Hopp til innhold

Sp sat på alle sider av bordet då kommunen fann ny rådmann

Då kommunen skulle ha ny rådmann, hyra Sp-kommune inn rådgjevar med Sp-band. Den som fekk jobben var medlem i Senterpartiet.

Jondal rådhus

SP-KOMMUNE: Senterpartiet har styrt Jondal kommune sidan 2007. Ingen reagerte då ein tidlegare fylkestopp i Sp var med å rekruttera ein Sp-vara til jobben som rådmann.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Ordførar, hovudjeger og rådmann hadde alle tilknyting til Senterpartiet då Jondal kommune tilsette ny rådmann i 2009. Gruppa som valde rådmann visste ikkje om partikoplinga.

– Dette er ei problemstilling som illustrerer kor viktig det er med openheit i kommunar der band og relasjonar gjerne er mange, seier spesialrådgjevar Tor Dølvik i Transparency International Norge.

Hovudjeger sat i fylkesleiinga

Då rådmannen i Hardanger-kommunen Jondal vart tilsett, var det med hjelp frå eit eksternt konsulentfirma.

Valet fall på hovudjegerselskapet Grow Competence Consulting, ved rågjevar og dagleg leiar Tor Brattebø. Då Brattebø, opphavleg frå Jondal, formidla tilbodet direkte til ordførar Sigrid Brattabø Handegard, sat han som styremedlem i Hordaland Sp.

Samstundes hadde Jondal-ordførar Handegard nyleg gått av som mangeårig fylkesleiar i same parti. I ein av periodane ho sat som leiar mellom 2002 og 2008, sat Brattebø som nestleiar.

Ei arbeidsgruppe beståande av ordførar, varaordførar, opposisjonsleiar og tillitsvald inngjekk avtalen med konsulenten. Berre ordførar visste om partibandet mellom ho og konsulenten.

– Først seinare vart eg opplyst om at konsulenten var knytt til Sp. Eg ville ha reagert på gildskapen viss eg hadde visst om koplinga og tatt til orde for at me måtte vurdera ei anna løysing, seier Svein Johan Bakke (KrF), dåverande varaordførar og medlem i valnemnda som skulle finna ny rådmann.

Jondal

Opposisjonen: – Følte oss ført bak lyset

Til slutt fall valet av ny rådmann i Jondal på Siv Helle Prestegard. Av åtte søkjarar vart ho vurdert som den beste kandidaten.

Prestegard var vald inn som varamedlem for Senterpartiet.

Då saka kom på bordet i kommunestyresalen i Jondal, føreslo opposisjonspartiet Høgre å utsetja saka. Dåverande gruppeleiar Per Gunnar Hammer, meiner saksutgreiinga var syltynn og eit for dårleg grunnlag for å velja ny rådmann.

– Først nokre månader etter vedtaket, vart eg gjort merksam på Sp-banda. Det kan godt henda at me hadde heldt fram med konsulenten, men eg meiner me burde ha fått moglegheita til å drøfta problemstillinga. Me følte oss litt førte bak lyset, svarar han på spørsmål frå NRK.

Tildelinga av konsulentoppdraget var gjort utan ein ordinær tilbodsrunde. Det er ikkje i tråd med lova. Det blei heller ikkje ført innkjøpsprotokoll. Tre selskap tok sjølve initiativ til å levera tilbod, utan at Jondal kommune hadde sendt oppdraget på anbod.

Den innleiande kontakten var med ordførar, men det var arbeidsgruppa som valde konsulent. Der sat varaordførar Bakke med ansvaret.

– Burde du som varaordførar ha vore klar over at de gav ein fylkesstyremedlem i Senterpartiet, opphavleg frå Jondal, oppdraget?

– Det kan godt henda at eg burde, men det gongen var ikkje Brattebø ein person eg kjende til. Eg var i alle fall ikkje klar over at han hadde noko Sp-verv, seier den tidlegare varaordføraren.

Bakke legg til at han ikkje fann det naturleg å gå konsulenten sine eventuelle politiske koplingar i saumane.

– Me hyra han som konsulent og var ikkje klar over at han var politisk engasjert.

Ifølgje eit notat var valet basert på ei heilskapleg vurdering ut frå pris og tenester. Kommunen betalte rett i underkant av 120.000 kroner for jobben.

Per Gunnar Hammer seier Høgre ikkje hadde noko informasjon om kvifor GCC hadde fått oppdraget og var betre eigna til å vurdera kandidatane enn dei andre selskapa.

Hammer visste difor ikkje at ein Sp-styremedlem fekk jobben med å finna ny rådmann i den Sp-styrte kommunen.

Tor Dølvik

OPNE KORT: Spesialrådgjevar Tor Dølvik i Transparency International Norge meiner openheit er nøkkelfaktoren når involverte i kommunale prosessar, som i tilsetjingssaker, kjem frå same miljø. – Openheit om partirelasjonen kunne ha styrka tilliten til prosessen i denne saka.

Foto: Transparency International Norge / Privat

– Viktig å spela med opne kort

Tor Dølvik er spesialrådgjevar i Transparency International Norge (TI Norge) og medlem av Kommunesektorens etikkutval. Han har mellom anna leia prosjektet ”Åpenhet, integritet og antikorrupsjon i kommunesektoren" i samarbeid med Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) og har utarbeidd fleire rapportar om tilhøva i norske kommunar.

Dølvik meiner tilsetjingsprosessen i Jondal viser trongen for ein ryddig framgangsmåte i kommunal forvaltning. Han seier manglande openheit kan skapa mistillit til dei folkevalde.

– Når fleire av dei involverte i tilsetjingsprosessen kjem frå same miljøet, både ein av søkjarane og dei som skal vurdera kandidatane, synleggjer det at det er naudsynt å vera open og ryddig. Slik at det ikkje kan reisast tvil om at det utelukkande er saklege kriterium som er lagde til grunn, seier Dølvik.

Ifølgje ei landsomfattande undersøking gjort av Universitetet i Tromsø i 2014, har halvparten av rådmennene i Noreg partipolitisk bakgrunn. Å utnemna ein folkevald som rådmann er ikkje problematisk i seg sjølv.

– Det er ikkje uvanleg at samfunnsengasjerte personar med politiske band går inn i slike stillingar. Men i denne saka kunne openheit om partirelasjonen mellom ordførar og konsulent ha styrka tilliten til prosessen, seier Dølvik.

MF "Ølen" ved Jondal (2009)

FJORDKOMMUNE: Bygda Jondal er kommunesenteret i fjordkommunen. Jondal er med sine 1100 innbyggjarar blant dei femti minste i landet.

Foto: Harald Sætre

Manglar forsking på temaet

Ifølgje Dølvik er det ikkje nødvendigvis problematisk at ein Sp-ordførar nyttar ein Sp-tilknytt hovudjeger til å tilsetta ein rådmann frå Sp. Men når ingen av dei andre avgjerdstakarane veit om det, blir det problematisk.

– Utfallet kan vera eit resultat av ei sakleg vurdering der den beste kandidaten er tilsett. Kriteriet er at framgangsmåten har vore open og ryddig. Viss det kjem fram at folkevalde ikkje er nøgde med prosessen, som her, er det eit signal om at ein burde ha vore nøyare.

Spesialrådgjevaren seier at det manglar forsking på denne type problemstillingar i norske kommunar.

– Openheit om relasjonar er ei kontinuerleg utfordring i alle typar kommunar, ikkje berre små. Her er mange blindsoner, der ein kan vera blind for eigne potensielle fallgruver fordi ein skal vera handlekraftig og gjera vedtak.

Spesialrådgjevaren meiner det er grunn til å reagera om folkevalde reagerer på partipolitiske bindingar, sjølv om bindinga ikkje er eit resultat av eit medvite val. Dølvik meiner kommunen med enkle grep kunne ha avverja situasjonen.

– Her burde det ha vore laga ein innkjøpsprotokoll som gjorde greie for tilboda, kriteria for å vurdera dei og grunngjevinga for val av konsulent.

Sigrid Brattabø Handegard

INGEN KOMMENTAR: Den tidlegare Jondal-ordføraren er i dag sentralstyremedlem i Senterpartiet og har vore politisk rådgjevar i Stoltenberg-regjeringa. Ho ynskjer ikkje kommentera koplingane. Arkivfoto.

Foto: ROAR HALTEN / NRK

Vil ikkje kommentera

Tidlegare Jondal-ordførar Sigrid Brattabø Handegard vart under landsstyremøte i mars attvald som sentralstyremedlem i Senterpartiet, eit verv ho har hatt sidan 2014. Like etter tilsetjinga av rådmannen i 2009 reiste ho til Oslo for å verta politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

Då ho flytta attende til Jondal i 2013 tok ho til i den nyoppretta stillinga som landsbylos i kommuneadministrasjonen.

Handegard seier ho står for dei politiske vala ho har gjort og ynskjer ikkje kommentera saka overfor NRK.

I eit lesarinnlegg i Hordaland Folkeblad, som óg har omtala saka, skriv Handegard blant anna at ho ikkje hadde andre relasjonar til Brattebø enn at dei eit par år i førevegen sat i same styre. Ho peikar på at det var ei tverrpolitisk nemnd som plukka ut dei aktuelle kandidatane til rådmannsstillinga i Jondal.

Tor Brattebø var ifølgje Hordaland Sp nestleiar under fylkesleiar Handegard to år før han fekk oppdraget i Jondal, men avviser at partikoplinga var ei problemstilling han reflekterte over då han tok oppdraget. Han poengterer at Handegard var avgått leiar då GCC leverte tilbod.

– Dette var eit ordinært oppdrag som mange andre. Eg haldt meg til arbeidsgruppa. Det var ingen som sette spørsmålsteikn ved dette den gongen. Viss Sp-vervet er verdt å gripa fatt i, er det mykje rart eg ikkje kan ta i, seier Brattebø til NRK.

NRK har samarbeidd med avisa Hordaland Folkeblad om denne saka.

Hordaland Folkeblad si dekning av saka: