Bård Moshagen montasje

Sex, dop og Parkinson

Bård Moshagen fekk ein ulækjeleg sjukdom. Men det var medisinen som fekk han arrestert etter å ha brukt millionar på dop og prostituerte.

I ettertid innser Bård Moshagen at han burde ha forstått at noko var gale.

Det var noko merkeleg med måten den prostituerte kvinna insisterte på at han skulle seie høgt at han ville betale for sex. Han som hadde gjort dette så mange gongar før merka jo at noko var annleis.

Då fem uniformerte politimenn stormar inn på rommet hans forstår han at han har gått i fella deira. Dei har avlytta han frå naborommet. No vert han lagt i golvet og får hendene bundne på ryggen med strips. Rettane hans vert leste opp. Han er arrestert av for sexkjøp og på veg til eit amerikansk fengsel.

Men heller ikkje etter mange timar på ein hard benk i ei glattcelle tek Moshagen realitetane inn over seg.

– Eg tenkte at dei ikkje var eit problem å bli arrestert. Eg låg på glattcella og var glad. Det var nesten som eit eventyr, som noko eg hadde sett på film. Flukta frå verkelegheita var total.

Den lokale avisa nordaust i USA skriv om då Moshagen var ein av 22 menn som vart arresterte i det politiet kalla «Operation Backpage».

Sex og narkotika

Arrestasjonen i USA våren 2015 er ikkje nokon vekkar for IT-gründeren frå Austevoll. Den er berre byrjinga på ein livsstil utan grenser.

På ei natt kan han ha sex med opp mot ni prostituerte. Ofte fleire av gangen. Han er stamkunde på eit luksusbordell i Amsterdam. Der er dei på fornamn med han, og tek i mot han som ein gamal ven.

Den grenselause livsstilen fører og med seg narkotika. Ecstasy, GHB, kokain, marihuana og fleire stoff han ikkje er sikker på kva er ein gong.

– Livet mitt var eit helvete. Alt handla om sex og dop. Og løgner.

Men kva er det som får den tidlegare så dedikerte familiemannen til å leve slik?

Endra personlegdom

Bård Moshagen dreiv eit framgangsrikt datafirma. Han har bygd draumehuset i øykommunen utanfor Bergen. Fritida bruker han med kona og dei to borna sine. Venene kallar han for "Kapitalisten" fordi han er så oppteken av å ha ein ryddig økonomi.

I 2010 merker han for første gong at noko er gale. Han kjenner det i den høgre foten då han skal springe Oslo maraton.

I oktober 2012 vert han diagnostisert med Parkinson sjukdom. Sjukdommen gjer at hjernen mister kontroll over musklane. Men det finst medisin. Den kan ikkje gjere han frisk, men kan utsette symptoma.

Medisinen skal dei neste åra bli eit større problem for han enn sjukdommen.

Bård Moshagen

KAOS: Livet mitt var eit kaos i sex og narko, fortel Bård Moshagen i dag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det gjekk så sakte at eg ikkje merka det sjølv. Men personlegdomen min endra seg, seier Moshagen i dag.

Då 2015 kjem er han ute av kontroll.

Fem i ei himmelseng

Forretningsreiser handlar meir om prostituerte og om narkotika, enn om jobb. Kun i korte glimt tenker han over kva han gjer.

– Ein gong i Praha skulle eg ta ut pengar for å gå på bordell. Då såg eg meg sjølv i ein refleksjon i eit vindauge. Då slo det meg at det eg held på med er galskap. Men driftene vann, som alltid.

Avtalen var med ei prostituert. Men han kan ikkje få nok. Han treng pengar til tre kvinner til. Dei fem var saman heile natta i ei himmelseng på eit luksushotell i den tsjekkiske hovudstaden.

– Eg hugsar det ikkje med glede. Det var eigentleg mest stress. Men eg var ute av stand til å sette grenser.

Moshagen seier han kunne vakne med anger om morgonen.

– Eg var utru og brukte pengar eg ikkje hadde. Men få timar seinare var dette gløymd. Eg brukte veldig lite tid på å uroe meg for kva konsekvensar oppførselen min ville ha.

Faksimile Providence Journal

NAMNET BRETTA UT: Saman med 21 andre menn vart Bård Moshagen omtalt med både namn og bilete i amerikansk media.

Brukte 160.000 kroner på ein kveld

Når Moshagen i dag fortel om det han kallar to år med løgner er det mykje som er uklart for han. Han skildrar store deler av perioden som ei «tåke».

– Men eg veit at ein gong brukte eg 160.000 kroner på ein kveld. Det var attpåtil på kona mi sin bursdag.

Han var mykje på jobbreiser. Svært mange av turane gjekk til USA.

– Det typiske var at eg mellomlanda i Amsterdam før eg skulle fly over Atlanterhavet neste dag. Då brukte eg heile natta på sex og festing, og sov ikkje eit sekund. Så tok eg meg nokre glas med champagne så eg fekk sove og ta meg litt inn på flyet.

Botnpunktet

Sumaren i 2015 betaler Moshagen ein ung prostituert for å bli med på sydentur.

– Vi mellomlanda i Amsterdam. Då ho hadde sovna i hotellsenga var eg ikkje nøgd. Eg drog på bordell. Der vart eg vekt midt på natta av at «veninna» ringde meg. Eg hadde tatt ein overdose ecstasy og måtte ha hjelp frå ein prostituert til å kle på meg. Det var eit absolutt botnpunkt.

Moshagen seier han var nær døden. Taxituren til flyplassen var blytung. Familien hans var i Frankrike. Bård hadde sagt til dei at han måtte jobbe.

No går det ikkje lenger. Han har sett seg i gjeld på over ti millionar kroner. Rykta om livsstilen hans når dei nærmaste. Denne sommaren vert han konfrontert med kva han har gjort.

– Eit sjokk

Sumarferien i 2015 har nettopp byrja. Heime i Austevoll steller Karine Montmartin på kjøkkenet då det ringer på døra. Ein kjenning meiner Montmartin treng å få høyre historiene som går om kva ektemannen hennar eigentleg gjer på reisene sine.

– Det var eit sjokk. Så vart eg så sint. Eg følte meg svikta og lurt. Eg fekk ei stor sorg. Men først og fremst tenkte eg at eg måtte prøve å berge familien.

Ho fortel at ho var bestemt på å forlate ektemannen. Men litt etter litt forstår ho at dette ikkje er den Bård ho gifta seg med. Han må vere psykisk sjuk. Det er kona som etter kvart forstår at det er medisinen som har endra han.

Moshagen fekk hjelp til å justere medisineringa, men tek framleis ikkje alvoret inn over seg. Han synest han fekk mindre kontroll over kroppen sin. Han går på ein ny smell.

– Eg tenkte det sikkert gjekk bra å berre ta litt av den gamle medisinen. Den gjorde at eg følte meg friskare, men endrar noko i hovudet mitt. Dermed fall eg tilbake til den gamle livsstilen.

På nyttåret 2016 reiser Karine Montmartin etter Bård til delstaten Rhode Island i USA. Ho har med seg skilsmissepapira i veska. No har ho fått nok.

Vendepunktet

Hausten 2017 sit dei to på ein restaurant i Bergen. Dei er framleis eit ektepar.

– Då ho sto der med skillsmissepapira forstod eg at no var eg i ferd med å miste alt, seier Bård. – Det vart eit vendepunkt. Endeleg skjøna eg at eg måtte ta verkelegheita inn over meg.

– Eg garanterte at han aldri ville få sjå ungane igjen. Men eg såg at det skjedde noko med han der. Karine gjev han får ein siste sjanse.

Ved hjelp av psykolog, livscoach og strenge rutinar fungerer han i dag som normalt. Medisinen må nøyaktig tilpassast. Men hjernen er endra for alltid. Dei er alltid på vakt mot tilbakefall.

Karine Montmartin og Bård Moshagen

– HO REDDA LIVET MITT: Kona Karine Montmartin har haldt saman med Bård gjennom alt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein høg pris

Dei har betalt dyrt for det som skjedde i hovudet til Bård. Dei har mista mykje av det sosiale nettverket. Familiemedlemmer har snudd dei ryggen.

– Vi har ikkje så mykje sosialt liv lenger. Det Bård har gjort er vanskeleg. det føler eg jo sjølv og, innrømmer Karine.

Moshagen mista ikkje berre kontroll over sexdriftene, men og økonomistyringa. Han anslår å ha brukt mellom sju og åtte millionar kroner på festing og prostitusjon.

I dag har ekteparet over 100.000 kroner i renteutgifter kvar månad, og kjemper for å ikkje miste huset.

– Det er blytungt og kjennest urettferdig. Gjelda går ikkje å handtere. Familien må lide for det medisinen fekk meg til å gjere, seier Bård Moshagen.

– Nærast i forbifarten sa legen at det kunne vere biverknader av medisinen. Så difor får eg ikkje erstatning. Vi føler oss rettslause. Det er ingen til å kjempe vår sak.

Ekspert: – Ikkje uvanleg

Det som skjedde med Bård Moshagen er ikkje eineståande. Det stadfester psykolog Aleksander Hagen Erga.

Han skriv no doktorgrad på impulskontrollforstyrrelser ved Parkinson sjukdom.

– Parkinson forandrar hjernen. Medisinen er nødvendig for å halde sjukdomen under kontroll. Men for somme gjev medisin alvorlege biverknader, som endringar i impulskontrollen. Ofte gjer dei ting dei aldri ville ha tenkt på ein gong før dei vart sjuke.

Aleksander H. Erga Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger

FORSKAR: Psykolog Aleksander Hagen Erga skriv doktorgrad om korleis Parkinson påverkar impulskontrollen.

Foto: Svein Lunde

Parkinson-pasientar manglar eit signalstoff i hjernen som heiter dopamin. Difor vert dei tilført dette stoffet gjennom medisinar.

Erga seier forskarane meiner dopamin også kan påverke den delen av hjernen som kontrollerer impulskontrollen. Han meiner alvorlege biverknader er langt meir vanleg enn det ein først har antatt.

– Studiar viser at opp til kvar tredje person får endra personlegdomen. Medisineringa kan bli tilpassa, men i dag har me ingen sikre måtar å få vekk forstyrringane på impulskontrollen.

Bård Moshagen bak en PC

I JOBB I DAG: – I dag er det ein kamp for å halde seg frisk og i jobb så lenge som mogeleg, seier Bård Moshagen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Viktig å vise fram dette

Hjå Parkinsonforbundet er det som skjedde med Moshagen ei velkjend problemstilling.

Generalsekretær Magne Wang Fredriksen seier dei jobbar for å gjere folk medvitne på kvifor så mange med diagnosen endrar seg.

– Spelegalskap, ulike typar avhengnad og menneske som kjøper store mengder ting dei ikkje treng. Dette er vanlege historier mellom medlemmene våre. Det er viktig å få fram at dette finst det ein forklaring på.

Fredriksen meiner det norske helsevesenet må bli flinkare til å medisinere menneske med Parkinson.

I tillegg meiner dei oppfølginga av den mentale helse til ein som blir medisinert mot Parkinson er essensiell.

– Kvar pasient treng sin blanding av medisinar. Og så må ein psykolog koplast inn så endringar i åtferd kan fangast opp tidleg.

Eit par gode år

Bård Moshagen og Karine Montmartin smiler til kvarandre på restauranten i Bergen.

– Ho refererer til den eg var desse åra som Gale-Matias. For eg var ikkje den Bård ho hadde gifta seg med. Det er henne eg kan takke for at eg framleis lever.

– Kvifor fortel du historia di?

– Det er fordi eg vil at helsevesenet skal endre måten dei behandlar dei som får diagnosen Parkinson. Det går ikkje å gje folk det som potensielt er eit dop utan å følge dei opp. Dessutan fortel eg om ein oppførsel som ikkje representerer kven eg er, berre kven medisinen fekk meg til å bli.

Moshagen er i dag leiar i Parkinsonforbundet i Hordaland i tillegg til at han leier eit it-selskap. Målet hans er å unngå uføretrygd så lenge det går. Men at kampen mot kreditorane gjer at han er nær ved å gje opp.

Sjølv om kona ikkje angrar på at ho tok ektemannen tilbake seier ho det framleis er vanskeleg.

– Vi har jo skubba Parkinson-diagnosen til andre rekke. Den har vi ikkje kunne prioritere. Eg vel å ikkje fokusere på kva som har skjedd, berre på framtida.

– Kva ser du for deg i framtida då?

– At me skal komme oss gjennom økonomisk. At eg og Bård framleis skal ha nokre gode år saman.

Bård Moshagen

FAMILIEN VIKTIGAST: Kona har halde saman med Bård. – Livet mitt var eit helvete. Det viktigaste for meg er at eg ikkje mista familien.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK