Karsten Warholm satte ny norsk rekord og vant semifinalen i 400 meter hekk under EM i friidrett i Amsterdam torsdag.
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Tett på Møre og Romsdal i 2016

Friidrettsfantomet Karsten Warholm. Krise i offshorenæringa. Oppturar, nedturar, skjemt og alvor. NRK Møre og Romsdal har tatt i bruk ny teknologi og måtar å jobbe på i 2016. Her er vår redaksjonelle årsrapport.

Innhaldsoversyn

Hallstein Vemøy

Distriktsredaktør Hallstein Vemøy

Foto: Ole Kaland / NRK / Ole Kaland
  1. Årets saker
  2. Store nyheitshendingar
  3. Etikk
  4. Kven er vi?
  5. Radio
  6. Nett, mobil og sosiale medier
  7. TV
  8. Nasjonal produksjon
  9. Samarbeid

2016 var eit innhaldsrikt år i Møre og Romsdal. Denne artikkelen gir berre eit lite utval av alt det redaksjonen har jobba med av satsingar og utviklingsprosjekt. Her er nokre av dei store sakene og temaene vi dekte gjennom året!

Kommune- og regionreform

Berit Susanne Kjølås intervjuer Jan Petter Eide på Mørebenkkonferansen i Ålesund

Berit Susanne Kjølås hadde nettsending frå Mørebenkkonferansen i Ålesund i januar, der ho blant anna intervjua Jan Petter Eide

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Den store gjengangaren i nyheitsåret har vore kommunereforma og diskusjonar nord og sør i fylket om framtidig regiontilhøyre. NRK Møre og Romsdal har vore tilstades på alle dei større møta der kommunane har diskutert samanslåing og på ulike arenaer der framtidig regiontilhøyre har vore oppe til debatt.

Storparten av dekninga har vore i radiosendingane og på nett. Fleire av dei avgjerande møta undervegs har vi hatt eigne tv-sendingar på nett frå, mellom anna då resultata av folkerøystinga om samanslåing blei gjort kjend på forsommaren nord og sør i fylket.

Mange av nyheitssakene vi har hatt om temaet har sett dagsorden, mellom anna gjennomførte vi ei eiga spørjeundersøking i samarbeid med fleire aviser om folks haldningar til framtidig regiontilhøyre.

Oljenedturen råka både verft og reiarlag

Konsekvensane av oljenedturen har blitt merkbar for mange familiar, lokalsamfunn og bedrifter i Møre og Romsdal i 2016. Stadig nye offshoreskip er lagd i opplag, verfta har permittert folk, arbeidsløysa har gått opp og lokale reiarlag har kjempa for å unngå konkursar.

NRK Møre og Romsdal har følgd utviklinga i den maritime klynga og kampen for å overleve, spesielt utover hausten 2016. Dekninga av oljenedturen har også handla om ny teknologi, innovasjon og omstilling for å skape nye inntekter og arbeidsplassar.

Fotball og friidrett

Warholm

Karsten Warholm løper inn til ny norsk rekord under OL i Rio de Janeiro

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Både fotball og friidrett førte til mange nyheitsoppslag undervegs i året. Karsten Warholm, friidrettsutøvaren frå Ulstein, fekk sitt store, internasjonale gjennombrot i 2016. Dimna-utøvaren viste allereie under Bislett Games i juni at han hadde ein stor sesong på gang og følgde opp med suksess i OL.

NRK Møre og Romsdal har hatt mange reportasjar om friidrettstalentet og miljøet hans i Ulstein gjennom året, også frå då bygdefolket følgde superløpet hans om natta under OL i Rio.

Ein annan suksess på sportsfronten sytte Kristiansund for i fotballens 1. divisjon, med å sikre opprykk til eliteserien. NRK var tilstades i kommentatorbua då den entusiastiske lokalavisjournalisten fekk sitt livs høgdepunkt på jobb då Kristiansund sikra opprykket, eit videoklipp med svært høg deling i sosiale medier.

Kommentator Rune Edøy i det dommeren blåser av kampen.

Fellessjukehus

Nytt sjukehus Molde

Det planlagte sjukehuset på Hjelset i Molde

Foto: Helse Møre og Romsdal

Krangelen om lovlegheita av vedtaket om å plassere nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde, endte for retten i 2016. Den spesielle saka blei behandla i tingretten i Steinkjer i mai.

Vi sendte heile rettssaka direkte i samarbeid med avishusa, og hadde også fortløpande dekning av utviklinga i saka mellom Kristiansund kommune og Helse Midt.

Store nyheitshendingar

2016 både starta og slutta med ekstremver. I slutten av januar raste orkanen Tor langs kysten av Møre og Romsdal. Ekstremveret passerte i løpet av ein ettermiddag og kveld, først sør i fylket og så vidare nordover.

NRK Møre og Romsdal følgde utviklinga med ekstrasending på radio og nett, direkterapport i vår lokale tv-sending og i nasjonale sendingar der vi var tilstades med oppdateringar frå Ålesund, Finnøya i Sandøy, Molde og Kristiansund.

Gjerdsvika på Sunnmøre dagen etter ekstremværet Tor

Gjerdsvika på Sunnmøre dagen etter ekstremværet Tor

Foto: Harald Skarbø


På seinsommaren auka beredskapen for det det ustabile partiet av fjellet Mannen i Romsdalen. Folket på gardane ved foten av fjellet måtte på nytt evakuere og

Mannen

Mannen

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

passasjertrafikken på Raumabanen innstilt. Dette var tredje gongen at geologane registrerte så store rørsler i den ustabile delen av Mannen at dei tilrådde evakuering.

Hendinga vekkjer stor nasjonal interesse og NRK har ei viktig rolle i å gje fortløpande oppdatering på utviklinga, informasjon til folk i området og forbipasserande, samt stille kritiske spørsmål til vurderingane og beslutningane til dei med ansvaret for beredskapen.

NRK har hatt kamera på plass i dalen sidan hausten 2014 med kontinuerleg direkteoverføring av bilete frå fjellmassivet til nettsidene våre. Denne direktestraumen er mange innom når beredskapsnivået i dalen aukar, og vi deler også tilgang på bileta med fleire aviser og nettstader.

Ei anna stor nyheitshending frå 2016 var ulukka i Valldalen i juli, der ein buss med utanlandske turistar køyrde utfor vegen og velta. Ein person døydde og fleire blei skadd i ulukka, der vi var raskt på plass med rapportar til nasjonale sendingar ulukkeshelga. Hendinga sette også den dårlege mobildekninga i området på dagsorden.

Bussulykke Vallda

Ein person omkom og fleire blei skadd då bussen køyrde av vegen ved Valldal i Møre og Romsdal i juli.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Rekordsesong for turismen og rekordhaust

2016 blei eit rekordår for turistnæringane i Møre og Romsdal. Talet på cruiseanløp har aldri vore så høgt, hotella opplevde høgt belegg gjennom sommaren, det same kunne dei mange attraksjonane rundt om i fylket melde om.

NRK Møre og Romsdal følgde turistlivet ekstra tett då vi sendte direkte på nett-tv og NRK1 frå Geiranger ein sommardag i slutten av juni.

Direkte. Vi tar pulsen på Geiranger når fire cruiseskip er på fjorden og 8000 turister besøker bygda.

Veret ga også rekordar i 2016 og stoff om ver og klima engasjerer publikum i Møre og Romsdal. På ein av dei mange solrike dagane på seinsommaren, flytte vi heile tv-sendinga vår ut for å sjå sola gå ned i havet ved Atlanterhavsvegen saman med mange av dei som bur ved og bruker den populære vegstrekninga.

Etikk

Roar Halten som orienterer distriktsrådsmedlemane Tove-Lise Torve, Heidi Nakken og Olav Myklebust

Distriktsprogramrådet for Møre og Romsdal hadde tre møter i 2016 og det eine var besøk på lokalkontoret i Kristiansund. Her er det Roar Halten som forklarer rådsmedlemane Tove-Lise Torve, Heidi Nakken og Olav Myklebust korleis Halten køyrer sendingar frå studioet på Kongens Plass 1

Foto: Hallstein vemøy / NRK

I redaksjonen til NRK Møre og Romsdal diskuterer vi fortløpande etiske problemstillingar ved ulike saker. Det skal vere låg terskel for å ta opp tvilstilfelle med kollegaer eller den redaksjonelle leiinga, og vi har rutinar for å godkjenne saker før vi publiserer.

Vi får ofte kritiske synspunkt eller spørsmål frå publikum om det vi lagar. Alle som tek kontakt med oss for å klage skal få svar, og faktiske feil vi gjer blir forsøkt retta opp i det mediet dei først blei sendt - utan ugrunna opphald.

NRK Møre og Romsdal blei klaga inn for PFU saman med Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke våren 2016. Klagaren meinte at ei spørjeundersøking mediehusa fekk utarbeidd om regionreforma, mangla heilt sentrale svaralternativ. PFU behandla klagen og kom til at mediehusa ikkje hadde brote god presseskikk.

Kven er vi?

Bibbi Kjølås og Pål Kristian Lindseth

Programleiarane Bibbi Kjølås og Pål Kristian Lindseth

Foto: Hallstein vemøy / NRK

NRK Møre og Romsdal har gått gjennom to rundar med nedbemanningar i 2015 og 2016 og hadde ved utgangen av fjoråret 43 årsverk. Distriktsredaktøren er ansvarleg leiar redaksjonelt og administrativt og leier avdelinga saman med to redaksjonssjefar.

Vi har i tillegg ein administrativ medarbeidar og ein med ansvar for drift av teknisk utstyr og system. Dei øvrige 38 medarbeidarane jobbar enten som reporterar, fotografar, videojournalistar, programleiarar eller teknisk avvikling.

Vi har kontor i Ulsteinvik med ein medarbeidar, vi har tre medarbeidarar i Molde og tre medarbeidarar i Kristiansund. Vi har også eit nettverk av frilansfotografar rundt om i fylket.

Det samla budsjettet for 2016 var på 36 858 000 kroner.

Dekningsområdet er heile Møre og Romsdal og dei 36 kommunane frå sør til nord i regionen.

Radio

Tett på kvardagen til folk i Møre og Romsdal, er eit mål for dei to lokale radioflatene vi har på NRK P1. I 2016 tok vi grep for å vere endå betre selskap for fleire, og spesielt for målgruppa 40 til 55 år.

Vi har utvikla sendingane for at dei skal ha tydelegare profil ut mot publikum i ei tid der kanalvala blir stadig fleire. Vi har færre programleiarar som vekslar på å ha sendingane enn før, med hyppigare oppdatering av nyheiter, informasjon og sørvis og vi har gått gjennom musikkinnhaldet vårt for mellom anna å spele mindre, men meir gjenkjennbar musikk på morgonen.

Omleggingane har også vore viktige for NRK P1 i forkant av FM-sløkkinga i 2017, slik at kanalen skal vere til å kjenne att i dei mange kanalvala publikum får.

Morgonsendingane frå NRK Møre og Romsdal vekslar mellom studio i Ålesund og studio i Kristiansund. Ettermiddagssendingane går frå studio i Ålesund. Publikum ser ut til å like grepa vi har tatt; NRK Møre og Romsdal var det einaste av distriktskontora til NRK med samla oppgang i radiolyttinga i 2016. Oppslutninga om sendingane er prosentvis likt fordelt over heile fylket.

Laster innhold, vennligst vent..
Skuleklasse frå Kristiansund samla i tv-studio NRK Møre og Romsdal

Mange vil besøke redaksjonslokala til NRK Møre og Romsdal, her er ei skuleklasse frå Kristiansund samla i tv-studio

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Nett, mobil og sosiale medier

Bruken av innhaldet frå NRK Møre og Romsdal på nett og mobil, stagnerte noko i 2016 frå året før. Konsumet av innhald via PC og nettbrett går ned i heile landet, medan konsumet av innhald via mobil aukar sterkt.

På nett skal vi vere først ute med nyheiter men også vere gode på historier som viser samanhengar. Enkelthistorier og hendingar prøver vi å få inn på forsida til NRK.no for på den måten å spreie historia til langt fleire enn vi når med vår lokale forside.

Laster innhold, vennligst vent..

Vi har satsa bevisst på to område i 2016, det eine er å vere raskare ute med levande bilete når noko skjer, det andre er å bruke ressursar på få, gode historier som kan setje dagsorden og engasjere.

Direkterapportering og eigne nettsendingar har vi prøvd mange variantar av, både frå studio inne og frå ulike miljø der noko føregår. Vi har sendt direkte frå sykkel og helikopter, frå fjelltoppar og forsamlingshus.

På denne måten er vi tilstades der noko skjer, vi får testa kva publikum likar og ikkje og vi får prøvd ute nye produksjonsmåtar og sendeutstyr.

Jezzfestival - sosiale medier

Engasjementet om innhaldet vårt i sosiale medier har vakse gjennom året, og vi jobbar aktivt for å dele innhaldet vi har med eigne kontoar på Twitter, Instagram, Snapchat og Facebook. På sistnemnde treff vi flest og hadde ved årsskiftet rundt 30 000 følgarar.

Vi har halde fram utviklinga av eigne videoformat for mobil, for å nå ut til fleire med sakene vi har på tv-sendingane. Eitt slikt døme er reportasjen om bytedag for kjolar til skuleballet, ein video som nådde over 57 000 og hadde 38 delingar

Flotte ballkjoler behøver ikke å være dyre. Hvis du gjør det som en ungdomsskole i Ålesund koster en kjole under 300 kr.

TV

TV-studio NRK Møre og RomsdaL

NRK Møre og Romsdal tok i bruk ny studioløysing for tv og nett i september, studioet er plassert sentralt på nyheitsdesken

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Folks tv-sjåing er i rask endring, spesielt i aldersgruppene under 30. Klippbasert innhald du kan sjå når du vil i nett-tv blir stadig meir populært, medan lineære tilbod taper sjåarar.

NRK held fast på to daglege lokalsendingar på NRK1, og trass den samla utviklinga i sjåinga så held oppslutninga om desse lokalsendingane seg relativt høgt. Vi har ikkje gjort store omleggingar i innhaldet i sendingane i 2016, men fokuserer på å køyre meir direkte når noko skjer.

Markedsandel 18.45-sending

Hele landet

2016

2015

Alle

42

42

12-19 år

18

17

20-29 år

12

15

30-39 år

16

17

40-49 år

30

32

50-64 år

48

47

65 år +

47

59

For å gjere den tekniske avviklinga enklare, er studio flytta til nyheitsdesken. Der kan programleiaren køyre sendinga sjølv med mindre teknisk støtte enn før. Omlegginga har gjort terskelen for å sende direkte lågare og vi har hatt nyheitshendingar der vi har sendt direkte frå studio på nett-tv berre nokre minutt etter at ei nyheit blei kjend.

Enklare tekniske løysingar har også gjort det lettare å legge ei sending ute av studio, noko vi prøvde både på jazzfestivalen i Molde og frå solnedgangen over Hustadvika.

Markedsandel 20.55-sending

Hele landet

2016

2015

Alle

31

33

12-19 år

16

14

20-29 år

9

11

30-39 år

14

15

40-49 år

22

22

50-64 år

36

37

65 år +

46

51

Tore Ellingseter direkte fra Atlanterhavsvegen

Tore Ellingseter direkte fra Atlanterhavsvegen

Foto: NRK

Nasjonale produksjonar

Severin Rønes

Severin Rønes

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er ikkje berre lokale nyheiter og aktualitetar NRK Møre og Romsdal produserer. I 2016 leverte vi fleire fjernsynsprogram til nasjonale sendingar på NRK1. Den tredje og siste sesongen med Severin på Røneset blei filma av NRK Møre og Romsdal, vi laga fleire program i serien Glimt frå Norge der både Mardalsfossen, Me-Åkneset og Runde var stader vi viste fram.

Under det trugande fjellet Flosteinsnibba ved Sunnylvsfjorden på Sunnmøre ligg garden Me-Åkerneset. Nitti år gamal kjem Einar Lundanes tilbake til barndomsheimen saman med venen Per. Til fjellgarden der ingen lenger kan bu, for ein dag kan raset og flodbølgja koma.


Vi tok også del i den landsdekkjande kunnskapskonkurransen for 10. klassingar, Klassequizen. 33 skular melde seg på frå heile fylket, og dei innleiande rundane ga mykje spennande og opplysande innhald frå skuleelevane. Det var lag frå Eidsvåg og Helland som gjekk til finalen og laget frå Helland blei vinnar av fylkesfinalen og representerte Møre og Romsdal i landsfinalen på våren.

Klassequiz

Klassequiz-filale Møre og Romsdal 2016

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Samarbeid

Vi har hatt ulike typar samarbeid med avisene i Møre og Romsdal i 2016. Før sesongstart i fotballen hadde vi to tv-sendingar på nett. Den eine handla om 1.divisjon der vi samarbeidde med Vikebladet Vestposten og Tidens Krav om innhaldet. Den andre sendinga handla om eliteserien og blei til i samarbeid med Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten.

Direktesendinga frå rettssaka mellom Kristiansund kommune og Helse Midt, blei også til i eit samarbeid med avishusa i fylket. Og vi har også hatt enkeltsaker der vi har sendt direkte frå pressekonferansar og delt nettsendinga med enkelte aviser.