Mann ville bli skutt av politiet i Bergen

SKOTEN: Her stod «Arne» då han blei skoten i foten av politiet natt til 6. juni. – Eg høyrde skotet og kjente det gjorde «jækla» vondt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Planen var å bli drepen av politiet

«Arne» kom ut av mørket med våpenet heva. Då politiet skaut han, gjekk det ikkje slik han hadde tenkt.

BERGEN (NRK): På Møhlenpris er det berre måkeskrik og trafikklarm frå Puddefjordsbroen som bryt den stille sommarkvelden. Det er ti grader og lett duskregn når «Arne» ringer på dørklokka på ein eldre bygard. I tredje etasje har kameratane allereie drukke nokre øl. Det er måndag 2. pinsedag, og langhelga går mot slutten.

På veg opp trappene tar den kraftige mannen i 30-åra ein siste kikk i posen. Med seg har han øl – og det han treng for å avslutta livet.

To timar over midnatt er det så mørkt som det kan bli ei kjølig natt i juni. I leilegheita ved inngangen til Nygårdsparken står vindauga på gløtt. Ut kjem musikk, mannsrøyster og ein eim av alkohol.

I fleire timar sit «Arne» og dei tre kompisane og drikk saman. Denne kvelden har han planlagd i mange månader. Dei siste to åra har vore svært tøffe for 36-åringen, som har slite med depresjonar og tung gjeld. Handverkaren, sambuaren og faren vil ikkje leva lenger.

Planen var å ha det kjekt med kompisar ein siste gong. Om litt skal han ta bussen til ein aude stad og hoppa av i eit skogholt. Der skal livet ta slutt.

Dei fire drikk tett når klokka nærmar seg halv to. Etter ein seksar med øl forsnakkar Arne seg. Kameratane veit at Arne har slite før og forstår kva han har planar om. Etter å ha konfrontert han med planane om sjølvmord, gøymer dei det Arne har med seg.

Arne er fortvila. Etter å ha vurdert for og imot i eit halvt år, er det for seint å ombestemma seg no. Livet er ikkje verdt å leva, uansett kva andre måtte meina.

For Arne har bestemt seg. Han veit at det ligg ein softgun under ei seng. I alkoholrus kjem han på ein ny plan.

Ein plan som involverer trugslar, eit skytevåpen og ein væpna politipatrulje på jobb.

Arne stablar seg ned trappa frå 3. etasje og ut på gata då ein av kameratane når han igjen. Utanfor den fargerike bygarden forsøker kameraten å overtala Arne til å koma inn att.

Men Arne er ikkje interessert. I duskregnet dreg han hetta på collegegenseren over hovudet og set kursen mot ei av dei dunkle sidegatene.

I høgre hand gøymer Arne eit våpen. Kameraten ropar etter han. Bak ruter i dei mørklagde bygardane får fleire naboar med seg opptrinnet.

I ein bygard like ved sit studenten Erlend Tho og les til eksamen. Frå gata høyrer han høglydte diskusjonar. Det er ikkje første gong han høyrer lydar frå gata utanfor. Han går tilbake til bøkene.

Klokka nærmar seg to i det Arne forlét festen han trudde skulle bli den siste i hans liv.

Mann skutt av politiet på Møhlenpris

WELHAVENS GATE: I enda av denne gata stod Arne då han blei skoten av politiet. Krimteknikarar gjorde undersøkingar morgonen etter.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Alarmen

Ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt er det vanlegvis stille natt til tysdag. Slik er det ikkje 6. juni. Brannar, valdsepisodar, og fleire helse- og psykiatriske oppdrag pregar politiloggen. Politiet har allereie rykt ut til eit mogleg sjølvmord og eit dødsfall når politiet får ei uromelding frå ein bebuar på Møhlenpris.

Ein redd nabo melder ifrå:

Klokka 02.00. Ein mann viftar med eit handvåpen på open gate. Mannen snakkar høglydt med ein annan før han forsvinn inn i ei mørk sidegate.

Tre politipatruljar utrusta med våpen og skotsikre vestar blir kommandert ut. Meldinga frå innringaren er tvitydig – politiet veit ikkje kor mannen er.

Når den første patruljen nærmar seg Welhavens gate, er det ingen teikn til mannen med våpen.

Bak meierivogner og pappkassar har Arne gøymt seg i ei trapp. Han har sete heilt i ro i nokre minutt, men til no har det vore stilt.

Minutta er lange. Det var ikkje heilt slik det skulle bli.

Det er halvtanna år sidan han sist forsøkte å ta sitt eige liv. Det var andre gong han prøvde. Arne tenker tilbake på den lange køyreturen, på rommet, senga og dei mange tankane som kverna.

Laster kart, vennligst vent...

MØHLENPRIS: I denne bydelen i Bergen utspelte skyteepisoden seg natt til tysdag 6. juni.

No sit han med ein regnvåt pistol i fanget. I Welhavens gate på Møhlenpris er det berre nokon få som går forbi. Det var ikkje slik det skulle bli, men dette er den beste løysinga. Ingen ser han. No er det berre å venta på politiet.

Nokre kvartal unna svingar den første politipatruljen inn i Thormøhlens gate. To politimenn rusta med skotsikker vest informerer operasjonssentralen om at dei nærmar seg gata der den mistenkte sist er observert.

Ved Bunnpris-butikken høyrer Arne lyden av bildekk på våt asfalt. Han smyg seg langs butikkveggen. Det har vore stilt lenge. Han hadde begynt å tvila på om politiet ville ta han seriøst. Om nok folk hadde sett opptrinnet. Om kompisen han hadde bede ringa politiet, faktisk gjorde det. Pistolen kunne ha vore skarp, tenker han, om han berre hadde fått betre tid til akkurat denne planen. Då hadde han hatt fleire alternativ.

Når den første av det som skal bli i alt tre politibilar stansar i krysset mellom Wessels gate og Welhavens gate, søker Arne dekning bak ein bil.

Han står på huk i det dei to politimennene stig ut av bilen. For 36-åringen er det ikkje lenger eit alternativ å snu. No har han fått politiet på nakken og risikerer uansett straff. Eit nytt opphald i fengsel er ikkje aktuelt.

Betjentane tar stilling ved politibilen når Arne stig fram og blir ståande midt i gata.

Episoden som følgjer er over på sekund. Politimennene ropar og ber Arne leggja pistolen ned. I ei regnvåt gate i ein bydel i Bergen står Arne i siktet til to ladde politivåpen. To sjansar til å døy, slik han ser det.

Til no har alt gått som planlagd. Arne har ingen planar om å leggja frå seg våpenet.

I hovudet hans er det berre den siste provokasjonen som står att før det uunngåelege vil skje:

I det halvmørke duskregnet på Møhlenpris hevar Arne våpenet og rettar siktet mot patruljen.

Mann skutt på Møhlenpris

KRIMTEKNIKARAR: I morgontimane etter skyteepisoden var krimteknikarar på staden.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mari Bang ligg og søv i ein leilegheit like ved. Naboen vaknar brått i det ho høyrer to skot gjalla mellom dei fargerike bygardane i betong.

– Me skjønte med ein gong at det var skot. Det var veldig høgt og nesten sånn at me kjende det i ryggmergen.

Bang ser ut av vindauget og ser ein mann som ligg på bakken. Mannen ropar og har det tydeleg vondt. Det er andre gong på kort tid at ein alvorleg episode har skjedd like nedanfor soverommet.

På same tid har Erlend Tho funne fram mobiltelefonen i sin leilegheit like ved. Han gjekk rett til vindauge då han høyrde det første smellet. Skot nummer to, som gjekk tvers gjennom låret til Arne, fekk han med seg. Sekundane som fylgde fekk han på film.

I løpet av kort tid blir mannen lagt på båre og køyrt vekk i ein ambulanse.

Når morgonen gryr er sjølvmordsforsøket til Arne i alle norske mediekanalar.

Ein 36 år gamal mann vart skoten av politiet i Bergen sentrum natt til tysdag, etter å ha peikt våpen mot patruljen

VIDEO: Ein nabo tok denne videoen kort tid etter at Arne blei skoten av politiet.

Bergen, september 2017

Fire månader etter skyteepisoden har Arne fått det heile litt på avstand. Dei siste månadene har han brukt mykje tid på å fortelja vener og familie korleis han har hatt det. Og kva som førte til den oppsiktsvekkjande politiutrykkinga natt til 6. juni.

– Mest av alt er eg redd for at folk skal kjenna meg att. Og forstå at det var meg.

NRK er med når mannen frå Bergen er tilbake på staden for første gong. Historia har han allereie delt med mange. Etter at han var open om episoden på Facebook, oppmoda ein kjenning han til å skriva blogg. Om det som hendte, om det som plager han og om dei tunge tankane som tidvis rir han som ei mare.

– Det er litt spesielt å stå her no.

Fire månader er lang tid. Kameraten som budde i leilegheita Arne no står og peikar på, har flytta. Han ser ingen han kjenner. Og håpar ingen han kjenner ser han.

Den første veka han låg på sjukehus ville han ikkje snakka med nokon. Han var skamfull og uvel etter at operasjonen var unnagjort og morfinrusen hadde lagt seg.

Dei første dagane på Haukeland hadde han politivakt heile døgeret.

Det som skjedde den kvelden skulle bli det siste han gjorde. Slik gjekk det ikkje.

– Mange har spurt meg kva eg tenkte på. Eg er ikkje heilt sikker sjølv. Det er klart, eg hadde drukke nokre øl, men eg var ikkje rusa. Eg var berre fast bestemt på at eg skulle gjennomføra det eg hadde planlagd i mange månader.

Då han gjekk frå festen på Møhlenpris i juni, var det halvtanna år sidan han sist hadde forsøkt å ta livet sitt. Tanken hadde hengt ved han sidan.

At kameratane på festen greip inn, redda truleg livet hans.

– Eg hadde bestemt meg for å gjera det slutt og kom til å tenka på softgunen i leilegheita. No i etterkant er eg glad det enda slik det gjorde. Eg blei redda to gonger. Først av kameratane i leilegheita så av politipatruljen.

Mann skutt av politiet

TILBAKE: «Arne» blei skoten like over venstre kne. Kula gjekk inn eit stykke over kneskåla og kom ut på baksida av låret. – Eg merkar lite til det. Eg var heldig.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

«Suicide by cop»

Allereie dagen etter skyteepisoden vart dei involverte polititenestemennene avhøyrde av Spesialeininga for politisaker. Formelt fekk dei status som mistenkte etter å losna skot mot publikum.

Også Arne blei avhøyrt. Både av Vest politidistrikt og Spesialeininga.

– Eg sa det som det var og fortalde om planane mine. Eg vil trur det gjer etterforskinga lettare, når versjonane av hendinga truleg er nokså like.

"Suicide by cop" er eit utbreidd fenomen i USA, men er mindre kjend i norsk politikvardag. Omgrepet oppstod på 1980-talet, men metoden har blitt meir vanleg i USA utover 2000-talet.

Kort fortalt: Fenomenet skal beskriva dei som ynskjer å bli drepen, og som aktivt utfordrar politiet for å få det til å skje.

Politipatruljen som var involvert i skyteepisoden er framleis under etterforsking av Spesialeininga. Polititenestemennene fekk rutinemessig status som mistenkte.

Arne på si side ventar på konsekvensen av hans framferd. Vest politidistrikt etterforskar framleis saka.

Formelt er Arne sikta. Han blei aldri varetektsfengsla.

No ventar han berre på dommen.

– Eg håpar det blir ei rettssak i løpet av hausten og kvir meg litt for det som måtte koma. Frykta er at eit fengselsopphald blir eit slag i trynet som gjer det vanskeleg å reisa seg, men eg håpar eg i staden kan bli tvangsinnlagd. Eg trur det vil vera tryggare for meg.

Mann ville bli skutt på Møhlenpris

WELHAVENS GATE: Arne stod midt i gata då han blei skoten av politiet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Inspirert av amerikanske tilstandar

Det Arne håpa skulle bli eit fatalt møte med ordensmakta, har blitt eit vendepunkt for den no 37 år gamle mannen.

I dag går han til psykolog og er i samtalar med sosionom. Mannen, som har bakgrunn frå yrkesfag og er tidlegare helsepersonell, har fire valdsdommar på rullebladet.

– Folk har spurt meg i etterkant ... Eg veit ikkje kvifor eg tenkte det var ein god idé. Kanskje har det litt å gjera med ting eg har sett i amerikanske filmar og medium.

For ti år sidan gjekk han til angrep på ein dørvakt på ein utestad i Bergen sentrum. Ein annan gong blei han brakt til politihuset i Bergen, der han var valdeleg mot ein politibetjent.

Den siste dommen fekk han i 2013 – for vald mot to drosjesjåførar.

– Eg er ingen valdeleg mann, men eg har gjort dumme ting i fylla. Nokre av episodane som førte til at eg blei dømt, starta i det små og vaks seg store på grunn av mi eiga framferd.

Arne har hatt psykiske vanskar i mange år. Etter skyteepisoden på Møhlenpris føler han sjølv at det har skjedd noko. Etter å ha vore open om sjølvmordsforsøket med vener og familie, har han delt tankar og erfaringar på ein eigen blogg.

Å vera open om vanskane har gjort dei mørke dagane litt lysare.

– Når dette har lagt seg litt og eg ser at eg over tid er stabil, så håpar eg at eg kan hjelpa andre i liknande situasjonar. Det er noko anna å snakka med personar som faktisk har vore langt nede, og klart å koma seg opp att. Det høyrest ut som ein klisjé, men om eg klarar å hjelpa berre éin person som slit, er det motivasjon i seg sjølv.

Politimennene som møtte Arne på gatehjørnet, stod opp mot ein gjerningsmann med ukjent motiv og ukjent våpen.

Dei gjorde det dei er instruerte til i ein skarp situasjon og har fått ros frå politileiinga i ettertid.

Olav Valland

VISEPOLITIMEISTER: Olav Valland ved Vest politidistrikt meiner dei involverte polititenestemennene gjorde akkurat det dei skal.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det var aldri aktuelt å ta frå dei to politimennene våpengodkjenninga, ifølgje visepolitimeister Olav Valland. Han meiner politipatruljen som var til stades på Møhlenpris ikkje gjorde noko feil.

– Slik me vurderer det vart våpeninstruksen fylgd til punkt og prikke av tenestemennene.

Saka er ferdig etterforska av Spesialeininga si etterforskingsavdeling i Vest-Noreg. No er det opp til Spesialeininga sentralt om saka skal leggjast bort eller om det skal takast ut tiltale.

Arne hugsar ikkje alle detaljane rundt sjølve skyteepisoden. Han hugsar at politiet kom og at han retta våpenet mot politibilen.

– Eg sikta ikkje rett mot politifolka. Eg meinte aldri å skada andre enn meg sjølv.

– Kva tenkte du då du stod opp mot to væpna politifolk?

– Målet mitt var å bli drepen av politiet. Eg innser at det er dumt, men eg tenkte ikkje den gongen at politiet i Noreg ikkje skyt for å drepa.

– Ingen bøddel

For sjølv om norsk politi brukte våpen 83 gongar i fjor, er det svært sjeldan dei tar livet av nokon. Det har berre skjedd fire gongar mellom 2002 og 2016. Den siste drepne blei skoten under ein politiaksjon i Kristiansand i november i fjor.

I den mellombelse perioden politiet var væpna, brukte politiet våpen i til saman 80 tilfelle, viser tal frå Politidirektoratet. Politipatruljar blei truga med våpen i 75 av tilfella.

Alle politifolk må gjennom ei 48-timars opplæring der våpenbruk og denne type scenario er ein del av opplæringa

Morten Ørn ved Vest politidistrikt

INGEN BØDDEL: Leiar for fellesoperativ eining ved Vest politidistrikt, Morten Ørn, seier politiet i Noreg ikkje skyt for å drepa.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Når politiet møter ein person væpna med skytevåpen eller kniv, er det eit scenario politiet er godt trent på, seier Morten Ørn, leiar for fellesoperativ eining ved Vest politidistrikt.

I USA er fenomenet med at folk ønskjer å bli drepen av politiet, «suicide by cop», velkjent. Til samanlikning skyt og drep politiet i USA nesten tusen personar årleg.

Ei politistudie frå 2009 hevda at kvar tredje person som blei skutt av politiet, hadde eit ønskje om det sjølv.

– I Noreg er dette ein dårleg måte å prøva å gjere sjølvmord på. Me skyt ikkje for å drepa.

Ørn seier det er svært krevjande for politiet å vurdera om personar har eit ønskje om å bli skotne, når dei står midt oppe i situasjonen, og seier han ikkje kjenner til norsk forsking på «suicide by cop».

– Så vidt eg veit sit verken norsk politi eller Politihøgskolen sitt forskingsmiljø på forsking om dette. Men det er eit fenomen me kjenner til.

Bad om å få treffa politimannen

Men ifølgje overlege Fred Heggen ved Lovisenberg diakonale sykehus er det eit fenomen norsk politi veit for lite om. Han har tatt til orde for at «suicide by cop» bør få meir merksemd i Noreg.

Heggen meiner saka til Arne viser at fenomenet er relevant også i norsk målestokk, og saknar meir kjennskap, for å sikra god etterforsking i saker der politimenn kan bli gjort til ufrivillige drapsmenn i eit iscenesett sjølvmord.

Sakkyndige i Pilestredet-drapet

RETTSPSYKIATER: Overlege Fred Heggen som rettspsykiater i det såkalla Pilestredet-drapet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

– Slik kunnskap vil kunne ta bort mykje av skyldkjensla vedkomande politimann eventuelt måtte sitta igjen med, seier Heggen.

Arne las avisoverskriftene og omtalen av han frå sjukehussenga. Der teikna media biletet av ein ustabil gjerningsmann med brokete historie. Arne er kanskje ikkje ueinig i det, men han ynskjer å nyansera biletet: Bak kvar einaste personlege tragedie er eit menneske som kjempar sin indre kamp.

– Det kan vera vanskeleg å setja seg inn i korleis andre har det. Men det er klart: Dette er ikkje noko eg kjem til å gjera igjen. Det er klart eg angrar.

Kva tenker du om at du hadde tenkt å gjera ein politimann til drapsmann?

– Nei, eg ... Eg har slite med dårleg samvit i tida etterpå og tenkt mykje på politimannen som skaut. Medan eg låg på sjukehuset, bad eg politifolka om å be om unnskyldning på mine vegner. Seinare har eg spurt om å få snakka med han. Men eg forstår at det vanskeleg let seg gjera.