Hopp til innhold

Dyveke Buanes blir ny redaktør – frå nyttår er det klart for NRK Vestland

Dyveke Buanes blir ny redaktør for eit samla NRK Vestland og dermed sjef for lokalsendingane, Vestlandsrevyen og ei splitter ny nettside.

Dyveke Maiken Buanes, NRK

NY REDAKTØR: Dyveke Maiken Buanes går inn i rolla som redaktør for NRK Vestland. Ho har dei siste åra vore distriktsredaktør for Hordaland.

Foto: Tale Hauso / NRK

Frå 1. januar går NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane saman og dannar nye NRK Vestland.

I dag blei Dyveke Buanes presentert som ny, felles redaktør for dei NRK-tilsette i Vestland. Avtroppande distriktsredaktør Terje Gilleshammer får ei ny rolle som redaksjonssjef for fordjuping og samarbeid.

– Eg er stolt og glad over å få å leie det nye distriktskontoret og har stor tru på at vi kan få til noko veldig bra i fellesskap, seier Buanes som kjem frå jobben som distriktsredaktør i NRK Hordaland.

Framleis to radiosendingar

To sterke distriktskontor blir til eitt. Redaksjonane i Førde, Bergen, Sogndal, Odda, Nordfjordeid og Stord blir vidareført som i dag.

– Med meir jobbing på tvers av dei gamle fylkesgrensene kan vi lage sterke fagnettverk. Målet er å lage enda meir dagsordensettande kvalitetsjournalistikk frå vår del av landet, seier Buanes.

Sjølv om dei to distriktskontora blir slegne saman frå nyttår, vil det framleis vere to ulike radiosendingar både morgon og ettermiddag.

Kjende røyster frå kontora i Bergen og Førde vil fylle sendingane med nyheiter, reportasjar, gjester og ikkje minst vere eit godt selskap på NRK P1.

Vestlandsrevyen vil halde fram som før, men sendetida blir ny. Frå nyttår startar hovudsendinga klokka 19.45 og varer fram til klokka 20.

Nye NRK Vestland

KJENDE FJES OG RØYSTER: Oppe f.v. Tone Merete Lillesvangstu, Erlend Blaalid Oldeide, Raymond Lidal og Solveig Svarstad. Oppe t.h. ny redaktør for Vestland, Dyveke Maiken Buanes. Nede f.v. Elise Farestveit og Per Vidar Raunholm. Nede t.h. Terje Gilleshammer som no blir redaksjonssjef for samarbeid og fordjuping.

Foto: NRK

Ny nettportal

Dermed blir distriktssendingane på TV flytta til det som på TV-språket blir kalla «prime time». Sendinga kan også strøymast direkte i NRK TV.

Den største endringa for publikum blir på nett. I løpet av nokre veker lanserer NRK Vestland den nye nettportalen NRK.no/vestland.

– Vi håpar og trur at dette blir ei oppdatert og god nettside med godt innhald frå heile Vestland. Her skal vi i NRK vere med å ta eit ansvar, seier distriktsredaktør i Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Han får jobben med å styrkja den fordjupande journalistikken i det nye distriktskontoret.

– Det er avgjerande at vi har miljø som kan levere kvalitetsjournalistikk også utanfor Oslo. Eg ser fram til å jobbe tett saman med dei flinke journalistane våre med å få fram fleire store prosjekt frå heile Vestland, seier Gilleshammer.

Meir og betre samarbeid

Både Gilleshammer og Buanes er tydelege på at det no er to sterke journalistiske miljø som blir samla til eit nytt distriktskontor for det nye storfylket.

Det blir meir samarbeid på tvers av dei gamle fylkesgrensene og det skal byggjast nye, sterke fagnettverk mellom journalistane.

– Vi har allereie samarbeida godt over den gamle fylkesgrensa i mange år, men ser at tettare samarbeid gjer oss i stand til å levere sterkare journalistikk, seier den nye distriktsredaktøren.