Hopp til innhold

Åtte av ni direktørar er menn: – Heilt uakseptabelt

BERGEN (NRK): Kristeleg Folkeparti og SV vil ha slutt på «gubbeveldet» i fylkeskommunen, og krev endringar i leiarkabalen.

Åtte av ni toppleiarar er menn

MANNSDOMINERT: F.h. fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal, fylkesdirektør for tannhelsetenesta, Arne Åsan, fylkesdirektør for samferdsle, Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for kultur- og idrett, Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for eigedomsavdelinga, Jostein Fjærestad og fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, Ingrid Kristine Holm. Fylkesrådmann Rune Haugsdal og direktør for bybaneutbygging Roger Skoglie er ikkje på biletet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vi må nesten le litt når vi ser benken her i fylkestinget, fordi det blir så visuelt synleg. Men det er eigentleg ikkje noko å le av. Dette er eit alvorleg problem, seier Tor Andre Ljosland (KrF).

Når fylkestinget i Hordaland er samla, sit nemleg dei mannlege fylkesdirektørane på rekkje og rad. Heile åtte av dei ni toppdirektørane er menn, om ein tek med fylkesrådmannen sjølv.

– Det er alt for dårleg og eit alvorleg problem at vi har ein så skeiv kjønnsbalanse, seier Ljosland.

Han får støtte frå Aud Karin Oen (SV), som også er skeptisk til fordelinga mellom kvinner og menn blant fylkesdirektørane.

– Det er heilt uakseptabelt, og noko vi har påpeikt mange gonger.

Krev endringar i leiarkabalen

Fylkesdirektørane for opplæring, samferdsle, tannhelse, kultur- og idrett, regional utvikling, eigedom og bybaneutbygging er alle menn.

Ljosland meiner kjønnsbalansen må endrast når leiarkabalen for Vestlandet skal leggast.

– Vi er nøydde til å gjere noko med dette når vi skal slåast saman med Sogn og Fjordane frå 2020, seier Ljosland.

Tor Andre Ljosland (KrF) langar ut mot gubbevelde i fylkeskommunen.

KREV ENDRINGAR: Tor Andre Ljosland frå Kristeleg folkeparti meiner kjønnsbalansen blant fylkesdirektørane i Hordaland er eit alvorleg problem.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Den einaste kvinna i kollegiet i dag er fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, Ingrid Kristine Holm Svendsen.

– Det er mange dyktige kvinnelege leiarar i Hordaland fylkeskommune, så at eg for tida er den einaste kvinnelege fylkesdirektøren er nok litt tilfeldig, seier Svendsen.

Ho har tru på at fordelinga av menn og kvinner vil endre seg i tida framover.

– Fylkeskommunen arbeidar aktivt for å fremme likeverd, mangfald og likestilling på alle nivå i organisasjonen, og eg reknar difor med at det berre er eit tidsspørsmål før det er fleire kvinner i toppleiinga.

Tener opp mot 1,7 millionar kvar

Medan det er menn som regjerer på toppen, er nesten seks av ti tilsette i fylkeskommunen kvinner.

– Det seier jo noko om at ein bør vere flinkare til å la kvinner sleppe fram, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Hordaland fylkeskommune har i dag om lag 4500 tilsette. NRK har laga ei oversikt over løna til direktørane i toppleiinga:

Løna til direktørane i Hordaland fylkeskommune

Fylkesrådmann

1.639.500,-

Fylkesdirektør for økonomi og organisasjon

1.108.000,-

Fylkesdirektør for opplæring

1.108.000,-

Fylkesdirektør for samferdsel

1.054.800,-

Fylkesdirektør for kultur og idrett

1.044.000,-

Fylkesdirektør for regional utvikling

1.044.000,-

Fylkestannlege

1.034.800,-

Direktør Bybanen utbygging

1.364.000,-

Eigedomsdirektør

1.337.400,-

Fylkesrådmannen er klar på at noko må skje med kjønnsbalansen når leiarkabalen i det nye storfylket skal leggjast.

– Alle fylkesdirektørane er godt kvalifiserte for jobbane. Men dette er ikkje ein kjønnsbalanse vi skal ha i framtida. No er det også slik at så lenge denne fylkesrådmannen har sete, har det berre vorte tilsette ein fylkesdirektør, seier Haugsdal.

Trur på endringar

Er Hordaland fylkeskommune eit gubbevelde?

– Eg opplever det ikkje slik. Her er mange dyktige kvinner på ulike nivå, men vi må erkjenne at blant fylkesdirektørane er det eit sterkt overtal av menn, seier Haugsdal.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

INNRØMMER DÅRLEG BALANSE: Fylkesrådmann Rune Haugsdal seier det må fleire kvinner inn blant fylkesdirektørane i framtida.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ljosland frå KrF vil ikkje legge skulda for kjønnsfordelinga på dagens fylkesrådmannen.

– Eg oppfattar også at fylkesrådmannen tar dette på alvor. Men i dagens samfunn er det heilt naturleg at fleire kvinner får sleppe til.