom til Noreg like før krigen.

NYLON: Under eit presentasjonsarrangement i Oslo i 1949, vert dei syntetiske nylonstrømpene vist fram.

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix

I den tidlege etterkrigstida såg mange med stor framtidstru på kva plasten kunne gjera med samfunnet. Ingeniør Einar Jensen var ein av dei som misjonerte for ei plastisk og fantastisk framtid.

«Våre barn vil, i en grad vi bare kan drømme om, gå gjennom livet omgitt av vakre, sterke, lette, renslige og billige bruksting av plastic. Plastic vil følge dem fra plasticbarneværelset hvor alt er rent og lyst og uknuselig til alderdommens plasticbriller og plasticgebiss inntil de blir stedt til hvile i en hygienisk plastickiste».

I 1954 vart det arrangert storstilt plastutstilling i Oslo, med kronprins Olav som sjølvskriven gjest. Også den gongen var det «blest om plast», som utstillinga heitte. Dei nye syntetiske produkta vart vist fram som ein del av eit moderne liv, med tilsnitt av luksus:

Kronprins Olav besøker plastutstillinga "Blest om plast" i Oslo.

Trass optimismen. Plasten vart heile tida sett på med tvisyn. Etter kvart vaks det fram ein miljøopposisjon til dei syntetiske produkta.

– Den verkeleg motstanden mot plasten kom på 70-talet. Den retta seg særleg mot kunststoffa i klesproduksjonen. I visse miljø vart det viktig å bruka naturlege stoff som ull og bomull, seier Ramskjær.

Den optimistiske ingeniøren Jensen fekk likevel rett i mykje. I 1950 var den samla plastproduksjonen på 1,5 millionar tonn årleg. I løpet av dei neste tiåra førte prisfall til at dei syntetiske stoffa vart blant dei mest brukte industriprodukta i verda. I 1980 var produksjonen oppe i 40 millionar tonn. I 2015: 324 millionar tonn, 54 tonn meir enn berre fem år tidlegare.

Laster Giphy-innhold

Men Jensen fekk likevel ikkje rett i alt. Meir om kvifor likkister i plast ikkje vart ein suksess, seinare.

Eit evig problem

– Den plasten som er i havet forsvinn i realiteten aldri. Plastproblemet vil overleva tipp-tipp-tipp-oldebarna til dei som fann opp plasten.

Marionbiolog Magnus Svendsen Nerheim har forska på plast i havet.

– FEIL BRUK AV PLAST: Marinbiolog Magnus Svendsen Nerheim.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det seier Magnus Svendsen Nerheim. Han er marinbiolog og har forska på plast i havet.

På bordet framfor han har me plassert fem vanlege plastartiklar, som alle har eit forhold til. Ein eingongsgaffel. Ein plastpose frå daglegvarebutikken. Ei colaflaske. Eit yoghurtbeger. Ei flaske som ein gong inneheldt oppvasksåpe.

– Denne er kanskje det beste dømet me kan finna, seier forskaren og plukkar opp eingongsgaffelen. Bygd for å vara lenge. Vert berre brukt dei fem minutta det tar å få i seg potetsalaten som akkompagnerer grillpølsa.

– Plast er eigentleg eit fantastisk materiale som har gjort livet lettare for oss. Problemet er berre at me brukar det feil, skyt marinbiologen inn.

Den siste tida har det komme mange oversikter som viser kva plastprodukt som brukar lengst tid på å verta brote ned i naturen. Plastflaska brukar 450 år. Plastposen 20 år. Eit fiskesnøre held stand i 600 år.

– Dette gjev jo eit bilete på at det tar lang tid før desse produkta forsvinn. Men plasten forsvinn ikkje. Vert berre til mindre og mindre bitar. Alle desse produkta vil verta til mikroplast om dei hadde hamna i havet. Ute av syne, kanskje. Men framleis eit problem mange generasjonar fram i tid, seier Svendsen Nerheim .

Marinbiolog Magnus Svendsen Nerheim rangerer plastprodukt etter kor lenge dei vil klara seg i havet.

– FLASKENE VIL VARA LENGST: Marinbiolog Magnus Svendsen Nerheim rangerer plastgjenstandane frå venstre mot høgre, etter kor lang tid havet brukar på å mala dei opp. – Det er kvalifisert gjetting. Uansett vil alle produkta verta til mikroplast.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– All drit hamnar i havet

Alle plassar der ein har kombinasjonen av menneskeleg aktivitet og moderne forbruksvarer, hamnar plast på sjøen. Aller mest der det bur flest folk og renovasjonssystema er minst utvikla.

Ifølgje forskarar frå University of Georgia er det dei folkerike landa i Søraust-Asia som er verstingane. Kina, Indonesia og Filippinane toppar lista. Kanada og dei nordiske landa er best i klassen. Gåta er kor all plasten som hamnar i havet eigentleg vart av. Forskarane finn berre igjen ein liten del av dei vanvitige mengdene.

Søppel i havet utanfor Indonesia

GLOBALT PROBLEM: Indonesia er eit av dei landa som bidreg til mest plastforureining i verdshava. Det pregar havbotnen.

Foto: Jurgen Freund / Nature Picture Library

– All drit hamnar til slutt i havet. Det er sluttpunktet for elvane og dekkjer over 70 prosent av landjorda. Det vert sagt at det meste kjem frå land, og at skipstrafikken står for ein mindre del. Men dette er usikker informasjon, seier Magnus Svendsen Nerheim.

Likevel gjer havstraumane at plasten flyttar seg over store område. I ei av dei ferskaste studiane om plastforureining i havet, viser tyske forskarar prov på at ein finn stadig meir plast på havbotnen i Arktis.

Mikroplast i tarmen

Grabben vert senka i sjøen i Kollevågen på Askøy vest for Bergen. Vert borte. Kjem til syne att i det vassflata vert broten. Ut fossar vatn.

Forskarane tar prøvar på sjøbotn ved Kollevåg på Askøy

PÅ TOKT: Forskarane ved Uni Research leitar etter plast i Kollevågen på Askøy.

Foto: Uni Research Miljø

Marte Haave og forskarane ved Uni research er på tokt. På leit på havbotnen. På jakt etter den minste plasten.

Haave er blant dei som har ropa varsku lenge. Irritert seg over at det har vore lite interesse for å bruka pengar på å forska på plast i havet.

Mikroplast i hvaltarm

MIKROPLAST: I tillegg til store plastflak, vart det òg funne mikroplast i gåsnebbkvalen på Sotra.

Foto: Frederik Økland / NRK

Forskarane sine funn er nedslåande: Oversikter laga av informasjonssenteret Grid-Arendal, viser at det vert funne plast i alle undersøkte havskjelpadder. Seks av ti kvalar. Fire av ti sjøfuglar.

Mikroplasten, på si side, skapar problem for dei mindre skapningane.

– Det er dokumentert at mikroplast blokkerer tarmen til mindre organismar og reduserer reproduksjonen til østers. Ein ser òg at krabbar og kreps har knutar av plast i tarmen, seier forskaren som har økotoksikologi som fagfelt.

Også me får i oss plastbitane. Spørsmålet er om det er skadeleg for oss.

– Når me et blåskjel kan me få i oss mikroplast. Forskinga viser at blåskjela tar plasten opp i vevet. Men kva som skjer med plasten i kroppen vår, må det forskast meir på. Det kan tenkjast at opphoping av mikroplast kan føra til kreft, men dette må me læra meir om, seier Marte Haave.

Forskaren trur sjømatnæringa kan vera nøkkelen om det skal brukast meir pengar på forskinga på plastforureining.

– Dette er jo eit spørsmål om mattryggleik. Det trugar jo matfatet vårt. Det er nok berre eit tidsspørsmål før sjømatnæringa vaknar.

Likkister og oskebeger

Tilbake til oskebegerindustrien og Einar Jensen, som spådde at me skulle enda våre dagar i ei likkiste i speilblank hardplast. Ein gong var oskebeger noko alle hadde. Noko ein såg over alt. Den gongen folk røykte inne. Slik er det ikkje lenger. Dei tradisjonelle oskebegera høyrer fortida til for dei fleste. Har vorte ein kuriositet. Kan dei enorme miljøproblema som no er i emning, føra til at det same skjer med plasten?

Likkister i plast har ein prøvd ut. Det var ingen god idé. Lika rotna seint. Då Stortinget vedtok gravferdsforskrifta i 1997 fekk plastkista den siste spikaren i – ja, nettopp, kista: «Materialer og utstyr som brukes på eller i kiste skal være nedbrytbart i jord innen den fredningstid som gjelder for gravplassen».

21 plastterningar

På avfallsanlegget i Bergen har plasten vorte komprimert. Pressa saman til gigantiske yatzy-terningar. Minner om traktoregg, berre kvadratiske. Surra saman med tjukk hyssing. Framleis kan me dra kjensel på logoane til butikkjeder og globale merkevarer på posane som tyt ut.

Komprimert plast vert frakta vidare med hjullaster ved BIR sitt anlegg på Lønningen i Bergen.

700 KILO: Plasten som dei to renovatørane har samla inn, vert omgjort til tre komprimerte blokker på om lag 700 kilo.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dei to tonna som Håkon Gravdal og Harald Søviknes hadde med seg i bilen, har vorte til tre store plastblokker. Kvar på om lag 700 kilo.

No skal me få sjå kor mykje 15 tonn med komprimert plast eigentleg er.

Utanfor hallen der plasten vart levert, står dei stabla oppå kvarandre. For å komma opp i mål treng me 21 gigantterningar.

No står stabelen der framfor oss.

Tonnevis med plast står stabla opp på BIR sitt anlegg i Rådalen

15 TONN: Plast tilsvarande det du ser på dette bilete hamnar i verdshava kvart einaste minutt. Plasten på biletet er komprimert, og tar mindre plass enn vanleg.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er nesten heilt utenkjeleg. 15 tonn er vanvitig mykje, for plast er jo så lett. Det gjer nesten vondt å tenkja på at plast tilsvarande dette, hamnar i havet kvart einaste minutt, seier informasjonssjef i Bir Mette Nygård Havre medan ho studerer plastberget som har reist seg.

– Me hadde brukt minst sju arbeidsdagar på å samla inn all denne plasten med ein bil i Bergen. Det er heilt ufatteleg at så mykje hamnar i havet, berre medan me står og snakkar i lag, seier Håkon Gravdal.

Plasten dei to renovasjonsarbeidarane har samla inn, skal no ut på ei reise. Ikkje med havstraumane mellom verdshava, men med jernbanen til Nederland. Verta til ny plast.

15 tonn plast som vart redda frå å hamna på havet.

Kjelder:

The New Plastics Economy: World Economic Forum.

Plastens historie i Norge: Liv Ramskjær, Norges museumsforbund.

Plastic waste inputs from land into the ocean: Jenna R. Lambeck, University of Georgia.

Marine Litter – Vital Graphics: Grid Arendal.

Marine litter on deep Arctic seafloor continues to increase: Mine B. Tekman, Alfred Wegener Institute.