Hopp til innhold

Historiene frå prøverommet du ikkje vil høyre

BERGEN SENTRUM (NRK): Bak prøveromsgardina føregår det mykje meir enn prøving av klede. – Vi blir tilkalla fleire gonger i veka, seier vektarane.

Prøverom kan brukes til så mangt

LYSSKY AKTIVITET: – Det var ein kunde som hadde med seg ei dame inn i prøverommet, og var der veldig lenge. Eg veit kor lang tid det tar å prøve klede, og det tek ikkje så lang tid, seier Åsmund Vikene, butikktilsett på Galleriet.

Foto: colourbox

– Ein må tole litt. Men du skulle ikkje tru alt vi finn i prøveromma, seier Stine Olsen.

Ho jobbar på Lindex på kjøpesenteret Galleriet i Bergen sentrum, og har vore vitne til at folk gjer mykje meir enn å prøve klede i avlukka.

– Ein gong rann det tiss ut av prøverommet. Eg var usikker på kva dette var for noko, og måtte faktisk lukte på det for å vere sikker. Det måtte tørkast opp, og alt som var i prøverommet måtte kastast. Til og med teppet, seier Olsen.

Ho er ikkje åleine om å ha ubehagelege erfaringar frå prøveromma. NRK har prata med fleire tilsette på dei store kjøpesentera i Bergen sentrum, som fortel om funn av brukte truser og tampongar, hasj og narkotikasprøyter i prøveromma.

– Eg har sett det meste opp gjennom åra, og har også høyrd om funn av avføring i prøverommet, seier Mats Johansen Engdal, som jobbar i Bertoni på kjøpesenteret Xhibition.

Mats Johansen Engdal

Mats Johansen Engdal i Bertoni på Xhibition.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Kan vere kven som helst

På kjøpesenteret er vektarane Ruben og Karina blant dei som har ansvar for tryggleiken til kundane. Dei vert ofte tilkalla for å assistere butikktilsette som fryktar at noko utanom det vanlege skjer i prøveromma.

– Det kan vere alt frå steling til tissing på golvet og sex i prøveromma, seier Karina.

Fleire gongar i veka får vektarane i oppdrag å sjekke opp i ulik prøveromsaktivitet.

– Det kan vere alt frå rusmisbrukarar til ungdom og eldre som står bak. Eigentleg kven som helst, seier Karina.

– Det var ein kunde som hadde med seg ei dame inn i prøverommet, og var der veldig lenge. Eg veit kor lang tid det tar å prøve klede, og det tek ikkje så lang tid, seier butikktilsett på Galleriet, Åsmund Vikene.

På Lindex meiner Olsen at ho er blitt herda av alle dei merkelege opplevingane.

– Det er ekkelt, men sånn er det. Det skjer sikkert mykje meir der som vi ikkje veit om, seier Olsen.

Vektere Xhibition

Vektarane Ruben og Karina.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Eg har gjort det

På Torgallmenningen i Bergen vert mange som går frå butikk til butikk sjokkert over historiene frå dei butikktilsette.

– Eg trudde folk berre prøvde klede! Noko slikt har eg aldri høyrt om før, seier Åsta Torsrud.

Men i ein vennegjeng frå Australia og England er ikkje alle like overraska over avføring, heroin, tampongar og sex i prøverom.

– Eg forstår ikkje kvifor nokon vil gjere slike ting i prøverom, seier Susan Peg.

Før venninna byrjar å le.

– Eg har gjort ein av dei tinga.

Stine Olsen

Stine Olsen på Lindex på Galleriet.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK