Han kom med freden

Åttande mai 1945 landa ein britisk kostskulelærar i ein norsk fjord. Han hadde eit heilt spesielt oppdrag: Å ta makta frå tyskarane.

Oslo, 8. mai 1945: Sjøflyet flaug lågt inn over den norske hovudstaden. Unna seg ein æresrunde inn over byen. Kom til syne for folkemengda som hadde stimla saman på Universitetsplassen. Den intense duren frå dei fire flymotorane, blanda seg med jubelen frå folkehavet der nede i byen. Flagg gjekk til vêrs. I fem år hadde dei frykta flystøy, men denne gongen var det ingen flyalarm. Berre pur rein og vakker glede. Ryktet hadde svirra dei siste timane. No var dei her. Dei allierte. Redningsmennene.

Sjøflyet med den allierte våpenkvilekommisjonen flyg inn over Oslo 8. mai 1945

REDNINGSMENNENE: Det norske Sunderland-flyet floge av norske pilotar, svevar lågt inn over Universitetsplassen i Oslo 8. mai 1945. Om bord er Robert Chew og resten av den allierte våpenkvilekommisjonen.

Foto: Aftenposten / Aftenposten

Under oss jublar folkemengdene. Vinkar til oss. Piloten gjekk lågt ned og svinga like over husa, fekk meg til å føle meg kvalm. Så: Dei neste femten minutta helsa me Oslo. Skumma hustaka for så å stiga opp att – ut fjorden. Over tyske kystbatteri og ein tysk flyplass. Tyskarane såg opp på oss. Lurar på korleis dei følte seg. Men, kven bryr seg?

Breva til Robert Chew, 8. mai 1945

Orda og tankane stammar frå ein av dei 17 offiserane som var der. I eit av dei to sjøflya som, den kanskje aller største dagen i norsk historie, tok av frå Skottland med det historiske oppdraget: Å ta makta frå tyskarane og sjå til at sigerherrane i den store krigen fekk det som dei ville.

Robert Chew var namnet hans. Sjølv om han var kledd i kilt og høyrde til eit skotsk regiment, var han engelskmann. Kostskulelærar av yrke.

Han kom aldri til å fortelja nokon kva han hadde gjort tidlegare i krigen, men dei siste fire månadane hadde han visst kva som venta. Hadde prøvd å bruka tida til å læra nokre norske gloser. Førebu seg.

Det var tyskarane som skulle vera fienden, men det var ikkje dei som skulle skapa mest trøbbel for Robert Chew.

Sjøflyet med den allierte våpenkvilekommisjonen frå innsida

FLYGARANE: «Eg har akkurat vore oppe hjå pilotane. Ein fantastisk utsikt», skriv Robert Chew.

Foto: Robert Chew

Ein eller annan plass der nede på Karl Johans gate hadde ein radiomann frå NRK forvilla seg inn i folkemengda. Akkurat for sein til å sjå dei to flya, som nettopp hadde sneia bykjernen. Han merka forventningane som var i lufta, men var usikker på kva som skjedde. Fekk hjelp av dei mange som har tatt til gatene.

– Det er engelskmennene me ventar på, vert det svara spontant.

– Dei seier at dei har landa i fjorden, bryt ein annan inn.

Ryktet har spreidd seg i gatene i Oslo 8. mai 1945: Fly med den allierte våpenkvilekommisjonen har landa i fjorden utanfor den norske hovudstaden.

HØYR: Ryktet om at den allierte våpenkvilekommisjonen er på veg har nådd Karl Johans gate.

Ein stor grå fugl

Samstundes ved Fornebu: Ein annan utsending frå radioen vart nesten overdøyvd av den kraftige duren frå to sjøfly, samt iltre motorsyklar som frakta representantar frå heimefronten til sjøflyhamna på Fornebu.

– No seglar flyet like over hovuda på oss. Som ein stor grå fugl, ropar reporteren begeistra. Akkompagnert av lysrakettar som vert skotne mot himmelen.

Ettermiddagen 8. mai 1945 landar to fly ved sjøflyhamna på Fornebu. Om bord er den allierte våpenkvilekommisjonen som skal ta makta frå tyskarane.

HØYR: Dei to sjøflya landar ved Fornebu.

Etter å ha landa ute på fjorden, vart dei flyborne plukka opp av ein tysk motorbåt, som frakta dei til land.

Og der, klokka 16.00 den første fredsdagen, på bryggjene ved sjøflyhamna på Fornebu skjedde det:

«Dette følte me var augneblinken! Den første kontakten mellom den britiske militærdelegasjonen og tyskarane. Her, i ein stille fjord ein strålande kveld i mai»

Breva til Robert Chew, 8. mai 1945

Han hadde med seg fotografiapparat. Gjekk eit stykke unna. Foreviga det siviliserte og historiske møtet mellom fiendane. Tyskarane til venstre med dei karakteristiske støvlane, britane til høgre med lange synlege bukser med press. Det er første gongen me får sjå biletet.

Den allierte våpenkvilekommisjonen vert tatt i mot av tyskarane på Fornebu.

«DETTE FØLTE ME VAR AUGEBLINKEN!»: Med fjorden og flya i bakgrunnen møtes tyske og britiske offiserar på Fornebu.

Foto: Robert Chew

Robert Chew og resten av kommisjonen vart skyssa vidare til Oslo sentrum i ventande bilar. Den skotske ungkaren skildra turen oppglødd:

Gjennom dei reine forstadane. Eg har aldri sett eit slikt engasjement. Flagg over alt, hundrevis av menneske. Mange vakre jenter, som nesten ikkje kunne halda seg ute av vegen.

Breva til Robert Chew, 8. mai 1945

Inne i den norske hovudstaden hadde tyskarane, som framleis var væpna, sperra av området framfor Hotel Bristol, der britane skulle bu. Ville hindra sivile i å nå fram til hotellet, der samtalane mellom taparane og sigerherrane skulle gå føre seg.

Tyskarane sperra av området utanfor Hotel Bristol i Oslo.

SPERRA AV: Robert Chew fotograferer folkemengdene bak dei tyske sperringane i Oslo sentrum. Like etter at biletet vart tatt, storma folk forbi dei tyske soldatane.

Foto: Robert Chew

Det var nyttelaust å halda folkemengdene tilbake. Folk pressa seg fram. Ville ønskja velkommen dei allierte. Barn, kvinner og menn storma i mot dei.

Ei ny vill motaking. Dei hadde komme igjennom på ein eller annan måte.

Breva til Robert Chew

I filmavisklippet under, ser me Robert Chew i den karakteristiske skotske lua, flat med ein liten knopp på toppen, verta omfamna av folkemengdene.

Klokka 1730 starta møteaktiviteten inne på hotellet. Først med heimefrontleiarane, så med stabsoffiserane frå den fallerte okkupasjonsmakta. Deretter reiste delar av kontingenten til Lillehammer for å få den tyske sjefen, general Böhme, til å underteikna kapitulasjonspapira.

Robert Chew vart igjen i Oslo.

Helsing frå balkongen

Overdøyvd av det veldige publikummet, som veksla mellom nasjonalsongen og kongesongen, hadde nok ein radioreporter tatt oppstilling utanfor Grand Hotel. Han prøvde å skildra dei ekstatiske hendingane som fann stad i den fantastiske maikvelden.

Med eitt kom to av britane ut på kvar sin balkong. Til vill begeistring, tala dei til dei jublande frammøtte. På norsk. Reporteren høyrde ingenting. Hysja på folkemengda.

Folkemylder ved Grand hotel, 8. mai 1945

FOLKEMYLDER: Store folkemengde utanfor Grand hotel i Oslo 8. mai 1945. Mange håpte å få eit glimt av dei nykomne britane.

Foto: Kihle Aage / NTB scanpix

Den eine av dei to oppe på balkongen var Robert Chew. Opplevinga var av den typen ein aldri gløymer:

Eit fantastisk syn frå balkongen. Plassen var full av folk. Dei song nasjonalsongen. Me vinka. For ein lukkeleg trengsel!

Breva til Robert Chew, 8. mai 1945

Mottakinga var eineståande. Men det var ikkje berre for å verta hylla at britane hadde komme til Noreg. Utfordringane stod i kø. I Bergen hadde ein general forskansa seg på kontoret i det tyske hovudkvarteret i Statsarkivet i byen. Nekta å gje frå seg både makt og våpen til anorakkledde heimefrontmenn. Han skulle snart få helsa på den britiske oberstløytnanten i kilten.

Privattoget til Bergen

Kvelden 9. mai 1945: Pynta med bjørkekvistar, norske flagg, og kongen sit valspråk. På Østbanestsjonen stod eit tog med to vogner. Toget var ikkje noko vanleg rutetog, men ordna i stand for å frakta ein mann over fjellet; Robert Chew.

Han skulle over Hardangervidda til Bergen. Verta den første representanten for den allierte krigsmakta i vestlandsbyen. Før han la seg til å sova i den luksuriøse vogna, Robert Chew dramatiske nyheiter:

Lie og Terboven har skote seg. Grand Hotel i Stavanger har brunne ned. Eg håpar verkeleg at alt er fredfullt i Bergen.

Breva til Robert Chew, 9. mai 1945

Turen med nattoget over fjellet vart som ei signingsferd. På stasjon etter stasjon stod jublande menneske.

Eg vakna på Finse klokka kvart på fem, folk hadde allereie dukka opp. Jublande. Men eg såg ingenting, var framleis i seng. På Myrdal høyrde eg eit musikkorps. Kasta på meg ei cricket-skjorte og kilten, og gjekk til vindauget. Bønder song nasjonalsangen, mange i nasjonaldrakter. Det lokale korpset strålte mot meg over instrumenta sine.

Breva til Robert Chew, 10. mai 1945

Då toget nærma seg Bergen, var det stadig meir folk på stasjonane. På Dale stasjon tok toget ein pause. Tid for fotografering med det stolte mannskapet på toget.

Toget til Robert Chew på Dale stasjon morgonen 10. mai 1945

"ALT FOR NORGE": Toget, med kongen sitt valspråk i spissen, har stoppa på Dale stasjon i Vaksdal.

Foto: Robert Chew

Me heldt fram gjennom eit strålande ladskap. Bratte åssider og frå tid til annan strekkjer med vatn.

Breva til Robert Chew, 10. mai 1945

På jernbanestasjonen i Bergen vart Robert Chew tatt i mot av tyskarane. Sjølv om heimefronten stod vakt på viktige punkt i byen, var det framleis tyskarane som hadde vakthaldet i byen.

Faksimile: Bergens Tidende sitt oppslag om då Robert Chew kom til Bergen

FAKSIMILE: At Robert Chew kom fram til Bergen, vart slått stort opp i Bergens Tidende 11. mai 1945.

Foto: Bergens Tidende

Etter at den formelle helsinga med tyskarane var unnagjort, vart Chew ønskt velkommen av sjefen for heimefronten, Bjarne Sæverud. Den britiske nasjonalsongen vart spelt på jernbanestasjonen. Skjønt, bergensarane song teksten til den norske kongesongen med same melodi.

Robert Chew

HYLLEST PÅ STASJONEN: Robert Chew (i midten) vert helsa velkommen av heimefrontleiar Bjarne Sæverud (t.v.) og milorgsjef Roar Sannem (til høgre for Chew i uniform).

Robert Chew hadde ikkje tid til å venta på «Ja vi elskar». Han måtte vidare. Ein mørk Mercedes med tysk sjåfør, frakta briten vidare. Han skulle vidare til Statsarkivet i byen, der tyskarane i meir enn fem år hadde hatt hovudkvarteret sitt.

Kapitulasjonen på roterommet

– Han gjekk inn denne døra, som vart vakta av væpna tyske vaktar. Deretter vart han følgd opp desse trappene, fortel statsarkivar Yngve Nedrebø.

Me gjekk opp trappa, via stabskapteinen og stabssjefen, og omsider til generalen sjølv. Ein ganske dyster, streng skikkelse. Me bukka stivt.

Breva til Robert Chew, 10. mai 1945

Statsarkivaren har tatt oss med gjennom den same ruta. No er me på kontoret hans. Det var her det skjedde. Det store, men mørke rommet er staseleg, men rotete. Overfylt med bøker, bunkar med gulna papir og pappkassar. Liknar meir på eit laboratorium for historieinteresserte enn eit kontor.

Kontoret til statsarkivaren i Bergen, der general de Boer aksepterte kapitulasjonen 10. mai 1945.

HER SKJEDDE DET: Ved vindauget til venstre sat general Johann de Boer då han signerte kapitulasjonspapira.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det var her, framfor dette vindauget generalen sat. Han hadde det nok ryddigare enn eg har, seier Nedrebø.

Den tyske generalen, Johann De Boer, hadde nok visst at kapitulasjonsdagen skulle komma, sidan han kom til Bergen i 1944. Han hadde vorte flytta frå den brutale austfronten, til ei rolegare teneste ved foten av Ulriken.

– Det var nok berre dei som faktisk var inne i dette rommet, som visste kva som vart sagt, seier Nedrebø når han viser fram dei polstra dørene som tyskarane monterte i hovudkvarteret sitt.

Statsarkivar Yngve Nedrebø viser fram dei polstra dørene på kontoret på Statsarkivet i Bergen.

POLSTRA DØRER: Statsarkivar Yngve Nedrebø viser fram eit av inngrepa tyskarane gjorde på bygget som husar Statsarkivet i Bergen: Dørene til generalen sitt kontor var polstra, slik at ingen skulle få med seg kva som vart sagt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Robert Chew var ordknapp då han skildra det som skjedde inne på kontoret, føremiddagen for 72 år sidan:

Nokre spørsmål og korte svar. Diskusjon rundt nokre av punkta (i kapitulasjonsavtalen).

Breva til Robert Chew, 10. mai 1945

Ein av dei andre som var i rommet, har fargelagt hendinga i sterkare fargar. Eit dokumentasjonsintervju Universitetet i Bergen har gjort, med milorgsjef Roar Sannem, avslører at maktovertakinga ikkje skjedde utan dramatikk.

– Dei (tyskarane) ville gjerne at tyske offiserar skulle få behalda sine våpen og pistolar. Det var ikkje tale om, minnest Sannem.

Robert Chew, som berre var oberstløytnant, og den einaste allierte offiseren i mils omkrins, banka offiserstaven i det massive skrivebordet til generalen. Heldt ein tordentale. Kravde at den tidlegare så mektige krigaren frå austfronten, skulle gje frå seg pistolen, og godta at resten av offiserane gav frå seg våpena. Brukte all autoriteten den allierte krigssigeren hadde gitt han.

– Alt skulle leverast inn. Det var kort og godt stolen for døra. Ikkje noko kjære mor, fortel milorgsjefen.

Vaktbyte ved statsarkivet i Bergen, der tyskarane hadde hovudkvarter under krigen.

VAKTBYTE: Tyske vaktar framfor statsarkivet i Bergen under krigen.

Foto: Ukjend / Universitetsbiblioteket i Bergen

Sjølv om tyskarane hadde kapitulert på kontinentet, hadde ikkje tyskarane tapt nokon krig i Noreg. Det var inga sjølvfølgje at 300.000 tyske soldatar skulle akseptera at andre hadde tapt krigen for dei. Tyskarane var talrike og tungt væpna. Enno var det berre eit par handfuller med allierte offiserar i Noreg.

No hadde Robert Chew det øvste militære ansvaret i byen.

Robert Chew i albumet til fotografen Leon Jacobsen

I ARKIVET: I albumet til fotografen Leon Jacobsen har Yngve Nedrebø funne fleire bilete av Robert Chew.

Foto: Arkivverket

Einsam alliert

Roar Sannem reflekterte òg rundt den spesielle jobben Robert Chew hadde.

– Han tok sete i Bergen og var den einaste allierte i byen på dette tidspunktet. Men han fekk si støtte.

Medan Robert Chew hadde vore på Statsarkivet, hadde ryktet spreidd seg i byen. Den allierte representanten var på plass. Då den svarte Mercedesen køyrde til Hotel Bristol i Bergen sentrum, hadde store folkemengder møtt opp på Torgallmenningen. Robert Chew vart motteken som ein ekte helt. Overalt vart engelskmannen omtalt som «skotten» grunna den karakteristiske kilten.

Britane vert hylla i Bergen sentrum

TATT I MOT SOM HELTAR: Robert Chew sit i passasjersetet i ein open bil som nærmar seg Torgallmenningen. Store folkemengder har møtt opp for å hylla britane.

Foto: Robert Chew

I boka Frihetsdager som vart gitt ut allereie i fredsåret, vart mottakinga på Torgallmenningen omtalt: «Skotten ble fra første stund av meget populær. Han (...) fikk sin hyldest av folkemassen utenfor hotellet. Det ble stor jubel da han viste seg i vinduet.»

Allereie same dagen fekk Robert Chew eit lass med utfordringar i fanget:

I Sogn: «Milorg har avvæpna tyskarane på eiga hand, i strid med alle reglar. Tusen russarar ber om kvinner og vin». Hardanger: «Tusen tyskarar er på veg og treng innkvartering.» Nordfjord: «60 quislingar er arrestert, men lokalbefolkninga har ikkje mat til dei. Kan eg hjelpa?». Bergen: «Tre hundre quislingar er fengsla, men fengsla er fulle. Kva skal skje med dei tyske eigedommane? Ein tyskar rømde frå sentraladministrasjonen og lata som om han var norsk agent. Kva med framtida hans?».

Historikar Berit Nøkleby har undersøkt britane si rolle i Noreg etter krigen. Ho fortel at dei allierte vart overraska over det store talet på utanlandske fangar, då dei kom til landet.

– Då dei fekk oversikt over alle russiske og serbiske krigsfangar, forstod dei at omfanget av tyske krigsbrotsverk var langt større enn dei hadde trudd. Det var britane som tok seg av dette, medan norsk politi konsentrerte seg om overgrepa mot nordmenn på norsk jord, fortel historikaren.

Festplassen i Bergen, fredsdagane 1945

TID FOR FEST: Frå kontoret sitt i Bergen sentrum hadde Robert Chew utsikt mot Festplassen. I maidagane i 1945 var det stadig fullt av feirande menneske. Midt i Lille Lungegaardsvann ser ein monogrammet til Kong Haakon.

Foto: Robert Chew

Motstand frå allierte

Det var tyskarane Robert Chew hadde komme til Noreg for å hanskast med. Etter 24 timar i Bergen, gjekk det opp for oberstløytnanten at den største utfordringa var ei heilt anna.

Dei (tyskarane) ser ut til å gjera alt dei kan for å følgja instruks. Det er russarane som er problemet.

Breva til Robert Chew, 11. mai 1945

Morgonen 11. mai vart det rapportert om trøbbel ved ein av fangeleirane i Bergen. Chew hadde gitt ordre om at tyskarane ikkje lenger skulle halda vakt ved leirane. Men no vart det rapportert om russarar som skapte kvalme i vestlandsbygdene.

Enkelte av russerne er ville, dei nektar å verta verande i leirane.

Breva til Robert Chew, 11. mai 1945

Ifølgje kapitulasjonsavtalen, skulle tyskarane sørgja for mat til dei russiske fangane i 50 dagar. Dei tyske rasjonane inneheldt alkohol. For å motverka fyll og spetakkel blant russarane, bestemte Chew at alkoholen skulle sløyfast, sjølv om russarane visste at dei hadde krav på vin.

Paradoksalt nok: Chew bad òg fienden, altså tyskarane, om å få på plass igjen vakthaldet av allierte krigsfangar. Dagen etter, den 12. mai, kom 400 russarar til Bergen frå sør. Dei nekta å gå inn i leiren som var sett av til dei. Då Chew kom fram, sat heile gjengen utanfor leiren. Dei ville ikkje bu med dei andre russarane. Kravde eigne brakker og eit gjerde mellom seg og dei andre.

Eg forklarte dei at eg ikkje kunne pressa dei, eller bruka makt. Trass alt var dei våre allierte. Men det var inga anna løysing. Elles måtte dei sova ute, svoltne.

Etter fleire timar med utmattande forhandlingar, løfter om eit gjerde og eigne brakker, og takka vera ein tysk underoffiser som kunne russisk, gjekk dei nykomne med på å gå inn i leiren.

Russiske frigjevne krigsfangar i prosesjonen i Bergen 17. mai 1945

RUSSARFANGAR: Frigjevne russiske fangar under 17. mai-feiringa i Bergen i 1945. Robert Chew gav russarane løyve til å ta del i prosesjonen.

Foto: Rolf Norvin

Situasjonen for russarane var fatal. Noko Robert Chew òg forstod. Dei hadde vorte elendig behandla, utsvelta og brukt til regelrett slavearbeid av tyskarane. Avtalen mellom stormaktene gjekk ut på at alle skulle tilbake til Sovjetunionen, trass i at det vart sett på som landssvik om russiske soldatar vart tatt til fange.

Stemninga var dyster då 22 offiserar kom frå Moskva for å henta russarane i slutten av mai. Dei vart frakta austover i overfylte godsvogner.

Mange av dei over 80.000 russarane som sommaren 1945 vart frakta tilbake til Sovjetunionen, vart sendt til nye fangeleirar då dei kom heim. Andre vart brutalt avretta.

Polakkane som ikkje ville heim

Seinare fekk Chew ei ny alliert utfordring i fanget. Om lag 1200 polakkar skulle fraktast med skip til Stavanger. Derifrå skulle dei seinare sendast tilbake til heimlandet. Men polakkane, som var allierte, ville ikkje reisa. Iallfall ikkje om dei måtte innom ein annan norsk by.

Kontoret til Robert Chew i Bergen sentrum

KONTORET: Tre telefonar måtte til for at Robert Chew skulle kunna gjera jobben sin i Bergen sentrum.

Foto: Robert Chew

Polakkane var skeptiske til nordmenn, etter at fire landsmenn tidlegare hadde vorte skotne av to fulle norske soldatar. Då Robert Chew møtte leiaren deira, merka han at det ville verta tøffe tak. Den pågåande og karismatiske mannen hadde vore med i den tyske hæren, men komme seg ut i tide. No var han polsk alliert.

I eit relativt lite lokale, stod om lag tusen polske menn. Fleire var irriterte. Britane hadde lova at dei skulle få sigarettar, noko dei ikkje hadde sett snurten av. Dei venta på Robert Chew. Han stilte seg opp på scenen i det rosa lyset frå ein lyskastar. På tysk prøvde han å overtala dei, om at dei burde gå om bord i skipet til Stavanger. Deretter gjekk den polske sjefsfiguren på scenen. Heldt eit flammande innlegg. Det var tydeleg at mannen hadde makt over forsamlinga. Robert Chew stolte likevel ikkje på den polske leiaren.

Den kvelden gjekk den britiske offiseren frå hytte til hytte i leiren. Snakka med små grupper av polakkane. Då leiaren ikkje var til stades, gjekk dei fleste med på å reisa. Til slutt hadde den store majoriteten godtatt å verta frakta til Stavanger. Då den polske leiaren forstod at han ikkje lenger hadde mennene sine i ryggen, skifta han òg meining.

Då skipet neste dag skulle gå frå kaien, var det hektisk aktivitet og dei polske mennene prøvde å få dei mest utrulege ting om bord i skipet.

Folk sprang omkring med enorme buntar, koffertar, brød, blikkboksar med kjøt, eit komplett jazzorkester, eit par padleårer, to hundar, ein fotball, eit piano og radioar.

Breva til Robert Chew, uklart kva som er eksakt dato

Sidan Polen hadde hamna under kommunistisk kontroll etter krigsoppgjeret, fann Robert Chew situasjonen sørgjeleg:

«Trist, når ein tenkjer på at truleg alt vil vera tatt i frå dei når dei når fram til landet sitt».

Breva til Robert Chew, uklart kva som er eksakt dato

Mellom alle problema som måtte løysast, fekk Robert Chew tid til å verta ein umåteleg populær mann i Bergen. Han arrangerte utflukter for barn, og hjelpte eldre damer som bar tunge handleposar: «Når han kjørte i byen i sin bil og traff noen som bar tungt tok han dem med og kjørte dem hjem. Han var også meget barnekjær og hadde mange venner blant byens minste».

Bergensavisene skreiv panegyriske strofer om korleis den kiltkledde skilde seg frå dei tyske forgjengarane.

«Oberstløytnant Chew vekker berettiget oppsikt og beundring i byen, der han kommer i sin skotske militæruniform med foldeskjørt og bare knær. Over alt blir han tiljublet og hilst av bergenserne», skreiv Bergens Tidende.

Robert Chew inspiserer innleverte tyske våpen i Bergen sentrum

INSPEKSJON: Robert Chew (nummer tre frå venstre) inspiserer innsamla våpen i Bergen sentrum. I bakgrunnen ser ein Bergen offentlege bibliotek.

Foto: Ukjend med Robert Chew sitt kamera

Britisk maktbruk

Det var ein engelsk general ved namn Andrew Thorne som hadde makta i Noreg i vekene og månadane etter krigen. Ifølgje Olav Riste, som har skrive forordet til den norske omsetjinga av briten sine erfaringar i Noreg, var han dei første vekene i praksis ein britisk eineherskar på norsk jord. Det var han Robert Chew rapporterte til. Skreiv daglege rapportar om alle utfordringar.

Allierte soldatar i Bergen etter frigjeringa

LAGET TIL CHEW: Robert Chew (i midten framme) saman med allierte militære i Bergen.

Foto: Ukjend

– Britane hadde først og fremst ansvar for utlendingane i Noreg. 350.000 tyske soldatar, om lag 90.000 krigsfangar og ei mengd tvangsarbeidarar. Alle desse skulle heim, og det hadde me ikkje greidd åleine, seier Berit Nøkleby, som har omsett Thorne sine tekstar til norsk.

Sjølv om både pressa og folk flest hylla britane, var det ikkje fritt for kontroversar.

– Dette handla om interne saker, som først og fremst vart diskutert intent, og prega ikkje korleis Ola nordmann såg på britane, seier Nøkleby.

Britane kravde mellom anna at dei skulle ha hand om alle tyske våpen. Fleire plassar førte dette til lokal irritasjon. Mykje kunne ha komme godt med, når det norske forsvaret skulle byggast opp att.

Innleverte tyske våpen samla opp i Bergen sentrum

VÅPEN: Britane kravde kontroll over alle tyske våpen.

Foto: Robert Chew

Robert Chew måtte fleire gongar rykka ut når norske milorgrepresentantar tøffa seg mot den tidlegare okkupasjonsmakta.

Måndag 16. juli fekk engelskmannen nyss om at representantar for den norske hæren hadde reist til Årdal i Sogn for å legga slag på tyske bilar og køyretøy. Chew var allereie i Sogn, og tok straks turen til Årdalstangen. Klokka var halv tre om natta då Chew kom fram med båt. Han nølte ikkje. Fann ut kva hotellrom den norske offiseren budde på, og vekte han.

Me brukte fem minutt på å be han om å returnera til Førde, og å ikkje røra eit einaste tysk køyretøy.

Breva til Robert Chew, 16. juli 1945

Før klokka var tre, var Robert Chew tilbake på båten. Den nattlege reprimanden fekk dei norske soldatane til å lystra.

At det var britane som hadde kontrollen, vart òg demonstrert på langt meir brutale måtar. Dei utførte fleire avrettingar på norsk jord, som ikkje er inkludert i oversiktene over det norske rettsoppgjeret etter krigen.

10. januar 1946 vart den tyske kommandøren og gestapomannen Hans Wilhelm Blomberg skoten på Akershus festning. I desember 1943 hadde han sørga for at fem nordmenn og ein brite vart avretta på Ulven leir i Os. Norske styresmakter fekk ikkje den tilgangen dei ønskte til å avhøyra mannen, sjølv om han både hadde vore involvert under utslettinga av Telavåg og vore sentral i Gestapo i Kristiansand, Bergen og Tromsø. Blomberg vart arrestert i Bremen, frakta til Noreg, stilt for britisk krigsrett og skoten. Eit tydeleg døme på at det ikkje var norsk suverenitet på norsk jord.

Då hadde Robert Chew allereie forlate Bergen og Noreg. Fjerde oktober 1945 skreiv Bergens Tidende at folkehelten frå Skottland, var klar til å reisa ifrå byen. «Oberstløytnant Chew har vunnet seg mange venner i disse 5 månadene han har oppholdt seg i Bergen», skreiv avisa.

Engelskmannen skulle komma tilbake. Utan uniform.

Tilbake i sivil

Hausten 1946 møtte ein representant for den same bergensavisa heilt tilfeldig på ein britisk gentleman, på ein buss i Ottadalen. «I Ottadalen Billags nye 40 seters buss [ ...] var det også en forsinket brite, som lignet svært på, en vel kjent militær størrelse fra de første hektiske fredsukene i Bergen. Helt sikker kan en jo ikke være, og i samtalens løp spør jeg om han ikke har bodd i Bergen som militær? Jo, jeg har bodd i Bergen, svarer briten med et strålende smil.» I intervjuet avslører Chew at han før returen skal innom Bergen. «Byen som han ble så glad i og som også ble glad i ham». Det var ei han hadde vorte ekstra glad i.

I breva Robert Chew skreiv heim til mora, dukka det opp ei kjærleikshistorie. Ei ung kvinne frå Bergen sjarmerte den kiltkledde oberstløytnanten.

Sommaren etter at Robert Chew vart oppdaga av journalisten på bussen, gifta han seg med den bergenske kvinna i Oslo. Namnet hennar var Eva Mohr. Den første ektemannen hennar hadde mista livet som norsk flygar i Canada under krigen. Ho hadde ein sju år gammal son, Bill, frå det første ekteskapet.

Eva og Robert Chew gifta seg i Oslo i 1947

NYGIFTE: Eva og Robert Chew gifta seg i Oslo i 1947.

Foto: Ukjend

Dei reiste saman til Skottland. Begge vart sentrale i drifta av ein av dei mest prestisjefulle kostskulane på dei britiske øyene.

I 1948 fekk dei sonen Tony saman.

Faren til alle

Våren 2017: – Her er far. Det var også det alle elevane kalla han: Faren. Til og med dei som jobba her gjorde det.

Gordonstoun School ligg eit godt stykke ute på den skotske landsbygda. Historia dirrar i murveggane. Mannen som peikar opp på portrettmåleriet, har arva trekka til den tidlegare rektoren som er portrettert med oljemåling på veggen.

Tony Chew og Bill Mohr framfor portrettet av Robert Chew på kostskulen Gordonstoun i Skottland.

PORTRETTET AV FAREN: Bill Mohr (t.v.) saman med broren Tony Chew på Gordonstoun i Skottland. I midten: Portrettmåleriet av Robert Chew, som var rektor ved skulen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Saman med halvbroren Bill, viser Tony Chew oss rundt på kostskulen der faren regjerte.

– Mr. Chew vart som ei far for meg òg, han var fantastisk, seier Bill Mohr, som enno ikkje var fylt tre år då faren Conrad døydde i Canada under krigen.

Brødrene Bill Mohr og Tony Chew på Gordonstoun.

BARNDOMSHEIMEN: Tony Chew (t.v.) og Bill Mohr på Gordonstoun School i Elgin i Skottland. Dei to halvbrørne vaks opp på den ærverdige kostskulen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Både han og Tony Chew vaks opp på den ærverdige skulen. Faren kom hit i 1934. Han hadde vore matematikklærar ved kostskulen Salem i Tyskland. Mange av lærarane var jødar. Då nazistane kom til makta i Tyskland pakka dei og reiste. Heile skulen vart flytta til den skotske landsbygda. Ein av dei første elevane han hadde ansvar for var ingen ringare enn Philip Mountbatten. Han som seinare skulle verta mannen til Dronning Elisabeth.

Også han hadde vore med på flyttelasset frå Tyskland.

– Far hadde eit nært forhold til Tyskland. Det var nok spesielt for han at Tyskland vart fienden, seier Tony Chew.

Dei to brørne kjenner att eigenskapane til faren, i forteljingane hans frå fredsdagane i Noreg.

– Han var ein som kunne lesa alle situasjonar. Om me hadde gjort noko gale, forstod han det nesten før me hadde gjort det, humrar Bill.

«Veit du kva far din gjorde under krigen?»

Då Robert Chew døydde i 1970, var det ingen i familien som visste kva han eigentleg hadde drive med under krigen, før han frigjeringsdagen landa på eit sjøfly i ein norsk fjord. Vart hylla som frigjeringshelt og fann kjærleiken.

Meir enn 29 år etter at faren døydde, og 54 år etter at krigen var slutt, møtte Tony på ein mann som sette han på sporet. Ein 90 år gammal mann, som hadde vore med på det same topphemmelege og spektakulære oppdraget.

«Veit du kva far din gjorde under krigen?», sa mannen. «Nei», Tony Chew måtte vedgå at det visste han slettes ikkje. Mannen skreiv eit handskrive brev til Tony.

Robert Chew i uniform i Skottland under krigen

MANN FOR SIN KILT: Robert Chew fotografert i England under krigen.

Foto: Ukjend

Innhaldet var ikkje til å tru. I 1942 hadde det i det skjulte vorte etablert ei ny eining i den britiske hæren, som rett og slett hadde som mål å bløffa tyskarane.

Ved hjelp av hypermoderne høgtalarar plassert på små lastebilar, skulle lydopptak av stridsvogner, skyting og lydspor frå filmar spelast av. Målet var å få fienden til å tru at dei allierte var fleire, og andre plassar enn dei eigentleg var. Lyden kunne høyrast på 24 kilometers avstand.

I Ballantrae i Skottland var Robert Chew med på å trena opp, og legga strategiane for korleis utstyret kunne brukast på ein effektiv måte.

Før landgangen i Normandie vart troppane som Chew hadde lært opp, sendt til Pas-de-Calais i Nord-Frankrike, for å lura tyskarane til å tru at invasjonen skulle komma der. Seinare var dei med under framgangen mot Rhinen, for å skapa inntrykk av at dei allierte var mange fleire enn dei eigentleg var. Slik skal dei ha spart mangfaldige menneskeliv.

Tony Chew tok kontakt med historikarar, som kunne sjekka om historia verkeleg var sann. I 2002 kom svaret frå Stuart Allan, ved det skotske nasjonalmuseet. Han hadde aldri høyrd om eininga Chew hadde vore med i, men kunne no stadfesta informasjonen. Lydkrigføringa hadde vorte brukt i Frankrike, Italia og Burma under den andre verdskrigen.

Først fleire tiår etter krigen, vart det offentleg kjend at metoden hadde vorte brukt av dei allierte.

Sjølv hamna ikkje Robert Chew på fronten.

Truleg var det takka vera tyskkunnskapane og dei organisatoriske evnene, at han i staden vart plukka ut til eit anna oppdrag. Noko britane til då ikkje hadde prioritert: Å frigjera Noreg. Robert Chew var ein av dei som fekk jobben, som normalt ville gått til offiserar med høgare grad.

På nyåret i 1945 fekk Robert Chew ordre om å gjera seg klar til å reisa til Noreg, så snart tyskarane kapitulerte.

Føremiddagen 8. mai, medan resten av Storbritannia feira freden, gjekk han om bord i eit sjøfly i Skottland. Han var på veg til landet som skulle endra livet hans.

Utsikt frå sjøflyet på veg til Noreg

PÅ VEG MOT NOREG: Robert Chew har tatt plass i Sunderland-flyet, og er på veg til Noreg. Frå flyet ser han det andre flyet – ei Catalina-maskin – som òg skal til Oslo.

Foto: Robert Chew
Den allierte våpenkvilekommisjonen vert tatt i mot av tyskarane på Fornebu.

UNIKE FOTOGRAFI: Robert Chew var ein flittig fotograf. Sjå nokon av bileta han tok under reisa til Noreg i 1945.

Foto: Robert Chew

Les òg: