Hopp til innhold

Sykkel-VM går med 55 millionar i underskot

VM-arrangøren håpar på offentleg dugnad og at kronerullinga på Vipps kan pynta på resultatet.

Sykkel-VM i Bergen, ved Landås

DYR FOLKEFEST: Folkefesten i Bergen blei ei dyr affære og arrangementet går kraftig i underskot.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Dei raude tala etter VM-festen er verre enn frykta. Onsdag kveld fekk eit samla styre presentert den samla oversikta over alle krava som er retta mot Bergen 2017 AS av advokat Jeppe Normann.

Styreleiar Mona Hellesnes stadfestar overfor NRK at underskotet er på rundt 55 millionar kroner. Det viser opptellinga av pengekrava før underskuddsgarantiar er utbetalt.

Mona Hellesnes, styreleiar Bergen 2017

– BEKLAGELEG: Mona Hellesnes, styreleiar i Bergen 2017, beklagar situasjonen selskapet har hamna i.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bergens Tidende, som omtalte underskotet først, skriv at VM-arrangøren har rundt sju millionar kroner på bok. I tillegg er det forventa at ein får inn ytterlegare elleve millionar kroner i andre inntekter og momskompensasjon, skriv avisa.

– Det er ei betydeleg underdekning og ein veldig beklageleg og alvorleg situasjon for selskapet, seier Hellesnes til NRK.

Vil ha offentleg dugnad

I eit lengre styremøte onsdag kveld blei fleire scenario diskutert. Eit alternativ var å slå selskapet konkurs.

– Med omsyn til dei mange aktørane som stilte før, under og etter VM vil me unngå det. Målet er snu alle steinar for å få betalt så mykje som me klarar, seier Hellesnes, som understrekar at summen er eit anslag.

Etter at private selskap har sett seg nøydd til å permittera tilsette og utsetja investeringar, gjer styret eit siste forsøk på å få det offentlege til å ta meir av rekninga.

– Me har avgjort at me vil kontakta dei offentlege kreditorane og det internasjonale sykkelforbundet, og bede om ein offentleg dugnad. Det gjer me for å få ettergitt dei offentlege krava, seier Hellesnes til NRK.

Ubetalte rekningar på 76 mill

Offentlege kreditorar har krav på 28 millionar, medan private kreditorar har krav på 35 millionar av totalsummen.

VM-speaker Kjell-Erik Kristiansen under sykkel-VM i Bergen

FØRSTE GANG PÅ 40 ÅR: VM-speaker Kjell-Erik Kristiansen har jobba på tolv ski-VM og snart åtte OL. For første gong har han opplevd å ikkje få betalt.

Foto: KEK-photo

Ein av dei er Kjell-Erik Kristiansen. VM-speakeren jobba med førebuingar i over eitt år, men manglar ein månads inntekt for speaker-jobben han gjorde under sjølve VM.

– Eg har vore med på ulike arrangement i nær 40 år og dette er faktisk første gongen eg ikkje får betalt, har VM-speakeren tidlegare sagt til NRK.

Det internasjonale sykkelforbundet, UCI, har framleis 13,5 millionar kroner uteståande, stadfestar styreleiar Hellesnes.

Det betyr at selskapet må forhalda seg til ubetalte rekningar på over 75 millionar kroner

– Det har gått ut eit skriv i dag som er retta mot offentlege styresmakter og UCI. Me er ikkje i ein posisjon til å stilla krav, men me håpar både styresmaktene og det internasjonale sykkelforbundet vil koma oss i møte.

SYKKEL-VM BERGEN 2017

MÅLGANG: Sykkel-VM i Bergen blei ein sportsleg suksess. Men økonomisk er arrangementet eit mareritt.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Mellom 80 og 100 kreditorar

Torsdag seier Hellesnes at talet på kreditorar ligg ein stad mellom 80 og 100, etter at arrangørselskapet i midten av oktober stansa all utbetaling til kreditorane.

NRK har den siste tida vore i kontakt med fleire selskap og leverandørar som bidrog under sykkel-VM. Dei fortel om sekssifra beløp som for lengst har forfalle. Fleire fryktar at dei aldri vil få pengane att.

Korleis kunne ein bomma så grovt?

– Det er eitt av spørsmåla me har stilt oss. Det korte svaret er uføresette utgifter og svikta inntektsgrunnlag, men det er fleire komplekse grunnar til at me har hamna i denne situasjonen.